Heimesider 7-stjerna

Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin
Kompetansesenter rus - Midt-Norge
Informasjon til media:
Pårørandekurset TA TAK vert arrangert på Søre
Sunnmøre
30.mars er det klart for ein ny runde med pårørendekurset TA TAK. Kursserien vart også arrangert i Ulstein i
fjor haust. I tillegg har det vore arrangert kurs i Ålesund, Molde og Kristiansund med gode tilbakemeldingar.
TA TAK er ein kursserie for deg som kjenner nokon som slit med psykiske vanskar og /eller
rusmiddelavhengigheit.
Mange bruker mykje tid og merksemd på den som har desse vanskane, og ofte vert belastninga for pårørande
og andre som står nær så stor at dei sjølve tek skade av det.
-I tillegg til psykiske symptom, får mange pårørande fysiske symptom som til dømes hovudpine, mageproblem
og brystsmerte Mange fortel også om krenkingar, truslar, vald og det å stadig verte skuffa.
Postadresse: St. Olavs Hospital, Postboks 3250 Sluppen, 7006 Trondheim
Hjemmeside: www.stolav.no, Telefon sentralbord 06800, fra utland +47 815 55 850, Telefaks 73 50 70 93
Bankgiro: 8601.05.10270, Org.nr.: 883 974 832
Klinikk for rus- og avhengighetsmedisin
Kompetansesenter rus - Midt-Norge
- Vi ønsker at deltakarane skal få treffe andre i same situasjon, og oppleve fellesskap og støtte. Gjennom
informasjon og diskusjon kan dei lettare sjå si eiga rolle og få hjelp til å ta vare på seg sjølv, meiner Mette
Grytten og Rita Rødseth ved Kompetansesenter Rus/Midt-Norge som har vore med på å utarbeide kurset.
Tilbodet er gratis og går over seks kveldar med første kursdag onsdag 30.mars. Kurset vert arrangert på
Møteplassen Aktivitetssenter og Kafe, Berte Kanutte-vegen 4, 6150 Ørsta.
Innleiarane på kurset er fagpersonar frå 2.linjetenesta, kommunane, pårørande og pårørandeorganisasjonar
Kursserien er open for alle interesserte i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.
Kompetansesenter Rus/ Midt-Norge har utvikla kursserien saman med samarbeidspartnarar frå kommunar,
spesialisthelseteneste og pårørandeorganisasjonar.
Påmelding og meir informasjon kan du få ved å sjå annonse i lokalavisa, eller ved å kontakte:
-
Arild Steinnes
tlf 468 15 792 / e-post [email protected]
-
Joanne Aarseth tlf 903 65 111 / e-post [email protected]
Postadresse: St. Olavs Hospital, Postboks 3250 Sluppen, 7006 Trondheim
Hjemmeside: www.stolav.no, Telefon sentralbord 06800, fra utland +47 815 55 850, Telefaks 73 50 70 93
Bankgiro: 8601.05.10270, Org.nr.: 883 974 832