Pårørandedag på Mork Rehabiliteringssenter

Laurdag 11. mars 2017 på Mork Rehabiliteringssenter
Når ein som står deg nær blir utsett for skade eller sjukdom, vil dette føre med seg belastningar og endringar i
livssituasjonen også for deg som pårørande. Som pårørande vil ein vere ein viktig ressurs og ein nødvendig støtte for
personen som skal meistre tilværet etter skade eller sjukdom. Samtidig kan ein ha behov for støtte og hjelp til å
meistre sin eigen livssituasjon. Med utgangspunkt i dette, inviterer vi til ein undervisningsdag med fokus på
pårøranderolla. Målet er å bidra med aktuell informasjon og refleksjon, og å vere eit møtepunkt for personar i
same situasjon. Dagen er retta mot deg som pårørande, men er også open for den som er pasient.
Vi har også tidlegare arrangert samling for pårørande på Mork. Denne gongen vil vi ha eit hovudfokus på dei
usynlege vanskane etter ei hjerneskade (t.d. etter hjerneslag, fallulykke, trafikkulykke, hjernesvulst). Dette kan
mellom anna vere nedsett hukommelse og konsentrasjon, endringar i humør, initiativ eller ork, eller vanskar knytt til
planlegging og struktur. Vi vil knytte dette opp mot kommunale tenester som kan vere aktuelle i ein slik situasjon.
Mange av innlegga vil vere aktuelle uavhengig av diagnose.
Program (det kan kome endringar):
10.00
10.15
10.45
11.15
12.00
13.00
13.45
14.15
15.15
15.30
Velkommen/ introduksjon
Usynlege vanskar v/ ergoterapeut Marte Husøy
Pårørande - roller og samhandling v/ legespesialist Tonja Pantelatos
Samhandling mellom kommune og brukar v/ representant frå Ørsta kommune
Felles lunsj
Brukarinnslag: «Våre erfaringar med Brukarstyrt personleg assistent og kommunale tenester» v/ Lisbet Sæter
Brukarstyrt personleg assistent – fritidskontakt – kvardagsrehabilitering, kva rettar har eg? v/ sosionom Eli Skaatun
Samtalegrupper
Felles oppsummering
Slutt
Påmelding: Seinast fredag 03.mars til e-post [email protected] eller telefon 70 16 89 00. Vi har dessverre avgrensa
plass (maks. 30 personar), og tek i mot påmelding etter «først til mølla»-prinsippet. Vi ber om at de ved påmelding
oppgir namn, telefonnummer, og evt. allergiar eller andre aktuelle omsyn.
Pris: 200,- pr. person. Inkluderer lunsj, kaffi/ te og forfriskingar. Betaling til 6562.05.15811 (merk betalinga med
«Pårørandedag mars-17» og namn). Vi har dessverre ikkje høve til å tilby overnatting på Mork denne helga.