Autorisasjonskurs 2016 kjøp og bruk av plantevernmidlar Bygdevis er ei verksemd eigd av Telemark Bondelag som skal drive kurs og kompetansetiltak spesielt retta mot landbruket og bygdene i Telemark. Bygdevis, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving Østafjells og Fylkesmannen i Telemark, tilbyr vinteren 2016 kurs for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset sitt ta autorisasjonskurs for første gong Denne faldaren blir sendt dei som iflg. Fylkesmannen sitt register har sprøytesertifikat som går ut i 2016. Her får du informasjon om regelverket for fornying, kva kurs du kan melde deg på og bøker som du treng for å gå opp til avsluttande oppgåve/eksamen (som du må bestå for å få bevis). Fylkesmannen i Telemark har ansvar for gjennomføring av avsluttande oppgåve/eksamen. 1 Fornying av autorisasjonsbeviset Dagskurs (7 timars teorikurs m. lærar) Tema: integrert plantevern, regelverk, helse og miljø, sprøyteutstyr. Stad: Nome vg. skole avd Søve, 3830 Ulefoss Tidspunkt - to alternative dagar (heile dagen): - torsdag 3. mars 2016 - torsdag 17. mars 2016 Påmeldingsfrist: 10. februar Pris: 1.800 kr (utgifter til bøker kjem i tillegg) Avsluttande oppgåve blir halde same dag. Påmelding til Telemark Bondelag v/Bygdevis, helst på e-post [email protected], evt tlf. 35959030. NB! Gje beskjed ved påmelding om kva for kursdag du ønskjer å delta på. Avsluttande oppgåve Avsluttande oppgåve blir gjennomført på slutten av kursdagen. Deltakarane må bestå oppgåva for å få nytt kursbevis. Bestilling av bøker/materiell – sjå side 4. Deltakarane får tilsendt program/informasjon/faktura ca. ei veke før kurset. Mattilsynet arbeider med å lage eit nettbasert kurs slik at dei som skal fornye autorisasjonsbeviset sitt, kan gjere dette på nettet. Men nettbasert kurs er ikkje klart ennå, derfor tilbyr Bygdevis ”klasseromskurs” også i år. Informasjon om nettbasert kurs; sjå www.mattilsynet.no/. 2 Kurs for dei som skal ta autorisasjonskurset for første gong Obligatorisk praksisdag (7 timar m. lærar) Alle som skal ta autorisasjonskurs for første gong, må vere med på obligatorisk praksisdag, 7 timar m lærar. Tema: plantevernmidlar som helserisiko, verneutstyr, sprøyteutstyr, demonstrasjon/øving i sprøyteutstyr. Eksamen, 1 time, på slutten av dagen. Før obligatorisk praksisdag må deltakarane førebu seg ved å ha lese pensum, minimum grunnboka. Obligatorisk praksisdag: Nome vg. skole, avd Søve, 3830 Ulefoss Tidspunkt: onsdag 6. april 2016 (heile dagen) Påmeldingsfrist: 10. mars Pris: 1.900 kr (utgifter til bøker kjem i tillegg) Avsluttande eksamen blir halde same dag. Påmelding / informasjon: Påmelding til Telemark Bondelag v/Bygdevis, helst på e-post [email protected], evt tlf. 35959030. Bestilling av bøker/materiell – sjå side 4. Deltakarane får tilsendt program/informasjon/faktura ca. ei veke før kurset. 3 Bøker Bøker kan tingast/kjøpast gjennom lokal bokhandel Bøker kan tingast på internett, f.eks http://www.haugenbok.no/ Hugs å bestille bøker i god tid før kurset. Du må rekne 14 dagar frå bestilling til du får bøkene tilsendt. Pensum Grunnboka ”Handtering og bruk av plantevernmidler” kostar 409 kr og er obligatorisk. I tillegg kan deltakarane lese ei el. fleire bøker som er relevant for den produksjonen dei driv: Plantevern i grønsaker, kr.355 Plantevern i potet, kr.355 Plantevern i veksthus, kr.355 Plantevern i veksthus, prydplanter, kr.355 Atterhald om prisendringar. 4
© Copyright 2024