Autorisasjonskurs 2017 kjøp og bruk av plantevernmidlar Bygdevis, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving Østafjells og Fylkesmannen i Telemark, tilbyr våren 2017 kurs for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset sitt ta autorisasjonskurs for første gong Denne faldaren blir sendt dei som ifølge Fylkesmannen sitt register har autorisasjonsbevis som går ut i 2017. Her finn du informasjon om kursa, pensum og avsluttande oppgåve/eksamen som du må bestå for å få bevis. Fylkesmannen i Telemark har ansvar for gjennomføring av avsluttande oppgåve/ eksamen. Fornying av autorisasjonsbeviset kan også tas som nettbasert kurs, sjå meir informasjon på neste side. Bygdevis er ei verksemd eigd av Telemark Bondelag som skal drive kurs og kompetansetiltak spesielt retta mot landbruket og bygdene i Telemark. Fornying av autorisasjonsbeviset Måndag 13. mars 2017 Dagskurs - 7 timars teorikurs med lærar Tema: integrert plantevern, regelverk, helse og miljø, sprøyteutstyr. Stad: Nome vidaregåande skole avdeling Søve, 3830 Ulefoss Påmeldingsfrist: 20. februar Pris: 1.900 kr (utgifter til bøker kjem i tillegg, sjå siste side) Avsluttande oppgåve Avsluttande oppgåve (1 time) blir gjennomført på slutten av kursdagen. Deltakarane må bestå oppgåva for å få nytt kursbevis. Påmelding/Informasjon Påmelding til Telemark Bondelag v/Bygdevis, helst på e-post [email protected], evt tlf. 91626113. Deltakarane får tilsendt program/informasjon/faktura ca. ei veke før kurset. Nettbasert autorisasjonskurs Et alternativ til å delta på dagskurs for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset sitt. Mattilsynet har i første runde utarbeida spesialtilpassa kursmateriell innan fagområda korn, fôrvekstar og grøntanlegg. Bønder med andre produksjonar, f eks frukt, kan ta kurset i eitt av dei nemnde fagområda. Kurset inneheld elektronisk lærebok. Informasjon om nettbasert kurs; sjå www.mattilsynet.no under ”Autorisasjonsbevis plantevernmidler”. Kurs for dei som skal ta autorisasjonskurset for første gong Tysdag 28. mars 2017 Obligatorisk praksisdag - 7 timar med lærar Tema: plantevernmidlar som helserisiko, verneutstyr, sprøyteutstyr, demonstrasjon/øving i sprøyteutstyr. Stad: Nome vidaregåande. skole, avdeling Søve, 3830 Ulefoss Påmeldingsfrist: 6. mars Pris: 2.000 kr (utgifter til bøker kjem i tillegg) Avsluttande eksamen Eksamen (1 time) blir gjennomført på slutten av kursdagen. Før obligatorisk praksisdag må deltakarane førebu seg ved å ha lese pensum, minimum grunnboka. Bestilling av bøker/materiell – sjå siste side. Påmelding / informasjon: Påmelding til Telemark Bondelag v/Bygdevis, helst på e-post [email protected], evt tlf. 91626113. Deltakarane får tilsendt program/informasjon/faktura ca. ei veke før kurset. Pensum Grunnboka ”Handtering og bruk av plantevernmidler” kostar 425 kr og er obligatorisk. I tillegg kan deltakarane lese ei el. fleire bøker som er relevant for den produksjonen dei driv: Plantevern i grønsaker, kr.365 Plantevern i potet, kr.365 Plantevern i veksthus, kr.365 Plantevern i veksthus, prydplanter, kr.365 Atterhald om prisendringar. Bøker kan tingast/kjøpast gjennom lokal bokhandel eller på internett, f.eks https://www.akademika.no/ Hugs å bestille bøker i god tid før kurset. Du må rekne 14 dagar frå bestilling til du får bøkene tilsendt.
© Copyright 2024