Bibliotek - Meland kommune

Kva er ein tenestestandard?
Ein tenestestandard skal skildre omfanget av og innhaldet i ei teneste.
Standarden skal seie noko om føremålet med tenesta, målgrupper og
vilkår for tildeling av tenesta. Den skal også seie noko om kva mottakar
kan forvente av tenesta og kva verksemda forventar av mottakarane.
Føremål
Lov om folkebibliotek § 1
Tenestestandard for Meland bibliotek
Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og
annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker
og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet.
Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig
samtale og debatt. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og
voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Bibliotekenes
innhold og tjenester skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et
nasjonalt biblioteksystem.
Lovgrunnlag
Kommunen er pålagd gjennom lov å ha bibliotek
Lov om folkebibliotek nr.108 av 20. desember 1985
Målgruppe – kven kan få tenesta?
Dei som bur i Meland kommune er våre primærbrukarar, like eins dei som
bur i Nordhordland. Alle som bur i landet kan og får tilgang til biblioteket
sine tenester.
Versjon 01.03.16
Innhaldet i tenesta:
-
Tilgang til meland bibliotek sine samlingar
Gratis utlån av bøker, tidsskrift, lydbøker, film, musikk og
språkkurs.
Tilgang til aviser og offentleg informasjon
Tilgang til stasjonære PC-ar med internett, samt trådlaust
internett
Fagutdanna personale
Ein samarbeidsavtale mellom grunnskulane og Meland bibliotek
Hjelp til å finne informasjon frå samlingane eller frå internett
Eigen nettstad med tilgang til tenester og informasjon
Biblioteket har møterom/leseplassar som kan brukast ved nærare
avtale.
Månadleg eventyrstund for førskule barn
Kopieringsteneste jfr lov og regelverk, skanning og printertenester
mot betaling
Brukarvenlege opningstider
Kvalitetsmål
Meland bibliotek sitt formål er å fremme opplysning, utdanning og anna
kulturell verksemd.
Biblioteket skal gje den einskilde best mogeleg høve til å tilegna seg
faglege og ållmenndannade kunnskapar, vidast mogeleg informasjon og
orientering om aktuelle samfunnspørsmål, moglegheiter for personleg
utvikling, kulturell og menneskeleg oppleving.
Versjon 01.03.16
Kva kan du forvente av oss?
Som brukar av biblioteket kan du forvente å bli møtt på ein måte som gjer
at du kjenner deg velkommen og betent på ein imøtekommande måte der
følgjande gjeld:
-
Det skal vere enkelt å bruke biblioteket
Spørsmåla dine vert behandla konfidensielt
Du ver informert om biblioteket sine tenester og lånereglar
Du får hjelp til å finne fram ønska informasjon
Vi sørger for allsidig tilvekst til samlingane og er opne for forslaga
dine
Vi svarer på spørsmål og førespurnader så raskt som mogeleg,
seinast innan ei arbeidsveke.
Vi kan låne inn materiale frå andre bibliotek etter nnasjonale
lånereglar
Det er mogeleg å bli sett på venteliste for utlånt materiale og du
får melding når det er ledig
Biblioteket er tilgjengeleg via nett
Mot betaling har du høve til å kopiere til privat bruk frå delar av
biblioteket sine samlingar
Biblioteket er ein antirasistisk sone
Forventningar vi har til deg
-
At du heldt biblioteket sine lånereglar
At du behandlar biblioteket sitt materiale og utstyr forsvarleg
At du overheldt lånefristane
At du erstatter tapt og skada materiale
At du har med lånekort når du skal låne
At du følgjer biblioteket sine reglar for internettbruk
-
At du bidreg til at biblioteket skal vere ein antirasistisk sone.
Pris
Det er gratis å låne, men det kostar å levere lånt materiale for seint eller å
la vere å levere.
Praktiske opplysningar
Meland bibliotek er organisert med hovudbibliotek på Frekhaug og filial
på Rossland skule, filialen er eit kombinasjonsbibliotek med hovudvekt på
barn og unge. Meland bibliotek er i eit forpliktande samarbeid med
biblioteka i Nordhordland.
Opningstid
Hovudbibliotek: måndag og torsdag 14 – 19
tysdag 10 -16, fredag 10 – 14, laurdag 11-15
Rossland avdeling: onsdag 15 -19, fredag 14 -16
Postadresse:
Meland bibliotek, b. 13, 5906 Frekhaug, Tlf 56171080
e-post: [email protected]
nettside: http://www.mittnordhordland.no/start
Rossland avdeling:
Rossland skule, 5917 Rossland, Tlf 56174418
Versjon 01.03.16