Legetenesta - Meland kommune

Kva er ein tenestestandard?
Ein tenestestandard skal skildre omfanget av og innhaldet i ei
teneste. Standarden skal seie noko om føremålet med tenesta,
målgrupper og vilkår for tildeling av tenesta. Den skal også seie
noko om kva mottakar kan forvente av tenesta og kva verksemda
forventar av mottakarane.
Tenestestandard for legetenesta
Føremål
Legetenesta skal sikre befolkninga sitt krav på fastlegetenester,
offentlege legetenester og legevakt. Legetenesta gir tenester til dei
som har vald fastlege i kommunen. Det gis og eit avgrensa
legeteneste til personar som midlertidig oppheld seg i kommunen.
Lovgrunnlag (mest aktuelle)
-
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
Lov om pasient- og brukerrettigheter
Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern
Lov om vern mot smittsomme sykdommer
Lov om helsepersonell m.v.
Målgruppe – kven kan få tenesta?
Legetenesta gir tenester til dei som har fastlege i kommunen.
Øvrige personar som bur eller oppheld seg i kommunen har rett til
naudsynt helsehjelp, til dømes ved behov for akutt hjelp.
Versjon 01.03.16
Innhaldet i tenesta
Kommunen har to fastlegekontor. Frekhaug legesenter har 5
fastlegar, i tillegg kommuneoverlege med redusert pasientliste,
samt turnuslege. Helsenaustet legepraksis har 2 fastlegar.
Fastlegane skal gi allmennmedisinske tenester i samsvar med dei
krav som gjeld til fastlegepraksis. Fastlegen sitt listeansvar dekker
allmennlegeoppgåver innan somatikk og psykisk helse for
innbyggjarane på si liste.
-
Kva kan du forvente av oss?
-
Fastlegane skal og tilby akuttimar og kunne gi øyeblikkelig legehjelp
ved behov.
Legetenesta skal tildelast etter behov, og ikkje alltid etter
etterspurnad.
-
Dei fleste fastlegane har og andre oppgåver i kommunen, med faste
dagar med arbeid på helsestasjon, sjukeheim, skulehelse,
samfunnsmedisin eller interne oppgåver innan leiing og
kvalitetsarbeid.
-
Kvalitetsmål
-
-
Alle tilsette med pasientkontakt skal vere autoriserte
helsepersonell, samt halde seg fagleg oppdatert.
Alle fastlegar skal vere spesialist i allmennmedisin, eller
under spesialistutdanning.
Legetenesta skal normalt ikkje henvise pasientar til
interkommunal legevakt.
Versjon 01.03.16
Medisinsk utstyr og laboratorieutstyr skal stette faglege krav
og normer til sikkerhet og nøyaktighet.
Allmennpraksis innan rammane for fastlegeordninga.
At fastlegane og kommunen sine legekontor samarbeider
om kollegial fråversdekning.
Ved behov: akutt legehjelp på dagtid, kvardager 0800-1530.
Utanom arbeidstid ved Nordhordland interkommunale
legevakt.
Svangerskapskontrollar og jordmortenester for
listepasientar.
Å bli møtt på ein venleg og respektfull måte.
Bli møtt av kompetent helsepersonell.
At du vert teke med på råd om utgreiing og behandling.
At du får tilbakemelding ved unormale prøvesvar.
At personalet samarbeider internt til det beste for deg som
pasient.
At vi samarbeider med andre kommunale instansar der det
er naudsynt, som helsestasjon, avd. for psykisk helse / rus,
heimetenestene, fysioterapitenestene m.v.
Forventningar vi har til deg
-
At du møter presis til avtalt time.
At du gir beskjed i luka ved endring av namn, adresse,
telefonnummer eller arbeidsgjevar.
At du gir beskjed om du har fått frikort.
At du betaler før du går (betalingsmaskin).
At du avbestiller timer seinast 24 timer før (for å unngå
gebyr).
At du viser tolmod ved forseinkingar. Av og til er pågangen
ekstra stor, eller andre har behov for akutthjelp. Neste gang
kan det vere du som treng ekstra tid.
Pris
Alle fastlegar skal følgje dei prisar som gjeld i Normaltariff for
fastlegepraksis. Eigendelane er fastsett av Stortinget med endringar
pr 1. juli kvart år. Eigendelane varierer noko med kva som gjerast
(blodprøver, bruk av materiell m.v.) og om legen er spesialist i
allmennmedisin. Ein typisk konsultasjon hos lege vil koste mellom kr
190 og kr 300. Legekontora skal ha oppslag om dei priser som gjeld.
Visse grupper betaler ikkje eigendel, som barn under 16 år, gravide
ved svangerskapskontroll, godkjend yrkesskade / yrkessjukdom og
ved oppfølging av visse typer smittsom sjukdom. Men man må
likevel betale for bruk av materiell etter faktisk kostnad.
Versjon 01.03.16
Ein del tenester fell utanfor Normaltariffen og må betalast fullt ut
av pasienten. Det gjeld t.d. generelle helsekontrollar, ulike attestar
(t.d. førarkortattest, søknad til skular m.v.)
Praktiske opplysningar
Internett:
Sjå www.frekhauglegesenter.no eller www.meland.kommune.no
for oppdatert informasjon om tenesta.
Telefon:
Frekhaug legesenter: 5617 1110 (akuttnr.: 5617 1113)
Helsenaustet legepraksis: 5617 1290 (akuttnr.: 5617 1295)
Leiing:
Legetenesta er organisert under tenesteområde Helse, som og
omfattar helsestasjon, skulehelseteneste, avdeling for psykisk helse
og rusvern, fysioterapitenesta, ergoterapitenesta, samfunnsmedisin
og interkommunale samarbeidsoppgåver.
Kommuneoverlege Tord Moltumyr er leiar for tenesteområde
Helse, og dagleg leiar av Frekhaug legesenter.
E-post: [email protected]
Andre ansvarspersonar:
Assisterande kommuneoverlege Grete Wold.
Driftsleiar ved Frekhaug legesenter Mona Kvalheim.
Om klage
Overordna klageinstans er Fylkesmannen i Hordaland. Dei fleste
klagar kan imidlertid løysast på eit lågare nivå.
Misnøye med medisinsk oppfølgning bør primært rettast til den
legen det gjeld. I neste runde kan saka eventuelt meldast til
kommuneoverlegen.
Du har rett på ei fornya vurdering («second opinion») hjå ein annan
fastlege, utan å måtte klage.
Kommunen si overordna politiske og administrative leiing har
ansvar for å sørgje for tilstrekkelege ressursar og kapasitet i
fastlegeordninga.
Krav om økonomisk erstatning for feilbehandling i kommunen eller
sjukehus rettast til Norsk Pasientskadeerstatning, www.npe.no .
Opningstid
Frekhaug legesenter:
Ekspedisjon: Måndag-torsdag: kl 0830-1500
Laboratorium: Måndag- torsdag: kl 0830-1130 og 1230-1400
Telefon: Måndag- torsdag: kl 0830-1130 og 1300-1430
Fredag opner vi kl 0900, elles tider som over.
Heile døgnet: Informasjon, reseptbestilling og forespurnad om time
på www.frekhauglegesenter.no
Versjon 01.03.16
Helsenaustet legepraksis:
Telefon og ekspedisjon:
mandag- fredag: kl 0830-1200 og 1230-1430.
Heile døgnet: Informasjon, reseptbestilling og forespurnad om time
på www.helsenaustet.no