Sogn regionråd Fagnettverk i psykisk helse region Sogn

Sogn regionråd
Fagnettverk i psykisk helse region Sogn
Dato:
Stad:
Tid:
Målgruppe:
Kostnad:
Fredag 29. april 2016
Quality Hotel Sogndal
08.30 – 15.00
Tilsette i barnehage, grunn- og vidaregåande skule, barnevern, helsestasjon og PPT
Faktura på dagpakke frå hotellet vert sendt til kommunane/ organisasjon (kr. 470)
Målsetnad:
Fyrst fagleg påfyll, refleksjon og erfaringsutveksling. Etter lunsj arbeidar vi vidare
med den regionale planen for psykisk helse i barnehagane og skulane. Vi nyttar
omgrepet regional plan, sidan vi har felles oppstart, arbeidsmøte,
kunnskapsinnhenting og erfaringsutveksling. Dette vil bli grunnlag for eigne politisk
vedtekne planar i kvar av kommunane i regionrådet.
Påmelding:
På nettsida til Sogn regionråd http://pamelding.sogn.regionraad.no innan 19. april
Program
08.30 – 09.00 Oppmøte, kaffi og noko å bita i
09.00 – 09.15 Nye steg og satsing på psykiske helse i barnehage og skule i Sogn
Åse Lundegaard Mattson, psykolog og Claus Røynesdal, Sogn regionråd
09.15 – 10.30 Kva tiltak satsar vi på i Fjell kommune? Kva teikn ser vi etter og kva førebyggjande
og universelle tiltak har vi i barnehage og skule
Trude Senneseth, kommunepsykolog, Fjell kommune
10.30 - 10.45
Kaffi og beinstrekk
10.45 – 12.00 Erfaringar frå lavterskeltiltak i skulen for elevar som er engstelege og bekymra –
eit samarbeid mellom skular og skulehelsetenesta.
Bente Storm Haugland, forskar, Regionalt kunnskapssenter barn og unge Vest
12.00 – 13.00 Lunsj
13.00 – 15.00 Arbeidsøkt om regional plan for psykisk helse
Solrun Samnøy, høgskulelektor HiSF
Deltakarane på denne samlinga representerer eit breitt utval av dei som skal bruka
planane, og kan difor gje innspel til innhaldet, m. a. på fylgjande punkt:
- Er språket forståeleg og relevant for brukargruppene?
- Er innhaldet relevant i høve til kvardagsutfordringar i skular og barnehagar?
- Kva skal til for at planen skal eigd av og til nytte for ulike brukargrupper?
Vel møtt!
Kontaktinfo:
Programleiar Claus Røynesdal tlf. 95472049, [email protected]