SULA KOMMUNE Formannskapet INNKALLING MØTE NR. 6/16 Møtedato: Møtestad: Møtetid: 19.04.2016 Rådhuset møterom 4.etg Kl. 17:00 Eventuelt forfall skal meldast til servicetorget, tlf 70 19 91 00. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møtet er ope for publikum. Sula kommune 13.04.16 Jim Arve Røssevoll ordførar Sakliste Saksnr. 043/16 044/16 045/16 011/16 012/16 Sakstittel Godkjenning av møtebok nr. 5/16 Mikkalvegen, Rørstad - Spørsmål om regulering, samt ekspropriasjon og grunnkjøp av veggrunn. Referatsaker Skatteinngang for mars 2016 Informasjonsbrosjyre Regionkommune Ålesund Gradering SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Arkivsaksnr: Terje Havnegjerde 16/484 16/6216 Arkiv: Godkjenning av møtebok nr. 5/16 Utval: Formannskapet Møtedato: 19.04.2016 Rådmannen si innstilling: Møteprotokollen vert godkjent. Tittel Protokoll - Formannskapet - 05.04.2016 1 Dok.ID 267829 Saksnr.: 043/16 SULA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL NR. 5/16 FORMANNSKAPET Møtedato: Møtestad: 05.04.2016 Rådhuset, møterom 4. etg. Følgjande medlem møtte Jim Arve Røssevoll Turid Kristin Sand Humlen Vibeke Bjørkavåg Svein Værnes Jan Magnar Sandvik Øystein Båtnes Møtetid: Kl. 19:30 - 22:00 Parti AP H H KRF SUL FRP Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Marthe Strandman Urvik FRP Jan Einarsen FRP Møteleiar: Frå administrasjonen: Innkalling: Sakliste: Utlevert i møtet: Behandla saker: Orientering: Sp.mål/interpell.: Jim Arve Røssevoll Rådmann Leon Aurdal, kommunasjef Jørn Agersborg, driftsleiar John Magne Eikrem Ingen merknad Ingen merknad Ingen dokumenter til sakene. 36/16-42/16 Rådmannen orienterte om følgjande: 1) Eigedomen Råsa 7 som ligg ute for sal. Det er kome inn bod under takst. Formannskapet gav rådmannen fullmakt til å akseptere bod tilsvarande bodet slik det låg føre, eller høgare. 2) I økonomisjef Britt Blindheim sitt fråver må det vurderast å hente inn avlastande ressurs ut året eller inntil eitt år. Evt. endring i årsverksramme må vurderast i samanheng med budsjettframlegget. Formannskapet gav tilslutning til dette. 3) Sula kommune si plassering på kommunebarometeret. Jan Magnar Sandvik (SUL) bad om at det blir utarbeidd sak om vekting/handtering av skule- og barnehagekapasiteten i kommunen i lys av vedtekne eller planlagte utbyggingsprosjekt. Øystein Båtnes (Frp) bad, jf. ref.sak 9/16, om at det blir Diverse: utarbeidd høyringsuttale om korresponderande kollektivtilbod (buss/hurtigbåt/ferje) Varaordførar Svein Værnes orienterte om samferdselsutvalet sitt vedtak i sak om forskottering av utbetring Furneskrysset. Vedtaket sitt punkt om Sula kommune sin risiko ved kostnadssprekk må følgjast opp. Underskrifter: Jan Einarsen Jim Arve Røssevoll Vibeke Bjørkavåg Åge Erstad Remvik referent Side 2 Saksliste Saksnr. 036/16 037/16 038/16 039/16 040/16 041/16 042/16 Side 3 Sakstittel Godkjenning av møtebok nr. 4/16 Kommunereforma - intensjonsavtale om etablering av regionkommunen Ålesund Bruk av midler frå bunden kapitalfond til vedlikehald av kommunale bygg 2016 Rapport om finansforvaltninga pr. 31.12.2015 Risiko og sårbarheitsanalyse for brann- og ulukkesvern og evaluering av brannordning i Sula kommune Åregjerdevågen nedlagt kommunalt deponi tilbodsgrunnlag Referatsaker Gradering 036/16: Godkjenning av møtebok nr. 4/16 Rådmannen si innstilling: Møteprotokollen vert godkjent. Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. F- 036/16 Vedtak: Møteprotokollen vert godkjent. 037/16: Kommunereforma - intensjonsavtale om etablering av regionkommunen Ålesund Rådmannen si innstilling: 1. Sula kommunestyre tek “Intensjonsavtale for etablering av Regionkommunen Ålesund” førebels til vitande og vedtar at avtalen skal leggjast til grunn som alternativ ved folkerøystinga 19.mai. 2. I tillegg til folkerøysting skal det gjennomførast ei innbyggjarundersøking om kommunereforma. Kommunestyret ber arbeidsgruppa utforme spørsmål, tidspunkt og detaljar for undersøkinga, i samråd med styringsgruppa. Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Ordføraren orienterte om tidsplanen vidare ut over våren. Punkt 2 i innstillinga frå rådmannen vart drøfta, og formannskapet vart omforeint om følgjande justering: "2. I tillegg til folkerøystinga kan det gjennomførast ei innbyggjarundersøking om kommunereforma. Kommunestyret ber arbeidsgruppa utforme spørsmål, tidspunkt og detaljar for undersøkinga. Styringsgruppa skal vurdere behovet, og eventuelt vedta om det skal gjennomførast slik undersøking." Øystein Båtnes (Frp) sette fram slikt forslag til nytt punkt 3.: "3. Arbeidsgruppa skal utvidast med eit medlem frå Sulalista og eit medlem frå Høgre. Partia peiker sjølv ut representant. " Det vart votert over punkt 1, justert punkt 2, og nytt punkt 3 samla. Alle tre vart samrøystes vedtatt. F- 037/16 Vedtak: Side 4 1. Sula kommunestyre tek “Intensjonsavtale for etablering av Regionkommunen Ålesund” førebels til vitande og vedtar at avtalen skal leggjast til grunn som alternativ ved folkerøystinga 19.mai. 2. I tillegg til folkerøysting kan det gjennomførast ei innbyggjarundersøking om kommunereforma. Kommunestyret ber arbeidsgruppa utforme spørsmål, tidspunkt og detaljar for undersøkinga. Styringsgruppa skal vurdere behovet, og eventuelt vedta om det skal gjennomførast slik undersøking. 3. Arbeidsgruppa skal utvidast med eit medlem frå Sulalista og eit medlem frå Høgre. Partia peiker sjølv ut representant. 038/16: Bruk av midler frå bunden kapitalfond til vedlikehald av kommunale bygg 2016 Rådmannen si innstilling: Sula kommunestyre løyver kr. 762 000 frå bunden fond etter sal av kommunale bygg til vedlikehald av kommunale bygg for 2016. Prioritering av vedlikehaldstiltak vert etter vurdering frå administrasjonen i saka. Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. F- 038/16 Vedtak: Sula kommunestyre løyver kr. 762 000 frå bunden fond etter sal av kommunale bygg til vedlikehald av kommunale bygg for 2016. Prioritering av vedlikehaldstiltak vert etter vurdering frå administrasjonen i saka. 039/16: Rapport om finansforvaltninga pr. 31.12.2015 Rådmannen si innstilling: 1. Kommunestyret tek saka til vitande. 2. Det vert nedsett eit rådgivande utval til å revidere finansreglementet saman med administrasjonen. Følgjande personer vert utpeika: Side 5 Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Øystein Båtnes (Frp) sette fram forslag om Turid K. S. Humlen som medlem i rådgjevande utval. Jan Magnar Sandvik (SUL) sette fram forslag om Jostein Molvær som medlem i rådgjevande utval. Øystein Båtnes (Frp) sette fram forslag om Reidar Gundersen som medlem i rådgjevande utval. Rådmannen si innstilling, med dei tre forslaga til medlemmer i rådgjevande utval for revisjon av finansreglementet var samrøystes vedtatt. F- 039/16 Vedtak: 1. Kommunestyret tek saka til vitande. 2. Det vert nedsett eit rådgivande utval til å revidere finansreglementet saman med administrasjonen. Følgjande personer vert utpeika: - Turid K. S. Humlen - Jostein Molvær - Reidar Gundersen 040/16: Risiko og sårbarheitsanalyse for brann- og ulukkesvern og evaluering av brannordning i Sula kommune Rådmannen si innstilling: Sula kommunestyre ber rådmannen utarbeide risiko og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for brann- og ulukkesvern snarast råd. I tillegg til ROS-analyse skal det utarbeidast ei evaluering av gjeldande brannordning med organisering og dimensjonering av Sula brannvesen. Kostnad knytt til utarbeiding av ROS-analyse og evaluering vert dekt over formannskapet sin disposisjonskonto med inntil kr. 110 000,-. Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt, og redaksjonelt korrigert opp for rett vedtaksinstans. F- 040/16 Vedtak: Sula formannskap ber rådmannen utarbeide risiko og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for brann- og ulukkesvern snarast råd. I tillegg til ROS-analyse skal det utarbeidast ei evaluering av gjeldande brannordning med organisering og dimensjonering av Sula brannvesen. Kostnad knytt til utarbeiding av ROS-analyse og evaluering vert dekt over formannskapet sin disposisjonskonto med inntil kr. 110 000,-. 041/16: Åregjerdevågen nedlagt kommunalt deponi - tilbodsgrunnlag Side 6 Rådmannen si innstilling: Formannskapet godkjenner at anbodsdokumenta kan lysast ut slik dei ligg føre i vedlegg, DokID 266939. Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Jan Magnar Sandvik (SUL) oppmoda om at konsekvensar av K-vedtak 26/16 vert vurdert på ny. Ordføraren synte til avtalt møte med grunneigarane, og at oppfølging vert vurdert. Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. F- 041/16 Vedtak: Formannskapet godkjenner at anbodsdokumenta kan lysast ut slik dei ligg føre i vedlegg, DokID 266939. 042/16: Referatsaker Rådmannen si innstilling: Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Behandling i Formannskapet 05.04.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. F- 042/16 Vedtak: Meldingane vert tekne til etteretning slik dei ligg føre. Side 7 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Arkivsaksnr: Terje Havnegjerde 09/886 16/5092 Arkiv: K1 - 611 Mikkalvegen, Rørstad - Spørsmål om regulering, samt ekspropriasjon og grunnkjøp av veggrunn. Utval: Formannskapet Kommunestyret Møtedato: 19.04.2016 Saksnr.: 044/16 Rådmannen si innstilling: Sula kommunestyre vedtek at areal for framtidig «Mikkalveg» skal ervervast ved hjelp av ekspropriasjon etter kapittel 16 i plan- og bygningslova. Sula kommunestyre løyver kr 250.000 for kostnader til regulering av nødvendig veggrunn, og beløpet skal dekkast inn over formannskapet sitt disposisjonsfond. Tittel Ortofoto Status reguleringsplan Grunnkart Prinsippskisse, vegføring Reguleringsvedtekt og berørt planområde Dok.ID 268453 268456 268457 268458 268464 Bakgrunn for saka: Reguleringsplan for området «Rørstad Aust» vart godkjent i Kommunestyret 04.02.1999. I vedtektene til plan står det under § 11, pkt 3 : «Ny tilkomstveg til riksvegen skal opparbeidast og Mikkalvegen (dagens tilkomstveg) omgjerast til gangveg, før ny utbygging kan skje i planområdet». I praksis betyr dette at heile området Rørstad Aust ligg innafor eit ei «byggeforbodssone». Ingen nye bygg kan tillatast før ny tilkomstveg er på plass. Ein fastlåst situasjon for kommunen. Ein fastlåst situasjon for dei som ønskjer å utvikle området. Vi lar den lange og kronglete historikken i denne saka ligge heilt i ro. Dette er ei sak som har vore i søkelyset omtrent frå den dag reguleringsplan for området vart stadfesta. Felles fokus, både for kommune og for bebuarar, må no vere å finne ei løysing på korleis område skal få ny tilkomstveg, slik at ny utbygging i området kan bli ein realitet. Saksopplysningar: Ny Mikkalveg (offentleg veg) er regulert inn på eigedom gnr 74 bnr 11, og samtalar med eigar av denne eigedomen for opparbeiding av denne vegen har ikkje ført fram. Grunneigar øskjer ikkje å bidra til å løyse situasjonen. Kommunen har fram til det siste prøvd å få til ein dialog – utan å lukkast. Derfor ser vi ikkje annan løysing enn å bruke kommunal makt og ev tvang som siste og einaste mulighet til å få gjennomført vegprosjektet. Med tvang er det meint ekspropriering av nødvendig vegareal for at reguleringsplan for området kan realiserast. Dette 1 etter kapittel 16 i plan- og bygningslova. Med ekspropriasjon er det meint «når eigedomsretten til fast eigedom blir erverva ved tvang mot erstatning etter skjønn». Ein ekspropriasjonsprosess er lang. Det er to partar i saka, og dei formelle prosessen etter plan og bygningslova skal følgjast. Prosessen er noko uforutsigbar mht tid og økonomi, men forutsigbar i forhold til resultatet. Vurdering: Det er kommunestyret som kan foreta ekspropriasjonsvedtaket for å få realisert ein reguleringsplan. Kommunestyret sitt vedtak om ekspropriasjon må gjerast innan 10 år etter at reguleringsplan er godkjent. Aktuelle reguleringsplan «Rørstad Aust» er av eldre dato, og aktuelle areal må gjennom ein ny reguleringsprosess før ein ev kjem so langt at sjølve ekspropriasjonsprosessen kan starte. Prosessen blir da: 1) regulering; 2) ekspropopriasjon og fastsettelse av skjønn; 3) grunnkjøp og eigedomsoverdragelser; 4) opparbeiding av veg. Kostnadane er for deler av prosessen vanskeleg å forutsjå. Men som eit utgangspunkt: 1. Regulering av vegareal. Prosess etter plbl §12. Tidsplan 10-12 mnd. Fleire private partar blir berørt og det kan påvirke framdriften. Kostnader for ein slik reguleringsprosess kan kome på omlag 250.000,- . 2. Ekspropriering/skjønn. Advokatutgfter som er vanskelig å forutsjå. Veit berre at advokatkostnadar er høge, og her er det fleire forhold som speler inn som kan påvirke kostnaden. Som eit utgangspunkt kan kostnad for eigen og saksøkte sin advokat for ei «standardsak» i tingretten kome på i overkant av 200.000,- . Dersom saka skulle gå til lagmannsretten for «overskjønn», vil det ligge på om lag 150.000,- (Kan bli redusert da saksøkte i lagmannsretten kan «risikere» å bere eigne kostnader dersom det er saksøkte som krev overskjønn – og resultatet for saksøkte ikkje blir betre enn i tingretten). Saksøkte har også ein mogleheit for å få dekt sine advokatutgifter knytt til ei ev klage på eksproprieringsvedtaket. 3. Utifrå grunnkartet kan det vere behov for grunnkjøp av om lag 1.800 m². Dagens prisnivå på innløysing av regulert vegareal ligg i overkant av 200 kr/m². Dvs 380.000,- . I tillegg kjem diverse offentlege avgifter på ca 40.000,- i forb med overdraging/tinglysing. 4. Her er det snakk om 150 lm med veg inkl kryssløysing, ein mindre stikkveg, samt gatelys. Estimat på 2.500.000,- . Som eit utgangspunkt kan det for denne prosessen vere snakk om ein kostnad på kr 3.35 – 3.5 mill. Kostnad forbundet til reguleringsprosessen ev vil kome i 2016. Resten vil kome etter kvart. Kostnadsfordeling. Prinsippielt er det viktig for kommunen å finne ei løysing som ikkje legg føringar for «alle» andre byggesaker. Det er ikkje meininga at alle «konflikt-byggesaker» skal løysast via ekspropriasjon. Innafor område som blir «byggeklart» etter ein slik eksproprieringsprosess ligg det ca 40-45 regulerte bustadtomter som ikkje er utbygd. Det er naturleg at desse tomtene tar sin del av infrastrukturkostnadane. Om kommunen forskoterar og ein får til ei ordning der alle regulerte 2 ikkje-bebygde tomter skal betale seg inn med ein bestemt sum, kan vere ei løysing. Eller at kommunen står for reguleringsprosessen samt grunnkjøp; tomteeigarane står sjølv for resten. Solstranda har ein mellombels vegløysing ut på riksvegen, og skulle i utgangspunktet knytast til «Mikkalvegen». Delar av bebyggelsen på «Solstranda» vil no kunne knyte seg til den nye Mikkalvegen. Dette er noko som også blir løyst via denne saka. Hadde vore enklare, billigare, gunstigare både for kommune og grunneigar dersom ein hadde klart å kome til einighet utan å gå vegen om tvang. Hadde vore ein vinn-vinn situasjon for begge partar… Samla vurdering: Ein må først ta stilling til om ein skal gå for eksproriering eller ikkje. For å ekspropriere må ein først regulere nødvendig areal; deretter gjennomføre eksproprieringsprosessen; og føljge opp med nødvendige grunnkjøp. Dette kan vere den einaste mulige måten å få realisert den regulerte vegløysinga til «Rørstad Aust» på. 3 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Arkivsaksnr: Åge Erstad Remvik 16/484 16/6253 Arkiv: Referatsaker Utval: Formannskapet Møtedato: 19.04.2016 Rådmannen si innstilling: Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. 32T Saksnummer 011/16 012/16 1 Tittel Skatteinngang for mars 2016 Informasjonsbrosjyre Regionkommune Ålesund Saksnr.: 045/16 SKATTEINNGANG - KOMMUNEN SIN ANDEL Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember SUM Årsbudsjett Månad 25 339 823 1 236 501 31 299 523 538 162 35 649 446 1 683 083 23 305 819 2 766 404 32 092 738 1 128 441 34 127 646 1 451 050 190 618 636 2015 Akkumulert 25 339 823 26 576 324 57 875 847 58 414 009 94 063 455 95 746 538 119 052 357 121 818 761 153 911 499 155 039 940 189 167 586 190 618 636 187 297 000 % Bud 13,53% 14,19% 30,90% 31,19% 50,22% 51,12% 63,56% 65,04% 82,18% 82,78% 101,00% 101,77% Månad 26 828 519 716 557 33 205 477 2016 Akkumulert 26 828 519 27 545 076 60 750 553 60 750 553 202 938 000 % Bud 13,22% 13,57% 29,94% SKATTEINNGANG FORDELT ETTER ARTER - KOMMUNEN SIN ANDEL (heile tusen kroner) MND 2100 Forskotstr 2200 Forskotsskatt 2101 FLT 2300 Restskatt Etterskotspliktige Renter og gebyr 2191 Avsatt margin 2302 Rentetillegg SUM 2192 Bruk av margin 2800 Påleggstr 2350 Overskytande f 2016 2015 2016 2015 2016 2015 2016 2015 2016 2015 2016 2015 29 711 714 35 175 27 921 1 136 33 161 64 81 1 687 29 98 1 569 35 33 -89 85 68 12 0 0 0 0 0 0 8 3 125 31 71 28 -2 990 -114 -3 693 -2 726 -137 -3 470 26 828 25 340 717 Randi 33 205 31 300 65 600 62 218 1 832 1 696 -21 165 0 0 136 130 -6 797 -6 333 60 750 ENDRING SKATT 2015 - 16 4 110 7,26 Forskotstrekk Forskotsskatt Restskatt Forh./Rest./Ettersk. Renter/gebyrer Margin/differanser 3 382 136 -186 0 6 -464 SUM 2 874 JAN FEB MAR 2016 2015 APR MAI JUN JUL AUG SEP OKT NOV DES SUM SKATTEINNGANG 2015 BUDSJETT 2016 AVVIK I FORHOLD TIL BUDSJETT 190 618 202 938 6,46 1 289 56 640 NASJONAL SLAGKRAFT, REGIONAL ATTRAKTIVITET OG LOKAL IDENTITET Visjonen til regionkommmune Ålesund bygger på lokalt mangfald og skaparkraft. Kommunane som vil bygge ein ny kommune er ulike, men likeverdige. Regionkommune Ålesund skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i den einskilde kommune sin styrke og særpreg. Kvifor ei kommunereform? Stortinget har bede kommunane greie ut og vurdere korleis ein best kan utøve mynde, ivareta demokratiet, levere tenester og drive god samfunnsutvikling innan avgrensa økonomiske rammer i framtida. Kommunane Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund har difor signert ein intensjonsavtale om å etablere ein regionkommune som kan møte desse utfordringane. Kva er ein intensjonsavtale? Ein intensjonsavtale er resultatet av forhandlingar mellom kommunane som saman ønskjer å bygge ein ny kommune. Avtalen er ikkje juridisk bindande, med den syner kva for prinsipp ein ønskjer å leggje til grunn for arbeidet fram mot ein ny kommune. Nokre av kommunane har inngått fleire intensjonsavtalar. Ei fellesnemnd med representantar frå alle kommunane skal med utgangspunkt i intensjonsavtalen arbeide vidare med å gjennomføre samanslåinga. Før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni, skal innbyggarane uttale seg om intensjonsavtalen. Kva er det forhandla om? I arbeidet med intensjonsavtalen har partane drøfta og vorte sams om felles prinsipp for handtering av oppgåver i den nye kommunen innan til dømes arealplanlegging, næringsutvikling, samferdsel, kollektivtilbod og helse- og velferdstenester. Demokrati Regionkommune Ålesund skal vere organisert etter formannskapsmodellen. Kommunestyret skal vere det overordna politiske organet i kommunen. Den politiske organiseringa skal sikre heilskapleg planlegging og lokal medverknad på kommunedelnivå. For å styrke nærdemokratiet, vil kommunen ha kommunedelutval. Kommunedelutvala dekkjer eit geografisk område som svarer til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund, som kan ha fleire utval. Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område innanfor det geografiske området dei dekkjer. Utvala kan sjølv ta initiativ til saker og vere rådgivande for politiske organ. Kommunedelane kan sjølve etablere ulike ordningar for dialog med innbyggarane. Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel for innbyggarinvolvering. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen. Samfunnsutvikling Regionkommune Ålesund skal bygge opp under næringsutvikling, samferdsel, verdiskaping og innovasjon. Regionkommune Ålesund skal sikre ei samordna planlegging for utvikling med tanke på både byutvikling og generell tettstadutvikling, og dei involverte kommunane vil så tidleg som mogleg starte arbeidet med ein felles planstrategi med mål om å harmonisere arbeidet. Tenesteutøving Rådhuset skal leggast til Ålesund sentrum. Her skal ordførar, rådmann og andre funksjonar nært knytt til rådmannen, ligge. Dei kommunale tenestene skal vere nær brukarane. Regionkommune Ålesund skal fordele ansvaret for fagmiljø mellom dei tidligare kommunesentra for å samle fagmiljøa, samtidig som alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar for å forvalte desse for heile kommunen. Barnehage, SFO, skule, kulturskule, eldreomsorg, legesenter, bibliotek, servicetorg, symjebasseng og andre basistenester skal i hovudsak vere plassert som i dag. Organiseringa av kommunen skal gje gevinstar gjennom å arbeide effektivt. Økonomi Det er eit mål at økonomien i regionkommune Ålesund skal vere i balanse og vere solid i eit langsiktig perspektiv. Kommunen må sikre seg eit forsvarlig økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggarane i framtida. Alt frå hausten 2016 skal kommunane starte å nærme seg ein felles økonomiplanprosess med tanke på den nye kommunen. Investeringsprosjekt som allereie er innarbeidd og finansierte i dei tidligare kommunane sine økonomiplanar, skal prioriterast i regionkommune Ålesund sine budsjett- og økonomiplanar. Prinsippet som blir lagt til grunn er at alle kommunar går inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det dei har. TIDSASPEKT l Innan 1. juli 2016 skal kommunane ha bestemt seg for om dei skal slå seg saman. l Fylkesmannen skal godkjenne kommunane sine avtalar. l Sommaren 2017 skal nasjonale vedtak om ny kommunestruktur vere fatta. l Det blir kommunestyreval hausten 2019. l Kommunesamanslåingane trer i kraft 1. januar 2020. ENGASJER DEG I DEN VIDARE PROSESSEN Intensjonsavtalen i fulltekst finn du her: Datoar for forhandlingmøter og «informasjonsmøter»: Dato for innbyggarmedverknad i dei ulike kommunane: Informasjon finn du alltid på: nettside og FB. REGIONKOMMUNE ÅLESUND VIL ARBEIDE FOR: l At regionen skal bli ein attraktiv kvardagsregion for innbyggarane i dag og i framtida, i samarbeid med andre samfunnsaktørar. l Å vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentra som Oslo, Bergen og Trondheim. l Ein miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet. l Ein folkehelsestrategi i tråd med framtida sine utfordringar. l Samferdselsprosjekt som medverkar til å binde saman regionkommune Ålesund vil bli prioritert. l At næringsklynger skal vidareutviklast. l At Ålesund sjukehus skal ivaretakast og vidareutviklast som det største sjukehuset i fylket. l At gevinstane vi får realisert gjennom stordriftsfordelar skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for regionkommune Ålesund. DET VI SKAL, SKAL VI VERE GODE TIL. DET VI VIL, SKAL VI VÅGE Å GJERE NOKO MED. Fra: Sendt: Til: Emne: Vedlegg: Ingvild Liadal 13. april 2016 09:01 Erlend Krumsvik; Ann-Heidi Paulsen Orvik; Nils Magne Abelseth; '[email protected]'; Oddvar Myklebust; Åse Kristin Ask Bakke; Vibeke Bjørkavåg; '[email protected]'; Andersen Britt Giske; Valderhaug Harry; Larssen Marit Elisabeth; Dyb-Sandnes Roar; Hildre Ewa; Siv Katrin Ulla; '[email protected]'; Hanken Turid; Krogsæter Vebjørn; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; Bente Glomset Vikhagen; Dag Olav Tennfjord; Kari Grindvik; Regine Bruteig; Terje Vadset; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; Hallstein Skår; Anne Bente Skjellum; '[email protected]'; Jim Arve Røssevoll; Kjetil Fylling; Magne Sunde; Svein Værnes; Åge Erstad Remvik; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; '[email protected]'; Geir Peter Aure; Karen Simonnes Aanes; Synnøve Vasstrand Synnes; Astrid Eidsvik; Eva Mariann Vinje Aurdal; Tore Hals; Tore Johan Øvstebø; Øystein Tvedt; Jan Kåre Aurdal; '[email protected]'; Anne Bente Skjellum; Geir Peter Aure Informasjonsbrosjyre Regionkommune Ålesund Brosjyre_intensjonsavtale_RegionkommuneÅlesund.pdf; Informasjonstekst intensjonsavtale Regionkommune Ålesund-2.doc Forhandlingsutvala Vedlagt finn de utkast av informasjonsbrosjyre og endeleg tekstdokument, som dykk har fått tidligare, og kan nyttast i vidare informasjonsarbeid. Nyheitsgruppa har saman med Hustrykkeriet i Ålesund valgt å gå for ei nøytral og ryddig brosjyre. Vennlig hilsen Ingvild Liadal Tlf 950 37 657 www.sunnmoreregionrad.no <UrlBlockedError.aspx> Tekst intensjonsavtale 050416 REV. Forside: NASJONAL SLAGKRAFT, REGIONAL ATTRAKTIVITET OG LOKAL IDENTITET Visjonen til regionkommmune Ålesund bygger på lokalt mangfald og skaparkraft. Kommunane som vil bygge ein ny kommune er ulike, men likeverdige. Regionkommune Ålesund skal etablerast, driftast og vidareutviklast med utgangspunkt i den einskilde kommune sin styrke og særpreg. Kommunelogoer på framsida. Side 2: Kvifor ei kommunereform? Stortinget har bede kommunane greie ut og vurdere korleis ein best kan utøve mynde, ivareta demokratiet, levere tenester og drive god samfunnsutvikling innan avgrensa økonomiske rammer i framtida. Kommunane Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund har difor signert ein intensjonsavtale om å etablere ein regionkommune som kan møte desse utfordringane. Kva er ein intensjonsavtale? Ein intensjonsavtale er resultatet av forhandlingar mellom kommunane som saman ønskjer å bygge ein ny kommune. Avtalen er ikkje juridisk bindande, med den syner kva for prinsipp ein ønskjer å leggje til grunn for arbeidet fram mot ein ny kommune. Nokre av kommunane har inngått fleire intensjonsavtalar. Ei fellesnemnd med representantar frå alle kommunane skal med utgangspunkt i intensjonsavtalen arbeide vidare med å gjennomføre samanslåinga. Før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni, skal innbyggarane uttale seg om intensjonsavtalen. Kva er det forhandla om? I arbeidet med intensjonsavtalen har partane drøfta og vorte sams om felles prinsipp for handtering av oppgåver i den nye kommunen innan til dømes arealplanlegging, næringsutvikling, samferdsel, kollektivtilbod og helse- og velferdstenester. Side 3: Demokrati Regionkommune Ålesund skal vere organisert etter formannskapsmodellen. Kommunestyret skal vere det overordna politiske organet i kommunen. Den politiske organiseringa skal sikre heilskapleg planlegging og lokal medverknad på kommunedelnivå. For å styrke nærdemokratiet, vil kommunen ha kommunedelutval. Kommunedelutvala dekkjer eit geografisk område som svarer til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund, som kan ha fleire utval. Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område innanfor det geografiske området dei dekkjer. Utvala kan sjølv ta initiativ til saker og vere rådgivande for politiske organ. Kommunedelane kan sjølve etablere ulike ordningar for dialog med innbyggarane. Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel for innbyggarinvolvering. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen. Samfunnsutvikling Regionkommune Ålesund skal bygge opp under næringsutvikling, samferdsel, verdiskaping og innovasjon. Regionkommune Ålesund skal sikre ei samordna planlegging for utvikling med tanke på både byutvikling og generell tettstadutvikling, og dei involverte kommunane vil så tidleg som mogleg starte arbeidet med ein felles planstrategi med mål om å harmonisere arbeidet. Tenesteutøving Rådhuset skal leggast til Ålesund sentrum. Her skal ordførar, rådmann og andre funksjonar nært knytt til rådmannen, ligge. Dei kommunale tenestene skal vere nær brukarane. Regionkommune Ålesund skal fordele ansvaret for fagmiljø mellom dei tidligare kommunesentra for å samle fagmiljøa, samtidig som alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar for å forvalte desse for heile kommunen. Barnehage, SFO, skule, kulturskule, eldreomsorg, legesenter, bibliotek, servicetorg, symjebasseng og andre basistenester skal i hovudsak vere plassert som i dag. Organiseringa av kommunen skal gje gevinstar gjennom å arbeide effektivt. Økonomi Det er eit mål at økonomien i regionkommune Ålesund skal vere i balanse og vere solid i eit langsiktig perspektiv. Kommunen må sikre seg eit forsvarlig økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggarane i framtida. Alt frå hausten 2016 skal kommunane starte å nærme seg ein felles økonomiplanprosess med tanke på den nye kommunen. Investeringsprosjekt som allereie er innarbeidd og finansierte i dei tidligare kommunane sine økonomiplanar, skal prioriterast i regionkommune Ålesund sine budsjett- og økonomiplanar. Prinsippet som blir lagt til grunn er at alle kommunar går inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det dei har. Bakside: TIDSASPEKT Innan 1. juli 2016 skal kommunane ha bestemt seg for om dei skal slå seg saman. Fylkesmannen skal godkjenne kommunane sine avtalar. Sommaren 2017 skal nasjonale vedtak om ny kommunestruktur vere fatta. Det blir kommunestyreval hausten 2019. Kommunesamanslåingane trer i kraft 1. januar 2020. ENGASJER DEG I DEN VIDARE PROSESSEN Intensjonsavtalen i fulltekst finn du her: Datoar for forhandlingmøter og «informasjonsmøter»: Dato for innbyggarmedverknad i dei ulike kommunane: Informasjon finn du alltid på: nettside og FB. REGIONKOMMUNE ÅLESUND VIL ARBEIDE FOR: At regionen skal bli ein attraktiv kvardagsregion for innbyggarane i dag og i framtida, i samarbeid med andre samfunnsaktørar. Å vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentra som Oslo, Bergen og Trondheim. Ein miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet. Ein folkehelsestrategi i tråd med framtida sine utfordringar. Samferdselsprosjekt som medverkar til å binde saman regionkommune Ålesund vil bli prioritert. At næringsklynger skal vidareutviklast. At Ålesund sjukehus skal ivaretakast og vidareutviklast som det største sjukehuset i fylket. At gevinstane vi får realisert gjennom stordriftsfordelar skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for regionkommune Ålesund. DET VI SKAL, SKAL VI VERE GODE TIL. DET VI VIL, SKAL VI VÅGE Å GJERE NOKO MED. Logoer frå alle kommunene…
© Copyright 2024