Til: Avtaleutvalet Frå: Samhandlingssjef Vidar Roseth 04.08.15 VURDERING AV FORENKLA AVTALESTRUKTUR Kommunane i fylket og Helse Førde har inngått ei rekke samarbeidsavtalar. Nokre av desse avtalane er obligatoriske etter helse- og omsorgstenestelova (og spesialisthelsetenestelova), medan andre er inngått etter ein plan utarbeidd av partane i lag. Prinsippa for samanhengen mellom dei ulike typane avtaler er skissert slik: Status når det gjeld inngåtte avtalar og arbeid med nye avtaler går fram nedanfor: Avtale Status Rammeavtale Partane sitt ansvar for helse- og omsorgstenester Pasientar med behov for koordinerte tenester Tilvising/innlegging Tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp Utskriving Kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling Forsking og utdanning Svangerskaps-, fødsels-, barselomsorgstenester IKT-løysingar lokalt Førebygging Den akuttmedisinske kjeda Nettverk innan kreftomsorg/lindrande behandling Psykisk helse “Møteplassen” for habilitering/rehabilitering Smittevern Gjensidig hospiteringsordning Turnuslegeordning Nettverk innan eldreomsorg og eldremedisin Psykisk helse/rusbehandling Beredskap Lærings- og meistringstilbod Den akuttmedisinske kjeda Pasienttransport Tilvising/innlegging og utskriving Legemiddelhandtering og legemiddelbruk Lærlingplassar for helsefagarbeidarar Lindrande behandling Beredskap for pandemisituasjonar Inngått Inngått Inngått Inngått, under revidering Inngått Inngått, under revidering Inngått Inngått Inngått Inngått Inngått Inngått, under revidering Inngått Inngått, blir erstatta av ny Inngått Inngått Inngått Inngått Inngått Slutthandsaming i kommunane Slutthandsaming i kommunane Slutthandsaming i kommunane Under arbeid Under arbeid Under arbeid Under arbeid Under arbeid Under arbeid Ikkje oppstarta For oversyn over avtalane og tilgang til dei enkelte avtalane, sjå Helse Førde si samhandlingsside på internett. KS Sogn og Fjordane har etter handsaming i helse- og omsorgsutvalet og rådmannsutvalet teke opp eit behov for forenkling av avtalestrukturen. Det er vist til at mengda av avtalar, som til dels er konkrete/detaljerte, og omfanget av avtalte tiltak, blir opplevd som uoverkomeleg å halde seg orientert om og følgje opp. Dette vart handsama i koordineringsrådet den 01.06.15 (sak 20/15). Koordineringsrådet konkluderte slik: «Koordineringsrådet ønskjer at planlagt arbeid med nye delavtalar vert fullført før avtaleutforminga vert vurdert endra ut frå innspel frå KS. Ein ber avtaleutvalet gi si tilråding til koordineringsrådet, som kjem tilbake til saka i neste møte med tanke på å planlegge ein prosess frå årsskiftet.» Avtaleutvalet sitt oppdrag er såleis å tilrå ein prosess for vurdering av ein enklare avtalestruktur til koordineringsrådet sitt møte den 10.09.15. KS har som døme vist til siste avtale som er inngått mellom kommunane i Hedmark og Oppland og Sykehuset Innlandet med ein avtale pr. kommune. Dette inneber at alle avtalane er lagt inn i ein avtale, og med meir konkrete føresegner i prosedyrar som vedlegg. Ved dette oppnår ein m.a. at ein del standard tekst som skal ivareta formelle behov står berre ein gong, noko som reduserer omfanget av tekst. Sjølve avtaleteksten blir kortare, og dei meir detaljerte føresegnene går fram av prosedyrar som det er enklare å revidere etter behov. Det gir også behandlingsmessige føremoner med ein avtale i staden for meir en 20. KS har vidare uttrykt ønskje om at det er nokon andre enn det eksisterande avtaleutvalet som står for arbeidet med å vurdere ein ny struktur, for å oppnå at dette blir sett på med «nye auge». Moment som bør vurderast av avtaleutvalet: Arbeidsgruppe som skal vurdere avtalestrukturen og kome med framlegg til endringar. Plan for gjennomføring av eventuelt konkret arbeid med redigering og utforming av avtalar/avtale og prosedyrar (kven skal utføre arbeidet, tidsplan).
© Copyright 2024