Strandryddedagen og rydding til 17. mai

Strandryddedagen og rydding til 17. mai
Takk for at du er med på ryddeaksjonar i nærmiljøet! Din innsats er svært viktig for eit fint og reint
nærmiljø. Deltek du i strandrydding, hjelper du også fiskar, dyr og fuglar til eit tryggare og betre liv!
Strandryddedagen
Sjølve Strandryddedagen er laurdag 7. mai. Vi oppmodar grender, lag og organisasjonar til
å samlast for å gjere strandryddinga til ei sosial samling.






Ryddeperiode 25. april – 9. mai. Ryddeutstyr er tilgjengeleg i denne perioden på
Servicetorget i kommunen eller hos SSR. Det er mogleg å levere inn avfall til våre
miljøstasjonar til og med 9. mai i opningstid.
Gratis sekkar (blanke) skal nyttast. Eingongshanskar er også tilgjengeleg.
SSR kan hente avfall som er rydda, måndag 9. mai. Vi må då få beskjed med dei som har
rydda, kvar avfallet skal hentast og ca. mengde (antal sekkar). Ta kontakt med Linn Urke
Osnes i SSR på 47386097 eller [email protected] for å avtale henting.
Alle som deltek i strandrydding, må levere ryddeskjema til SSR for å levere avfall gratis. Anten
ved levering av avfall på miljøstasjonen eller per e-post når vi henter avfallet.
Alle som deltek i strandrydding, må registrere seg på ei påmeldingsliste på Servicetorget eller
hos SSR ved henting av ryddeutstyr. Kontaktinformasjon og område rydda, er viktig
informasjon.
Ubrukte sekkar leverer de tilbake til Servicetorget eller til SSR.
INSTAGRAMKONKURRANSE
Lag kunst av avfallet de finn og ta bilete av det! Du kan også bli med i konkurransen med morosame, vakre
og stemningsfulle bilete frå strandryddinga. Publiser på Instagram med #strandryddedagenSSR
Vinnaren får eit gåvekort på kino verdi kr 500!
17. mai rydding







Ryddeperiode 25. april – 9. mai. Ryddeutstyr er tilgjengeleg i denne perioden på
Servicetorget i kommunen eller hos SSR. Det er mogleg å levere inn avfall til våre
miljøstasjonar til og med 9. mai i opningstid.
Gratis sekkar (raude) skal nyttast. Eingongshanskar er også tilgjengeleg.
Avfall som er rydda inn i raude sekkar, kan settast fram på hentedag ved eit hentepunkt (der
de set fram dunkane til tøming). Obs: Ikkje grovavfall og store gjenstandar.
SSR kan hente avfall som er rydda, måndag 9. mai. Vi må då få beskjed med dei som har
rydda, kvar avfallet skal hentast og ca. mengde (antal sekkar). Ta kontakt med Linn Urke
Osnes i SSR på 47386097 eller [email protected]
Offentlege område, gater og parkar inngår i ryddeaksjonen, ikkje private eigedomar.
Ryddeaksjonen må registrerast på eiga liste på Servicetorget eller hos SSR ved henting av
ryddeutstyr. Kontaktinformasjon og område rydda, er viktig informasjon.
Ubrukte sekkar leverer de tilbake til Servicetorget eller til SSR.
NB: Ryddeaksjonar før 25. april må avtale med Linn Urke Osnes direkte for levering av avfall. SSR
hentar ikkje raude sekkar ute på rute før ryddeperioden startar.
Lukke til, og takk for innsatsen!