FRISKLIVSSENTRALEN SOGN VÅR 2016 Sjølv små endringar i kvardagen din kan ha stor betyding for helsa di! SOGNDAL MÅNDAG NAKKE-/RYGG TRENING kl.10.30 -11.30 Fossetunet TYSDAG FRISKLIVSTRIM kl 13.00-14.00 Kvålestadion (ute) ONSDAG STERK & GLAD kl 16.00-17.00 Idrettssenteret TORSDAG SLYNGE* kl 09.30-10.30 Sognahallen *Frå 12.mai FREDAG SLYNGE* kl. 11.30-.12.30 Sognahallen *Til 28.04 FLYT kl 12:30-13:15 Sognahallen LEIKANGER LUSTER BASISTIME kl 16.00-17.00 Idrettsenteret TRIMMEN Kl 11.00-12.00 Luster Tr.senter GÅGRUPPE* kl 18.00-19.00 Oppmøte Tandlekrysset *til 01.06.16 70+ SENIORSIRKEL Kl 11.00-12.00 Luster Tr.senter TRIMMEN Kl 11.00-12.00 Luster Tr.senter SYKKEL Kl 18.30-19:20 Luster Tr.senter STYRKE Kl 19:30-20 Luster Tr.senter RETTLEIING I STUDIO Kl 10.00-11.00 Luster Tr.senter 70+ SENIORSIRKEL Kl 11.00-12.00 Luster Tr.senter VANNGYM kl.12.30-13.30 Lustrabadet LAURDAG BADING* kl 14.00-16.00 Symjehallen SØNDAG BADING* Kl 11.00-13.00 Symjehallen Instruktør frå 14.30-15.00 *Oddetalsveker Instruktør frå 11.30-12.00 *Partalsveker Frisklivssentralen Sogn tilbyr varierte og gode lågterskelaktivitetar. Her kan du lese meir om innhaldet i timane: Sogndal Flyt: Time med fokus på dynamiske rørsler som påverkar balanse, styrke og beveglegheit. Timen blir avslutta med avspenning. Slynge: Skånsam styrketrening for heile kroppen med bruk av slynger. Treninga hjelper deg både å bli meir bevisst på kjernemuskulaturen din og styrker serleg denne Sterk & Glad: Ved hjelp av eiga kroppsvekt og enkelt treningsutstyr får du trena kroppen sine største muskelgrupper og skånsamt utfordra til å bli sterkare. Frisklivstrim: Likemannsgruppe med enkel og funksjonell trening der du både får trena kondisjon og styrke. Treninga føregår utandørs. Møt opp på Kvåle stadion ved Kvåle skule evt. ved Campus helse 12:50 for felles gange til Kvåle stadion. Nakke- og ryggtrening: Treningstime som serleg tek omsyn til plager i nakke og rygg. Timen blir arrangert i samarbeid med Meir Liv&Lyst. www.meirlivoglyst.no Grunntrening: Allsidig og lystbetont grunntrening som høver for alle ungdomsskuleelevar frå 11-15 år etter skuletid. Bading: Tilbodet inneheld både vanngymnastikk og frisymjing. Varmtvannstreninga er i regi av Sogndal- og Leikanger revmatikarforening. Leikanger Basistime: Enkel time for deg som vil komme i gang med regelmessig trening eller som ynskjer ein skånsom og effektiv trening. Her får du både trena kondisjon og styrke. Timen er i samarbeid med Idrettsenteret og leia av fysioterapeut. Luster Gågruppe: Felles gåtur til «Judassvingen», oppmøte ved «Tandlekrysset». Nasjonalforeningen for folkehelse-/Gaupne Helselag er initiativtakar. SeniorSirkel: Her kjem ein ferdig oppvarma. Tilpassa 70år+, men yngre er også velkomne. Øvingane kan gjerast tyngre og lettare, slik at den passar uansett form. Tett oppfølging. Timen blir arrangert i samarbeid med Luster Treningssenter og er leia av fysioterapaut ved treningssenteret. www.lustertrening.no Trimmen: Trening til musikk som passar nybyrjarar eller deg som treng tilpassa trening. Rolegare tempo, lette stegkombinasjonar. Fokus er uthald, styrke, balanse, koordinasjon og beveglegheit. Kan av og til vera lagt opp som sirkeltrening, og passar for alle. Timen blir arrangert i samarbeid med Luster Treningssenter og er leia av fysioterapaut ved treningssenteret. Sykkel: Ein fin time å starte med om du er ny eller ynskjer komme i gang med trening. Oppvarming, 2 pulstoppar og nedtrapping. Innstilling av sykkel og teknikk blir gått grundig igjennom. Passar for alle. Timen blir arrangert av Luster Treningssenter og leia av instruktør ved treningssenteret. Rettleiing i studio: Her er avsett tid kor helserådgjevar er til stades i treningsstudio. Har du spørsmål, ynskjer du tips, råd eller få tilbakemelding på teknikk er det berre å spørja. Ein treng ikkje melde seg på for å delta. Berre ta kontakt med helserådgivar når du er der. Helserådgjevar kan også hjelpa til med å utforme eit eige tilpassa treningsprogram. Vanngym: Variert gymnastikk i varmtvatn der du skånsamt får trena heile kroppen.
© Copyright 2024