PDF, 626 kB - Gloppen kommune

GLOPPEN KOMMUNE
MULTEK-UTVALET
MØTEINNKALLING
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
19.05.2016
Heradshuset
Kl. 09:00
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på
tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla.
Varamedlemer møter etter nærare innkalling.
Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på
heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene
på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i
møtesekretariatet.
Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si
heimeside: gloppen.kommune.no
Gloppen kommune
13. mai 2016
Arnar Kvernevik
utvalsleiar
Kjell Petter Solhaug
Teknsik sjef
SAKLISTE:
Sak nr.
Sakstittel
066/16
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
067/16
Referat og orienteringssaker
068/16
Sal av det gamle kommunehuset på Reed - vidare behandling
069/16
Søknad om landingsløyve med helikopter ved Skarvevatnet i Gloppen
kommune
070/16
Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal - vidare behandling
071/16
Oppdatering av retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen
kommune
072/16
Søknad om dispensasjon til felling av tre
073/16
Endring av kommunal tiltaksstrategi for prioritering av miljømidlar i
landbruket 2016-2017
074/16
Klage på vedtak - avslag på søknad om frådeling av tunet på gnr. 97 bnr.
2 Norli i Gloppen
075/16
Felles landbruksforvaltning for kommunane Eid og Gloppen
076/16
Investeringar for 2016 på kommunale vegar, bruer, gatelys og park/idrett
077/16
Overtaking av privat veg på Byrkjelo
078/16
Ny brannstasjon på Sandane - tomteval
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
SAKSGANG
Møtedato
19.05.2016
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
066/16
Arkivsaknr.:
16/697-1
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
Møteboka frå MULTEK-utvalet sitt møte den 14. april i år blir lagt fram til godkjenning.
Samstundes ber leiaren i utvalet om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.
UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. april 2016
2. MULTEK-utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 19. mai 2016.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Møtedato
19.05.2016
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Kjell Petter Solhaug
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
067/16
Arkivsaknr.:
16/696
Referat og orienteringssaker
Refererte skriv og meldingar:
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
Avsendar/Mottakar Tittel
1
I
13.04.2016
Fylkesmannen i Sogn og
Fjordane
16/4813
Ordet fritt…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.
Søknad om frådeling - avgjer i
klagesak - gnr. 106 bnr. 1
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard
Møtedato
19.05.2016
Objekt:
Arkiv: 614
Saksnr
068/16
Arkivsaknr.:
16/287-15
Sal av det gamle kommunehuset på Reed - vidare behandling
Ingen vedlegg.
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret godkjende sal av fleire kommunale eigedomar i sak 77/13, men for
t.d. kommunehuset på Reed vart dette gjort med atterhald av at lokale lag og
organisasjonar skulle få høve til å kome med innspel til framtidig bruk.
Saksutgreiing:
Sal og evt bruk av det gamle kommunehuset på Reed har pågått i mange år. I 2005 og
2006 pågjekk det ein prosess for å få etablert ei stifting der føremålet mellom anna
var:
Eige, drifte og vedlikehalde det gamle kommunehuset, samt ivareta bygningane som
kulturhistorisk element i Gloppen kommune.
Kommunen ved kultursjefen gjennomførte fleire møte med aktuelle deltakarar til
stiftinga, men på stiftingsmøte var det så liten vilje til delta at dette ikkje vart noko
meir av.
I etterkant av dette har fleire vendt seg til kommunen for å få kjøpe eigedomen og
kommunestyret gjorde etter kvart vedtak om sal, men der lag og organisasjonar fyrst
skulle få høve til å overta den. Dette vart kunngjort med annonse i Firda Tidend, og
det kom nokre få innspel.
Kulturhistorisk bygning:
Det gamle kommunehuset på Reed vart bygd i 1886 og husa
kommuneadministrasjonen i Breim frå 1887 til kommunesamanslåinga med Gloppen i
1964. Mykje av materiale i bygget kjem frå kyrkja som vart bygd i 1620, men som
vart riven og erstatta av noverande kyrkje. Det fins også dekorasjonar i kommunehuset
som kjem frå den gamle kyrkja.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Bygningen er i ein tilstand som krev meir omfattande vedlikehald enn det som
kommunen utfører årleg no. Det er ikkje laga kostnadsoverslag på kva som må gjerast,
men dette er utgifter som ny eigar må bere ved overtaking.
Rådmannen si vurdering:
Kommunen har hatt som mål å kvitte seg med det gamle kommunehuset på Reed i
mange år. Målet har også vore å ivareta dei kulturhistoriske verdiane som huset
representerer ved ei oppretting av ei stifting eller evt sal. Med dette som mål har ikkje
administrasjonen vore spesielt aktiv i å selje huset, sjølv om fleire har vendt seg til
kommunen i håp om å få kjøpe det. Tomten ligg svært fint til ved Breimsvatnet og er
såleis attraktiv. Bygget ber etter kvart preg av manglande vedlikehald og både
vindauga, bordkledning og tak bør snarleg rehabiliterast.
Rådmannen meiner at saka har pågått i så lang tid no, utan at vi har lukkast i å få
nokon til å overta bygget til samfunnsnyttige føremål, at vi bør gå vidare med
realiseringa av sal. Målet bør etter rådmannen si meining likevel vere å oppnå målet,
«vern gjennom bruk» slik at kulturhistoria som bygget representerer vert ivaretatt ved
sal og at dette vert lagt inn som ei oppmoding til ny eigar. Dette må etter rådmannen si
vurdering likevel ikkje vere til hinder for sal.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet viser til rådmannen si saksutgreiing og er samd i at det gamle
kommunehuset på Reed skal seljast på den opne marknaden.
2. MULTEK-utvalet oppmodar ny eigar om å ivarta dei kulturhistoriske verdiane
som bygget representerer.
04.02.2016 MULTEK-UTVALET
009/16 VEDTAK:
1. MULTEK-utvalet viser til rådmannen si saksutgreiing og er samd i at det gamle
kommunehuset på Reed skal seljast.
2. MULTEK-utvalet oppmodar ny eigar om å ivarta huset sin eigenart.
3. MULTEK-utvalet gjer vedtak om kven huset skal avhendast til.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling i saka:
Etter ovannemnte vedtak i MULTEK-utvalet vart bygget lyst for sal på heimesida til Gloppen
kommune og i Firda Tidend med bodfrist den 18. mars d.å. Det kom inn bod frå Gloppen
kunstlag, Knut Flølo og Klaus Egge.
Saksutgreiing:
Det er altså tre interessentar til det gamle kommunehuset:
 Gloppen kunstlag: ber om å få overta huset vederlagsfritt og har lagt ved planar om
vedlikehald, finansiering, drift og bruk av huset
 Knut Flølo har lagt inn bod på kr 100.000 og ein omtale av erfaring med tilsvarande
rehabiliteringsprosjekt
 Klaus Egge har levert inn eit enkelt bod på kr 1,- og viser til tidlegare innsendt brev
der han kom med innspel om tilkomst til naust i fjæra og kva huset kan brukast til.
Tomten og huset har ulike gards- og bruksnummer. I dette ligg at sjølve huset har eit som
avgrensar seg til måla for huset, medan tomten går frå vegen og ned i fjæra.
Rådmannen si vurdering:
Det har kome inn tre svært ulike bod. Gloppen kunstlag er opptatt av at huset skal vere i
ålmenta sin bruk og har lagt fram ein plan for både bruk og vedlikehald/rehabilitering. Dei vil
bruke huset til utstillingar og formidling av kunst, intimkonsertar, selskapslokale, til
møteverksemd og kurs osv. osv. Andre lag og organisasjonar vil også bli invitert til å bruke
huset. Når det gjeld finansiering, viser dei til mange ulike institusjonar det kan søkjast om
tilskot frå og når det gjeld vedlikehald/rehabilitering er det for det meste lagt opp til mykje
dugnad.
Knut Flølo har i fleire år vist interesse for huset og vil bruke huset til fritidshus om han får
tilgang til det. Han har full forståing for at huset sitt særpreg må respekterast og han viser til
erfaring han og kona har med å restaurere eit gammalt hus i Steigen kommune i Nordland.
Klaus Egge har naust som ligg på kommunal grunn og rådmannen oppfattar det slik at han er
opptatt av at eit evt kjøp/overdraging ikkje fører til noko ulempe for bruken av naustet i
framtida.
Etter rådmannen si vurdering er det to av interessentane som peikar seg ut som aktuelle for
overtaking av huset, Gloppen kunstlaget og Knut Flølo.
Viss vi er opptatt av ei snarleg rehabilitering og istandsetting av huset, er rådmannen ikkje i
tvil om at eit sal til Knut Flølo vil vere den beste løysinga. Skal vi følgje dei signala som har
kome frå politisk hald om at lag og organisasjonar fyrst skal få høve til å overta huset, må vi
gå for Gloppen kunstlag. Går vi for kunstlaget, meiner rådmannen at laget må få ein tidsfrist
der dei i praksis syner at dei er i stand til å gjennomføre planen dei har for bygget, både
innhaldsmessig og for rehabiliteringa, før vi ordnar ei formell overføring til laget. Rådmannen
vil legge til at Gloppen kunstlag var ein av dei som var interessert i å vere med på ei stifting i
2006, men trekte seg og har sidan ikkje meldt si interesse før denne siste utlysinga.
Tomteforholda i området er slik at kommunehuset har eit eige gbnr. (100/14) og tomten som
går ned til vatnet eit anna (100/31). Tomten bør etter rådmannen si vurdering justerast slik at
kommunen også i framtida har eigedomsretten i fjæra. Det naturlege då er at det blir avsett eit
høveleg tomtearel fram mot kanten som går ned mot Breimsvatnet.
Etter ei samla vurdering, og etter tidlegare signal frå politisk hald, vil rådmannen gå inn for at
Gloppen kunstlag får tilbod om å overta huset, men der det blir stilt krav til
gjennomføringskraft.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet viser til rådmannen si saksutgreiing og gjev Gloppen kunstlag tilbod
om å overta det gamle kommunehuset på Reed vederlagsfritt.
2. Den formelle overtakinga av huset vil skje etter to år frå vedtaksdato under føresetnad av
at kunstlaget då er kome godt i gang med rehabiliteringa av huset.
3. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre ei tomtejustering i samsvar med det som er
nemnt i saksutgreiinga.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Peter Andresen
Møtedato
19.05.2016
Objekt:
Arkiv:
K01
Saksnr
069/16
Arkivsaknr.:
16/404-30
Søknad om landingsløyve med helikopter ved Skarvevatnet i Gloppen
kommune
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Espen Erdal søkjer om løyve til to landingar med helikopter ved Skarvevatnet i perioden 1.30. august 2016.
Saksutgreiing:
I samband med Oddmund Austrheim sin 90 års bursdag ønskjer Espen Erdal og dei andre
barnebarna å gje han ein tur til Gullsmedhytta i gåve. I fylgje søkjar har Oddmund Austrheim
vore ivrig hobbyfisker heile sitt liv og barnebarna ønskjer no at han skal få oppleve det gode
fisket i Skarvevatnet og det fine området rundt Gullsmedhytta.
Det vert søkt om landingsløyve ved Skarvevatnet. Gullsmedhytta ligg ved eit ikkje namngjeve
vatn vest for Skarvevatnet nær kommunegrensa til Bremanger.
Det vert søkt om løyve til to landingar i perioden 1.-30. august. Det er snakk om å fly opp
Oddmund Austrheim og utstyr, medan resten av følgjet skal gå opp til hytta.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Etter § 3 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (heretter motorferdselslova) er
motorisert ferdsel i utmark i utgangspunktet forbode, med mindre lova opnar for det eller det
er gjort vedtak om det med heimel i lova. Den omsøkte flyginga har ikkje heimel i lova og må
difor behandlast som ei dispensasjonssøknad etter lova sin § 6, som seier at når særlege
grunnar ligg føre, kan kommunen gje løyve til bruk av luftfartøy som elles ikkje kan skje.
For å kunne gje dispensasjon etter motorferdselslova si § 6 må det ligge føre særlege grunnar.
I rundskriv til motorferdselslova, rundskriv T-1/96, står det følgjande om vurdering av
særlege grunner:
«Ved vurderingen av om "særlige grunner" foreligger, vil det være av betydning om
motorferdselen er nødvendig og har et nytteformål, eller bærer preg av unødvendig kjøring
eller fornøyelseskjøring.»
Den omsøkte flyginga har eit reint turføremål. Ei streng tolking av lova vil nok konkludere
med at dette ikkje er «særlege grunnar».
Gloppen kommune har tidlegare hatt tilsvarande søknader, men ikkje så mange at rådmannen
vil seie at det har danna seg ein fast praksis på korleis vi handterer slike saker.
I 2011 gav det dåverande teknisk, landbruks- og kulturutvalet løyve i to tilsvarande saker.
Rådmannen skreiv den gong at «det difor er naturleg å argumente for at nytteverdien av denne
turen vil vere av menneskeleg karakter og auka livskvalitet». Rådmannen la den gong også
vekt på Jølster kommune sin praksis, som var å gje løyve i slike spesielle saker.
Søkjar skriv i søknaden at det er snakk om ei eingongshending. Området er utilgjengeleg og
er relativt lite besøkt pr. i dag. Rådmannen trur difor ikkje at søknaden vil skape ny presedens
og føre til ein stor auke i motorisert trafikk i område. Dersom det skulle vise seg at slike saker
«tar av», må vi sjølvsagt handtere søknadene annleis og strengare.
--Naturmangfaldlova § 7 set krav om at prinsippa i §§ 8 til 12 skal leggast til grunn ved utøving
av offentleg mynde. Tilgjengeleg kunnskap er henta frå Artskart, viltkartlegging i Gloppen og
naturbase. Ved Skarvevatnet er det ikkje kjente førekomstar av sårbare artar eller andre
naturverdiar som kan påverkast negativt av landing. Det er difor ikkje aktuelt å nytte føre-varprinsippet. Med to landingar vil den samla belastninga på økosystemet bli avgrensa og innan
for det som bør kunne aksepterast. Det er ikkje forventa at tiltaket medfører miljøforringing
som kan utløyse krav om miljøerstatning.
Ifylgje søkjar er turen opp til Gullsmedhytta for lang å gå for Oddmund Austrheim. I tillegg er
terrenget rundt hytta så utilgjengeleg at det ikkje er eit alternativ med verken ATV eller
snøscooter. Helikoptertransport den einaste alternativet for persontransport til Skarvevatnet
for dei som ikkje kan gå sjølve.
Etter ei samla vurdering, der rådmannen legg vekt på vedtaka i dei få tilsvarande sakene
kommunen tidlegare har hatt, konkluderer rådmannen med at dispensasjon kan gjevast.
Løyvet bør i så fall gjevast på same vilkår som i tilsvarande saker frå 2011.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet viser til rådmannen si saksutgreiing og gir Espen Austrheim
dispensasjon etter motorferdselslova § 6 for to landingsløyve med helikopter ved
Skarvevatnet i perioden 1.-20. august 2016
2. Omfanget av helikoptertransporten skal haldast på eit minimumsnivå
3. Flyging og landing skal gjennomførast på ein så skånsam måte som råd med omsyn til
friluftsliv og naturmiljø
4. Løyvet blir gjeve med atterhald om at aktuelle grunneigarar ikkje har innvendingar.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Peter Andresen
Møtedato
19.05.2016
Saksnr
070/16
Objekt:
Arkiv:
K40
Arkivsaknr.:
16/190-6
Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal - vidare behandling
Vedlegg:
Dok.nr
273879
Tittel på vedlegg
Forskrift om jakt etter hjort og minsteareal
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
Alle kommunar der det det blir drive jakt på hjortevilt skal det etter «Forskrift om
forvaltning av hjortevilt», fastsettast ei forskrift om opning av jakt på elg, hjort eller
rådyr. Gloppen kommune har per dags dato ikkje ei slik forskrift.
Gloppen kommune skal og fastsette minsteareal for elg, hjort og rådyr i ei forskrift.
Saksutgreiing:
I «Forskrift om forvaltning av hjortevilt» si § 5 står det m.a. at «Kommunen fastsetter
forskrift om opning av jakt på elg, hjort eller rådyr i kommunen». Vidare følgjer det
av § 6 at «Kommunen fastsetter minstearealet for elg, hjort og rådyr i en forskrift».
Desse to forskriftene kan slåast samen til ei forskrift.
Minstearealet set dei ytre rammene for kommunen si tildeling av fellingsløyve på
hjortevilt. Minstearealet vert såleis det teljande areal som skal leggast til grunn for
kvart fellingsløyve og dermed det arealet som minimum må vere til disposisjon for å
bli godkjent som eige vald.
Sidan Gloppen kommune ikkje har nokon bestand av verken elg eller rådyr, er det
berre aktuelt å fastsette minsteareal for hjort.
For å kunne godkjenne ein bestandsplan for hjort, må eit vald eller
bestandsplanområde disponere 20 ganger minsteareala.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen legg fram forslag om å fastsette forskrift om opning for hjortejakt i
Gloppen kommune. Hjortejakta har ein lang tradisjon og har stor betyding for mange
grunneigarar og jegerar, både i form av rekreasjon og næring. Difor må formalitetane
vere på plass og ei forskrift må fastsetjast.
Då minstearealet set dei ytre rammene for tildelinga av fellingsløyve, kan det dermed
også påverke bestandsutviklinga. I 2014 blei det vedtatt ein kommunal
forvaltningsplan for hjort som set dei kommunale måla for hjortebestanden. Her er det
m.a. mål om å prøve å stabilisere stammen, heve fellingsprosenten og stogga den
negative utvikling i slaktevekta. For å nå måla i den kommunale forvaltningsplanen er
det ikkje naudsynt med drastiske endringar og rådmannen vurderer at den beste måte å
fastsetje minsteareal på, er å ha som utgangspunkt at det må vere mogleg å praktisere
ein felling på dagens nivå.
Det noverande areal som ligg til grunn for tildeling av fellingsløyve, varierer frå 290
dekar/løyve til 930 dekar/løyve. For å kunne tilpasse tildeling av fellingsløyve til
bestanden, gjev forskrifta om forvaltning av hjortevilt høve til å fråvike minstearealet
med inntil 50 %. Når areal pr. løyve varierer frå 290 til 930 dekar, er det vanskeleg å
fastsetje eit felles minsteareal for heile kommunen som samstundes gjev nok rom til å
justere kvoten innan for reglen om inntil 50 % fråvik. Rådmannen vurderer difor at det
naudsynt å dele opp kommunen i minst 2 soner for å få nok spelerom til å justere
fellingskvote i samsvar med bestandsutvikling.
Forslag til ei lokal forskrift om minsteareal har vore tidlegare vore diskutert på eit
møte med hjorteutvalet i kommunen. Det var på møtet semje mellom rådmannen og
valdleiarane om at eit minsteareal på 500 dekar er høveleg. Rådmannen er fortsatt
einig i at 500 dekar/løyve er høveleg for store deler av kommunen, men som skrive må
det vere rom for å kunne justere kvoten både opp og ned. Austre og Vestre Hyen har
pr. dags dato det største areal pr. tildelt løyve i kommunen med høvesvis 690 og 930
dekar/løyve. Rådmannen foreslår difor eit minsteareal for dei to valda på 800 dekar.
Forslaget til forskrift må leggast ut på høyring før endeleg vedtak blir fatta.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge framlegget
til forskrift om jakt etter hjort og minsteareal ut på høyring med 6. mai 2016 som
høyringsfrist.
14.04.2016 MULTEK-UTVALET
056/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge framlegget
til forskrift om jakt etter hjort og minsteareal ut på høyring med 6. mai 2016 som
høyringsfrist.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling av saka:
Framlegget til forskrift om jakt etter hjort og minsteareal har vore ute på høyring med 6. mai
2016 som høyringsfrist. Det har kome inn ein uttale frå Austre Hyen storvald.
Saksutgreiing:
Austre Hyen Storvald kjem i deira uttale med innspel om at heile kommunen får likt
minsteareal. Dei grunngjev det med at det vil uproblematisk å tildele færre fellingsløyve enn
kva summen av minsteareal gjev høve til. Austre Hyen Storvald meiner at tildelinga må vere
tufta på bestandsutvikling sett i lys av mål i bestandsplanen. Dei finn det unødvendig tungvint
å måtte gjere enkeltvedtak om fråviksreglen, § 7 i forskrifta, om ein må auke avskytinga for å
nå måla.
Storvaldet meiner også at omgrepa «Austre Hyen storvald og vestre Hyen storvald» i § 2 i
framlegget ikkje er dei best eigna, då storvald er einingar som kan endrast eller forsvinne.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen er einig med Austre Hyen Storvald i at tildeling må vere tufta i valda sine
bestandsplanar og måla i den kommunale forvaltningsplan. Dette er nettopp årsaka til at det
vart gjort framlegg om å inndele Gloppen kommune i to soner. Kommunen har i fylgje § 7 i
forskrifta høve til å fråvike minstearealet med inntil 50 % opp eller ned. Med berre ei sone vil
det ikkje vere råd å fange det opp det noverande spenn i areal/fellingsløve som i dag varierer
mellom 290 og 930 dyr/dekar.
Ved å fastsette eit minsteareal for heile kommunen vil det bli nødvendig å endre tildelinga til
valda med størst og minst areal pr. dyr. Det er nettopp den situasjon rådmannen ynskjer å
unngå, då det skal vere bestandsutvikling i forhold til forvaltningsmål som skal ligge til grunn
for tildelinga. Rådmannen vil derfor halde fast i sitt framlegg om to soner, då det vil gje
tilstrekkeleg spillerom til å justere tildeling etter bestandsutvikling.
Ifylgje rettleiaren til forskrifta kan kommunane fastsetje ulike minsteareal for ulike deler av
kommunen:
«Hovedregelen er ett minsteareal per kommune for hver art. Det kan imidlertid fastsettes
forskjellige minsteareal i ulike deler av en kommune dersom det er vesentlig forskjell på
beitegrunnlag, bestandstetthet eller skadepress.»
På Vestlandet der det er mykje hjort vil det ofte vere store lokale forskjellar i
bestandstettleiken. Sånn er det i Gloppen og rådmannen vurderer det som beste løysing å
fastsetje ulike minsteareal. I kommunar med høg bestandstettleik og store variasjonar i
tettleiken vil det vere nødvendig med meir bruk av fråviksreglen i § 7. Viss dette skal
unngåast, må det fastsetjast ulike minsteareal for alle vald. Men sidan hjortestammen er
dynamisk vil det truleg likevel bli ein utstrakt bruk av fråviksreglen. Rådmann finner det difor
mest praktisk å inndele kommunen i to soner.
Rådmannen er ikkje einig i at det er tungvint med ulike minsteareal. Alle fråvik frå
minstearealet etter § 7, opp eller ned, er enkeltvedtak som skal gjelde for eit bestemt område
og eit bestemt tidsrom. Rådmannen skriv årleg vedtak om tildeling av fellingsløyve og om det
er eitt eller to minsteareal har ikkje noko å seie i praksis.
Austre Hyen Storvald kjem med innspel om at det ikkje vert nytta omgrepa «Austre Hyen
storvald og vestre Hyen storvald» i § 2 i framlegget til den lokale forskrift. Rådmannen har
valt desse omgrepa fordi dei definerer eit tydeleg avgrensa område slik situasjonen er i dag.
Rådmannen ser poenget til Austre Hyen storvald om at vald kan endrast eller forsvinne.
Dersom jaktfelt melder seg ut av storvald og blir til eigne vald, skal dei fortsatt vere omfatta
av minstearealet. Rådmannen gjør difor framlegg om å endre § 2 i framlegget til den lokale
forskrift til:
§ 2 Minsteareal
Minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyve i Gloppen kommune vert sett til:
a) 800 dekar for vald i Austre Hyen og Vestre Hyen.
b) 500 dekar for resten av kommunen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret vedtek forskrift om jakt etter hjort og minsteareal, med den endringa som er
gjort, slik den ligg føre som vedlegg til denne saka.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Peter Andresen
Møtedato
19.05.2016
Objekt:
Arkiv: 242 K4
Saksnr
071/16
Arkivsaknr.:
16/181-6
Oppdatering av retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen
kommune
Vedlegg:
Dok.nr
274009
Tittel på vedlegg
Framlegg til reviderte retningslinjer for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune
Bakgrunn for saka:
I 2008 vart det vedteke lokale retningslinjer for viltfondet i Gloppen kommune. Forskrift om
kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort avgjer kva som er og kan vere inntekter
til fondet, og kva føremål fondet kan nyttast til. Forskrifta er ikkje detaljert og dei lokale
retningslinjene spesifiserer kva type inntekter som skal førast til fondet, og kva type føremål
som fondet kan nyttast til.
Sidan 2008 har det skjedd fleire endringar i både lovverket om viltforvaltning og utviklinga i
fondsbehaldninga. Rådmannen meiner difor at retningslinjene bør reviderast.
Saksutgreiing:
Framlegg til retningslinjene er vedlagt. Framlegget tek utgangspunkt i dei noverande
retningslinjene, men med endringar og tilføyingar i nokon paragrafar. Det som er skrive med
raud i det vedlagte saksdokument er forslag til ny ordlyd, medan det som er streka over er
teksten i dagens retningslinjer.
Under følgjer ein gjennomgang av paragrafar med forslag til endringar:
§ 1-2 Fondstyre
Namn på utvalet er endra.
§ 2-1 Viltfondet sine inntekter
Punkt 1 er endra så det vert vist til rett paragraf i forskrift om kommunale viltfond. Namn på
Direktorat endra til Miljødirektoratet. Satsar for fellingsavgift endra frå maksimal
fellingsavgift for alle kategoriar, til halv fellingsavgift for kalv og ungdyr.
Punk 4 er oppdatert med rett paragraf og lov. Kilopris for fallvilt og ulovleg felt vilt er justert
opp frå 40 kr/kg til 80 kr/kg. Den noverande kilopris er 47 kr med prisjustering etter
konsumprisindeksen.
§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet
Vald med bestandsplan der minimum 80 % av jaktfelta deltek i sett hjort kan få tilbakeført
inntil 5 % av fellingsavgifta. Dette er endra frå 10 % i det noverande retningslinjer. Til
gjengjeld er det ført inn forslag om at dersom alle jaktfelt leverer elektronisk i staden for
papirskjema, kan vald få tilbakeført 10 % av fellingsavgifta.
Valda med bestandsplan får no 30 kr pr. kjeve som vert innsamla til overvakingsprogrammet.
Dette er føreslege oppjustert til 40 kr pr. kjeve.
I punkt 3 er det ført inn at viltfond kan brukast til andre tiltak enn skogrydding i område med
vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort.
I punkt 4 er det ført inn, at det etter søknad kan gjevast inntil 50 % tilskot til tiltak for å
førebyggje skadar på landbruksnæring gjort av hjortevilt. Dette er ei oppjustering frå 30 % i
dei noverande retningslinjene. I same punktet er det og lagt til at søknaden må leverast same
året som tiltaket er sett i verk eller er tenkt sett i verk.
§ 4-1 Delegasjon
Ein mindre korreksjon, der viltnemnda sin fullmakt til gjere mindre endringar i reglementet er
endra til MULTEK-utvalet.
§ 4-2 Iverksetjing
Reglementet gjeld frå 1. januar 2017.
Hjorteutvalet i Gloppen kommune har diskutert endringane i retningslinene på møte 9. mars
2016. Synspunkt frå dette møtet er vurdert og lagt inn i dei føreslegne endringane.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen for kommunen.
Dei eksakte økonomiske konsekvensar for viltfondet av dei føreslegne oppdateringar er
vanskelege å berekne, då det kjem an på m.a. den framtidige fellinga, aldersfordelinga på dei
felte dyr, søknadsmengde til det kommunale viltfond og storleiken på ev. søknadssumar.
Generelt sett vil dei føreslegne endringar føre til at det på inntektsida vert sett av færre midlar.
Med ei halvering av fellingsavgifta for kalv og ungdyr, vil den årlege innbetaling bli om lag
50 000 kr mindre.
Oppjustering av kiloprisen på fallvilt og ulovleg felt vilt kan potensielt føre til auka inntekter.
Pr. dags dato førekjem det sjeldan sal av slikt kjøtt, då ein stor part av fallviltet ikkje kan
seljast.
På utgiftssida kan endringane i tilbakebetaling til vald med bestandsplaner maksimalt føre til
auka utgifter på ca. 14 000 om ein legg dagens tal til grunn. Rådmannen har lite tru på at
utgiftene vil auke så mykje og anslår eit meir realistisk auke i utgifter til å vere 6-8000 kr.
Auken i tilskotssatsen til tiltak for å førebygge skade på landbruksnæring kan også føre til ein
auke i utgiftene. Dei siste 10 åra har det ikkje vore nokon søknader som fell inn under denne
kategorien. I tilfelle det kjem, vil det med det noverande inneståande på viltfondet vere
tilstrekkelege midlar tilgjengeleg til å kunne gje tilskot til slike søknader.
Samla sett vurderer rådmannen at dei føreslegne endringar retningslinene vil redusere den
årlege avsetting på viltfond med ca. kr 60 000.
I dei seinare år har det årleg blitt sett av mellom 80 000 kr og 125 000 kr på viltfondet.
Inneståande på viltfondet var pr. 31.12.15 på kr 581 000.
Rådmannen si vurdering:
Bakgrunnen for denne saka er at dei noverande retningslinjene for viltfondet treng ein
revisjon. Nokre av endringane som er føreslegne er reine formalitetar utan praktisk betyding.
Retningslinjene vart i si tid sett opp innafor dei rammer som forskrifta set for inntekter til
fondet og disponering av fondet. Oppdatering av retningslinjene endrar ikkje på dette.
Under følgjer ei vurdering av endringane av dei einskilde paragrafar:
§ 1-2 Fondstyre
Endring i § 1-2 er eit namnebytte på utvalet og er ein rein formalitet. Viltnemnd er teke bort,
då funksjonen som viltnemnd i dag ligg til MULEK-utvalet.
§ 2-1 Viltfondet sine inntekter
Punkt 1 vert endra så det vert vist til rett paragraf i forskrift om kommunale viltfond. Namn på
Direktorat endra til Miljødirektoratet. Den primære inntekt til viltfondet er fellingsavgift. Dei
maksimale satsar som kan krevjast i avgift vert årleg fastsett av Miljødirektoratet. I dei
noverande retningslinjene står at Gloppen kommune skal nytte dei maksimale satsane. Til
tross for at Gloppen kommune i dei siste åra har brukt viltfondsmidlar på diverse vilt-relaterte
prosjekt, blir det likevel årleg avsett 80 000 - 125 000 kr på det kommunale viltfond.
Rådmannen meiner ikkje at det skal vere eit mål å ha mest muleg ståande på viltfondet, men
at det må vere ein buffer til å kunne bruke på uventa utgifter og store prosjekt. Med det som
no står på konto er det meir enn ein rikeleg buffer og rådmannen ser difor ikkje grunn til å
halde fram med maksimale fellingsavgifter, då det berre vil føre til ytterlegare akkumulering
av midlar på viltfondet. Difor blei det på hjorteutvalsmøtet føreslege å justere ned
fellingsavgifta på kalv og ungdyr. Det er eit ønskje frå kommunen å auke avskytinga av kalv
og ungdyr og å sette ned fellingsavgifta på desse kategoriane vil støtte opp under dette målet
og vere eit viktig signal å sende jegerane.
Kiloprisen på fallvilt og ulovleg felt vilt er oppjustert til ein pris som er meir rimeleg enn den
noverande. Hjorteutvalet diskuterte seg på møtet i mars fram til ein kilopris på 80 kr/kg.
Denne prisen vil sikre at inntekter frå sal av vilt som blir lagt til viltfondet, er i tråd med den
faktiske verdien av kjøtet.
§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet
Rådmannen ønskjer med denne oppdatering at valda med bestandsplan framleis skal ha høve
til å få tilbakeført viltfondsmidlar, dersom dei deltar aktivt i innsamlinga av data og statistikk.
Det er eit mål i den kommunale forvaltningsplan for hjorteviltet at flest muleg tek i bruk
elektronisk innrapportering av sett hjort. Rådmannen ønskjer å tilpasse retningslinjene for
viltfond så det stimulerer til dette. Samla sett kan valda få tilbakeført det same som med dei
noverande retningslinjene, men det krev at dei tek i bruk elektronisk «Sett hjort».
Etter ønskje frå valda er tilbakebetalinga pr. innlevert kjeve oppjustert til 40 kr. Det er mykje
arbeid med kjevane og valda ynskjer meir lønn for det. I tillegg har denne satsen ikkje vore
regulert sidan 2008.
I punkt 3 er det ført inn at viltfond kan brukast til andre tiltak enn skogrydding i område med
vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort. Rådmannen ser at det kanskje kan bli
behov for andre tiltak enn skogrydding og ønskjer at viltfondsreglementet gjev høve til det.
Satsen for å førebygge skadar på landbruksnæring gjort av hjortevilt er oppjustert frå 30 % til
50 %. Dette er gjort etter ønskje frå storvalda, då kostnadene ved slike tiltak kan vere
vesentlege. I tilfelle det kan fåast støtte frå andre kjelder, vert tilskotet frå viltfondet
tilsvarande avkorta. Difor er det sett inntil 50 % tilskot.
Rådmannen ynskjer ikkje å behandle gamle saker om støtte til å førebygge skadar. Det er
difor lagt til at søknad må leverast same året tiltaket er sett i verk eller tenkt sett i verk.
§ 4-1 Delegasjon
Namnet på utvalet er endra til MULTEK-utvalet. Dette er ein rein formalitet.
§ 4-2 Iverksetjing
For å unngå at det vert vedteken nye satsar for fellingsavgift midt under jakta, ønskjer
rådmannen at dei nye retningslinjene for viltfondet skal vere gjeldande frå 1. januar 2017.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge dei reviderte
retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune ut på høyring med 20. juni
2016 som høyringsfrist.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Peter Andresen
Møtedato
19.05.2016
Objekt:
Arkiv:
K12
Saksnr
072/16
Arkivsaknr.:
16/281-9
Søknad om dispensasjon til felling av tre
Vedlegg:
Dok.nr
272556
Tittel på vedlegg
Oversiktskart gnr/bnr 90/48
Bakgrunn for saka:
Dag Bjarte Gloppholm søkjer om dispensasjon til å felle tre rundt hytta si i Kolebakkane
naturreservat. Trea har ein storleik og tilstand som gjer at det er risiko for at dei kan treffe
hytta. Eitt tre har allereie knekt, medan eit anna heller inn imot hytta. Han søkjer difor om
løyve til å fjerne dei trea som utgjer ein risiko for hytta.
Saksutgreiing:
Hytta til Dag Bjarte Gloppholm ligg innan for grensene av Kolebakkane naturreservat på
Hunskår (gnr/bnr 90/48).
Kolebakkane blei freda som naturreservat med heimel i naturvernlova ved kgl.res. den 17.
desember 1999. Kapitel III i verneforskrifta oppgir føremålet med fredinga:
«Formålet med fredninga å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av
spesielle kvalitetar kan nemnast at furuskogsområdet er stort, og lite påverka, med mange
ulike skogtypar representerte.»
Det fylgjer av kapitel IV punkt 1 at vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot
skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå verneområdet.
Fylgjeleg vil felling av tre som omsøkt krevje dispensasjon frå verneforskrifta.
Dispensasjon kan gjevast etter naturmangfaldlova (nmf) § 48 «dersom det ikke strider mot
vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom
sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig.»
I søknaden er det ikkje spesifisert tal tre som søkjar ønskjer å felle. Vedlagt søknaden er
bildedokumentasjon av eit tre som står nær hytta og utgjer ein serleg risiko på grunn av
helling mot hytta.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Som nemnt over kan det gjevast løyve til eit tiltak dersom det det ikkje strider mot
vernevedtakets formål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig. Det kan også gjevast
dispensasjon dersom omsyn til sikkerheit gjer det nødvendig.
I «rundskriv om forvaltning av verneforskrifter» er det utdjupa kva som fell inn under
omgrepet tryggleiksomsyn og her står at det m.a. blir sikta til omfattande og direkte skade på
eigedom. Det er også eit kriterium at tiltaket er nødvendig i forhold til å ivaretake tryggleiken.
Å felle dei tre som direkte truar eigedomen ser rådmannen på eit nødvendig tiltak og er ikkje
noko som kan ordnast på anna viss utan urimelege kostnader for søkjar. Samla sett vurderer
rådmannen at begge kriterium for at det kan gjevast dispensasjon av tryggleiksomsyn er
oppfylt i denne saka.
Det følgjer av naturmangfaldslova § 7 at søknaden skal vurderast etter prinsippa i §§ 8-12.
Kunnskapsgrunnlaget for Kolebakkane naturreservat bygger på m.a. Naturbase og Artskart.
Geografisk søk i Artskart viser ikkje konkrete funn i nærleiken av hytta. Oppslag i Naturbase
viser at området er registrert med naturtypen gamal barskog med verdien viktig. Området har
fått denne status på grunn av det er eit stort furuskogområde der deler av skogen er 300-400 år
gamal. I tillegg til gamal furu er det ein god del bjørk og osp. Sjølv om trea det er søkt om å
fjerne er store, er dei ikkje gamle. Å felle nokre få tre rundt hytta vil ikkje ha vesentleg
negativ effekt på verneformål og verdiane knytt til naturbaseregistreringa.
Kunnskapsgrunnlaget vert vurdert som tilstrekkeleg i denne saka når det gjeld tilstanden for
naturmangfaldet og verknaden tiltaket vil ha for det same mangfaldet. Etter rådmannen si
vurdering er det ikkje fare for at tiltaket vil ha ukjente konsekvensar for verneverdiane, og
føre-var-prinsippet i nml § 9 får dermed liten verdi i saka.
Presedensverknaden av å gje løyve som omsøkt er difor liten. Dels er det veldig få bygg i
naturreservatet og dels er det ikkje snakk å fjerne tre som skygger eller hindrar utsikt, men tre
som utgjer ein risiko for hytta. Det er pr. dags dato ikkje gitt løyve til andre tiltak i
Kolebakkane naturreservat og den delen av naturreservatet der hytta ligg, er relativt
utilgjengeleg og har liten bruk. Sett i forhold til storleiken på heile Kolebakkane NR vil
felling av trea etter rådmannen si vurdering ikkje overskride tålegrensene for samla
belastning, då den truleg vil vere veldig avgrensa.
Rådmannen ser ikkje at tiltaket vil føre til miljøforringingar og trur ikkje at det vil få
konsekvensar som må avbøtast med økonomiske midlar. Skulle det likevel oppstå slike
skader, må kostnadene eventuelt dekkes av tiltakshavar.
I forhold til miljøforsvarlege metodar og driftsteknikkar meiner rådmannen at felling av trea
på staden er den beste løysing. Å toppkappe eller beskjere trea meiner rådmannen vil vere
øydeleggande på skogbildet reint estetisk og vil vere eit urimeleg krav å stille over for søkjar.
Dessutan vil det ikkje løyse problemet dersom trea har losna i rota.
Daude tre og daud ved i skogen er svært viktige for det biologiske mangfaldet. Rådmannen
meiner difor at treet som i fylgje søknaden allereie er knekt og dermed ikkje lenger utgjer ein
risiko for hytta, bør bli ståande. I tillegg bør alt hogstavfallet bli liggjande.
Rådmannen ser på denne saka som tilstrekkeleg godt opplyst og vurderer
kunnskapsgrunnlaget som godt nok til, at det kan treffast vedtak i saka.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Med heimel i naturmangfaldloven § 48 gjev MULTEK-utvalet dispensasjon til å felle tre som
utgjer ein sikkerheitsrisiko for hytta på gnr/bnr 90/48.
Dispensasjonen gjeld i tre år og er gjeven på følgjande vilkår:
- Rådmannen (v/utmarksforvaltar) skal varslast før arbeidet blir starta opp for at det kan bli
gjort ei konkret vurdering på staden av kva tre som må fjernast
- Fellinga skal gjennomførast på ein så skånsam måte som råd for kringliggjande vegetasjon
- Det skal ikkje brukast motorisert transport i naturreservatet i samband med fellinga
- Hogstavfall skal ikkje brennast eller fjernast, men skal bli liggjande på staden.
Søkjar er sjølv ansvarleg for å innhente løyve frå eventuelle grunneigarar.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Bernt Reed
Møtedato
19.05.2016
Saksnr
073/16
Objekt:
Arkiv:
V10
Arkivsaknr.:
12/987-14
Endring av Strategiplan for miljøtiltak i landbruket 2013 – 2017 SMIL
Vedlegg:
Dok.nr
273654
Tittel på vedlegg
Strategiplan for miljøtiltak i landbruket - utkast for 2016 og 2017
Bakgrunn for saka:
Stortinget vedtok i 2014 nye føringar for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Som fylgje
av dette vart det av Landbruks- og matdepartementet fastsett endringar i SMIL-forskrifta den
16. og 17. februar 2015.
Vedteken strategiplan har vore gjeldande for 2013 – 2016.
Saksutgreiing:
Den kommunale strategiplanen for miljøtiltak i landbruket er justert slik at den er i tråd med
overordna føringar og regelverk. Søkjarar til SMIL-ordninga må fylle vilkåra i forskrift om
produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, §§ 2 og 4. Dette betyr i praksis at det berre
er aktive brukarar som kan søkje på ordninga. Dersom eigar leiger eller forpaktar vekk jorda
si, er han heller ikkje kvalifisert for tilskot. Leigar eller forpaktar kan derimot søkje.
Grunneigar må gje skriftleg løyve til dette. Lag og organisasjonar som tidlegare har vore
søkjegode, fell ut. Fellestiltak kan søkjast på dersom ansvarleg søkjar er aktiv brukar.
Det er også teke med det ordinære tilskotet til grøfting i strategiplanen.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Strategiplanen må naturlegvis justerast slik at planen er i samsvar med overordna regelverk.
Endringane betyr at det vert færre som er søkjegode til SMIL-tilskota. Kommunen har òg dei
siste åra registrert at søknadsmengda til ordninga har gått ned. Med bakgrunn i dette og den
ramma Fylkesmannen tildeler kommunen, vart satsane auka i 2015. For ordinær grøfting er
satsane uendra.
Som følgje av at det er forskriftsmessige tilpassingar som vert gjort er ikkje strategiplanen
sendt på høyring til faglaga.
Rådmannen vil foreslå å gjere endringane gjeldande for 2016 og 2017 og vil ved seinare høve
kome tilbake med meir omfattande endringar i 2017.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet godkjenner strategiplan for miljøtiltak i landbruket slik han ligg føre.
Planen vert gjort gjeldande for 2016 – 2017.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Trine Alme
Møtedato
19.05.2016
Objekt: 97/2
Arkiv:
L33
Saksnr
074/16
Arkivsaknr.:
15/1363-13
Klage på vedtak - avslag på søknad om frådeling av tunet på gnr. 97 bnr. 2
Norli i Gloppen
Vedlegg:
Dok.nr
273594
273788
Tittel på vedlegg
Klage på vedtak i sak 053/16 for gbnr 97/2 i Myklebustdalen
Klage over Gloppen kommunes vedtak i sak 16/5070
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
Det er kome inn søknad frå eigar av gnr. 97 bnr. 2 Norli i Myklebustdalen, Olaf Barmen, om å
få dele frå tunet med høveleg areal og sal av restarealet. Søknaden kom inn fordi jordbruksarealet har vore leigt ut så lenge Barmen har vore eigar og i lang tid før han tok over. Han har
ikkje ønskje om å starte sjølvstendig drift på eigedomen, men vil selje arealet til ein av dei
som driftar arealet i dag, Geir Thomas Myklebust.
Saksutgreiing:
Olaf Barmen har ått eigedomen sidan 2007. Han tok då over eigedomen på odel. Geir Thomas
Myklebust, som kjøpte og flytta til eigedomen i 2004, fekk reist odelsløysing sak mot seg frå
fjernare slektningar av Randi Bramen (seljar og mor til Olaf Barmen) og måtte flytte frå
eigedomen.
Barmen tok over eigedomen, søkte og fekk fritak frå buplikta i fem år til 14. desember 2013.
Våningshuset har vore leigt ut etter denne tid. Driveplikta har vore oppfylt gjennom 10-årig
leigeavtale med dei to naboane Geir Thomas Myklebust og Lars Myklebust.
Han ønskjer no å dele frå tunet med høveleg tunareal og selje restarealet. Han ser føre seg ei
tomt på om lag 2,5 dekar omfatta av våningshuset og driftsbygningen som står på arealet i
dag. Arealet er tenkt avgrensa som skissert på bilete 2 under.
Bilete 1: Deler av garden. Pila markerer bygningar.
Bilete 2: Det omsøkte arealet.
Eigedomen har i følgje www.skogoglandskap.no dette arealet (felles utmark er ikkje med):
Tall i dekar
97/2/0
Sum
Fulldyrka Innmarks Skog, særs Skog, høg Uproduktiv
jord
beite høg bonitet bonitet
skog
82.4
82.4
65.4
65.4
355.8
355.8
184.4
184.4
135.7
135.7
Jorddekt
fastmark
18.7
18.7
Restareal
35.2
35.2
Sum
grunneiendom
877.6
877.6
Det ligg ikkje føre kjøpeavtale med ny eigar. Den vert utferdiga når det evt. vert gjeve løyve
til frådeling.
Saka har vore på høyring til fylkesmannen. Landbruksavdelinga har kome med uttale: Den
omsøkte parsellen med påståande bustadhus og driftsbygning vil grense til fulldyrka og
lettdrive jordbruksareal på fleire kantar.
Etablering av ein frådelt fritidseigedom midt inne i eit aktivt jordbruksområde, kan føre til
drifts- og miljømessige ulemper for landbruket. Lukt frå spreiing av husdyrgjødsel, støv- og
støyplager i samband med jordarbeiding og innhausteing, er døme på aktivitetar som kan
auke faren for arealbrukskonfliktar med krav om driftsrestriksjonar. Frådeling vil også
innebere at den nyoppretta bustadeigedomen vert fritt omsetjeleg til andre og nye eigarar.
Dei merkar seg at det er planar om å selje restarealet på eigedomen som tilleggsjord til eit
nabobruk. Bruksrasjonalisering kan såleis medverke til at det vert etablert ei større og meir
berekraftig driftseining i området. Dette vil både sikre bruken av jordbruksareala og
medverke til at omsynet til kulturlandskapet vert ivareteke.
Kjøpar, Geir Thomas Myklebust, har sendt inn eit skriv der han forklarar kvifor han ønskjer å
kjøpe jorda, og kva det har å seie for den drifta han har i dag. Det har ikkje vore sjølvstendig
drift på Barmen sin eigedomen sidan 1976. Dåverande eigar slutta med dyr, og selde graset på
rot fram til om lag 1990. Då tok mor til seljar – Randi Barmen over eigedomen, og det vart
inngått paktekontrakt med to naboar, far til kjøpar og Lars Myklebust brukar på gnr. 98 bnr. 4.
Det har vore lagt ned mykje arbeid i å fornye jordbruksarealet, først fordi det var i dårleg
hevd, seinare fordi elva gjekk over sine breidder og la frå seg store stein- og grusmassar.
I 2004 fekk Geir Thomas Myklebust tilbod om å kjøpe heile gnr. 97 bnr. 2. Han kjøpte garden
og flytta til, både for å få ein buplass og for få hand om arealet som var eit viktig grunnlag for
drifta på gnr. 98 bnr. 6. Myklebust skulle på sikt ta over heimgarden. Det var lagt ned mykje
arbeid i arealet og i samarbeid med NVE vart det bygt rasvoll som dempa den neste flaumen
noko.
Det vart odelssak frå fjernare slektning av Randi Barmen, noko som gjorde at Olaf Barmen
overtok garden på odel, og det vart inga odelsløysingssak. Myklebust flytta tilbake på gnr. 98
bnr. 6 og fekk heimel på den eigedomen september 2011. I 2010 starta Myklebust planlegging
av ny mjølkesamdrift med Per Jarle Myklebust, Myklebust Landbruk DA. Dei tok over
leigeavtalen på jordbruksarealet, dyrka opp overflatedyrka jord til fulldyrka, slik at drifta vart
rasjonell. Arealet er ein viktig del av landbruksdrifta deira, slik at dei er to som kan arbeidde
fulltid på garden, i tillegg er ein person tilsett på fulltid.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
I følgje § 12 i lov om jord av 12. mai 1995, heretter kalla jordlova, må deling av eigedom som
er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk godkjennast av departementet. Det same
gjeld forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedomen når retten er
stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren). Med eigedom
meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige.
Dersom dyrka jord skal takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, eller dyrka
jord skal takast i bruk slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan
samtykke til deling ikkje givast utan at det er gitt samtykke til omdisponering etter § 9.
I vurderinga etter jordlova er det eigedomen som sådan, vurdert i eit langsiktig perspektiv som
er det sentrale. Ved avgjerd av om samtykke til deling skal givast, skal det leggjast vekt på om
delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. I vurderinga inngår
mellom anna omsynet til vern av arealressursane, om delinga fører til ei driftsmessig god
løysing, og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i
området. Det kan leggjast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet i jordlova.
Sjølv om det etter tredje ledd ikkje ligg til rette for å gi samtykke til deling, kan samtykke
givast dersom deling vil vareta omsynet til busetjinga i området.
Samtykke til deling kan givast på slike vilkår som er naudsynte av omsyn til dei føremåla som
lova skal fremja.
Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det
samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi, Det skal òg takast omsyn til om arealet kan førast
attende til jordbruksproduksjon. Det kan krevjast lagt fram alternative løysingar.
Jordlova si § 1, føremål, ligg som eit bakteppe for vurderingane. Lova sitt føremål er å sikre at
arealressursane blir disponert på ein måten som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå
samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og
driftsmessig gode løysingar. Dette er omtala i rundskriv M35/95 om jordlova sitt føremål og
M-1/2013 om deling. Føremålet med delingsbestemminga er å sikre og samle ressursane som
grunnlag for landbruksdrift for noverande og framtidige eigarar.
Ressursgrunnlaget i høve jordlova § 12 er dei ressursane eigedomen har i form av areal,
bygningar, sameigedelar og rettar som er brukt eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk.
Delingsforbodet i § 12 skal mellom anna hindre at bruk stykkast opp eller på annan måte får
redusert ressursgrunnlaget.
På grunn av areal- og ressursgrunnlaget på eigedomen kviler det bu- og driveplikt på bruket.
Barmen har hatt fritak frå buplikta i fem år og har leigt ut husværet etterpå. På grunn av
familie- og jobbsituasjon har det vore vanskeleg å flytte til eigedomen. Noverande leigetakar
har flytta ut og Barmen ser at han må ta nokre val for å kunne ta vare på eigedomen på best
mogleg måte. Barmen ønskjer å eige tunet med påståande bygningar, men ønskjer ikkje å
starte opp sjølvstendig drift.
Eigedomen ligg i eit område med gode vilkår for landbruksproduksjon, der husdyrhald er
dominerande. Med dei arealressursane som ligg til eigedomen kan kjøtproduksjon på sau eller
storfe truleg etablerast i eit omfang som saman med arbeid utanfor bruket, kan vere med å gje
inntekt til ein familie.
Den omsøkte delinga tek sikte på sal av jord- og skogarealet som tilleggsareal til landbrukseigedom i drift. Eigar har munnleg avtale med Geir Thomas Myklebust om kjøp av landbruksarealet. Myklebust har drive om lag halve arealet så lenge Barmen har ått eigedomen, og
arealet har vore ein del av driftsgrunnlaget til Myklebust om lag sidan 1990. I tillegg har Lars
Myklebust leigt andre halva av arealet med jordleigeavtale fram til 2022.
Fylkesmannen har i si uttale skrive at det er uheldig at det vert etablert ein fritidseigedom
midt inne i eit aktivt jordbruksområde,… Og litt seinare ... innebere at den nyoppretta
bustadeigedom vert… Det er, ut frå dei opplysningane som er kome inn i saka, snakk om å
opprette ein bustadeigedom, ikkje fritidseigedom. Ei deling kan på sikt føre til drifts- og
miljømessige ulemper som støy, støv og lukt, som i verste fall kan føre til krav om
restriksjonar på drifta av garden. Den frådelte tomta vil ligge i eit jordbrukslandskap, med dei
utfordringar det kan føre med seg. Våningshuset har grense mot fylkesveg 693 på eine sida og
tomta vil få landbruksareal på tre sider.
Arealet som skiljast frå vil ha status som bustadeigedom, og kan vere med på å få ein familie
til å busetje seg i Myklebustdalen.
I brev frå Geir Thomas Myklebust, datert 2. februar 2016, gjer han greie for kva arealet har
hatt å seie for han og den produksjonen dei har i samdrifta i dag. Arealet er avgjerande for at
dei kan ha den produksjonen dei har i samdrifta.
1. juli 2013 blei delingsparagrafen i jordlova endra mellom anna for å auke kommunen sitt
handlingsrom og gjere det enklare å dele areal frå landbrukseigedomar dersom føremålet er
tilleggsjord eller busetjing. Det skal leggast til rette for tenleg og variert bruksstruktur, samt
utvikling av bruk som er tenlege for samfunnet både nasjonalt og lokalt, ut frå det området
eigedomen ligg i. Det er lagt til grunn, som eit mål for jordlova, at driftseiningane bør
styrkast. Ved ei avgjerd om kva for bruksstorleik som er tenleg, må det sjåast på ressurs-
grunnlaget og om ressursane kan drivast på ein kostnadseffektiv måte i eit langsiktig
perspektiv, jf. rundskriv M-1/2013. I denne saka er det snakk om at ein av dei eigedomane
som har drive arealet i over 30 år får heimelen til arealet, og på den måten kan halde fram
drifta i eit lengre perspektiv enn 10 år. Det må seiast at løysinga er god. Arealet skal haldast i
hevd, og arealet vil vere ein viktig del av driftsgrunnlaget til Myklebust.
Ut frå det som er skrive over får Olaf Barmen dele frå om lag to dekar jordekt fastmark med
påståande bygningar frå gnr. 97 bnr. 2 til bustadføremål. Geir Thomas Myklebust får kjøpe
resten av eigedomen som tilleggsareal.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet gjev samtykke til deling av om lag 2 dekar tomt, jordekt fastmark og
areal med påståande bygningar frå gnr. 97 bnr. 2 i Gloppen til bustadføremål.
2. Det er eit vilkår for frådelinga, at restarealet med tilhøyrande rettar vert seld som
tilleggsareal til Geir Thomas Myklebust, eigar av gnr. 98 bnr. 6 og at det blir drive saman
som ei driftseining.
3. Vedtaket er fatta med heimel i jordlova §§ 9 og 12 og er grunngjeve med omsynet til vern
av arealressursane og at delinga skal gi ei driftsmessig god løysing.
10.03.2016 MULTEK-UTVALET
Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap):
Saka blir utsett til utvalet har vore på synfaring.
044/16 VEDTAK:
Saka blir utsett til utvalet har vore på synfaring.
Utvalet ber i tillegg rådmannen om meir opplysningar av driftsgrunnlaget for dei involverte
bruka.
Vedtaket var samrøystes.
Ny behandling av saka:
Eigedomen til Geir Thomas Myklebust har i følgje www.skogoglandskap.no dette arealet
(felles utmark er ikkje med):
Tall i dekar
98/6/0
Sum
Fulldyrka Innmarks Skog, særs Skog, høg Uproduktiv
jord
beite høg bonitet bonitet
skog
147.0
147.4
65.0
65.0
157.0
157.0
148.5
148.5
15.8
15.8
Jorddekt
fastmark
8.2
8.2
Restareal
107.2
107.2
Sum
grunneiendom
648.6
648.6
Geir Thomas Myklebust er deltakar i Myklebust landbruk DA som har fire deltakarar, jf.
søknad om produksjonstilskot, søknadsfrist 20. august 2015. Dei søkjer på arealet frå tre av
brukarane, samt leigearealet frå Barmen. Totalt 454 dekar fulldyrka jord og 429 dekar
innmarksbeite. Dei har 70 kyr og 62 andre storfe.
Rådmannen si vurdering:
Det er kome inn søknad om frådeling av tunet med høveleg tunareal og sal av restareal til ein
aktiv brukar.
Det er ikkje kome til nye opplysningar i saka som tilseier endring i tilrådinga som vart gjort til
møtet 10. mars i år.
Ut frå dette opprettheld rådmannen si tilråding.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. MULTEK-utvalet gjev samtykke til deling av om lag 2 dekar tomt, jordekt fastmark og
areal med påståande bygningar frå gnr. 97 bnr. 2 i Gloppen til bustadføremål.
2. Det er eit vilkår for frådelinga, at restarealet med tilhøyrande rettar vert seld som
tilleggsareal til Geir Thomas Myklebust, eigar av gnr. 98 bnr. 6 og at arealet blir drive
saman som ei driftseining.
3. Vedtaket er fatta med heimel i jordlova §§ 9 og 12 og er grunngjeve med omsynet til vern
av arealressursane og at delinga skal gi ei driftsmessig god løysing.
14.04.2016 MULTEK-UTVALET
Det var synfaring.
Framlegg frå Solveig Lien Gusdal og Kent Øystein Hjelle (begge Sp):
1. MULTEK-utvalet avlår søknaden om deling av om lag 2 dekar tomt, jordekt fastmark
og areal med påståande bygningar frå gnr. 97 bnr. 2 i Gloppen til bustadføremål. Både
med omsyn til landbruk og bustad er ikkje frådeling av tunet er tenleg løysing.
2. Vedtaket er fatta med heimel i jordlova § 12 og er grunngjeve med omsynet til vein
variert bruksstruktur og fast busetting
3. Vidare grunngjeving for avslaget er at utvalet ser desse sakene i ein større samanheng
og ynskjer ei rettferdig og føreseieleg streng linje i saker som vedkjem konsesjonslova
og buplikta slik som i denne saka.
Det vart røysta alternativt mellom
 framlegget frå Solveig Lien Gusdal og Kent Øystein Hjelle som fekk fire røyster og
 rådmannen si tilråding som fekk tre røyster.
053/16 VEDTAK:
1. MULTEK-utvalet avlår søknaden om deling av om lag 2 dekar tomt, jordekt fastmark og
areal med påståande bygningar frå gnr. 97 bnr. 2 i Gloppen til bustadføremål. Både med
omsyn til landbruk og bustad er ikkje frådeling av tunet er tenleg løysing.
2. Vedtaket er fatta med heimel i jordlova § 12 og er grunngjeve med omsynet til vein variert
bruksstruktur og fast busetting
3. Vidare grunngjeving for avslaget er at utvalet ser desse sakene i ein større samanheng og
ynskjer ei rettferdig og føreseieleg streng linje i saker som vedkjem konsesjonslova og
buplikta slik som i denne saka.
Vedtaket vart gjort mot tre røyster.
Klagebehandling:
Kva saka gjeld:
Anniken Rygg (H) stilte i kommunestyret 25. april i år spørsmål om kommunen si
praktisering av saker om frådeling etter jordlova. Desse spørsmåla blei sendt MULTEKutvalet.
Olaf Barmen har klaga over avslag på søknad om frådeling av tunet på gnr. 97 bnr. 2.
Advokat Erlend S. Daling har på vegne av Geir Thomas Myklebust klaga over avslag på
søknad om frådeling av tun, gnr. 97 bnr. 2 i Gloppen.
Bakgrunn for saken:
Eigar, Olaf Barmen (Barmen), søkte om å få dele frå tunet med høveleg tunareal og sal av
restareal. Han søkte om frådeling av arealet fordi jordbruksarealet ikkje har vore drive
sjølvstendig så lenge Barmen har eigd eigedomen, og i lang tid før han overtok eigedomen.
Han har ikkje planar om å starte opp eiga drift, og vil derfor selje arealet til ein av dei som
drifter arealet i dag, Geir Thomas Myklebust (Myklebust).
Saksutgreiing:
Dei prinsipielle i spørsmåla frå Anniken Rygg vil bli teke opp i eit eige møte eller i samband
med eit utvalsmøte - for folkevalde i kommunen - på eit seinare tidspunkt.
Klaga frå Barmen er motteke 4. mai 2016. Klaga frå Myklebust er motteke 6. mai 2016.
Klagene er rettidige og skal behandlast, jf. forvaltningslova §§ 28 og 29.
Klaga frå Barmen: Han viser til vedtak gjort i sak 010/15 på gnr. 106 bnr. 2 Strand, og ønskje
frå utvalet om likebehandling av sakene. Han viser vidare til fylkesmannen sitt vedtak i
klagesaka gjeldande frådeling på Strand med oppheving av vedtak. Barmen viser til den
omfattande saksutgreiinga frå fylkesmannen og hevder at saksutgreiinga er beskrivande for
sin sak. Han ber MULTEK-utvalet sjå på saka på nytt, med bakgrunn i dei vurderingane
fylkesmannen gjorde på Strand, og at utvalet tek klaga til følgje.
Klaga frå Myklebust sin advokat er delt i tre, bakgrunnen til saka, det rettslege grunnlaget for
klaga og til sist delingsvurderinga.
Det blir vist til at jordlova blei endra i 2013 for å stimulere til at leigejord i auka omfang
kunne seljast som tilleggsjord til leigetakar. Det ble i det høvet halde fram at lovendring måtte
til for å sikre den naudsynte kursendring i kommunane, for å kunne nå måla.
Delingsvurderinga skal ta utgangspunkt i korleis delinga legg til rette for ei kostnadseffektiv
drift i eit langsiktig perspektiv. Med vekt på avstand, utnytting, bygningar og anna
driftsapparat og at leigd jord blir overført til en aktiv næringsutøvar. Spørsmålet er ikkje kva
for ei løysning som er best, det er tilstrekkeleg at løysninga er god.
Advokaten skriv vidare at Myklebust sitt kjøp oppfyller kriteria som er vist til over. Dersom
han ikkje får kjøpe eigendomen som tilleggsjord, vil ein gå glipp av både ein god og ynskt
bruksrasjonalisering, og grunnlaget for landbruksdrift på den eigendomen Myklebust eig frå
før vil bli betydelig svekka. Det blir hevda at dette i seg sjølv talar for at delinga bør
godkjennast.
Det blir også vist til at eigedomen har vore ein integrert del av landbruksdrifta på Myklebust
sin eigedom dei siste 25 åra. Det er gjennomført monalege og kostnadskrevjande jordforbetringstiltak, fulldyrking og etablering av flomvern. Og det er etablert mjølkesamdrift saman
med ein nabo, der den samla landbruksdrifta gir rom for ein fulltidstilsett.
Det er kort avstand mellom gnr. 97 bnr. 2 og den eigedomen Myklebust eig frå før. Dertil går
transporten langs ein lite trafikkert veg.
Det blir hevda at Myklebust sitt kjøp av gnr. 97 bnr. 2 er i tråd med dei landbrukspolitiske
målsettingar om betre samsvar mellom eigedoms- og bruksstruktur. Kjøpet vil trygge og
legge til rette for ein god utvikling av drifta på den eigedomen han har frå før.
Fylkesmannen har i etterkant av førre møte i MULTEK-utvalet kome med vedtak i klagesaka
som gjeld gnr. 106 bnr. 2 i Gloppen. Klagen blei teken til følgje.
Grunngjevinga for at fylkesmannen imøtekom frådelingssøknaden på gnr. 106 bnr. 2 i
Gloppen er mellom anna målsettinga om å skape tenleg bruksstruktur og driftsmessig gode
løysingar, jf. jordlova §§ 1 og 12, noko som for denne eigedomen best blir ivareteke ved at
produksjonsressursane blir drive som del av ei større eining. Dette ut frå at det er vanskeleg å
sjå at ein eigedom med denne storleik og bygningsmasse kan forsvare dei investeringar som
eventuelt må til for at eigedomen skal kunne bli eit bruk som kan gi rimeleg avkasting. Det
vert også vist til landbrukspolitisk målsetting om å skape større og meir robuste driftseiningar
for å trygge/auke lokal produksjon, ta vare på arbeidsplass og buplass for eigar og eventuell
familie. Det er også ønskje om å skape betre samsvar mellom eigedoms- og bruksstruktur, for
å få ned leigejorda.
Fylkesmannen viser også til dei seinaste endringane i jordlova om deling, som legg opp til at
det både skal bli enklare å frådele tomter til busettingsføremål, og areal som ønskjast lagt til
andre landbrukseigedomar som tilleggsjord.
Rådmannen sin vurdering:
Det er kome inn klager på vedtak om avslag på søknad om frådeling av tunet med høveleg
tunareal og sal av restareal til ei aktiv bruker, frå seljar og kjøpar. Fylkesmannen har gjort
vedtak i klagesaka på Strand.
Barmen har vist til Strandsaka og ber utvalet ta klaga til følgje ut frå likebehandlingsprinsippet.
Advokaten til Myklebust viser til lovverket at det er mjuka opp ein del i høve tidlegare for å
stimulere til at det skal bli større, robuste einingar og mindre leigejord. Klagar peikar på at
den omsøkte løysinga er god, ved at Myklebust får hand om areal som har vore drifta av
bruket i vel 25 år og er innarbeid og naudsynt for noverande drift. Og det er kort avstand
mellom eigedomane.
Det er, som politikarane påpeikte under møta, mange likskapstrekk mellom saka på
Myklebust og Strand. Det er derfor teke med noko av grunngjevinga til fylkesmannen, for
løyve til frådeling på Strand, i saksutgreiinga.
Det er truleg ikkje mogleg å forsvare dei investeringane som må til for å ruste opp
bygningsmassen på Norli for å starte opp ein sjølvstendig produksjon som kan gi rimeleg
avkasting. Det er liten tvil i at arealet er viktig for Myklebust i den drifta han har i dag.
Ut frå det som er kome til av opplysningar sidan sist tilråd rådmannen MULTEK-utvalet å ta
klagen til følgje.
RÅDMANNEN SI TILRÅDNING:
1. MULTEK-utvalet tar klagen til følgje og opphevar sitt vedtak i saka frå14. april 2016.
2. I medhald av jordlova § 12 får eigar av gnr. 97 bnr. 2 i Gloppen løyve til frådeling av eit
om lag 2 dekar stort tunområde med påståande bygningar.
3. Det er eit vilkår for løyvet at restarealet med tilhøyrande rettar vert seld som tilleggsareal
til Geir Thomas Myklebust, eigar av gnr. 98 bnr. 6 og at arealet blir drive saman som ei
driftseining.
4. Overdraginga skal skje til priser og på vilkår som kan godkjennast av konsesjonsmyndet.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Administrasjonsutvalet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Trine Alme
Møtedato
19.05.2016
02.06.2016
17.06.2016
Objekt:
Arkiv: 002
Saksnr
075/16
Arkivsaknr.:
16/563-6
Felles landbruksforvaltning for kommunane Eid og Gloppen
Vedlegg:
Dok.nr
274075
Tittel på vedlegg
Avtaleframlegg felles landbrukskontor Eid og Gloppen
Bakgrunn for saka:
21. januar i år fekk Gloppen kommune førespurnad frå Eid kommune om utgreiing av felles
landbruksteneste for Eid og Gloppen kommunar. Spørsmålet kom opp etter at kommunestyret
i Eid på sitt møte den 17. desember 2015 bad om å få utgreidd felles landbruksteneste med t.d.
Gloppen, Hornindal og Stryn som alternativ til å styrke eigen organisasjon på landbruk.
Saksutgreiing:
Saka er no utgreidd og eit utkast til avtale om administrativt vertskommunesamarbeid på
landbruksområdet er klart. Det er tenkt at kommunane skal få eit felles landbrukskontor med
tenester innan jord- og skogbruk, viltforvalting og miljø.
Gloppen kommune er vertskommune og Eid kommune er samarbeidskommune. Avtalen er
heimla i Kommunelova § 28-1b om administrativt vertskommunesamarbeid:
1. En kommune (samarbeidskommune) kan avtale med en annen kommune
(vertskommune) at vertskommunen skal utføre oppgaver og treffe avgjørelser etter
delegert myndighet fra samarbeidskommunen i enkeltsaker eller typer av saker som
ikke er av prinsipiell betydning.
2. Bestemmelsen i nr. 1 gjelder tilsvarende for vertskommunesamarbeid mellom
fylkeskommuner.
3. Delegasjon av myndighet som nevnt i nr. 1 skjer ved at kommunestyret eller
fylkestinget selv gir instruks til egen administrasjonssjef om delegasjon til
administrasjonssjefen i vertskommunen.
4. Folkevalgte organer i vertskommunen har ikke instruksjons- eller
omgjøringsmyndighet der delegasjon er skjedd i samsvar med nr. 3.
5. En samarbeidskommune kan gi vertskommunen instruks om utøvelsen av den
delegerte myndighet i saker som alene gjelder samarbeidskommunen eller berørte
innbyggere.
6. For vedtak vertskommunen treffer etter delegasjon fra en samarbeidskommune, har
samarbeidskommunen samme omgjøringsmyndighet som etter forvaltningsloven § 35
første ledd.
Namnet på samarbeidet er Landbrukskontoret for Eid og Gloppen.
Føremålet er å skape eit sterkt landbruksfagleg miljø, og eit framtidsretta næringskontor til
beste for landbruket og samfunnet.
Landbrukskontoret for Eid og Gloppen skal vere lokalisert på heradshuset i Gloppen, og
landbrukskontoret skal ha inntil to faste kontordagar i veka på rådhuset på Eid. Elles vert det
kontordagar etter behov i Eid.
På avtaletidspunktet bidreg Eid kommune med 1,5 årsverk, medan Gloppen kommune bidreg
med 3,8 årsverk inn i vertskommunesamarbeidet. Landbrukssjefen i Gloppen skal ha det
administrative og faglege ansvaret for landbrukskontoret. Plan- og utviklingssjefen i Eid skal
framleis ha ansvar for landbruksområdet i Eid kommune. Ved nytilsetting skal stillinga
leggast til Gloppen kommune.
Landbrukskontoret skal utføre oppgåver og treffe avgjersler i dei sakene som inngår i avtalen.
Saker av prinsipiell karakter må behandlast i den kommunen saka gjeld. Av prinsipiell
karakter er meint mellom anna avgjersler som har økonomiske følgjer for deltakarkommunane
og vedtak av overordna planar av strategisk karakter.
Oppgåver som ligg til landbrukskontoret er rådgjeving, rettleiing og informasjon til
brukarane, delta i planprosessar, gje uttale, behandle og ta avgjerd i saker innanfor
landbrukskontoret sitt ansvars- og arbeidsområde.
Regelverksforvaltning innan følgjande lover med forskrifter er lagt til landbrukskontoret:
konsesjonslova, jordlova, skogbrukslova, viltlova, hundelova, forureiningslova, motorferdselslova, naturmangfaldslova, lov om forpakting og lov om ymse beitespørsmål. Samt
saker som gjeld landbruksfaglege spørsmål etter vassressurslova, plan- og bygningslova,
lakse- og innlandsfiskelova og odelslova.
Landbrukskontoret skal behandle dei til ei kvar tid gjeldande sentrale og lokale tilskotsordningane for landbruket. I dag gjeld dette produksjonstilskot, regionalt miljøprogram,
velferdsordningar i jordbruket, tilskotsordningar i landbruket frå Innovasjon Noreg, spesielle
miljøtiltak i landbruket, nærings- og miljøtiltak i skogbruket, organisert beitebruk,
viltfondsmidlar, utviklingsfondet (Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal) og andre
tilskotsordningar.
Det skal årleg utarbeidast eit budsjett for landbruksforvaltninga som skal leggast fram til
godkjenning etter vanlege budsjettprosedyrar i begge kommunane. Fordelingsnøkkelen for
felleskostnader: Eid 40 %, Gloppen 60 %. Det skal gjerast ei evaluering av
fordelingsnøkkelen etter eitt år.
Administrative og politiske vedtak som gjeld kvar einskild samarbeidskommune skal
handsamast og arkiverast i den kommunen saka gjeld. Vedtak, annan informasjon,
førespurnader skal sendast kontaktpersonen i deltakarkommunane. Rådmannen, eller den
rådmannen peikar ut, er kontaktperson i kommunen.
Post og arkivrutinar: Innkomen post registrerast i den einskilde kommune. Saksbehandlar skal
ha til gang til og nytte nødvendig saksbehandlingsverkty for begge kommunane.
Oppseiingsfrist 1 år mellom partane. Ved misleghald opphøyrer samarbeidet straks.
Samarbeidsordninga skal evaluerast årleg på møte ved utgongen av året. Vertskommunen har
ansvar for at slike møte vert arrangert.
Framlegg til avtale har vore ute til fagorganisasjonane Naturvitarane og Fagforbundet.
Fagforbundet ser det som viktig at avtalen blir evaluert etter eitt år, og at det er eit ønskje om
å kunne vere med å påverke innhaldet i avtalen undervegs dersom det skulle oppstå ting som
ikkje fungerer. Naturvitarane trur at avtalen vil gje eit sterkt, fagleg miljø. Dei peikar på at
dersom arbeidstakarane vert pålagt oppmøtestad ein anna stad enn dei er tilsett, er det rimeleg
at dette vert kompensert med at reise kan gjerast i arbeidstida, samt dekking av
reisekostnader.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
I avtalen er det skissert ei fordeling av kostnader mellom Eid og Gloppen med 40:60. Det skal
i utgangspunktet ikkje føre til meir kostnader for Gloppen kommune.
Rådmannen si vurdering:
Det vil, så langt rådmannen ser det, føre til ei styrking av landbrukskontoret ved å inngå eit
samarbeid med Eid kommune. Samarbeidet vil gi eit større fagmiljø, der det kan vere høve til
meir spesialisering enn i dag og auka kompetanse på området. I tillegg vil ein vere mindre
sårbar ved sjukdom og permisjonar, dette under føresetnad av at ein har noko overlapping
mellom dei tilsette.
Fagorganisasjonane er positive til eit samarbeid.
Avtalen har ikkje vore ute til faglaga for uttale.
Ved eit felles landbrukskontor kan det bli trong for ei styrking av staben som arbeider på
landbrukskontoret, fordi det blir fleire søkjarar og fleire saker innanfor området. Dette ut frå
at Eid kommune har hatt lite folk på området i ein periode.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del vedlagde avtale med Eid kommune om felles
landbruksforvaltning for kommunane Eid og Gloppen.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Per Ove Fossheim
Møtedato
19.05.2016
Saksnr
076/16
Objekt:
Arkiv:
Q14
Arkivsaknr.:
12/581-46
Investeringar for 2016 på kommunale vegar, bruer, gatelys og park/idrett
Vedlegg:
Dok.nr
268474
Tittel på vedlegg
Fast dekke på gardsvegen på Hope
Bakgrunn for saka:
I investeringsbudsjettet for 2016 er det løyvd 3,5 mill. til investeringar i kommunale vegar,
bruer, gatelys og park og idrett. I denne saka ber rådmannen MULTEK-utvalet prioritere kva
vegar som skal asfalterast i år. I tillegg er det orientert om status/plan for dei andre
investeringane som ligg inne i løyvinga.
Saksutgreiing:
I 2015 vart arbeid med fast vegdekke på kommunal veg frå Ryssfjøra til Vereide ferdigstilt. I
tillegg vart kommunal veg asfaltert frå kryss fylkesveg 697/Loggane på Moane til bustadfeltet
på Leitingshaugen, ei strekning på ca. 530 meter.
I 2014 og 2015 var Steinsåkervegen sett opp som prioritert vegstrekning for re-asfaltering,
men vart utsett. Vegen er i dårleg stand og har djupe hjulspor på strekninga. Det må difor
leggast eit avrettingslag før slitelag vert lagt. I sentrum av Sandane har vi ei strekning frå
kryss fv.615 v/Gloppen hotell til brua mot Rema 1000. Her får vi ofte slaghol og er vanskeleg
å vedlikehalde. På Hjelle har vi ei strekning på ca 400 meter som har stort behov for reasfaltering. Vi har også over fleire år ytra ønskje om å få re-asfaltert deler av denne
vegstrekninga. På Kleivedammen er vegstrekninga forbi Best-stasjonen dårleg og bør reasfalterast.
Det er tenkt brukt 1 mill. til asfaltering for 2016. Vi har fleire vegstrekningar som har stort
behov for re-asfaltering. Nokre av desse vegane bør prioriterast i år. Rådmannen si
prioriteringsliste for re-asfalterast ser slik ut:
Prioritering:
1. Steinsåkervegen med avrettingslag og slitelag.
2. Kryss 615 v/Gloppen Hotell til bru mot Rema 1000.
3. Hjelle
4. Kleivedammen v/Best-stasjonen.
Kostnader:
kr 700.000,kr 100.000,kr 200.000,kr 130.000,-
Vegstrekningane er innteikna med raud strek på kartutsnitta som følgjer:
Steinsåkervegen:
Kryss 615 v/Gloppen Hotell til bru mot Rema 1000:
Hjelle:
Kleivedammen v/Best-stasjonen:
Kommunale grusvegar:
Kommunen har motteke brev frå oppsitjarane på Hope med ønskje om vegen på Hope kan bli
prioritert for å få fast dekke, sjå vedlegg. Grusvegen har ei lengde på ca. 1000 meter og
kostnaden med fast dekke er estimert til ca. kr. 5-600.000,-. Av andre kommunale grusvegar
vi driftar og har vedlikehald på er Fitjevegen frå krysset ved fv. 615 til Hermod Huus. Dette er
ei vegstrekning vi har utfordringar med å halde ein god standard på. Denne strekninga er ca
260 meter. Kostnad med etablering av fast dekke er estimert til ca 150-200.000,-.
Det er ikkje sett av midlar til asfaltering av kommunale grusvegar i 2016. Dersom vi skal få
utført ny-asfaltering av kommunale grusvegar må det tilførtast friske midlar til dette, evt.
omprioritere tilrådd løyving til re-asfaltering.
Status/plan for dei øvrige investeringane som ligg inne i løyvinga på 3,5
mill:
Kommunale bruer:
Det er tenkt brukt 0,5 mill til bruer i 2016. I 2015 vart det prosjektert og utarbeidd
tilbodsdokument for rehabilitering av Hope bru 1 (den nederste brua på Hope). Vi har skrive
kontrakt med Mesta og arbeidet skal vere ferdig til 29.05.2016. Kostnaden for rehabiliteringa
er på vel 440.000,- eks. mva.
Gatelys:
Vi har eit etterslep på oppgradering av gatelys og anna utstyr på 2-3 mill. kr og det er behov
for å få løyvd årlege midlar til dette. Det er i investeringsbudsjettet tenkt brukt 0,5 mill i 2016
for å ta noko av etterslepet. Vi vil prioritere å få byte ut gamle/ikkje lovlege el-skap med skap
som oppfyller krava til slikt utstyr. I tillegg er det behov for å skifte ut gamle/øydelagde
lysarmaturar.
Kai Hestenesøyra:
Oppgradering av kaifront på den kommunale kaia på Hestenesøyra var planlagt utført i 2015.
Arbeidet vart ikkje utført og midlane overført til 2016. Det er sett av 0,1 mill. til dette tiltaket
og er planlagt utført i 2016.
Skogsrydding:
Det er eit auka behov/etterslep på skogs- og vegetasjonsrydding i kommunen og spesielt langs
trafikkert vegareal (trafikksikkerheit). Det er i investeringsbudsjettet tenkt brukt 0,5 mill i
2016 for å ta noko av etterslepet. I vinter er det utført vegetasjonsrydding for 400.000,-. Dette
er arbeid utført i eigen regi. I tillegg er det behov for å leige inn hjelp til å utføre arbeid som
krev spesialkompetanse.
Idrettsanlegg:
Det er behov for utskifting av små maskiner og anna utstyr. Det er i investeringsbudsjettet
tenkt brukt 0,15 mill til kjøp av traktorklippar. Kommunalteknisk avdeling har frå 2016 tatt
over ein god del av vedlikehaldet av idrettsanlegg og vi har lite midlar på drift av
idrettsanlegg. Det er behov for å gå til innkjøp av ein ny traktorklippar (til Byrkjelo stadion),
men vi håpar at klipparen vi har der i dag klarer drifta i år og. Pr. i dag har vi ikkje nytta noko
av denne summen, men får vi større reparasjonar har vi for lite midlar på driftsbudsjettet til å
takle dette.
Småmaskiner og utstyr:
Dette er ein post som har lege inne på økonomiplanen med ei årleg løyving på 0,25 mill. Det
er planlagt å kjøpe ein ekstra sandstrøar til vintervedlikehaldet. I dag har uteseksjonen berre
ein sandstrøar og vi ser det til tider er utfordrande å nå over heile vegnettet tidsnok når
behovet melder seg. I tillegg er det plan om innkjøp av eit ekstra brøyteskjer.
Ny bil:
Det er behov for å skifte ut «gartnerbilen» (liten Merzedes lastebil) med ny bil av same
storleik som også kan nyttast til vinterdrifta (sandstrøar) for å auke kapasiteten vinterstid. Det
er tenkt brukt 0,1 mill på investeringbudsjettet for 2016. Dette er for lite til å gjere ei slik
investering. Vi ønskjer å nytte restsum frå kjøpet av ny traktor til å dekke kostnaden. Restsum
for kjøp av traktor er på kr 0,55 mill.
Autovern/vegrekkverk:
Det er i investeringsbudsjettet tenkt brukt 0,1 mill til oppsetting av autovern. Det er planlagt å
sette opp autovern på ei strekning ned mot Ryssfjøra (ca 150 m). I tillegg ønskjer vi å sette
opp autovern langs ein vegstrekning i Valborgkleiva (ca 75 m).
Vegutbetring og vegutvidingar/møteplassar:
Det er tenkt brukt 0,3 mill i investeringsbudsjettet til vegutbetring og vegutvidingar/
møteplassar for 2016. I planen er det sett opp behov for å ta att ein mur på vegen ved
Ravnestad (0,3 mill). Det er no sett i gang nødvendig strakstiltak/reparasjon av ein vegmur
inkl. nyoppsetting av støypekant ved «Storesvingen» i Indre Kandal. Arbeidet er ikkje
ferdigstilt, men kostnaden kjem truleg på ca. 0,2 mill kr. Det vil bli vurdert om muren på
Ravnestad kan reparerast med restmidlane. Mest truleg bør restsummen settast av som buffer
til uforutsette ting for resten av året og ta igjen muren på Ravnestad i 2017.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Tiltaka er i innanfor avsett ramme i årsbudsjettet for 2016.
Rådmannen si vurdering:
Nytt asfaltdekke på Steinsåkervegen har blitt utsett dei to siste åra og bør prioriterast i år. Her
er vegdekket i dårleg stand og skal resultatet bli godt, må det først leggast eit avrettingslag før
slitelaget vert lagt. I tillegg til Steinsåkervegen ønskjer rådmannen å få re-asfaltert strekninga
ved kryss 615 v/Gloppen Hotell til bru mot Rema 1000 samt vegstrekninga på Hjelle. Samla
kostnad for desse 3 vegstrekningane er kostnadsrekna til 1,0 mill kr.
Oppstart av rehabilitering av Hope bru 1 er i startgropa og det er sett av kr. 500.000,- i
budsjettet for dette arbeidet. Rådmannen ber om godkjenning på at dette arbeidet blir utført.
Rådmannen ber om at dei andre tiltaka som er gjort greie for vert godkjent slik dei ligg føre.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet godkjenner rådmannen sitt forslag til asfaltering av kommunale vegar i
2016 og oppgradering av Hope bru 1.
Utvalet godkjenner også framlegget som ligg til grunn for bruk av midlane på dei andre tiltaka
som det er gjort greie for.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Avgjerd av: MULTEK-utvalet
Saksbehandlar: Per Ove Fossheim
Møtedato
19.05.2016
Objekt:
Arkiv:
Q15
Saksnr
077/16
Arkivsaknr.:
15/750-4
Overtaking av privat veg på Byrkjelo
Vedlegg:
Dok.nr
265617
Tittel på vedlegg
Søknad om kommunal overtaking av privat veg på Byrkjelo
Bakgrunn for saka:
Eigarane av Fjellvegen 6-14 i Byrkjelo sentrum søkjer om kommunal overtaking av vegen.
Saksutgreiing:
Vegen er ca. 100 meter lang og 6 meter brei. Vegen er bygd med takfall ut til sidene der det er
etablert sluk/gaterist på begge sider av vegen.
Søkjarane skriv at vegen er i god stand, har godt veglys og vart dekkelagt med asfalt hausten
2015. Den er bygd slik reguleringsplanen viser.
Kommunen har vedteke retningslinjer for overtaking av veg, vatn og avløpsanlegg:
§1-4 Vilkår for kommunal overtaling
Dersom kommunen skal overta VVA-anlegg må følgjande vere oppfylt:
 VVA-anlegget må vere bygd i samsvar med desse retningslinjene
 All planlegging og utføring av VVA-anlegg skal utførast av føretak, godkjendt etter
gjeldande reglar gjevne i, -eller i medhald av plan og bygningslova.
 Det må gjerast særskilt vedtak i teknisk, landbruk og kulturutvalet om overtaking
I retningslinjene er det krav til bærelag, fast dekke (asfalt) og veglys m.m før overtaking av
private vegar.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Små økonomiske konsekvensar.
Rådmannen si vurdering:
Kommunen har i dag eit stort etterslep på vedlikehald og opprusting av kommunale vegar.
Difor bør ikkje kommunen ta over private vegar før dei oppfyller krava i retningslinjene som
gjeld. Fjellvegen nr. 6-14 oppfyller krava og rådmannen vil godkjenne søknaden om
kommunal overtaking.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner søknaden om overtaking av
Fjellvegen nr. 6-14 i Byrkjelo sentrum.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Runar Kleppe
Møtedato
19.05.2016
13.06.2016
Objekt:
Arkiv: 614 M70
Saksnr
078/16
Arkivsaknr.:
15/1100-13
Ny brannstasjon på Sandane - tomteval
Ingen vedlegg.
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
Det er frå sentralt hold sett fokus på kreftfaren ved brannrøyk og reinhald av brannkle.
I dag er det ikkje fasilitetar som stettar krava til rein og urein sone i eksisterande
brannstasjon. Dette vil krevje ei ombygging og meir areal i og utafor stasjonen. Her er
det vanskeleg å sjå utviklingspotensiale, og det er heller ikkje ynskjeleg med ei slik
utviding midt i sentrum. Det vert stadig fleire oppdrag som vert sett til brann- og
redningskorpset. For å stette desse krava til hygiene og persontryggleik må det
ombygging til. I dag har vi ingen fast plass når vi skal kurse personell og andre i
røykdykking og slukking av brann, og det er truleg berre eit tidsspørsmål på kor tid
Arbeidstilsynet vil krevje betre personalforhold ved stasjonen. Ved ein ny stasjon er
det ynskjeleg med areal slik at ein kan få samla all aktivitet på eit område.
Kvifor ny brannstasjon?
Hovudbrannstasjonen i Sandane ligg i dag midt i sentrum. Kommunen disponerer
ikkje uteareal utafor bygget. Tomtegrensa går heilt i veggen mot sør og utkøyringa
mot aust er rett ut i Grandavegen. Det set begrensingar på aktiviteten som naturleg
høyrer til brannvesenet som øvelsar og stell av utstyr. I stasjonen er det for lita høgde
på garasjane. Vi har området med lita vassforsyning og har derfor krav om tankvogn.
Vi har no etter søknad fått innvilga tilskot frå Statens Vegvesen til fornying av slik
tankvogn. I dagens stasjon har vi høgde begrensing på 3,20 m. Dei fleste av desse
bilane har ei større høgde. Sentrumsanalysane peikar på at ein del funksjonar i dette
området kunne ligge utafor sentrumsområdet. Brannstasjon er ein av desse
funksjonane, og i dei forslag til sentrumsutvikling som ligg føre er, er ikkje
brannstasjon ein del av planen.
Gjennom «Interkommunalt Utval for Akutt forureining» har vi fleire pallar med lenser
som står på ulike lager. Desse er for oppsamling av olje på sjøen, i elva og i vatn.
Desse må vere lett tilgjengelege. Det vil i dag ta uforholdmessig mykje tid å
hente/framskaffe dette utstyret, slik det er plassert i dag..
Røde Kors nyttar i dag vårt møtelokale i 2. etasje på brannstasjonen. I tillegg har dei
fått sett inn hengarane med utstyr i garasjen som ambulansane nytta tidlegare. Sjølv
om Røde Kors ikkje ligg under det kommunale brannvesenet, er dei ein del av
redningskjeda og vi føler litt ansvar for å legge til rette for deira aktivitetar.
Brannsjefen ynskjer derfor å planlegge for ny stasjon. Samtaler med politiet viser at
dei har for små lokaler og at dei vil vere med på planlegginga av ein samlokalisert
stasjon for både brann og politi. Dei har allereie i dag for lite lokale og skal vi ha ei
samlokalisering må planlegginga starte no. Dette har lensmann klarert med sin
politisentral, og vi vil med dette kunne dra nytte av samlokaliseringfordelar.
--I budsjettet for 2016 er det sett av 8 mill. til ny brannstasjon på Sandane. Meininga var
å kjøpe det såkalla «Epirbygget» i Mona til formålet. Bygget er no utleigd til Olav
Hjelmeset A/S med opsjon på kjøp. Dette alternativet for ny brannstasjon er derfor
ikkje lenger aktuelt.
Lokalisering av stasjon ser vi føre oss på «Faleideflata». Området er regulert til
industriformål og er i kommunal eige. Utrykningstida vil då vere kort til
omsorgssenteret, eldrebustadar og bustadfelt i området. Brannsjefen ser derfor
lokaliseringa som god, og med tanke på nær tilkomst til E39. Før det er utarbeidd eit
forprosjekt er det vanskeleg å anslå kostnad på prosjektet, men det er viktig å kome i
gang med planlegginga, for å kunne ta med seg gevinsten med samlokalisering. Det er
stasjonar som har fått pålegg om utbetring av personalfasilitetar ved brannstasjon. Det
er ikkje areal nok eller framtidsretta å bygge om noverande stasjon.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet tar orienteringa til orientering, og er innforstått med at rådmannen
arbeider vidare med planlegging av ny brannstasjon med dei midlane som er avsette på
budsjettet for 2016.
04.02.2016 MULTEK-UTVALET
004/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet ber om at det blir gjennomført ei brei vurdering av lokalisering i det
vidare arbeidet, og at det blir arbeidd vidare med spørsmålet om samlokalisering.
Vedtaket var samrøystes.
15.02.2016 FORMANNSKAPET
015/16 VEDTAK:
Formannskapet tar orienteringa til orientering, og er innforstått med at rådmannen
arbeider vidare med planlegging av ny brannstasjon med dei midlane som er avsette på
budsjettet for 2016.
Formannskapet ber om at det blir gjennomført ei brei vurdering av lokalisering i det
vidare arbeidet, og at det blir arbeidd vidare med spørsmålet om samlokalisering.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling av saka – tomteval
Saksutgreiing:
Det vert vist til tidlegare vedtak, der det vert bedt om ei breiare vurdering av tomtealternativ
til plassering av ny samlokalisert brann- og politistasjon. Gloppen Brann og Redning har ikkje
kasernert (vaktlag i stasjonen) mannskap. Mannskapet som er tilknytt stasjonen på Sandane er
deltidsmannskap som har andre gjeremål til vanleg. Lokaliseringa er derfor avhengig av både
tilkomst for mannskap til stasjonen og utrykningstid frå stasjonen til dei objekta ein kunne
måtte rykke ut til. Det vil i praksis seie at vurderinga går på kvar mannskapet bur og kva
bygning eller objekt der vi har krav til utrykningstid. Området som er vurdert er derfor frå
Kattehamrane til og med Kleivedammen. Eidsmona og samlokalisering med uteseksjonen har
og vore vurdert. Vi har krav på ei utrykningstid på 10 minutt til omsorgsenteret. Reknar vi då
5 minutt, på natt, til mannskap har fått på seg klede og er starta på veg til stasjonen vil vi ikkje
rekke å køyre i Eidsmona, hente brannbil, på dei 5 minuttane som er igjen. Vi har derfor
vurdert det som ikkje aktuell lokalisering
Rådmannen si vurdering:
Desse områda er vurderte: Kattahamrane, Øyrane, Sentrum, tomt ved sida av omsorgssenteret
og «Faleideflata».
Kattahamrane:
Med hensyn til areal er det her areal som er stort nok for ein slik stasjon. Det er likevel ikkje
1. prioritert tomteval, då størte delen av mannskapet bur i Åsen eller Bukta og må då køyre
gjennom Sandane for å kome til stasjonen. Det er og lenger utrykningstid til dei viktigaste
objekta som vi har spesielle krav til. Ei sjøretta tomt må utnyttast til næring som rettar seg
mot sjø og lett tilkomst til kai.
Øyrane:
Området rundt utstillingsplassen og båthamna er i ein reguleringsprosess, med ynskje om å få
til ei betre utnytting av ei sjønær tomt. Dette området er så langt tiltenkt bustad, båt og
museumsaktivitet. Dette kan ikkje kombinerast med ein brann- og politistasjon. Den såkalla
«utstillingsplassen» har vore og er fortsatt tenkt, som ein fri plass som for eksempel
sirkusplass og bevaring av historia rundt plassen.
Sentrum:
Ein slik stasjon det her er snakk om, vil krevje ein del uteområdet, både for køyretøy, mindre
øvingar og parkering. Kommunen eig ikkje meir enn rundt murane på brannstasjonen som
fungerer i dag og må i så fall erverve meir areal. Gjennom fleire stadanalysar er det peika på å
utnytte arealet i sentrum betre for andre sentrumsfunksjonar som bustad, forretning o.s.v. Ved
å flytte ut brannstasjon av sentrum vil ein kunne regulere området på ein måte som er i tråd
med sentrumsutvikling.
Området ved omsorgssenteret:
Arealet ligg nord-vest for Gloppen omsorgssenter og er i privat eige. Jakob Erik Lothe som
eig arealet har tilbode kommunen å kjøpe området. Det er i kommuneplanen avsett til
offentlege formål. Det er i dag ein del skog på området og ein sandrygg som gjer at arealet ser
mindre ut. Tomten har eit areal på ca. 11 da. Utnytting av tomta her vil krevje kjøp, regulering
og ein plan for utnytting av området. Ved ei skoging og planering vil tomten få ei god utsikt,
og vil vere godt egna til både omsorgsbustader og ville lett kunne utnyttast til bustader.
Faleideflata:
Denne tomten ligg ved sida av Frydenbø Bilsenter med tilkomst frå Åsavegen. Tomten er
regulert til industri og er eigd av kommunen. Mannskap frå Bukta og byggefelta i Åsen kan
nytte Åsavegen. Nokre av mannskapet har sitt arbeid i området. Utrykningstida frå stasjon vil
vere kortare til mange av omsorgsbustadane og omsorgssenteret i tillegg til ulike byggefelt i
Åsen. Det er og kort veg til E-39. Rådmannen ser derfor dette alternativet som det mest
gunstige tomtevalet. Saman med planleggaren er det vurdert ein slik stasjon som det her er
snakk om er innafor reguleringa som er industriformål. Det har vidare vore dialog med
Frydenbø Bilsenter om samkøyring om arealdisponering dersom dette arealet vert valt. Tomta
på Faleideflata vil også ha areal til å kunne huse andre funksjonar, som også på sikt kan bli
flytta ut av sentrum, til for eksempel parkeringsareal.
Konklusjon:
Det er såleis «Faleideflata» som peikar seg ut som det beste alternativet. På kvelds- og
nattetid er det vurdert til at mesteparten av mannskapsstyrken har kortast tid inn til stasjonen.
Det er òg kortast tid til dei objekta der vi har krav til utrykningstid og til dei største
byggefelta. Tomten er i kommunal eige og er regulert til industriformål. Det er drøfta med
planleggar og vi ser ein slik funksjon innafor denne reguleringa. Området er flatt og har lav
opparbeidingskostnader. Det vil bli drøfta og planlagt i samråd med bedrifter i nærleiken både
når det gjeld justering av tomt og eventuell samarbeid om funksjonar som for eksempel
vaskehall.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet godkjenner at Faleideflata vert vald som tomt for samlokalisert brann- og
politistasjon.