Her kan du lese brosjyra.

Kulturkommunen
Informasjon nr. 1 - Mai 2016
Eit levande Ål for Alle!
17. mai program
2|
Ordføraren informerer
og bidrag. Me er glade for at de deler dei erfaringane de sit inne med.
Handelsnæringa og ålingane elles ventar på
at Ålingen skal ferdigstillast. I ventetida håpar
eg at vi som bur i kommunen verdset satsinga
frå den enkelte butikkeigar, og at vi viser det
ved å handle det me treng på Ål, på Samhald
og på Joker Torpo. Begrens netthandelen. Vil
vi ha eit mangfaldig tilbod, må kvar enkelt av
oss ta ansvar og handle i dei butikkane vi har i
kommunen vår.
Gode ålingar!
Det er godt å kjenne at ein etter kvart kjem
inn i den nye jobben og ein annleis kvardag.
Tingstugu er ein god arbeidsplass. Eg har på
kort tid fått innblikk i mykje at det Ål er og har
av ressursar, krefter, initiativ og utviklingsfokus.
Det er utruleg spennande, lærerikt og artig å få
oppleva kor mykje god drift og frivillig satsing Ål
er velsigna med.
Styresmaktene ynskjer seg større og meir
robuste kommunar. Den 8. april fekk vi resultatet frå folkerøystinga vedrørande samanslåing
med Hol kommune. Ungdomane har også fått
sjansen til å uttale seg. Kommunereformarbeidet med holingane har vore interessant. Vi
har blitt betre kjent med både eigen kommune
og naboen. Kommunestyra avgjer den vidare
lagnaden 19. mai i Ål og 1. juni i Hol.
Eg vil ynskje dykk alle ein fin vår og sommar!
Ta kontakt om du har noko på hjarta!
Denne våren har eg vore ute og hospitert i
helse- og omsorgssektoren. Helsepersonell på
Ål bu- og behandling, i heimetenesta, på NAV,
legekontoret og legevakta har vore rause nok til
å ha meg med på slep i ein travel kvardag. For
meg som kjenner oppvekstsektoren best, er det
verdifullt å bli betre kjent med dei utfordringar og
gleder som også finst innan andre fagetatar. Eg
er berre i starten på besøksrunden. Takk til alle
for at de tek så godt i mot meg!
Servicetorget
Det er spennande å følgje framdrift og utvikling
ved Nye Hallingdal Sjukestugu. Samarbeidet
med Ringerike sjukehus blir lagt merke til blant
helsepolitikarar på Stortinget, men også over
heile landet. Med installeringa av CT-skannaren
som kjem i mai, vil tryggleiken for hallingar og
hyttefolk blir endå større. Den 1. september vil
Nye HSS opnast. Det blir ein merkedag.
Husvære for utleige
Næringslivet i Ål er mangfaldig. Næringsstyret
i kommunen har starta arbeidet med å revidere
strategisk næringsplan. I samband med det
har me teke kontakt med næringsaktørar innan
mange bransjar. Desse har kome med innspel
Solveig Vestenfor
ordførar
Tlf.: Faks:
Epost: 32 08 50 00
32 08 50 99
[email protected]
Opningstider
Vanlege opningstider kl. 9.00-15.30
1. juli – 15. august:
kl. 9.00-15.00
For å hjelpe nytilflytte til Ål med husvære, er
vi interesserte å kome i kontakt med personar
som har hus/husvære til leige. Kontakt oss på
epost [email protected] eller
tlf. 32 08 50 00.
I redaksjonen:
Sissel Skrindo, Grete S. Lundekvam, Inger Lervåg,
Reidun Aaker, Anne Kaslegard og Turid Hilde
Gåsbakk
Neste brosjyre kjem ut: nov/des 2016
Drift og utvikling | 3
Helsetunutbygginga er i rute
20 sengeplassar til Hallingdal sjukestugu og ny
dialyseavdeling og blodbank blir ferdige til
innflytting i september i år.
Resten av utbygginga: 21 kommunale kortidsplassar,16 omsorgsbustader og nye lokale til
legevakt/legesenter blir ferdig i januar 2017.
adresser, stader og eigedom over heile landet.
For Ål kommune ligg det i tillegg ekstra kartinformasjon om kommune- og reguleringsplanar,
planar under arbeid, eigedomsinformasjon,
godkjente bygg/tiltak og 10 turfavorittar i Ål.
Kommunekart på PC er tilgjengeleg frå
heimesida vår eller på nettbrett og mobiltelefon
(gratis app kan lastast ned på Google Play og
App Store).
Kommunedelplan for Sundreområdet
Ål kommune legg i desse dagar ut kommunedelplan for Sundreområdet til offentleg høyring.
Planen er ein overordna plan for tettstaden Ål
sentrum. Planen syner korleis Ål kommune
ønskjer at tettstaden skal utvikle seg dei næraste
12 åra.
Planen syner m.a. framtidige bustadområde,
næringsområde, friluftsområde, kulturmiljø,
vegar og gangvegar.
Ny kartløysing for Hallingdal kommunekart
Hallingkart er erstatta av Kommunekart.
Kommunekart gir deg detaljerte kart, flybilete og
3d kart over heile Noreg. Du kan søkje opp
Planframlegget skal ligge ute til høyring i 12
veker. Dette vil bli annonsert i lokalavisa og på
heimesida til Ål kommune. Vis interesse og kom
med merknad til planframlegget. Slik kan du vere
med og forme lokalsamfunnet ditt.
Foto: Heidi M. Oskam
4 | Drift og utvikling
Friluftslivkartlegging
Ål kommune skal kartlegge areal brukt til
friluftsliv i kommunen, og fastsette verdi.
Resultatet blir eit temakart, som vil vere eit viktig
verktøy for å identifisere, utvikle og ivareta areal
for friluftsliv i kommunen. Temakartet samlar
kunnskap, men har ingen juridisk binding av
områda. Områda blir ikkje “verna”, det seier
berre noko om korleis områda blir brukt.
Kommunen har noko dokumentasjon frå tidligare, men treng langt meir. Vi ynskjer innspel frå
brukarar, og har difor sendt brev til organisasjonar, lag, foreiningar og enkeltpersonar for
å få tilbakemelding. I brevet har vi spurt om i kva
for område de utøver friluftsliv og kvifor. Om du
kunne tenke deg å bidra, vil vi gjerne høyre frå
deg. Skriv ein e-post, brev eller liknande med
namn på områda du utøver friluftsliv i, i lag med
ei skildring av bruken. Kva årstid, kva som er
spesielt i området.
Ta kontakt om du har god kjennskap til friluftsliv i
heile eller delar av kommunen, og kan tenke deg
å vere med i ei referansegruppe for å bidra med
dine erfaringar. Referansegruppa vil møtast 1- 3
gonger i løpet av dette og neste år.
Prosjektet er eit nasjonalt satsingsområde og
fylgjer Miljø-direktoratets rettleiar M98-2013.
Ål kommune gjer kartlegginga i samarbeid
med andre kommunar i Buskerud. Buskerud
Fylkeskommune er prosjektkoordinator.
Tilbakemeldingar kan du sende inn på fylgjande
måtar:
•
Om du skriv brev: Friluftslivskartlegging
v/Ingvild Sundgot, Torget 1, 3570 Ål
•
eller på e-post: [email protected]
Skriv tydeleg namn og adresse/e-post, slik at vi
kan få tak i deg om vi treng meir opplysningar.
Drift og utvikling | 5
6 | Drift og utvikling
Taksering eigedomsskatt har starta
opp
Utvendig synfaring av alle eigedomar starta opp
i månadsskiftet april-mai og vil foregå i heile
sumar.
Registrerte eigarar av bygningar har fått tilsendt
eige infobrosjyre. Brosjyra kan og lesast på
heimesida vår under eigedomsskatt.
•
•
•
Adressering – husnummerskilt og
vegnamnskilt
Nesten 95 % av alle hus og hytter har no fått
offisiell vegadresse. Resten vil få etter kvart som
vegnamna er godkjente. Eigar er pliktig å sette
opp godkjent nummerskilt på bygget medan det
er kommunen som er ansvarleg for å sette opp
skilt med vegnamnet. Dette er ein omfattande
jobb slik at vi ikkje maktar å få opp alle skilta i
løpet av sumarsesongen i år, men håpar at alt
skal vere skilta innan hausten 2017.
•
Grøftetilskot
•
Nytt frå 2016: Tilskot til drenering er utvida til å
gjelde alle planerte areal - også dei areala som
ikkje har vore grøfta tidlegare.
Sjå Ål kommune si heimeside under Teknisk,
eigedom og næring/tilskot for meir informasjon.
Treng eg å søkje om byggeløyve?
Skal du bygge, endre eller rive garasje,uthus,
bod eller liknande på inntil 50 m²? Eller bygge eit
tilbygg mindre enn 15 m²? Om eitt eller fleire av
vilkåra nedanfor ikkje er oppfylte, må du søkje
og få løyve frå kommunen før du kan setje i
gang.
For frittståande bygningar, som garasje og
bod, gjeld følgjande vilkår:
•
Det du skal bygge må vera i samsvar med
gjeldande plan for området
•
Eigedomen bygningen skal stå på må vera
bygd frå før
•
Maks. 50 m² bruksareal (BRA) eller bebygd
areal (BYA)
•
Mønehøgde maks. 4,0 m og gesimshøgde
maks. 3,0 m. (Målt frå gjenomsnittleg planert terreng kring bygningen.)
•
Maks. ein etasje, og ikkje kjellar
•
•
•
•
Plassering minimum 1,0 m frå nabogrense
og frå annan bygning på eigen eigedom.
Kan ikkje brukast til å bu i. Det vil seie ikkje
til kjøkken, stugu, soverom eller våtrom.
Døme på kva bygningen kan brukast til er
garasje, uthus, bod, veksthus, leikehus.
Det du skal bygge må ikkje plasserast over
vatn-og avlaupsnettet. Sjekk evt.
avstandskrav med kommunen.
For mindre tilbygg gjeld også
følgjande vilkår:
Kan ikkje vera rom til varig opphald, som
kjøkken, stugu, soverom våtrom, gang
e.l. Døme på kva tilbygget kan brukast til
er: veranda/ terrasse, ope overbygd inngangsparti eller ved-og sykkelbod er andre
døme.
Maks 15 m² bruksareal (BRA) eller bebygd
areal (BYA)
Plassering minimum 4,0 m frå nabogrense
(Takutstikk kan ha ein avstand på 3,0 m.)
Dei arbeida som er unnateke søknadsplikt, er det ikkje krav til nabovarsling etter
reglane i plan-og bygningslova, men det er
alltid lurt å snakke med nabo på førehand.
Når bygget er ferdig må du melde frå til
kommunen om dette.
Ikkje ver redd for å kome med spørsmål til
sakshandsamarane Olav, Borgar og Åsne
på byggesak.
Kultur | 7
Ål bibliotek
Ål bygdearkiv
Tlf. 32 08 50 91
E-post: [email protected]
www.aalbygdearkiv.no
facebook.com/aalbygdearkiv
Opningstider:
Tlf.: 32 08 51 20
E-post: [email protected]
www.aalbibliotek.no
facebook.com/aalbibliotek
Vanlege opningstider:
Måndag 10 – 19
Tysdag 10 – 19
Onsdag 10 – 19
Torsdag 13 – 19
Fredag 10 – 15
Laurdag 11 – 14
torsdag 10-17, laurdag 10-13
Opningstider Gamle Aal:
onsdag 11-14, fredag 11-14
Ål bygdearkiv har rydda i gamle arkivaliar, og her
finst mykje interessant lesnad for historieinteresserte. Velkomen innom!
Opningstider i sommarferien:
(f.o.m. 22. juni t.o.m. 16. august)
Tysdag 10 – 15
Onsdag 10 – 15
Torsdag 13 – 18
Fredag 10 – 15
Sommarles 2016
Biblioteket inviterer alle
ungar i 1.-7. klasse til å
delta i lesekampanjen
Sommarles!
Kampanjen varar frå
1. juni til 31. august
og går i år føre seg på
nettet.
Det er premiering undervegs,
og me avsluttar med fest i september.
Bokmessa 2016
Hallingdalsbiblioteka og Norli Ål inviterer til litterært gilde i Ål kulturhus laurdag 19. november.
Fotoutstilling på Ål stasjon
I venterommet på stasjonen har bygdearkivet ei
fotoutstilling med bilete frå Ål og Torpo sentrum.
8 | Oppvekst
Skuleruta 2016/2017
Skuleåret 2016/2017 startar 17. august. Informasjon om tidspunkt for oppstarten ved kvar
einskild skule vert annonsert i Hallingdølen og
på heimesida til Ål kommune ei veke før.
Tilstandsrapport 2015
Kvart år utarbeider oppvekstsektoren ein tilstandsrapport. Denne er no vedteken av
Kommunestyret og er lagt ut på
www.aal.kommune.no
Skuleruta for 2016/2017
Fylgjande skulerute er vedteke for skuleåret
2016/2017:
Månad
Antal Feriar og
dagar fridagar
August 11
Første skuledag
onsdag 17/08
September 22
Oktober
16
Haustferie 03/10-09/10 (veke 40)
November 21
Elevfri dag måndag 14/11
Desember 16
Siste skuledag torsdag 22/12
Januar
21
Første skuledag tysdag 03/01
Februar
18
Vinterferie 27/02-05/03
(veke 9)
Mars
20
Vinterferie 27/02-05/03 (veke 9)
April
13
Påskeferie 10/04-18/04
(Regional kursdag 18/04)
Mai
19
Fri måndag 01/05, onsdag 17/05, torsdag 25/05 og fredag 26/05
Juni
13
Fri måndag 05/06. Siste skuledag før sommarferien er tysdag 20/06
SUM
190
skuledagar
Merknadar til skuleruta:
•
•
•
•
Etter vedtektene for barnehagane i Ål startar barnehageåret samtidig med skuleåret.
Foreldre/føresette bør ikkje be elevane fri
utanom oppsette ferie og planleggingsdagar.
Etter Opplæringslova § 2-11 kan det
maksimalt gjevast permisjon for elevar inntil
10 dagar.
Siste skuledag før jule- og sommarferien
følgjer timeplanen når det gjeld lengde på
dagen.
Ål kulturskule
- ein kreativ og leiken kvardag!
Søknadsfrist for gamle og nye elevar er
1. juni 2016.
De søkjer via portalen vår som er linka
frå heimesida www.aalkulturskule.no
eller www.aal.kommune.no
Me har mange spennande disiplinar som ventar
på deg!
Siste veka i juni har vi ny stor sommarfest for
alle elevar. Opent arrangement for alle i øvre
foajé og storsalen.
Velkomne til dans-, teater-, kunst- og
musikkframsyning på Ål kulturhus.
Oppvekst | 9
Ungdom i Ål
Treng du nokon å prate med?
Ungdomslosen kan tilby støttesamtaler, ulike
gruppetilbod, jobbe med relasjonsbygging,
motivasjonsarbeid
og foreldresamarbeid. Ungdomslosen skal vere
med og samordne tilbod og legge til rette for
tettare oppfølging av elevar på ungdomsskulen
som er i risiko, samt trygge overgang ungdomsskule og vidaregåande skule. Målsettinga
er mellom anna:
•
Førebygge rusproblematikk og potensielle
utfordringar i den psykiske helsa.
•
Fange opp elevar som har manglande omsorg, støtte og oppfølging frå føresette.
•
Førebygge og fange opp elevar som manglar nettverk, opplever mobbing og sosial
isolasjon.
Elevar, føresette, tilsette i skulen og samarbeidsinstansar kan ta direkte kontakt med
ungdomskonsulenten/ungdomslosen.
Ungdomslosen er å treffe på
ungdomsrommet på loftet ved
Ål ungdomsskule:
måndag
onsdag
kl. 09.00-16.00
kl. 11.00-16.00
Lokalsamfunn med MOT
MOT set ungdom sine liv i sentrum
MOT hjelper ungdom til å ta eigne val og
syne mot –
MOT til å leva, MOT til å bry seg og
MOT til å seia nei
Skuleåret 2015/2016 er
fylgjande ungdommar skolert
til Ungdom Med Mot
Anne Berit Gudbransdsgard,
ungdomskonsulent/ungdomslos
tlf. 99 79 90 34
Ål ungdomsråd
Bak frå venstre: Henrik Opheim Berg, Hedda
Frantzen, Mari Svensgård, Nora Grue og Oda
Sundgot. Framme frå venstre; Aleksander N.
Buseth, Amalie Køk og Anne S. Danielsen.
---------------------------------------------------------------Bilde til venstre: Nora Sato, Nora Fosse, Gaute
Gurigard Skurdal, Inga Stoveland Dekko,
Helene-Marie Maudahl og Karianne Sato.
Framme ordførar Solveig Vestenfor og leiar
Otilie Røer Tvedt.
10 | Oppvekst
Innvandrartenesta
Vil du hjelpe til med ei betre
integrering av busette flyktningar i
Ål kommune?
Flyktningtenesta treng hjelp til mange
oppgåver. Det har vore store endringar i
flyktningsituasjonen siste året. I Ål kommune har
vi og busett fleire, vi vil vera med å ta ansvar i
denne situasjonen. I 2015 busette vi 15 personar
og i 2016 skal vi busette 25 personar inkludert
familiegjenforening. Av desse har 10 familiemedlemmar alt kome. Dei fleste kjem frå Eritrea,
men vi har og busett frå Syria og Burundi i
haust. Dei fleste er einslege, og mange unge,
flest menn, men og nokre kvinner.
Vertsfamiliar
Ta kontakt med oss om familien kan vera
vertsfamilie for ein einsleg mindreårig, i fyrste
omgang berre helger og ferier. Til hausten skal
vi busette 4-5 einslege mindreårige. Det fyrste
året vil dei gå på Hallingdal folkehøgskule på
Gol, men dei skal ha tilknyting til Ål kommune
som vil vera deira heimkommune. Etter året på
folkehøgskule vil dei bli busett i bufellesskap/eigen leilegheit i Ål. Vi treng vertsfamiliar til desse
ungdommane, ein familie som dei kan koma til
i delar av feriar og nokre helger. Om din familie
er interessert så ta kontakt med flyktningtenesta
for å få meir informasjon.
Bustader/praksisplassar
Vi busett no mange einslege vaksne, og vi treng
fleire leilegheiter/hyblar. Ein flyktning som blir
busett går fyrst to år på introduksjonsprogam
for flyktningar. Målet med programmet er å
komme i arbeid eller starte med utdanning etter
dei to åra. Dei går på vaksenopplæring 4 dagar
i veka og har språkpraksis ein dag. Praksisplassane er viktige for å praktisere norsk og for å få
kjennskap til arbeidslivet.
Flyktningven
I haust og vinter har vi fått fleire flyktningvener
og mange positive erfaringar med det. Ein norsk
flyktningven kan ha kontakt med ein busett person eller ein familie, dei kan treffast 1-4 gongar
i månaden og gjere noko saman, lage mat,
gå ein tur, handle, idrett, spel, musikk osv. Ta
kontakt med Frivilligsentralen.
Språktrenarar
Vi treng og nokon fleire som kan vera språktrenar på vaksenopplæringa. Dette er språktrening
etter skuletid for dei vaksne som skal lære seg
norsk.
Skiutstyr/syklar
Har du skiutstyr (mange vart inspirert til meir
skigåing etter skidag i vinterferien) og syklar til
overs, vil og nokon sette stor pris på det.
For at dei som kjem nye til Ål skal få
eit godt liv er det viktig at dei føler seg
velkomne. Dei treng eit nettverk og ting dei
kan delta på. Dei vil bli kjent og lære nye
ting og ha moglegheiter for å bruke det nye
språket.
Ei oppmoding frå oss:
Hels på dei på gata og butikken, snakk
gjerne litt med dei. Har du litt ekstra tid,
meld deg som flyktningven.
Kan du hjelpe til med noko, ta kontakt med
flyktningtenesta, Frivilligsentralen
eller servicetorget.
Følg oss på Facebook:
Innvandrartenesta i Ål kommune
Helse og sosial | 11
Råd for menneske med
nedsett funksjonsevne
(RMP)
Kommunane og fylkeskommunane skal etter
lova sørgje for at menneske med nedsett
funksjonsevne blir sikra ei open, brei og
tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker
som er særleg viktige for dei. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på
grunnlag av nedsett funksjonsevne og interesser
i høve til kommunale vedtak, tilbod og tenester.
For dette formålet skal kommunane og
fylkeskommunane opprette råd eller anna
representasjonsordning for menneske med
nedsett funksjonsevne. Rådet kan vere ein
viktig ressurs for kommunane mellom anna når
det gjeld utfordringar i samband med universell
utforming.
Gjennom eit slikt råd kan ein sikra seg at verdifull erfaringskompetanse på ein god måte blir
spelt inn i planarbeidet i kommunen og medverke til at val av løysingar blir så inkluderande
som mogleg.
Rådet har møte på Tingstugu tysdag 7.6.16.
Møta er opne for alle.
Me er takknemlege for innspel.
Heimetenesta
Velferdsteknologi er eit nasjonalt satsingsområde, og eit viktig verktøy i møte med framtida sine utfordringar. Satsing på velferdsteknologi
kan gi auka livskvalitet for brukarane, høgare
kvalitet på tenestene, innsparing for
kommunane, dessutan ha effekt i forhold til
rekruttering.
Ål kommune er i gang med å implementere
velferdsteknologi i arbeidet for å betre kvaliteten
i dei kommunale pleie-, omsorgs- og rehabiliteringstenestane. Behovsstyrt velferdsteknologi
i kombinasjon med organisering av tenestene
kan bidra til auka sikkerheit, tryggare brukarar, pårørande og tilsette, og meir målretta og
samfunnsøkonomisk utnytting av tilgjengelege
ressursar. Eit sentralt punkt er at løysingane
skal tilpassas individuelt for kvar brukar og den
einskilde sin situasjon og behov.
Live Magnetun, leiar
Målgruppe
•
•
•
Personar i eigen heim eller omsorgsbustad
som kan nyttiggjere seg velferdsteknologiske løysingar (primærbrukarar)
Pårørande til primærbrukarane
Tilsette i helse- og omsorgssektoren
Målet med velferdsteknologi
•
•
•
•
Auka kvalitet i kommunen si teneste
Auka tryggleik for brukarar, pårørande og
tilsette
Betre ressursutnytting
Behov for endra omsorgsnivå til brukarar
med aukande bistandsbehov blir utsett
12 | Helse og sosial
Legetenestene
Fastlegar i Ål
Sørg for at du via legekontoret har fornya reseptar på alle nødvendige medisinar slik at du har
desse tilgjengeleg når legekontoret er stengt.
Bestill time i god tid hos fastlegen din dersom du
har kronisk sjukdom som treng oppfølging, treng
jamnleg sårstell, må ta sting eller liknande.
Johannes H. Poulsen skal ha permisjon
01.04.-01.08.16. Keitumetse Linda Motaung
vikarierer på denne lista til 01.08.16.
Vi minner om telefonnummera:
Paschal O. Nyangoto skal ha permisjon
01.08.16-01.02.17. Keitumetse Linda Motaung
vikarierer på denne lista i denne perioden.
•
Vi har desse fastlegane;
•
Marianne Lerberg
•
Robert Tunestveit
•
Toril Bøyum
•
Paschal O. Nyangoto (vikar Keitumetse
Linda Motaung)
•
Johannes H. Poulsen (vikar Keitumetse
Linda Motaung)
•
Karoline Horn Strømmen Solheim (vikar
Kari Svenkerud Fresvik)
•
Alle legane har opne lister innimellom. Dersom
du ikkje er fornøgd med fastlegen din eller har
lang ventetid på time hos fastlege, oppfordrar
vi deg til å bytte fastlege. På heimesida til
Ål kommune under Legetenestene, står det
om fastlegeordninga og om korleis du bytter
fastlege. Du kan også få rettleiing ved å ringe Ål
legekontor.
Legevakt kveld/helg/natt, tlf: 116 117
Vi har 6 fastlegar i Ål. Anne Tunestveit har gått
over til stilling som sjukeheimslege. Karoline Horn Strømmen. Solheim overtek denne
fastlegelista ca. 01.08.16. Kari Svenkerud Fresvik vikarierer på denne lista til 01.08.16.
Dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp, vil
du nokre gonger få time hjå ein annan lege enn
fastlegen din. Dette fordi vi av praktiske årsaker
har flytta øyeblikkeleg hjelpsfunksjonen ut frå
legekontoret. Dei ulike fastlegane jobbar ø-hjelp
(daglegevakt) på omgang.
Legetenestene sommaren 16
I veke 30 (25.-29.07.16) har ikkje Ål legekontor
ordinær drift, men tek i mot pasientar ved daglegevakta. Dette gjeld pasientar som har behov
for øyeblikkeleg hjelp og henvendelsar som ikkje
kan vente.
•
Kontakt Hallingdal legevaktsentraltelefon
116 117 ved behov for øyeblikkeleg hjelp
uansett når dette er på døgnet.
Bruk telefonnummeret til Ål legekontor
32 08 53 50 i vanleg kontortid ved behov
for kontakt med fastlegen, timebestilling,
prøvesvar eller ved andre spørsmål.
Er situasjonen livstrugande: ring 113
Om legekontor og legevakt
Ved sjukdom som oppstår når fastlegekontoret
er stengt, skal legevakt berre nyttast i tilfelle
som ikkje kan vente til fastlegen er tilbake på
jobb. Legevakt gjev berre akutt, nødvendig
helsehjelp. I utgangspunktet blir det tilrådd at
ein ringer legevakta og gjer ei avtale, sjølv om
det vil vera personell til stades heile døgnet. Ved
at ein får ein konkret timeavtale, vil ein unngå
unødig ventetid. Ein kan også få hjelp til å
organisere transport til legevakta, eller få gode
råd som gjer legebesøk unødvendig, eller er
nyttige inntil ein kjem fram til legen.
Daglegevakta er ein del av Ål legekontor.
Dersom du treng akutt legetilsyn på vanleg
dagtid, skal du ta kontakt med daglegevakta.
Telefonnummeret er det same for akutte henvendelsar gjennom heile døgnet; tlf: 116 117.
Ein vil sterkt oppmode til å bruke Ål legekontor
og fastlegen på vanleg dagtid fordi desse oftast
har best føresetnad for å gi deg rett helsehjelp.
Frisklivssentralen | 13
Sykkelveka i Ål
18.-24. mai 2016
Frisklivsløpet 2016
Eit løp for alle
For fjerde gongen arrangerer Frisklivssentralane
i Hallingdal, Frisklivsløpet.
Laurdag 11. juni
Hallingdal Feriepark, Ål kl. 12:00.
Felles oppvarming frå kl. 11:30.
Sykkel er kjapt, kjekt og klimavennleg. Denne
veka vert det fokus på sykling til jobb, skule og
fritidsaktivitet. På vanleg sykkel, el-sykkel eller
sti-sykkel. Finn fram sykkelen, fyll luft i dekka,
sjekk bremser og kjeder, og bli med på å vise
at også Ål har potensiale som sykkelbygd. Meir
informasjon på facebooksida - Sykkelveka i Ål.
Ta med familien, kompisen, venninna, besteforeldre, barnebarn eller kollegaer. Du kan velje
om du vil rusle, gå, jogge eller springe. Det er
ei kort, og ei lang løype (ca. 3 km og ca. 5 km).
Begge har start og mål i Hallingdal Feriepark.
Korleis form du er i, spelar lita rolle, det viktigaste er at du tek utfordringa, bestemmer deg
for ei av løypelengdene, knyter på deg skoa, og
vips, så har du møtt opp i ferieparken laurdag
11. juni.
Det er gratis å delta, og premie til alle.
Påmelding per e-post til
[email protected]
tel/ sms: 47 01 05 83
Foto: Tove T. Eidnes
Kvifor syklar du?
Fordi eg synes det er gøy! Eg slepp
å tenke på parkering. Etter arbeidsdagen får eg meg ein trimtur.
Har du ikkje meldt deg på førehand, tek vi òg
imot påmelding og registrerer deg når du kjem til
Hallingdal Feriepark på sjølve dagen.
14 | Kårfolkturar/rusleturar
Kårfolkturar sumaren 2016
Rusleturar sumaren 2016
Turane startar onsdag 25. mai og går annankvar
onsdag fram til 28. september. Avreise frå
Sundrehallplassen kl 10.00
Turane startar 1. juni og går annankvar onsdag.
Me møtast på Sundrehallplassen kl. 10.00.
Turane er ca 4-5 km lange.
25.05
Underberg - Rotebakkdokken Perstølen
08.06
Holo - Fekjastølen - Strand - drosje
22.06
Gullhagastølen - Hagastølen
06.07
Flævassvegen - Bilhuset - Hengs-
hovda
20.07
Hellebu - Vealia - retning Værsjøen
08.08
Lauvdalen - Hausehovda
17.08
Haugestølen - Fristølfjellet - Kråkhamar
31.08
Bosset - Buhovd
14.09
Mefaringsbekken - Nysetfjellet
28.09
Ustedalsfjorden rundt
05.10
Fellestur med rusleturgruppa
01.06Tunegardane
15.06Nilsehovda
29.06
Trettestølane mot Grytingen
13.07
Fjellstølen rundt
27.07Gaurhovd
10.08Bræadalen
24.08
Torpoåsen mot Gol
07.09
Vardehovda (Vats)
21.09Mefaringen
05.10
Liatoppen, fellestur saman med
kårfolkturar.
Kontaktpersonar:
Halle Perstølen tlf. 32 08 13 69
Tordis Bretun tlf. 95 25 12 10
Mons Georg Rud tlf. 92 85 23 32
Kontaktpersonar:
Guri Espegard tlf. 32 08 42 98
Sigrun Solheim tlf. 92 88 38 89
Foto: Turid Hilde Gåsbakk
Ål Frivilligsentral | 15
Seniordans
Kvar måndag kl 12.30 – 15.00. Ca 15 damer,
men ynskjer seg fleire, både damer og menn.
Her kan du bli med uansett form, erfaring og
alder.
sosial møtetstad for ålingar og ein del av desse.
Har du ein interesse du ynskjer å dele med
andre? Ein aktivitet du ynskjer å setje i gang
som kan vera opne for mange? Ta kontakt, så
ser me kva me kan få til i lag.
Leseombod/minneven
Andre oppdrag
Me har ein fin gjeng med både leseombod og
minnevenner. Dei gjer ein fantastisk innsats for
andre. Minnevenene arbeider opp mot demente,
og skapar seg ein relasjon over tid. Leseombod
er inne og les for enkeltpersonar eller grupper av
menneske som slit med å lesa sjølv.
Aktivitetsven/besøksven/middagsven
Me har etterkvart mange som knyttar seg opp til
ein relasjon som varar over lengre tid. Det kan
vera ulike behov hjå dei som treng dette, men
me prøver å bidra med det som er behovet. Vi
treng alltid fleire for å kunne ha nokon som står
parat ved behov.
Flyktningven
Vi har no i gang over 10 flyktningevener. Dette
er spennande arbeid som alle kan bidra til. Det
einaste du treng er interesse for andre menneske og litt tid å setje av til sosialt samvær. Her
kan du bli kjent med ein ny kultur, og samtidig
lette overgangen for dei som skal busetje seg
på Ål. Me buset mange flyktningar for tida, og
spesielt så ynskjer me oss yngre menn som
flyktningvener.
Aktivitet for unge menn
Mange av dei flyktningane som vert busett på Ål
er unge menn. Me har eit ynskje om å skape ein
Vi har fast handling for dei som ikkje klarar å
handle sjølv på tysdagar og fredagar. Me har
leksehjelp onsdagar, og bidreg til dataklubben på Nigardstugu annankvar onsdag. Det er
frivillige som trillar bebuarar på Ål bu- og behandlingssenter. I høve alle desse aktivitetane har
vi alltid bruk for fleire å dele dette på. I tillegg
er det av og til etterspurnad etter personar som
kan gjera enkeltoppdrag som plenklypping og
anna forfallande arbeid.
Kurs
Det vert med jamne mellomrom arrangert ulike
kurs på sentralen. Frå hausten av vert det nye
kurs. Følg med på facebooksida og på oppslag
rundt om på Sundre.
Opningstider måndag: stengt
tysdag og fredag kl 9.00 – 14.00
Onsdag og torsdag kl 11.00 – 16.00
Feriestengt i juli. Handlinga går heile sommaren
Om du kan tenkje deg å vera med på noko
av dette, ta kontakt. Vi er glade for alle som
ynskjer å bidra. Du treng ikkje binde deg til noko
som helst. Eit oppdrag i halvåret er flott. Om ein
vil vera minneven, leseombod eller flyktningvenn, så må ein rekne med litt meir tid.
Kontakt oss på:
tlf. 90 77 74 95 eller :
[email protected]
Lik oss på facebook, og få informasjon
om alt som skjer
16 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon
Litt av det som skjer
i Ål sommarhalvåret
Opplev kulturskattane i
Ål sentrum
MAI
18 - 24 Sykkelveke i Ål
www.aal.kommune.no
23 - 29 Folkemusikkveka - 40 års jubileum
www.folkemusikkveka.no
Kvar onsdag kl. 16.00 og
kvar laurdag kl. 13.00
f.o.m. 1. juli t.o.m. 17.august
JUNI
7
Kick-off for årets vandreprogram
www.aal52.no
16 - 19 Nye Hallingtreffet
www.hallingtreffet.no
27.6-1.7 HardRocx Terreng Camp
www.hardrocxterrengcamp.no
JULI
1-3
Villfiskfestivalen
www.villfiskfestivalen.no
28 - 31 Hillbilly Huckfest
www.hillbillyhuckfest.com
30
Ål-dagen - www.al.no
AUGUST
6
Stølsdag på Gaurhovd - Torpoåsen
6
Hellbillies på heimebane www.feriepark.no
12 - 14 Ål Cup Fotball. www.aalcup.no
20
Leikskeid i Iungdsdalen
www.aal.kulturhus.no
Bli med på kulturvandring i Ål sentrum der
kunnskapsrik og engasjert vegvisar tek deg med
rundt og fortel. Frammøte Ål turist-informasjon,
pris kr. 100,-. For grupper: pris og tidspunkt etter
avtale. Sjå brosjyrene Kultur-beite og Opplev
kulturskattane i Ål sentrum.
Meir detaljar og siste nytt om alle
arrangement
Sjå Ål sin arrangementskalender på www.al.no.
Der finn du og info om bl.a. turane til Ål Turlag
og Ni på Tøpp på Torpo. For kinoprogram m.m.
sjå også www.aal.kulturhus.no.
Oversikt over alle arrangement i heile Hallingdal
finn du på http://kvaskjer.hallingdal.no
Velkommen til Leikskeid
i Iungsdalen 20. august!
Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 17
Ål Turistinformasjon
Besøksadresse: Ål kulturhus,
tlf. 32 08 10 60 [email protected]
Informasjon om alt av attraksjonar og aktivitetar i
Ål finn du på www.al.no
Opningstider 20.06 – 13.08.16
Måndag - Fredag 08.30 - 18.00
Laurdag
10.00 - 15.00
Sundag
Stengt
Opningstider resten av året:
Måndag – fredag 08.30 – 16.00.
Følg oss på:
Facebook - Ål i Hallingdal
https://www.facebook.com/aliHallingdal/
Instagram - Ål Turistinformasjon
Google+ - Ål Turistinformasjon
Ål med ny logo og profil
Ål lanserte ved årsskiftet ny logo og profil som
er i familie med Hallingdal sitt uttrykk. Logoen er
det ynskjeleg at bedrifter, lag og organisasjonar i
Ål nyttar i tillegg til sin eigen logo.
Nye brosjyrer, ny nettside og div. profilmateriell
er under utarbeiding og bl.a. er det laga nye roll
up’s og Ål-bagar. Ta kontakt med Ål Utvikling AS
for avtale om bruk av logo og profilmateriell,
[email protected] / tlf. 32 08 43 60.
Aktuelle brosjyrer
Ål-52 brosjyre (ny)
Bergsjøområdet sommarbrosjyre
Sportsfiske i Ål
Kulturhusprogram
Kulturbeite - Ål sine kulturskattar
Flyer om kulturvandring i Ål
Aktuelle kart
Sentrumskart - Reineskarvkartet –
Kart for Veståsen - Sykkelkart Ål/Gol/
Hemsedal
Aktuelle nettstader
www.al.no
www.aal.kulturhus.no
www.feriepark.no
http://kvaskjer.hallingdal.no
18 | Ål52 og vandreprogrammet
“10 turfavorittar i Ål”
Kjøp deg klyppekort så du kan samle turar og bli eigar av Ål-52 kruset. Også
trekkpremiar blant alle som skriv seg inn i turbøkene, med eller utan klyppekort.
Sommaren 2016 er dette dei 10 turfavorittane med postkasse og klyppekort:
Turnr.:Namn:
1.2Toviki-Klevahytta-Iungsdalen
1.6Tonatten
1.14Rødungsberget
2.3Lauvdalsbrea
4.2Okslenuten
4.9Hellingreset
6.7Nasakamben
7.8Buhovdnatten
7.9Rødungshovda
8.5Trøbergi
På Instagram kan du vere med på fotokonkurranse ved å #ål52
då du er på dei 10 turfavorittane. Konkurransereglar: Du må følgje
instagramkontoen til alturistinfo og ha open profil.
Sjå den nye brosjyren for Ål52, og gå inn på www.aal52.no for meir informasjon.
Der finn du og detaljert kart, turskildring og høgdeprofilar.
Ved spørsmål, kontakt Ål Turistinformasjon, tlf. 32 08 10 60 /[email protected]
F
M
17. mai i
Ål 2016
Sundre:
07.15 Hornmusikk på Sundre, Ål musikkorps
07.50 Lurblåsing frå Sundreberget og Vestlia
08.00 Flaggheising i Kulturtorget og kransnedlegging på stavkyrkjetomta ved Speidarane i Ål
08.30 Samling i Bakkestugu, Ål bygdamuseum, program v/ Ål Spel- og dansar-
lag. Servering
09.30 Flaggborga går frå Torget til Ål kyrkje
09.45 Minnestund v/bautaen v/Ål kyrkje. Tale v/Solveig Vestenfor, korsong
10.00 Gudsteneste v/sokneprest Frank Vorhaug
10.30 Song på Ål bu- og behandlingssenter v/Ål barnekor
10.45 Flaggborg frå Ål kyrkje til Ål kulturhus
11.15 Oppstilling til barnetog/folketog nedanfor Ål kulturhus
11.30 Stort barnetog/folketog: frå Ål kulturhus-Ål helsetun-Sundrehall-Sundre-
Solhov-Hallingdal Feriepark (framme kl. 12.15)
12.15 Sal av småmat, pølser og kaffimat m.m. i Hallingdal Feriepark og
utdeling av is til borna v/5. og 8. trinn
12.30 Festprogram frå scena i Hallingdal Feriepark: Ål musikkorps,
Ål skulemusikk, korps i skulen, Per O. Noss og Cecilie Skrindo.
Tale v/Hallgrim Haug
13.30 Leik og moro i Hallingdal Feriepark v/FAU Nedre-Ål skule
15.30 Floggbord og oppstilling til bunadstog frå Hallingdal Feriepark til Torget
17.30 Gratis kino på Ål kulturhus, Herfra til Flåklypa - Alle
19.00 Gratis kino på Ål kulturhus, Welcome to Norway - 9 år
18.00 Fest på Kårstugu, mat/underhaldning/dans
Foto: Hilde L. Bjørnsvik
Nordbygdane:
11.15 Oppstilling barnetog på nedsida av Ål kulturhus
12.30 Gudsteneste i Leveld kyrkje v/prost Vigdis Storhaug
13.00 Sal småmat, pølser og kaker mm på Leveldtun
15.30 Festprogram inne på Leveldtun
16.00 Gråtasstog
Breie:
13.00 17. mai-fest på Breie grendehus.
Torpo:
10.00
10.45
11.00
12.00
12.30
13.00
Barnetoget stiller opp på skuleplassen. Torpo drilltropp drillar
Diktlesing av elevar ved Torpo skule
Kranspålegging ved bautaen. Tale av elevar i 7. klasse
Festgudsteneste v/prost Vigdis Storhaug
Barnetoget går attende til Torpo skule
Lite drillshow med Torpo Drilltropp
Ein gratis is til borna
Sal av småmat, lefsekling, pølser, is, kaker, kaffi og brus
Leik og moro på skuleplassen
Opheim:
13.00 Fest på Grendahuset. Servering av småmat, kaffi og is
Sando:
14.30 Gratis utdeling av pølser, brus og is til alle born tom 10. klasse
Matsal, småmat, kaffi og kaker
Leik og moro for born og vaksne
16.30 Sandostafett, premieutdeling, allsong
Riv ut og ta med på 17. mai