Brosjyra finn du her.

Foto: Heidi M. Oskam
Informasjon nr. 2 - Desember 2015
Ål kommune Torget 1, 3570 Ål - Telefon: 32 08 50 00 - Faks: 32 08 50 99
E-post: [email protected] - www.aal.kommune.no
2 | Administrasjon og fellesteneste
Informasjon frå ordføraren
Det er med stor glede, i forventning og med eit
audmjukt sinn at eg har teke på meg dette vervet.
Døra er open for dei av dykk som ynskjer ein prat!
Du er hjarteleg velkomen innom.
Solveig Vestenfor
ordførar
Kjære sambygdingar!
Kommunevalet er overstått, og det er valt nye
politikarar til styrer og stell. For min del gjorde
valresultatet at eg hoppa inn i ein heilt ny kvardag, og eg flyt med bølgene så godt eg kan. Det
å byrje i ein ny jobb krev si kvinne. Ein lærer
mykje nytt på kort tid, gjennom møte med interessante menneske og spennande utfordringar og
situasjonar kvar dag på jobb.
Me som er politikarar treng folk rundt oss som me
kan rådføre oss med og stø oss til. I mange saker
og avgjerder er det klokt å søkje råd og rettleiing
hjå dei som kjenner faget, eller kor foten trykker.
Difor håpar eg at dei av dykk som blir kontakta
av meg eller andre politikarar, i store og mindre
saker, set pris på det. Kunnskap er vegen til gode
vedtak.
Servicetorget
Tlf.: Epost:
32 08 50 00
[email protected]
Opningstider i romjula:
Måndag 28.12.: kl. 10.00 - 14.00
Tysdag 29.12.: kl. 10.00 - 14.00
Onsdag 30.12.: kl. 10.00 - 14.00
Stengt jule- og nyttårskvelden
Ny heimeside
www.aal.kommune.no
Eg ser fram til å bli kjent med Ål som ordførar. Når
ein tek på seg eit slik verv er det sjølvsagt at ein
kjenner enkelte sider ved kommunen betre enn
andre. Mange har invitert meg til å bli betre kjent
med det arbeidet dei driv med i organisasjonen
sin. Det set eg stor pris på!
Ål og Hallingdal har markert seg på kartet på
mange vis. Dugnadsinnsatsen er imponerande
når det gjeld aktivitetar for unge, middelaldrande og eldre. Dessutan har me arrangement innan idrett og kultur som er godt kjent over heile
Noreg. Ål kommune har dyktige tilsette, så
kommunen har fått fleire prisar i nyare tid. Me har
mykje å vera stolte av!
I redaksjonen:
Sissel Skrindo, Grete S. Lundekvam, Kari H.
Medgard, Inger Lervåg, Reidun Aaker, Hilde
L.Bjørnsvik og Turid Hilde Gåsbakk
Neste blad kjem ut 15.5.2016
Ål kommune har fått ny versjon som er tilpassa
mobil og nettbrett.
Bruk søkefeltet for å finne informasjon.
Møtekalender, sakspapir, råd og utval finn du
under snarvegar – saker, råd og utval.
Alle typer skjema finn du under snarvegarskjema
Arrangementkalender for Hallingdal finn du på
framsida.
Er det noko du saknar av informasjon, ta kontakt
med webansvarleg Inger Lervåg, tlf. 32 08 50 00.
Foto framsida: Ål Utvikling AS / Heidi M. Oskam
Administrasjon og fellesteneste | 3
Sals- og skjenkeløyver i Ål
kommune - fornying 01.07.16 –
30.06.20
Alle sals- og skjenkeløyver i Ål kommune
skal fornyast innan 30.06.2016. Den nye
løyveperioda gjeld frå 01.07.16 – 30.06.20.
Søknadsskjema ligg på Ål kommune sine
heimesider og skal sendast inn elektronisk.
Frist for søknad: 15. mars 2016
Dersom de har spørsmål, ta kontakt med
Servicetorget i Ål kommune på
tlf. 32 08 50 00.
TT-tenesta (Transportteneste for
funksjonshemma)
Energitiltaksfondet
Privatpersonar med eigedom brukt til fast busetnad, organisasjonar og bedrifter lokalisert i Ål
kommune kan søkje. Tiltak ved kommunale
eine- og tomannsbustader kan også få stønad.
Det kan etter søknad gjevast eit tilskot på
generelt inntil 20 % av investeringa. Pelletsomnar og pelletstankar får ein stønad på inntil 30
%. Storleiken på investeringa må dokumenterast.
Dette kan du søkje på:
•
Luft til luft varmepumper
•
Vatn til vatn varmepumper
•
Flis/pellets og vedfyringsanlegg
•
Pelletsomnar
•
Vedomnar og lukka peisar
•
Nye energikjelder.
•
Informasjons- og opplysningsarbeid
•
Stønad til utskifting av glas
•
Etterisolering av loft
•
Styringssystem for varmekjelder
Retningsliner og søknadsskjema finn du på
kommunen si heimeside
www.aal.kommune.no eller du kan ta kontakt
med servicetorget.
Søknadsfrist: 1. januar 2016
Tenesta er eit tilrettelagt transporttilbod med
drosje for de som er funksjonshemma og som
ikkje kan bruke vanlege kollektive transportmidlar eller som har vesentlige vansker med å
bruke dei. Denne tenesta er ikkje lovpålagt. Det
er fylkeskommunen som avgjer kor mange som
skal få dette tilbodet.
Dei som har transportteneste (TT-teneste) i
dag vil få tilsendt søknadsskjema i posten. Nye
søkjarar må levere bilete, legeerklæring og
søknadsskjema som skal leverast til servicetorget.
Informasjon/søknadsskjema får du på
servicetorget, tlf. 32 08 50 00 eller på heimesida
www.aal.kommune.no
Søknadsfrist 1. februar 2016
4 | Drift og utvikling
Utviklingsavdelinga
2015 har vore i friluftslivets teikn. FÅ2015 har hatt som mål å få fleire til å nyte naturen til aktivitet og
rekreasjon, og fleire som kjenner til allemannsretten og dei gode moglegheiter alle i Norge har til å
drive friluftsliv.
Ål har søkt om å bli årets friluftslivkommune i 2015. Vi vann i 1997, og freistar igjen!
I skrivande stund veit vi ikkje resultatet.
I Ål er det generelt mykje friluftsaktivitet: både med vandreprogrammet Ål52 og 10 turfavorittar,
terrengsykling, mange kilometer med preparerte skiløyper og fleire frivillig lag som bidreg til å få folk
ut i naturen. I høve FÅ2015 har det likevel vore ekstra aktivitet:
•
Offisiell opning av FÅ2015 13. januar der alle barnhagebarn og elevar frå 1-10 trinn fekk
innføring i å lage firkantbål (pagodebål). Både Ål jeger og fiskeforeining og elevar frå Hallingdal
Folkehøgskule var med å arrangere dagen.
•
Omtale av vekas tur i Hallingdølen, fordelt på kommunane i Hallingdal og Nore og Uvdal.
•
I august inviterte Ordføraren til søndagstur på Dyna, der mange av våre nye landsmenn var
med.
•
Ål sitt finaste friluftsområde vart kåra gjennom avstemming på facebook, der Bergsjøområdet
gjekk av med sigeren.
Foto: Bernt Ivar Bergum, Hallingdølen
Drift og utvikling | 5
Drenering/grøfting av
jordbruksjord – tilskot
For å auke produksjonsevna til jorda er god
drenering avgjerande. Grøfting er óg viktig for
å tilpasse jordbruket til eit endra klima med
meir nedbør. God drenering reduserer faren for
overflateavrenning til vassdrag og bidreg på den
måten til betre vasskvalitet og eit betre miljø.
Er dette interessant for deg? Ål kommune har
tilskotsmidlar att og oppmodar deg om å søkje
tilskot til grøfting. Ta gjerne kontakt med Åsne
Brattåker Håheim, tlf.: 32 08 50 08., epost:
[email protected].
Gå inn på www.aal.kommune.no\Teknisk,
eigedom og næringtilskot for informasjon og
søknadsskjema. Søknad om tilskot til drenering
av jordbruksjord. Skjema og kart skal sendast
til Ål kommune. Kartet skal ha forklaring og
innteikna grøfter. Ingen søknadsfrist.
Nytt parkeringsmønster –
Sundre barnehage
Sundre barnehage ynskjer å rydde opp i parkeringa, dette for å skape tryggare forhold for
alle som ferdast til og i frå barnehagen, samt
for skuleborna som nyttar vegen i området til
skuleveg.
Nytt parkeringsmønster på p-plassane til Sundre
barnehage:
•
Nederste p-plass skal nyttast som korttidsparkering, det vil seie at alle foreldre/
føresette skal parkere der ved levering og
henting av born. Det kjem opp
«korttidsparkering» skilt.
•
Øvste p-plass skal nyttast av tilsette i
barnehagen. Det kjem opp «tilsettparkering» skilt.
Endring av trafikkmønster i skuleområdet frå 3.11.2015
Offentleg skuleskyss (buss og taxi)
Det er bygd ein ny busshaldeplass sør for Sundrevegen ved idrettshallen. Frå denne plassen vil all
offentleg skyss til og frå skuleområdet skje. Nokre bussar og drosjer vil ha rute mot vest, og vil difor
stoppe på busshaldeplassen utanfor inngangen til Nedre-Ål skule.
SFO henting og levering
Foreldre som skal parkere og levere born til SFO før kl 08:30 og etter kl 15:00 kan stå parkert på
ungdomsskuleplassen, jf skilting.
Levering og henting av born ved skulestart og skuleslutt
Ål kommune ynskjer at born og unge i størst mogleg grad går eller syklar til skulen. Dei trafikkfarlege
situasjonane blir ofte skapt av foreldre som hentar og bringer. Den ytre sirkel på skuletoppen vil bli
nytta til korttidsparkering, om du som foreldre må levere eller hente ved skulestart eller slutt.
Det er forbode å stoppe og parkere langs Sundrevegen i skuleområdet, jf skilting. Etter trafikkreglane
er det ikkje tillate å parkere eller laste om på ein busshaldeplass. Vi ber om at dette blir respektert.
6 | Drift og utvikling
Vakttelefonar
Ver snill og bruk desse telefonnumra utanom
vanleg kontortid for akutte tilfelle
Veg og park (brøyting): 91 66 68 08
Vatn og avlaup:
99 28 79 01
I kontortida på kvardagar kl. 9.00-15.30 skal
spørsmål rettast til servicetorget tlf. 32 08 50 00.
Brøyting og strøying
Vintervedlikehaldet skal på best mogeleg måte
ivareta trafikktryggleik og framkomst for alle
trafikantane (jf Veglova).
Hovedvegar og gang- og sykkelvegar blir
prioriterte.
Kva kan du forvente av oss
•
•
•
at det normalt er brøyta hovedvegar,
bustadvegar, gang- og sykkelveger og prioriterte fortau innan kl. 08.00 på kvardagar.
at vegar og gater skal vere framkomelege
for fotgjengarar og vinterutrusta køyretøy.
Likeeins at bakkar/vegkryss/svingar er
strøydd, slik at normalt vinterutrusta
køyretøy kjem trygt fram.
at det står kasser med strøsand som “hjelp
•
til sjølvhjelp” på utsatte stader (berre til
bruk på offentleg veg).
at brøytemannskap så langt det er råd,
tek omsyn til eigedomane/ avkøyringane
langs vegen.
Ved unormale verforhold vil kommuna si
målsetting kunne fråvikast for å omfordele
ressursane. Kommuna kan ikkje påta seg
erstatningsansvar utover det som går fram av
vegtrafikk-lovgivinga og vanleg rettspraksis.
Kva me forventar av deg
•
•
•
•
at du sjølv fjernar snø frå brøyting som
blir lagt inn i privat avkøyrsel og at du
ikkje legg snø på offentleg veg eller
fortau.
at du fjernar all vegetasjon på eigen
grunn som heng ut i køyrebane, fortau
eller liknande og som er farleg for
trafikksikringa og til hinder for brøytemannskapet og andre trafikantar.
at du ikkje fjernar brøytepinnar.
at du flytter køyretøy som er til hinder for
vintervedlikehaldet.
Ål kommune har sett bort noko av brøytinga
av dei kommunale vegane til private entreprenørar.
Kultur | 7
Ål bygdearkiv
Ål bibliotek
Opningstider:
Opningstider:
Fotoutstilling på Ål stasjon
I venterommet på stasjonen har Ål bygdearkiv ei
fotoutstilling med bilete frå Ål og Torpo sentrum.
Utstillinga vil bli bytt ut om lag ein gong i året.
Bileta vil då bli til sals, og interesserte kan ta
kontakt med arkivet.
Opningstider i jula:
Tlf.: 32 08 50 91
E-post: [email protected]
www.aalbygdearkiv.no
torsdag 10 – 17
laurdag 10 – 13
De finn oss på internett: www.aalbygdearkiv.no
og facebook: facebook.com/aalbygdearkiv
Gamle Aal
Bygdearkivet har fått eit triveleg tilskot. Gamle
Aal ved Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard
har flytt inn i bygdearkivet sitt lokale. Dei vil stort
sett vere å treffe onsdagar og fredagar
frå 11 – 14.
Tlf.: 32 08 51 20
E-post: [email protected]
www.aalbibliotek.no
facebook.com/aalbibliotek
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag 10-19
10-19
10-19
13-19
10-15
11-14
23. des.: 10-16
24.-26. des.: stengt
28.-30. des.: 10-16
31. des. og 1. jan.: stengt
Vanleg opningstid frå 2. januar.
Opningstider i påska:
Stengt frå skjærtorsdag til og med 2. påskedag.
Bok til alle
Er du glad i å lesa? Vil du gjera noko for andre?
Me treng fleire frivillige som vil ha lesestunder
med eldre eller andre som har vanskeleg for å
lesa sjølve. Ta kontakt med biblioteket eller Ål
frivilligsentral for meir informasjon.
Arrangement
For informasjon om forfattarbesøk og andre
arrangement våren 2016, sjå oppslag på nettsida og i biblioteket.
8 | Kultur / oppvekst
Søknadsfrist for kulturmidlar 2016
Lokalsamfunnet med MOT
Søknadsfrist for årlege driftstilskot (kulturmidlar): 15. desember 2015
Alle skal nytte elektronisk søknadsskjema som
du finn på www.aal.kommune.no/kultur/ og fritid/
kulturtilskot.
Tildeling etter politisk handsaming i Sektorutval
for kultur og oppvekst (SUKO), utbetaling av
tilskot vert i løpet av februar 2016.
Familibading
Opningstider – sjå oppdatert informasjon på
kommunen si heimeside.
Ungdom i Ål
Treng du nokon å prate med?
MOT set ungdom sine liv i sentrum
MOT hjelper ungdom til å ta eigne val
og syne mot MOT til å leva, MOT til å bry seg og
MOT til å seia nei
Her er dei nye Ungdom Med Mot(UMM) frå
9. trinn:
Anne S. Danielsen
Henrik Opheim Berg
Amalie Køk
Aleksander N. Buseth
Mari Svensgård
Hedda Frantzen
Oda O. Sundgot
Nora Grue
Ål ungdomsråd:
Ungdomskonsulenten er å treffe på ungdomsrommet på loftet ved Ål ungdomsskule:
måndagar kl. 09.00-11.00
kl. 13.00-14.30
onsdag kl. 12.00-15.00
Om du ynskjer, kan fleire møte i lag. Ta kontakt
på sms/telefon om du har spørsmål.
Eller du kan banke på døra!
VELKOMEN!
Anne Berit
ungdomskonsulent i Ål
Tlf. 99 79 90 34
Juliane Lerberg Gudbrandsgard
Cecilie Skrindo
Anna Fosse
Nora Sato
Inga Stoveland Dekko
Karianne Sato
Nora Fosse
Gaute Gurigard Skurdal
Otilie Røer Tvedt
Andreas Dideriksen
Helene-Marie Maudahl
UKM 2016
UKM LOKAL er på Gol 10. mars.
Meir informasjon www.ukm.no
Påmelding frå 1. desember
Oppvekst | 9
Ny avdelingsleiar for
innvandrartenesta
Innskriving av elevar til
grunnskulen 2016/2017
Barn som fyller 6 år i kalenderåret 2016 (født
2010) skal skrivast inn til grunnskulen. Frist for
innskriving er 1. desember 2015.
Sjå informasjon og elektronisk skjema på
www.aal.kommune.no.
Heimane vil få tilsendt informasjon om besøk
på skulen for barna og foreldremøte etter at
innskrivinga er gjennomført.
Silje Landsmann-Wiwe er tilsett som
avdelingsleiar for innvandrartenesta frå
01.01.16. Silje vil få det overordna ansvaret for
busetting og integrering av flyktningar, samt
vaksenopplæringa der busette flyktningar,
asylsøkjarar og arbeids-innvandrarar får norskundervisning.
Busetting av flyktningar
Den auka flyktningstraumen til Norge er merkbar
også på Ål. Ål kommune har busett 15 flyktningar i 2015, og vil truleg få spørsmål om å busette
enda fleire i åra som kjem. Dei som er busett har
fått opphaldsløyve og skal bu på Ål framover.
Det er flyktningtenesta i Ål kommune som har
ansvar for busetting av flyktningar. Samstundes
krev det ein samla innsats frå heile kommunen
dersom ein skal lykkast med integreringa av
våre nye innbyggjarar. Dei første åra får dei
opplæring i norsk og samfunnskunnskap ved
Ål vaksenopplæring. Etter det er målet at dei
kjem i arbeid eller tek vidare utdanning. Då er
det behov for språk- og arbeidspraksisplasser i
verksemder på Ål.
Flyktningtenesta har også behov for
sentrumsnære hus og leilegheiter for å kunne
busette ei auka mengde flyktningar. Ta kontakt
dersom du har ein bustad du kunne tenke deg å
leige ut til servicetorget tlf. 32 08 50 00.
Søknad om barnehageog SFO-plass 2016/2017
Fristen for å søkje barnehage- og SFO-plass i
samband med hovudopptaket 2016/2017 er 1.
mars.
Det vert lagt til rette for elektronisk søknad og
informasjon om hovudopptaket vert annonsert i
Hallingdølen og på heimesida til Ål kommune.
Ål kulturskule
Fyrste undervisningsdag i 2016 er måndag
9. januar.
Frist for å seie opp plassen våren 2016 er
1. desember.
Fakturering for semestera skjer i desember og
juni.
Søkeportalen er open for registrering på
restplassar.
Sjå nettsida vår for meir informasjon:
www.aalkulturskule.no
Velkommen til ein leiken
og kreativ kvardag!
10 | Oppvekst
Utdanningsstipend - ADA
scholarship foundation Ål
Ada Scholarship Foundation har som føremål å
oppmode studentar frå Ål til å gjennomføre eit
akademisk studium over eitt år i USA. Stipendet
er på 10.000 US Dollar og vert delt ut ein gong
årleg til ein søkjar.
Søkjar må fylle fylgjande føresetnader:
1. Vore busett i Ål kommune minst 10 år.
2. Ha minst 3 år studie ved høgskule eller
universitet bak seg, men ikkje i USA.
3. Ikkje ha fylt meir enn 30 år i søknadsåret.
Søknaden skal sendast Ål kommune
v/ oppvekstkontoret, 3570 Ål, innan 15.12.15
og må innhalde rettkjent stadfesting av:
•
fødselsnummer
•
bustad ved fødsel til d.d.
•
oversyn over all utdanning fram til d.d.,
samt plan for eitt-årig studium ved
universitet eller høgskule i USA, evt. med
stadfesting av opptak.
Ål skulelegat og Ragnhild
Hagens legat
Ål skulelegat og Ragnhild Hagens legat kan
dele ut midlar til søkjarar i vidaregåande
utdanning som studerer og bur utanfor Ål. Eiga
likning for siste år må fylgje søknaden, saman
med oversyn over studiestad, studieemne/
fag, normert studietid, når studiet er starta,
studielån og andre stipendmottak i samband
med gjeldande utdanning.
For tildeling av stipendmidlar gjeld fylgjande
overordna retningsliner:
1. Føremålet med legata er primært å gje
tilskot til reise- og opphaldsutgifter for
ungdomar som tek vidaregåande utdanning innan fagområder som det ikkje vert
gjeve tilbod om ved vidaregåande skular
i Hallingdal.
2. Dersom det ikkje er søkjarar innan denne
kategorien, kan stipenda delast ut til
studentar på høgskule og universitetsnivå.
3. Søkjarar må ha fast bustadadresse i Ål.
Søknaden skal sendast Ål kommune ved
oppvekstkontoret, 3570 Ål, innan 15.12.15.
For begge stipenda kan du få nærare
opplysningar og fullstendige statuttar for
stipend på Servicetorget, Tingstugu.
Tildeling skjer i januar 2016.
Utbygginga i Torpo barnehage er
ferdig
Etter ein intens byggeperiode i vår og sommar
er store og små i Torpo barnehage no kjempefornøyd med å ta i bruk eit nytt tilbygg. Tilbygget
rommar garderobe for tilsette, kontor, pauserom,
møterom, soverom, samt lager i 1. og 2. etasje.
Dette er ei stor og nødvendig forbetring som
gjer barnehagen betre rusta til å drive i samsvar
med krav i 2015. I tillegg har det vorte etterisolert, skifta glas og dører i gamal del, og bygget
har skifta farge utvendig. Parkeringa har vorte
romslegare og meir trafikksikker.
Helse og sosial | 11
Legetenesta
Felles legevaktnummer i heile
landet – 116117
Frå 1. sept. vart 116117 innført som felles legevaktnummer i heile landet. Nummeret fungerer
både frå fasttelefon og mobil, og det er gratis.
Du vil få svar frå legevakta i det området du
oppheld deg.
Det gamle legevaktnummeret 32 08 24 88 vil
framleis fungere som før. Dette nummeret kan
også nyttast dersom ein skal ringe Hallingdal
legevaktsentral frå ein annan stad i landet.
Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt
vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til
å dekke øyeblikkeleg hjelp som eigen fastlege
ikkje kan handtere.
Når du treng legehjelp – kven skal du
ringe til?
•
•
•
Fastlegen ved lokalt legekontor - i vanleg
arbeidstid, også for øyeblikkeleg hjelp.
(Ål legekontor tlf. 32 08 53 50).
Legevakt 116117 – når fastlegen ikkje
er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente
113 – når det er akutt og står om liv.
Ring fyrst
Legevakta er open heile døgnet. Når du ringjer
på førehand, kan du få råd, tilpassa hjelp og
eventuelt timeavtale med lege.
Aktivitetskontakt/
støttekontakt
Kunne du tenke deg å vere aktivitetskontakt/
støttekontakt. Ål kommune har stadig behov for
dette og er interessert i å kome i kontakt med
personar som kan tenke seg slike
oppdrag. For meir informasjon kontakt helse –
og omsorgskontoret Mariann E. Hefte
tlf. 32 08 52 29.
Aktiv ung
Tilbod til barn og unge 1.-10.klasse som av ulike
årsakar har ein fysisk inaktiv kvardag og fritid, og
som treng hjelp til å kome i gang og vere meir
fysisk aktiv. Aktiv ung har ein aktivitet i veka på
kveldstid. Aktivitetane er varierte og lystbetonte
der meistring og trivsel står i fokus. Aktivitetane
er lagt opp slik at barna kan oppleve inspirasjon
og motivasjon til å fortsette med ein fysisk aktiv
kvardag . Kontakt Frisklivssentralen om du lurar
på noko eller trur du kan vere i målgruppa for
tiltaket.
Fysisk aktivitet
Gruppetreningar med fysisk aktivitet kvar veke.
Lågterskelaktivitet, lagt opp slik at alle kan delta
i sitt tempo. Ei økt i veka med styrketrening innandørs og ei økt i veka med kondisjonstrening
utandørs. Treningane er for deg med frisklivsresept. Lurer du på om det er noko for deg ? Eller
korleis få ein frisklivsresept? Ta kontakt med
fastlegen din eller kontakt oss direkte.
Kontaktinformasjon Frisklivssentralen:
Live Berg, tlf 32 08 52 03 / 95 98 04 95
[email protected]
Kurs vinter 2016
Bra mat kurs
Torsdagar kl 18:30-20:30
Dato: 28.01.,11.02.,
25.02.,10.03.
Stad:
Ål frivilligsentral
Tobakksfri saman
Kurset går over 6 kveldar
og skal bidra til motivasjon
til å stumpe røyken eller
slutte med snus.
Dato: 07.01., 14.01.,
21.01., 26.01.
04.02. og 18.02.
Stad: Ål frivilligsentral
For begge kursa: pris kr. 500.-
For påmelding og spørsmål, kontakt: Hilde N.
Frantzen tel: 90175205, [email protected]
12 | Ål Frivilligsentral
Aktiviteten er fortsatt høg. TV-aksjonen er vel
i hamn. Takk til elevane i 9. klasse som var
bøssebærarar, og Rotary, Lions, foreldre og
frivillige som stilte som sjåførar.
Elles er det mykje faste aktivitetar:
Måndagskveldane har det vore forskjellige kurs.
Varierande oppslutning. Onsdagar er det frivillige som trillar eller går tur med bebuarar på Ål
bu- og behandlingssenter, det er leksehjelp på
sentralen og dataklubb på Nigardstugu. I tillegg
handlar me for eldre på tysdagar og fredagar.
Me har og ein god del enkeltoppdrag. Dette er
mykje forskjellig, så me treng alltid fleire å spela
på.
Frivillig?
Opningstider: Matkurs for menn
måndag:
stengt
tysdag og fredag kl 9.00 – 14.00
onsdag og torsdag kl 11.00 – 16.00
Denne jula vert det feriestengt på sentralen, men
handlinga går etter oppsatt liste.
I påska vil det vera ope kl 10.00-14.00 på
kvardagane.
Minnevener:
Minnevenene er stadig i farten, og gjer ein fantastisk innsats. Dei gjer ein stor forskjell for dei
personane som vert råka av demens, og er så
heldige å få ein minneven.
Leseombod:
Det er ein fin liten gjeng med leseombod i gang.
Dei les enten for små grupper, eller for enkeltpersonar.
Flyktningvenn:
Dette er nystarta i haust. Her er det frivillige
som har sagt at dei ynskjer å vera ei støtte for
busette flyktningar. Dei kan få hjelp til å orientere
seg i nærmiljøet, lære seg/prate norsk og bli
kjent med andre på Ål. Dette er eit arbeid me
har stor tru på og ynskjer oss fleire. Ål kommune
skal busetje 15 stk i 2016.
Om du kan tenkje deg å vera med på noko av
dette, ta kontakt. Me er glad for alle som ynskjer
å bidra. Du treng ikkje binde deg til noko som
helst. Eit oppdrag i halvåret er flott. Om ein vil
vera minneven, leseombod eller flyktningven så
må ein rekne med litt meir tid, men det er endå
meir givande.
Frivilligsentralen og Friskliv ynskjer å setje i
gang eit tilbod om matkurs for menn som er
vorte pensjonister. Kanskje er du vorte åleine?
Kanskje du har fått større ansvar for matlaginga? Kanskje har du berre lyst til å lære meir?
Me ynskjer å setje dette i gang i februar/mars
anten på dagtid eller ettermiddag. Om det vert
mange nok, kan me tenkje oss å ha eigne kurs
i Leveld og Torpo. Fokuset vil vere praktisk
matlaging, sunn og god mat, det heile i ei sosial
ramme. For å få dette i gang, er me
avhengige av at me har nok påmeldte. Difor –
hiv deg rundt – ta sjansen! Meld din interesse.
Du kan ringe 907 77 495 eller sende epost:
[email protected] innan 15.1.16.
Tlf.nr.: Frivilligsentralen 90 77 74 95
Epost: [email protected]
Lik oss på facebook, og få informasjon
om alt som skjer.
Hyttemesse i Ål | 13
Hyttemesse i Ål
Laurdag 27. februar 2016
Ål kulturhus
kl. 12.00 – 17.00 hyttemesse i foajeen
kl. 14.00 – 15.30 hyttemøte i veslesalen
I vinterferien blir det for åttande gong arrangert treff for hyttehallingane i Ål. Det er Ål
kommune som inviterer til treffet som eit tiltak for å forsterke og utvide den gode
kontakten med hyttefolket i bygda.
Som i fjor blir det samtidig arrangert hyttemesse i fojaeen på kulturhuset der du kan treffe
representantar frå næringslivet i Ål før og etter møtet. Her blir det stands,
informasjon og tilbod. Dette er i regi av Ål Utvikling AS.
På hyttemøtet i veslesalen blir det dialog og informasjon om ulike tema som vil vere av
interesse for hyttefolket. Det blir og kulturinnslag og tid til spørsmål. Meir detaljert
program vil bli lagt ut på www.aal.kommune.no / www.al.no
Arrangør:
Ål kommune
Ål Utvikling AS
Nyheitsbrev til hyttefolket
Ål Utvikling AS og Ål kommune sender
saman ut nyheitsbrev pr. epost til hyttefolket ca. kvart kvartal. Ynskjer du tilsendt
dette så meld deg på nyheitsbrevet ved å
sende namn og e-postadresse til
[email protected].
Oversikt over hyttetomter
Vi får stadig spørsmål om ledige
hyttetomter i Ål. Send gjerne ein epost til
[email protected] med informasjon om kontaktperson, telefonnummer, epost, heimeside og gjerne eit bilete
dersom du har tomt/tomter til sals.
14 | Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon
«10 turfavorittar i Ål» Ål52 sitt vandreprogram
Interessa for Ål sine vandreturar har auka
ytterlegare sommaren 2015, og den fine hausten
førte til at tursesongen varte heilt til midten av
oktober.
Den 29. oktober var det ei lita markering i kulturhuset med informasjon, trekking av premiar
og utdeling av Ål-52 krus. Ettersom 2015 har
vore Friluftslivets år har turane fått ekstra
merksemd gjennom det. På nettside og APP til
ut.no og visitnorway.com finn ein no info om alle
Ål52-turane som har vore ein turfavoritt. Dette
som supplement til info’n på www.aal52.no
•
•
•
•
•
•
I overkant 12.000 namn registrert i turbøkene på dei 10 utvalte turane, ei dobling
frå 2014.
Turen til Dyna var mest besøkt,
1828 personar har vore der,
Heile 850 klyppekort har vore i bruk (mot
220 stk i 2014).
267 klyppekort vart leverte inn der 8, 9 eller
10 turar var gjennomførte.
I fotokonkurransen på Instagram vart det
posta ca. 400 bilete med #ål52/#aal52.
Vinnarbilete vart Ingvild Brye sitt foto frå
Såta. Du ser det nedanfor.
27 nasjonalitetar er registrert i dei 10
turbøkene på favoritturane.
Premiering
Stor takk til dei som sponsa årets premiar;
Skarslia Ski- og Akesenter, Hallingdal Feriepark,
G-Sport Ål, Norli Ål og Thon Hotel Hallingdal.
2016
Vandreprogrammet fortsett i 2016 med 10 nye
turfavorittar, ny type klyppekort, ny brosjyre og
framleis attraktive premiar og Ål52-krus.
Julegåvetips
Klyppekort for 2016 kan vere ei fin gåve både
til jul og bursdag. Kortet blir å få kjøpt hjå Ål
Turistinformasjon, G-Sport og Norli Ål frå fyrst i
desember.
Les meir på www.aal52.no, og følg med utover
våren og sommaren.
Ål52 og vandreprogrammet 10 turfavorittar i Ål
blir gjennomført i eit samarbeid mellom Ål
kommune, Ål Utvikling AS og O-gruppa i Ål I.L.
Foto: Ingvild Brye
Ål Utvikling AS/Ål Turistinformasjon | 15
Det snør ikkje skispor - bidra til
løypekøyringa i Ål
I Ål er me så heldige å ha vel 400 km med
preparerte langrennsløyper fordelt over heile
kommunen.
Det er løyper både for klassisk og skøyting, og
GPS-tracking viser deg status for løypekøyringa.
Løypebidrag er heilt nødvendig for at løypelaga
skal få økonomi til å preparere alle skiløypene
så godt, og så ofte som ynskjeleg.
På vegne av løypelaga i Ål ber me alle som
brukar skiløypene, hytteeigarar, dei som har
utleigehytter og interesserte elles om å betale
minst kr. 950,- som bidrag til løypekøyringa i Ål
denne vinteren.
Me håpar næringslivet i Ål og støttar opp om
løypekøyringa i Ål kommune.
Sjå tracking av skiløypene på
www.skisporet.no, og på www.al.no
For betaling – bruk giro du får tilsendt
eller betal til det løypelaget du ynskjer
å støtte:
• Vats Løypelag / Bergsjøområdet:
2320.15.47903
• Liatoppen Skisenter / Liatoppen og
Votndalsåsen: 2320.07.17155
• Torpo Skiløypelag: 2324.07.13365
• Kvinnegardslia og Øre-Ål skiløypelag:
2320.20.70485
• Sangefjell Skiløypeutvalg:
2320.32.77962
• Veståsen / Veståsen Løypenemnd:
2320.20.75878
• Veståsen / Heimstølhovda Hyttegrend:
2324.15.31856
Felles langrennsprosjekt i
Hallingdal
Som eit resultat av samarbeid mellom
alle destinasjonane i Hallingdal og regionrådet er det no laga ei felles brosjyre som
fortel om det samla langrennstilbodet på
2000 km i Hallingdal. Det blir og ei felles
marknadsføringskampanje med fokus på
langrenn i Hallingdal denne vinteren.
Brosjyren kan du lese bl.a. på
www.hallingspor.no eller du kan få den på
turistkontora i Hallingdal.
Ål Utvikling AS/
Ål Turistinformasjon
Utdrag frå arrangementskalenderen
DESEMBER
5.12. 6.12
19.12.
28.12. Matmesse Votnahall
Sigrid Moldestad Hallingdal Feriepark
m/ Oslo Strings
Lene Storhaug Fryd Scene
syng jula inn
Miljø og moro på Ål kulturhus
Sundre i 1950-åra JANUAR/FEBRUAR
25.1.
Bukkene bruse Ål kulturhus
på badeland
28.1.-30.1. Sundreball musikkfestival
Sundrehall
26.2.-28.2. Skjærgårds
Vinterfestival Ål sentrum m.m.
27.2.
Hyttemesse
Ål kulturhus
28.2.
Gaurhovdrennet
Showrennet
Liatoppen Skisenter
MARS/APRIL
11.3.-13.3. Bendit Alpin
festival
Ål Skisenter
15.3
Are Kalvø
Ål Kulturhus
19.3. Hallingspretten Ål sentrum m.m.
20.3.
Bergsjørennet Bergsjø - Liatoppen
8.4.-10.4. Bendit Liatoppen
Skiskytterfestival Liatoppen Skisenter
29.4.-1.5. Ål-cup handball Ål Idrettshall
Vinterferie
Veke 7:
Sogn & Fjordane
Veke 8:
Akershus, Oslo,
Hedmark, Telemark,
Vestfold og Østfold
Veke 9:
Buskerud, Oppland
Veke 13:
Hordaland
Fullstendig oversikt over alle arrangement i
Ål og i heile Hallingdal finn du på www.al.no
Kulturhusprogrammet samt info om kino og utstillingar
finn du på www.aal.kulturhus.no
Handel på Sundre
Utvida opningstider i desember:
Dag/dato
13. des.
20. des.
21. des.
22. des.
23. des.
24. des.
28. des.
29. des.
30. des.
31. des.
Tidspunkt
Sundagsope 12.00-17.00
Sundagsope 12.00-17.00
10.00-20.00
10.00-20.00
10.00-18.00
10.00-13.00
10.00-18.00
10.00-18.00
10.00-18.00
10.00-15.00
Butikkar utanom Ålingen Kjøpesenter
kan ha andre opningstider.
Sjå www.al.no for info.
Ål Turistinformasjon/
Ål Utvikling AS
Ordinære opningstider
mån t.o.m. fredag 08.30 -16.00
Opningstider i romjula
28.,29. og 30.12 10.00 – 15.00
24.12. og 31.12: stengt
Opningstider i påska
21.-22.3.
08.30-16.00
23.3.
08.30-12.00
Stengt i helgedagane
Tlf. 32 08 10 60
[email protected]/www.al.no
Følg Ål i Hallingdal på Facebook,
Ål Turistinformasjon på Instagram
og på Google+