2016_Program TINE fotballskule

TINE/VALLE FOTBALLSKULE 2016
laurdag 21. mai og søndag 22. mai 2016
Deltakarinformasjon og Program
Kjære deltakar på fotballskulen i Valle
Fotballskulen blir arrangert i Valle og interessa for fotballskulen har vore stor i år også. Det
lovar godt for to flotte fotballdagar med øving, leik og kampar.
Dei yngste deltakarane vil halde til i ballbingen. Alle andre held til på oppmerkte banar på
Valle stadion/naturgrass.
VEL MØTT TIL FOTBALLFEST I VALLE!
Deltakarinformasjon
Deltakaravgift
Betaling av deltakaravgifta skjer ved registrering kl. 09.00 i Vallehalli fyrste dagen.
Deltakaravgifta er kr. 500,-, 450,- syskenmoderasjon
Mat og drikke
Alle deltakarane må ha med nistepakke kvar dag. Arrangøren held saft for deltakarane
begge dagane. TINE sponsar drikke til eitt måltid kvar dag.
Det vert matsalg/kiosksalg i telt som vert sett opp på Valle stadion.
Utstyr
Fotballsko, leggbeskyttarar, eventuelt keeperhanskar.
Det vert høve til å nytte garderobane i hallen.
Alle deltakarane får utdelt t-skjorte frå TINE som skal brukast under heile fotballskulen.
I tillegg får alle deltakarane utdelt sekk frå TINE og fotball frå VALLE IL.
Det er viktig at utdelte artiklar blir merkt.
Sekretariat
Sekretariatet for fotballskulen er på kontoret til Valle IL i kultursenteret.
Program
Laurdag 21. mai:
0900 – 09.30 Vallehalli: Registrering, utdeling av materiell, opning, informasjon
09.30 – 1130 Trening og instruksjon
1130 – 1230 Matpause
1230 – 1500 Trening og instruksjon
Sundag 22. mai:
0930 – 1130 Trening og instruksjon
1130 – 1230 Matpause
1230 – 1445 Trening og instruksjon
1430 – 1500 Avslutning: Utdeling av diplom og fotball.