Les meir

PRESSE
PIPPI LANGSTRØMPE TILBAKE I NYTT FORMAT
Pippifestivalen i Skånevik kan med glede melda om at Pippi no er tilbake frå dei sju hav, og at
ho blir å sjå i hotellhagen i Skånevik 7.-10.juli. Saman med Herr Nilsson, Tommy og Annika, Fru
Prysselius, politiar og røvarar, blir det speloppar og sprell frå morgon til kveld! Dyrehagen vert
også i år spennande for barna. I tillegg vert det minisirkus.
Det er eit annleis år for festivalen med ny regissør og ny hovedrolle som Pippi. Runa Våge
Krukhaug er ny regissør og Pippi Langstrømpe vert spela av Andrea Vespestad frå Bømlo.
Her fortel Andrea om seg sjølv:
Eg heiter Andrea, er 15 år og kjem frå Bømlo. Eg har alltid likt å stå på scenen å opptre, og frå eg var
liten har eg sunget i kor. Etter mange år med venting kom eg endeleg inn på kulturskulen, i barne og
ungdomsteateret. Her har fått være med på kjekke oppsetningar som blant anna Litle Torolv,
Jungelboka og Den store fargeslukaren. Eg har og spelt i ein del skulemusikalar som har blitt satt opp,
og då musikalen "Annie" vart satt opp, hadde eg hovedrolla.
I tillegg til å spele teater, elskar eg og å spele fotball. Dette har vist seg å være to ting som kan være
vanskeleg å kombinere, men alt i alt går dette utmerka, dersom me legg godviljen til.
Hovudrollene er:
Pippi Langstrømpe: Andrea Vespestad, Tommy: Fridar Malmsten Steinkopf (13) frå Stord har
spelt Emil og vore Tommy med på Pippifestivalen i fleire.
Annika: Inga - Hedvig Vannes (14) frå Skånevik
Inga Hedvig har vore med på Pippifestivalen i 5 år før.