ETTER- OG VIDAREUTDANNING VED UNIVERSITETET I BERGEN MUSIKKTERAPI I ELDREOMSORG Frå hausten av tilbyr Griegakademiet vidareutdanning for musikkterapeutar i eldreomsorg. Studiet går på deltid over to semester med totalt fire samlingar ved UiB i løpet av studiet. Søknadsfrist 1. august Vidareutdanninga omfattar undervisning om dei ulike brukargruppene innan eldreomsorg, musikkterapiteori og forskning innan feltet samt musikkterapeutiske tilnærmingar og metodar. Sentrale tema i studiet: • Aldringsprosessar, systemforståing og musikkterapeuten si rolle • Musikkterapi og demens • Musikkterapi og alderspsykiatri • Musikkterapi og nevrologiske lidingar og andre sjukdommar som opptrer i eldre år • Musikkterapi og palliativ omsorg • Tverrfagleg samarbeid • Opplæring/rettleiing av anna helsepersonell i bruk av musikk Målgruppe og opptakskrav Studiet rettar seg mot musikkterapeutar som jobbar innan eldreomsorgen, eller ynskjer å gjere det. Det krevst godkjent mastergrad i musikkterapi eller 2-årig vidareutdanning i musikkterapi for å få opptak. Undervisning Studiet er samlingsbasert, med 4 samlingar à 2 dagar i løpet av studiet. Samlingane vil innhalde både forelesningar, gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og studentframlegg. 1. samling: Torsdag 22.9–fredag 23.9.2016 2. samling: Mandag 21.11–tysdag 22.11.2016 Les meir og søk plass: uib.no/evu 3. samling: Mandag 20.03–tysdag 21.03.2017 4. samling: Torsdag 11.05–fredag 12.05.2017 Studiepoeng 15 Kursavgift 12 000,– Kontakt Kontor for etter- og videreutdanning 55 58 20 40 / [email protected] Griegakademiet 55 58 69 71 / 55 58 69 55 [email protected]
© Copyright 2024