natural resources management

Foto: Colourbox
ETTER- OG VIDAREUTDANNING VED UNIVERSITETET I BERGEN
NATURAL RESOURCES MANAGEMENT
Er du oppteken av naturressursar og berekraftig utvikling og ynskjer å lære
meir? Ved Universitetet i Bergen kan du ta nettstudium i forvaltning av naturressursar.
Søknadsfrist
28. august
Studiepoeng
Det engelskspråklege nettstudiet Natural Resources Management skal gi kompetanse til å
forvalte ei rekkje ulike naturressursar som t.d. vatn, fisk og dyrebestandar. Det vert lagt særleg vekt på ulike kompliserande faktorar og misoppfatningar som leier til dårleg forvalting.
Spørsmål om klima og ikkje-fornybare energikjelder inngår og i studiet, og studentane skal
lære seg korleis ulike typer kvotemarknader fungerer.
10
Kurset er eit ope nettstudium med studentar frå heile verda, og all undervisning er på engelsk. Oppgåver, simuleringar, simuleringsmodellar, spel og diskusjonar er sentrale element
i kurset, og du kan studere i det tempoet som passar best for deg.
Kontor for etter- og vidareutdanning
55 58 20 40 / [email protected]
Les meir og søk plass: uib.no/evu
Studieavgift
Ikkje studieavgift
Kontakt
Institutt for geografi
[email protected]