Tilbod om Ungdata-undersøkingar i kommunar i Sogn og Fjordane

Tilbod om Ungdata-undersøkingar i kommunar i Sogn og Fjordane
I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og
NOVA vil KoRus vest Bergen ved Stiftelsen Bergensklinikkene tilby kommunar i Sogn og
Fjordane å gjennomføre ungdomsundersøkinga Ungdata. Tilbodet gjeld for kommunar som
ikkje har gjort Ungdata-undersøkingar seinare enn 2014. Tidlegare undersøkingar frå Sogn og
Fjordane fylkeskommune er no avslutta, og Ungdata er tenkt å erstatte desse. Over 350
kommunar i Noreg har til no gjennomført ein eller fleire Ungdata-undersøkingar.
Ungdata er eit kvalitetssikra system for gjennomføring av lokale spørjeskjemaundersøkingar
i ungdomskular og vidaregåande skular. Ungdata er godkjent av Datatilsynet, og det er ikkje
naudsynt med samtykke frå elevane sine foreldre.
Det er NOVA og dei regionale kompetansesentra innan rusfeltet som har det faglege ansvaret
for undersøkingane, medan kommunane står for den praktiske gjennomføringa lokalt. Ein
kommune som ønskjer å gjennomføre ei Ungdata-undersøking, må først ta kontakt med
KoRus i regionen sin. Kommunen inngår ei avtale med KoRus og NOVA, der pliktene til
partane i samarbeidet vert fastsette.
Oppfylging av resultat frå Ungdata-undersøkingar
Standard resultatrapportar frå NOVA vil verte overført kommunar som gjer Ungdataundersøking. KoRus kan vidare hjelpe kommunar med å bruke resultat:
Ved å arrangere regionale samlingar for fleire kommunar mhp. drøfting av resultat.
Ved å drøfte korleis kommunen kan bruke resultat inn i folkehelseoversikta og i andre planar.
Ved å hjelpe med oppfylging av eventuelle spesifikke utfordringar, og vurdering av behov for
kompetanse.
Det ønskjeleg at kommunar gjennomfører Ungdata-undersøkingar i vårhalvåret. Det tar to
månader å førebu ein undersøking i ein kommune.
For spørsmål om gjennomføring av Ungdata kan ein kontakte Erik Iversen ved KoRus vest
Bergen, Stiftelsen Bergensklinikkene: [email protected] , eller telefon 5590 8634.
Om Ungdata-undersøkingar
Spørjeskjemaa består av tre typar spørsmål: obligatoriske spørsmål, valfrie spørsmål og
eigenkomponerte spørsmål. Det skal ikkje ta meir enn ein klokketime for ungdomane å svare
på undersøkinga. Med ei slik tidsramme utgjer dei obligatoriske spørsmåla litt over halvparten
av spørsmåla i spørjeskjemaet. Val av tilleggsspørsmål til den lokale delen av undersøkinga
skal kommunen gjere i dialog med KoRus i regionen og NOVA.
Ungdata-undersøkingane skal verte forankra på ansvarleg nivå i kommunen (f.eks. rådmannen
eller kommunalleiaren). Ein skal vidare utnemne ein kommunal koordinator som har ansvaret
for å oppfylle pliktane til kommunen i Ungdata-samarbeidet. Det er koordinatoren som har
ansvaret for å motivere skulane før undersøkinga, å sjå til at føresette og elevar får
tilstrekkeleg informasjon, samt å rettleie skulane i den praktiske gjennomføringa.
Ungdata-undersøkingane vert gjennomførte elektronisk på skulane. Elevane svarer på
spørsmåla ved å logge seg inn med eit unikt brukarnamn via nettsida www.ungdata.no. Det
må vere ein lærar eller ein annan vaksen til stades i klasserommet under heile
datainnsamlinga. For kvar skule skal ein peike ut ein lokal administrator som har ansvaret for
datainnsamlinga lokalt.
Etter at den lokale datainnsamlinga er avslutta, vert data lagra hos NOVA. Som ei
standardrapportering frå Ungdata får kommunen PowerPoint-rapportar med resultat frå
undersøkinga si og ein nøkkeltalrapport der tal frå eigen kommune vert samanlikna med
nasjonale tal.
Bergen, 24.6. 2016
Kompetansesenter rus region vest Bergen (KoRus vest Bergen)
Stiftelsen Bergensklinikkene
Vibeke Johannessen
virksomhetsdirektør
Erik Iversen
psykologspesialist