Trekløveren Barnehage MÅNEDSPLAN MAURTUA September 2016, gul gruppe tlf 41532627 Uke MANDAG TYSDAG ONSDAG 35 TORSDAG FREDAG 1. Møtedag Frilek 2. Kor Livar 4 år den 3.9! 36 5. Me arbeider med temaet brann 6. Me går til idrettshuset 7. Til brannstasjonen på Nærbø 8. Møtedag Frilek 9. Me arbeider med temaet brann Derya 4 år! Leikedag Ragna 4 år! 37 12. Me lager mat ute 13. Me går på tur for å sjå på huset til nokre av ungane! 14. Me lærer om kroppen 15. Møtedag Frilek 16. Kor Jøran 4 år! 38 19. Me lager sjølvportrett 20. Me går til idrettshuset 21. Felles fødselsdagsfeiring 22. Møtedag Frilek 23. Brannøvelse 39 26. 27. Me går på tur for å sjå på huset til nokre av ungane! 28. Varm mat 29. Møtedag Frilek 30. Kor Postadresse: Kontoradresse: Telefon: Internett: Organisasjonsnr: Skulegata 14 Pilevegen 5 4360 Varhaug 51430666 Postboks 52 4368 Varhaug 964 969 590 www.ha.no/trekloveren [email protected] Trekløveren Barnehage Informasjonsskriv gul gruppe september 2016 tlf: 41532627 Då er me godt i gang! Fokuset no i august har vore innkjøring, verta kjende med kvarandre og barnehagen. Me har stadig fokus på å arbeida med relasjonar, at ungane skal verta kjende med kvarandre og få gode vennskap. Mykje læring - både språkleg og sosialt - finn stad i leik, så dette er viktig for oss i barnehagen. Rammeplanen seier: "Leken har mange utrykksformer og kan føre til forståelse og vennskap på tvers av alder og språklig og kulturell ulikhet. I et lekefellesskap legges grunnlag for barns vennskap med hverandre. Å få delta i lek og få venner er grunnlaget for barns trivsel og meningsskaping i barnehagen. I samhandling med hverandre legges grunnlaget for læring og sosial kompetanse. " Kap 2.2, Lek I tillegg til fokus på vennskap og leik, har me i august arbeidd med rutinar på gul gruppe. Kring 0915 har me hatt ei lita samling inne på Maurtua. Ungane er gode til å finna ro, og høyrer godt etter, både på denne samlinga og på den samlinga me har før mat. Me har ei lengre leikeøkt på føremiddagen, og ser at leiken fungerer best når me får delt dei i litt mindre grupper. September er månaden for brannvern. Spennande med besøk på brannstasjonen og ikkje minst å grua oss litt til brannalarmen går. Men viktig tema som det kan vera godt for ungane å få snakka litt om heime og. Bussen til brannstasjonen går 0840. Dette barnehageåret kjem me til å ha ein del fokus på ”meg sjølv” – om kroppen, både utpå og inni, kor bur eg og litt om familien. Som de ser av planen, vil me ut på tur for å sjå kor ungane bur. Ingen treng stressa for at me skal ”innom”, me kjem berre for å ta eit bilete ved døra for så å gå vidare. Som eit overornda mål, handlar mykje av dette om språk og språkforståing. Ved å konkretisera det me arbeider med, ynskjer me at barna skal få ei god forståing for det me arbeider med. Fredag 9.september er det leikedag. Då kan ungane få ta med ei leike heimefrå om dei vil. Me ynskjer ikkje ulike former for våpen, og heller ikkje småleiker (som legoklossar) som lett forsvinn. Spør om du lurer på noko, gjev oss tilbakemeldingar! Magne, Marit Irene og Inger Johanne Postadresse: Kontoradresse: Telefon: Internett: Organisasjonsnr: Skulegata 14 Pilevegen 5 4360 Varhaug 51430666 Postboks 52 4368 Varhaug 964 969 590 www.ha.no/trekloveren [email protected]
© Copyright 2024