Minnar om planleggingsdagen den 11.november!

Oktober kan oppsumerast med at det var ein flott månad. Me har vært mykje ute og verkeleg nytt
den flotte hausten me har hatt. I løpet av månaden har me vert på mange turar, til Selfallet,
Kattneset, Nesvatnet, bak busstasjonen og til Nøttveit. Me var og innom Solhall på ein av turane våre
og helste på gamle kjenningar. Kjempe kjekt!!
Tusen takk til alle dei som kom på foreldrekaffien me hadde den 7.oktober. Veldig kjekt at så mange
kom. Dette er ein dag ungane verkeleg set pris på og dei gler seg heile dagen til de kjem. Me i
personalet syns dette vart ei triveleg stund.
Tema me jobba med i oktober var vennskap og Tarkus. Vennskapstemaet avslutta me første veka og
deretter begynte me med Tarkus. Tarkus lærer oss om trafikk. Me har lest bøker, snakka om ulike
situasjonar i trafikken, hørt på lydbok og me har lært songar om Tarkus og venane hans. Han har og
snakk om kor viktig det er at me brukar refleks no når det vert mørkare . Alle ungane (og dei vaksne)
fekk kvar sin refleks i hylla si, så takk til Stein Ove Valdersnes for disse (pappa til Ørjan).
I oktober hadde me ein bursdagsgut og det var Matheo som vart 4 år! Hipp hurra for han!!
I november har me ei bursdagsjente, det er Tuva Marie som vert 4 år den 14 !
I november skal me begynne litt med julegåver, det er mange som skal lage og då er det kjekt å bruke
litt god tid på dette. Første søndag i advent er 27.november og då må me være klar til å markere
denne flotte tida. Elles skal me følgje vekerytmen som me har hatt til no.
Foreldresamtalane er godt i gang og dei som ikkje har fått skrevet seg opp må gjerne gjere det. Lista
heng i garderoben. Dersom det ikkje passar med dei tidene som er sett opp, må de gje ein lyd til
Karen-Ann.
No er tida inne for å ta med tjukk kjeledress i barnehagen. Ungane treng vottar og tjukke sokkar.
Oppmodar og alle til å ta ein sjekk om strikken er heil både på dressane og regnbuksa.
«Barn som er tørre og varme, er lykkelige utebarn.»
14.november begynner det ein ny gut i Sørastova. Han heiter Olav Josef Brandsdal og er fødd i 2013.
Han har tidlegare gått i barnehagen på Austebygd. Ta godt i mot han 
Minnar om planleggingsdagen den 11.november!
Karen-Ann, Reidun, Mona, Torhild og Cathrine.