Invitasjon til dialogmøte Læringsplattform NORDFJORDKOMMUNANE Nordfjord, 12. september 2016 Bakgrunn Dei sju Nordfjordkommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy har gjennom fleire år hatt eit fruktbart og godt samarbeid innanfor IKT. Kommunane har vedteke felles digitaliseringsstrategi, IKT-strategi og teikna bindande samarbeidsavtalar for utvikling av fibernett og tenester. Strategiarbeidet skal sikre god effekt av Nordfjordkommunane sin bruk av IKT i tenesteytinga. Oppvekst og utdanning i Nordfjord har eit sterkt og godt regionalt samarbeid som har eksistert over lengre tid, og har hatt mange felles satsingar innan IKT og oppvekst. Læringsplattforma som Nordfjordkommunane har nytta dei siste åra, er no blitt fasa ut av leverandør, og kommunane må difor gå til anskaffing av ny løysing. Visjonen til oppvekst og utdanning i Nordfjord kva gjeld IKT, er grunnpilaren for satsing på IKT i sektoren: «IKT skal vere ein naturleg del av arbeidet i skular og barnehagar i Nordfjord, og skal fremje læring, undervisning, kommunikasjon og samarbeid.» IKT i skule og barnehage er meir enn bruk av digitale læremiddel. Det famnar også bruk av ulike digitale verktøy og tenester, og digitale ressursar som ikkje nødvendigvis er utvikla til læringsføremål (til dømes oppslagsverk, videoklipp, nettaviser og bloggar). Gjennom denne invitasjonen ynskjer vi: - - Å lære meir om kva som finst i marknaden og dei trendar som er rundt læringsplattform, slik vi kan bli i stand til å utarbeide eit godt og framtidsretta konkurransegrunnlag for anskaffing av læringsplattform for barnehage og skule i Nordfjordkommunane. Auke interesse, kjennskap og forståing blant potensielle leverandørar for Nordfjordkommunane sine behov innanfor dette området, slik at vi igjennom dialog kan komme fram til gode løysningar som i størst mogeleg grad støttar opp under visjonen til sektoren. Målsetting Prosjektet sitt mål å er å kjøpe inn ny læringsplattform som skal dekkje kommunane sitt novarande og framtidige behov, med god forankring ute i kommunane. Prosjektet er forankra hjå Kommunalsjefnettverket for oppvekst, og godkjent av Rådmannsgruppa. Nordfjordkommunane skal gå til anskaffing av ny læringsplattform gjennom utlysning på Doffin som open anbodskonkurranse. Prosjektet skal levere kurs og anna opplæring til dei tilsette i kommunane, slik alle får naudsynt kompetanse til å kunne bruke IKT-verktøya i sitt virke. Tilstrekkelig opplæring vil vere svært avgjerande for gevinstrealisering etter at prosjektet er avslutta. Gjennomføring For å sikre omsynet til likebehandling, gjennomsiktighet og føreseielegheit i prosessen, vert invitasjonen lyst ut på Doffin som ei rettleiande kunngjering. Deltaking på dialogmøtet og svar på denne invitasjonen vil ikkje forplikte nokon av partane i samband med ei planlagt påfølgjande anskaffing. Formålet med dialogmøtet er å få innspel frå leverandørar på korleis Nordfjordkommunane kan nå målsettingane på ein best muleg måte. På bakgrunn av dette opne dialogmøtet, vert leverandørar invitert til å komme med idéar og forslag til korleis vi kan løyse behova våre best muleg. Målet er å få best muleg kunnskap til utlysinga på Doffin. Det er ynskjeleg at tilbakemeldingane dykkar er på eit overordna og mest muleg funksjonelt nivå. Dei som ynskjer å presentere løysingsforslaga sine i ein-til-ein-møte, blir bedne om å sende inn ei skriftleg skildring på maksimum 4 sider. Ein-til-ein-møta blir haldne den 6. oktober etter dialogmøtet, og dagen etter (7. okt.). Tidsplan Dato / tid Tema for møtet: 06.10.16 Dialogmøte 12.09.16 Utlysing av invitasjon på Doffin 30.09.16 Frist for påmelding til dialogmøtet Frist for innsending av skriftleg skildring, og påmelding ein-til-ein-møte 06.10.16 Dialogmøte og ein-til-ein-møte 07.10.16 Ein-til-ein-møte 24.10.16 Kunngjering av konkurranse på Doffin Med atterhald om at vi får inn tilstrekkelege løysningsforslag som vi ser vil dekke Nordfjordkommunane sitt behov, vil vi gjennomføre anskaffinga med ein intensjon om produksjonsstart av ny læringsplattform januar/februar 2017. Konkurransen med framdriftsplan vil bli publisert på DOFFIN 24.10.2016. Dialogmøte Program for dagen Dato: 6. oktober 2016 Stad: Operahuset, Nordfjordeid Tid skildring: 09.30 – 10.00 Registrering & kaffi 10.00 – 10.15 Velkommen. Mål for dagen. 10.15 -- 10.30 Om Nasjonalt program for leverandørutvikling v/NHO 10.30 – 11.15 Nordfjord presenterer overordna behov knytt til LMS-løysing. 11.15 – 12.00 Leverandørdialog i plenum: spørsmål og svar. 12:00 – 13.00 Lunsj: Leverandørane har høve til å snakke saman. 13.00 – 15.30 Ein-til-ein-møte etter avtale. Påmelding Frist for påmelding er 30.09.2016 For påmelding og spørsmål til konferansen blir å kontakte: Bård Fløde Utviklingskoordinator oppvekst Nordfjord [email protected] Mob: 90658676 Prosjektet ber om at det i påmeldinga blir opplyst om: • Namn • Firma • Kontaktinformasjon (mobil og e-postadresse). • Kor mange deltakarar som kjem.
© Copyright 2024