tyrmagasinet_0115_mineral

Tema: helse
Mineralforsyning hos kjøttfe
Tekst: Øystein Havrevoll, spesialrådgivar fôring, Nortura SA
Torstein H. garmo, førsteamanuensis, Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap, NMBU
Får dyra dine nok mineral?
Tilgang på energi er mest avgrensande for
vekst hos storfe, men nok protein, mineral,
vitamin og andre næringsstoff er nødvendig
for normal vekst og utvikling, ikkje minst god
tilgang på reint og friskt vatn.
Mineralstoffa vert vanlegvis inndelt i mengdemineral og sporstoff alt etter mengda det er
behov for i fôret. Nokre mineral er viktige
byggesteinar i skjelettet, andre mineral er
nødvendig for væskebalansen i kroppen, eller
for funksjon av nervar, musklar og i ulike enzym
verksame i stoffskiftet hos dyra. Plantene
inneheld mineral, og ein allsidig fôrrasjon er
med og tryggjer ei god mineralforsyning. Behov for mineral vil variera med produksjon hos
dyra, mens behov for tilskot vil variera både
med behov hos dyra og naturleg innhald i fôr
eller beite. Målet med denne artikkelen er at
ammekuprodusenten skal få noko meir kunnskap om korleis mineralstoffa fungerer i dyret,
næringsbehov til ulike produksjonar og litt om
mineralinnhald i grovfôr frå eng og beite. Med
dette som bakgrunn kan ein lettare vurdera
praktiske rasjonar og fokusera på tilskot når
det er nødvendig.
6 | tyrmagasinet · 1 · 2015
Fôring med mineral
{Forslag: I tidsskriftet rammast denne oversikten inn med fargesetting, står separat =
VIKTIg!}
Basisrasjon med surfôr eller beite kan dekka
det meste av mineralbehovet. Men ofte er det
behov for ekstra tilskot. Lista nedanfor syner
ulike måtar å gi mineralblanding til storfe:
• Fri tilgang på kalvekraftfôr i kalvegøyme eller
kraftfôrautomat, både inne og på beite
• Allsidig samansett grovfôrrasjon med minst
3 kg kraftfôr per dag for ungdyr i vekst
(slaktedyr)
• Ammeku-konsentrat. Kraftfôr med spesielt
høgt mineralinnhald. Om lag 0,5 – 1,0 kg
per dag skal dekka behovet. Viktig med lik
tildeling til alle dyr i same gruppe.
• Mineralblanding for storfe i mjølform. Kan
vera tilsett ekstra kalsium (Ca) eller magnesium (Mg). Gis i mengder på 50 – 150 gram
per dyr og dag, gjerne saman med kraftfôr
eller strøydd opp på surfôret. Kan gis i fri
tilgang frå «microfeeder» på beite eller i
lausdrift. Følg bruksrettleiinga nøye.
• Saltstein tilsett vitamin og mineral.
Fri tilgang.
• Mineral- og vitamin-bøtter. Gis i fri tilgang på
beite eller i lausdrift. Skal ikkje gi ekstra med
salt/saltstein ved bruk av bøtter.
• Bolus gitt med sonde ved beiteslepp eller
2 – 3 månader før kalving. Ein bolus til ungdyr over 200 kg og to bolusar til ku over
550 kg. Bolusen frigir mineral litt etter kvart,
og den kan rekka i opptil 6 månader.
Ved fri tilgang på mineral, er problemet at ein
ikkje veit kor mykje det enkelte dyret har ete.
Det er ikkje gitt at alle storfe tek opp nok
mineral frå saltsteinar, bøtter og liknande.
Behov for mineral
Husdyr har behov for minst 22 ulike mineral
for å produsera og å oppretthalda god helse.
Ei lang rekkje vitskapeleg forsøk har gitt grunnlag for mineralnormer eller mineralbehov til
dyra. I tillegg til fysiologisk norm, brukar ein
nedre grenseverdiar når mangel kan oppstå,
eller øvre grenseverdiar for giftverknad av for
mykje mineral. Nokre mineral samverkar med
kvarandre. For eksempel kan for mykje kalium
redusera opptak og utnytting av magnesium og
kalsium. Vidare kan enkelte mineral binda seg
til andre næringsstoff og bli mindre tilgjenge-
Tema: helse
leg i fordøyelsekanalen. Både for lite og for
mykje mineral er skadeleg. Behov for mineral
kan gis opp i gram (g) eller milligram (mg) per
dag per dyr eller som innhald i totalrasjonen.
For å samanlikna ulike produksjonar og rasjonar, oppgir me her innhald i g eller mg per kg
tørrstoff.
Mengde- eller makromineral er kalsium (Ca),
forsfor (P), magnesium (Mg), natrium (Na)
kalium (K), svovel (S) og klor (Cl). Bokstavar
i parentes er kjemisk teikn som blir brukt over
heile verda. Behov for nokre makromineral er
vist i Tabell 1.
Kalsium og fosfor er dei minerala det er mest
av i kroppen. Omtrent 99 % av kalsium finst i
beinbygning og tenner, men mineralet er også
viktig for funksjon av nervar og musklar. Ved
vekst av beinvev verkar kalsium saman med
fosfor og ein bør vurdera behovet for desse to
minerala i samanheng. Vitamin D er viktig for
absorpsjon og utnytting av desse minerala.
I kroppen utgjer forholdet mellom kalsium og
fosfor 1,7 – 1,9. Dyra kan godt tola meir
kalsium i høve til fosfor, men det er verre med
for lite kalsium. I praktiske fôrrasjonar bør
mengdeforholdet Ca: P vera opp mot 2:1.
For lite kalsium, fosfor eller D-vitamin kan lett
seinka tilveksten eller føra til svake bein. Fosfor
er også viktig for utvikling av den mikrobielle
populasjonen i formagane til drøvtyggaren.
Magnesium har til dels same funksjon som
kalsium. Det er ein viktig del av knoklane, men
det er også nødvendig for normal nerve- og
muskelfuksjon og for at enzym i kroppen skal
vera aktive. Magnesium-mangel er direkte knytt
til nivået i fôret. Mangel eller ubalanse av
magnesium kan gi muskelkramper. Kronisk
mangel kan gi vantrivnad på dyra og dårleg
matlyst. Høgt kalium-nivå, lågt mengdeforhold
Na:K og høgt nitrogen-nivå i fôret reduserer
opptak av magnesium. Miljøskifte og stress hos
dyra kan gi utslag i muskelkramper pga. for lite
magnesium i rasjonen eller i beitegrøda.
Natrium finn ein særleg i kroppsvæsker, nervar
og knoklar. Det er spesielt viktig for å halda
oppe væskebalansen i kroppen, og mangel kan
gi uttørking av dyra. Nok natrium i fôrrasjonen
verkar appetittvekkande og stimulerer fôr­
opptaket. Natrium er eit mineral det fort blir
mangel på sidan grovfôr og beite har lågt
innhald i forhold til behovet hos dyra.
Kalium er viktig for å halda oppe væskebalansen inne i cella og for å overføra nerveimpulsar
saman med natrium i tillegg til å vera ein viktig
komponent i enzymsystem. Høge kaliumverdiar
i fôr eller beitegrøde kan ein lett få ved sterk
husdyrgjødsling. Mykje kalium i rasjonen kan
som tidlegare nemnt redusera opptak av magnesium og kalsium. Saman med høge PBV-
verdiar kan det gi rask passasjehastighet og
blaut gjødsel. Til vanleg er det nok kalium i
rasjonen både på innefôring og på beite.
­Behovet er 5 – 8 g per kg tørrstoff. Sterk
gjødsling med nitrogen, fosfor og kalium kan
redusera fruktbarheten hos kyrne.
Svovel går inn i strukturelle vev i organismen
slik som musklar, bindevev, brusk og knoklar,
og det er ein del av alle enzym. Mangel på dei
svovelhaldige aminosyrene metionin og cystin
vil ha alvorlege konsekvensar for mange livs­
ytringar og produksjonsforhold m.a. pels­
kvalitet. Svovel er eit av makrominerala det kan
bli for lite av i grasbaserte fôrrasjonar (inkl.
beite), då innhaldet kan vera lågare enn 2 g
per kg tørrstoff, som er behovet i fôrrasjonen.
Dessutan må ein sjå behovet for svovel (S)
i høve til nitrogen (N) i rasjonen, slik at for­
holdet N:S bør vera lågare enn 13:1 av omsyn
til mikroorganismanes forsyning med svovel til
aminosyre-syntese i vomma. Bruk av svovel i
mineralgjødsla er aktuelt.
mangel og forgiftning, spesielt hos sau. Det
same har selen som er svært giftig i for store
konsentrasjonar.
Kopar-opptak hos drøvtyggarar blir hemma av
mykje molybden og svovel i rasjonen. Forhold
Cu:Mo mindre enn 2 i fôret gir risiko for
kopar­mangel. Mangel kan gi utslag i avfarging
av hårlaget, diaré, svak tilvekst, redusert fruktbarhet og mindre yting.
Selen samvirkar med vitamin E og vernar celle­
membranar mot oksydasjon (nedbryting). Det
er lite selen i norsk jordsmonn og planter. Tilskot
av selen er nødvendig. Beitegrøde har normalt
bra med E-vitamin, men i andre grovfôrslag, t.d.
halm, kan det vera svært lågt innhald. Mangel
på selen og E-vitamin kan gi e­ rnærings-betinga
muskeldegenerasjon som ikkje er uvanleg på
kalvar og ungdyr av kjøttfe i Norge. I surfôr­
baserte rasjonar er det som regel behov for
å tilføra ekstra selen og E-vitamin.
Kobolt er ein del av vitamin-B12, og kobolt er
ein nødvendig del av fleire enzymsystem, som
Ca
P
Mg
Na
Dyr i vekst
100 – 200 kg levande vekt
Tilvekst 700 g/dag
Tilvekst 1400 g/dag
5,5 – 6,0
9,0 – 10,0
3,5 – 4,0
5,5 – 6,0
1,2 – 1,5
1,4 – 1,8
1,2 – 1,6
1,5 – 1,8
Dyr i vekst
200 – 400 kg levande vekt
Tilvekst 700 g/dag
Tilvekst 1400 g/dag
5,5 – 6,5
8,0 – 9,5
3,2 – 3,8
4,5 – 5,0
1,2 – 1,5
1,4 – 1,8
1,2 – 1,6
1,5 – 1,8
Dyr i vekst
400-600 kg levande vekt
Tilvekst 700 g/dag
Tilvekst 1400 g/dag
5,0 – 5,5
7,5 – 8,0
3,5 – 3,8
4,5 – 5,0
1,1 – 1,7
1,3 – 1,8
1,2 – 1,6
1,5 – 1,8
Ammeku
Vedlikehald
Drektig ku 1 – 0 mnd. før kalving
Ammeku (10 liter mjølk/dag)
3,5 – 4,0
3,6 – 4,2
6,0 – 7,0
2,2 – 2,7
2,3 – 2,8
3,6 – 4,0
1,6 – 1,8
1,6 – 1,8
2,0 – 2,5
0,8 – 1,2
1,5 – 1,8
1,8 – 2,2
Tabell 1. Behov for mineral i g/kg tørrstoff i totalrasjonen (INRA/Frankrike, 2007; Landsudvalget for
Kvæg/Danmark, 1999; NJF/Nordisk arbeidsgruppe, 1975).
Mikromineral eller sporstoff er i tal langt
fleire enn makromineral. Dei viktigaste i fôringssamanheng er: jern (Fe), jod (I), kobolt
(Co), kopar (Cu), mangan (Mn), molybden
(Mo), selen (Se) og sink (Zn). Mangel på
sporstoff kan føra til redusert appetitt, nedsett
vekst, stygt hårlag eller generelt dårleg trivnad
med redusert immunitet. Redusert fruktbarhet,
svake kalvar ved fødsel og tilbakehalden etterbyrd er også problem som kan ha samanheng
med mineralmangel. Overskot av mineral kan
hopa seg opp i organismen og gi forgiftningssymptom. Kopar har trong grense mellom
er svært viktige for basale funksjonar i stoff­
omsettinga hos dyra. Vitamin-B12 blir synte­
tisert i vomma hjå drøvtyggjarane, men ved
lågt nivå av kobolt i fôret, kan det bli mangel
på dette vitaminet. Symptom på kobolt-mangel
hjå drøvtyggjarane er utprega appetittmangel,
stagnert vekst og vekttap. Storfe på utmarksbeite har vanlegvis større tilgang på kobolt
enn på kulturbeite, då innhaldet i lauv er svært
høgt samanlikna med i gras. Kløver er oftast
mykje rikare på kobolt enn gras.
tyrmagasinet ·1 · 2015
|7
Tema: helse
Jod-mangel er eit typisk innlandsproblem. Raps og liknande planter
som inneheld jod-bindande stoff kan såleis bidra til mangel på jod.
Mangel kan føra til struma (forstørra skjoldbrukskjertel), redusert fruktbarhet og gi svakfødte eller daudfødte kalvar. Jod-tilskot er nødvendig i
store deler av landet.
Behovet for mikromineral og nivå der det kan bli forgiftning er vist i
Tabell 2.
Tabell 2. Behov for mikromineral til storfe i mg/kg tørrstoff i rasjonen med
grense for mangel og forgiftnings-symptom (INRA/Frankrike, 2007; Lands­
udvalget for Kvæg/Danmark, 1999, NJF/Nordisk arbeidsgruppe, 1975).
Minimum
Behov
Forgiftning
7
10
30
Molybden
0,1
0,1 – 0,5
3
Jern
30
50 – 100
–
Mangan
45
40
1000
Sink
45
50
250
Jod
0,15
0,3
8
Selen
0,1
0,1
0,5
Kobolt
0,07
0,1
10
Kopar
Tabell 3. Mineralinnhald (g/kg tørrstoff) i artsreine prøver av timotei,
engsvingel, og raudkløver i førsteslått eng på Ås frå prosjektet «Meir og
betre grovfôr» (Garmo m.fl. – Rapport grashaustinga 2006).
Vekst
Dato
Ca
P
Mg
K
Na
Timotei
29. mai
3,3
2,8
1,2
22,8
0,33
Timotei
06. juni
3,0
2,4
0,9
22,0
0,42
Timotei
12. juni
2,4
2,1
0,8
17,8
0,30
Engsvingel
29. mai
4,5
3,2
1,9
23,7
0,24
Engsvingel
06. juni
4,3
2,8
1,4
27,7
0,26
Engsvingel
12. juni
3,6
2,3
1,3
15,2
0,48
Raudkløver
29. mai
11,2
3,0
2,9
30,8
0,38
Raudkløver
06. juni
13,4
2,4
2,9
31,5
0,53
Raudkløver
12. juni
10,3
2,4
2,6
36,3
0,35
Utviklingsstadium timotei: 29. mai: Stengelstrekningsstadiet; 12. juni:
Skytingsstadiet
Figur 1 og 2 viser døme på innhaldet av mineral – i desse tilfella
­kalsium – kan variere svært mykje innan og mellom plantegrupper
og planteartar gjennom beitesesongen på utmarksbeite.
For storfe er det viktig med nok vitamin i fôret. Mangel på vitamin er
ikkje så vanleg som for mineral. Men i fôringssamanheng bør ein ha
fokus på vitamin A og vitamin E. Amerikanske normer (NRC 2000)
opererer med behov på 2200 IU vit. A per kg tørrstoff, 275 IU vit. D
og 15 – 60 IU vit. E per kg tørrstoff for storfe i vekst (IU=internasjonal
eining).
Mineralinnhald i grovfôr og beite
Innhald av mineral i plantene vil m.a. variera med tilgangen på mineral i
jorda, pH i jordsmonnet, gjødsling, klima og utviklingsteg hos plantene.
For eksempel vil lite selen i jorda, slik det er i her i landet, gi lite selen i
plantene. Blad har oftast høgare innhald av mineral enn stenglar. Unge
grasplanter har difor høgare innhald enn eldre planter etter skyting og
fram til blomstring.
Avlinga frå håslåtten er meir bladrik enn førsteslåtten. Eldre eng med
meir bladrike grasartar og høgt innslag av urter er meir mineralrik enn
timoteieng. Kløver har til dømes 2 – 3 gonger meir kalsium og magnesium enn timotei.
Tilførsel av næring til plantene skal dekka behovet til plantene for
å få ei normal og god avling, medan behovet til dyra kan dekkast dels
via plantene og dels via ekstra tilskot i ulike former. Natrium, fosfor,
magnesium, selen og kopar finst i planter frå eng og beite i eit slikt
nivå at det ofte blir for lite for dyra under norske forhold. Nokre av
desse elementa har spesifikk funksjon hos vom-mikrobar eller i dyra
men ikkje tilsvarande i plantene. Dette gjeld for t.d. natrium, jod,
selen og kobolt. Belgvekster som kløver, der bakteriar lever i symbiose
med plantene og bitt nitrogen frå lufta, treng kobolt. Dette er årsaka
til at innhaldet av kobolt er høgare i kløver enn i gras.
Korleis mineralinnhaldet kan variere med ulike planteartar og
hauste­dato (utviklingssteg) hausta frå fulldyrka og gjødsla eng er vist
i Tabell 3. Det var ein tendens til noko høgare innhald av kalsium,
fosfor og magnesium i engsvingel enn i timotei. Raudkløver hadde
eit mykje høgare innhald av kalsium (2 – 4 gonger) og magnesium
(2 – 3gonger) enn gras i dette materialet. Utsett haustetid reduserer
makromineralinnhald i plantene, særleg kalsium, fosfor og kalium.
Figur 1. Variasjon i kalsiuminnhaldet (g/kg tørrstoff; middelverdi og lågaste
og høgste verdi i beitesesongen) i ulike typar beitegrøde i fjellet; Jotun­
heimen, 900 – 1000 moh. (Garmo 1986).
Figur 2. Kalsiuminnhald (g/kg tørrstoff) i ulike planter frå skogsbeite til ulik
tidspunkt i beitesesongen; Ski, Akershus, 130 – 200 moh. (Garmo 2005).
8 | tyrmagasinet · 1 · 2015
Tema: helse
Gjennom Tine sitt rådgjevingsapparat er det innsendt grovfôrprøver til
mineralanalyser. I middel var det liten skilnad mellom vanleg surfôr (silo)
og surfôr ensilert i rundballar (Tabell 4). Desse tala gjev eit godt bilde
av kva nivå makrominerala for innhausta grasdominert grovfôr har her i
landet, men bak middeltala vil det vera store variasjonar alt etter plantesamansetnad, gjødsling og jordsmonn på prøvestadene og haustetidspunkt (slått-nummer).
Tabell 4. Mineralinnhald (g/kg tørrstoff) i prøver av surfôr frå silo og
rundballe-surfôr i middel for åra 2010 – 2013 i prøver frå heile landet
(Tine Rådgiving).
Surfôr-prøve
Surfôr, ensilert i silo
(1167 prøver)
Surfôr, ensilert i rund­
ballar (1246 prøver)
Ca
P
Mg
K
Na
4,2
2,6
1,7
20,8
1,50
4,5
2,9
1,8
23,3
1,13
Illustrasjonsbilde inn her.
Hvilket passer
Mest kalsium i grovfôr og mest fosfor i korn og frø
Grovfôr er relativ rik på kalsium, men innhaldet av fosfor er relativt lågt
i mest alt grovfôr særleg når det er hausta på eit seint utviklingssteg.
Innhaldet av fosfor er mykje høgare i korn og frø spesielt av belgvekster
og oljevekster, sjå tabell 5.
Kraftfôrblandingar inneheld om lag dobbelt så mykje kalsium, fosfor,
magnesium og natrium som middels godt grovfôr. Til dels har dette
å gjera med tilsetting av ulike mineralkomponentar.
A-K MASKINER
din totalleverandør av tekniske løsninger til storfehold
A-K maskiner leverer Reime innredning til kalv og kjøttfeproduksjon.
Reime Agri er Norges største produsent av innredning og rekvisita til husdyrrom.
Vi produserer en rekke varianter fronter i ulike høyder og lengder der utforming
tar hensyn til dyras størrelse og byggets utforming.
Reime tilbyr og Suevia vannutstyr, og uteforingsutstyr i form av rundballehekker
og foringskasser til storfe. Nærhet til den norske bonden gjør at vi utvikler
produkter og løsninger tilpasset norske bruksstørrelser og behov.
Det er det vi legger i vårt motto: Sunt Bondevett!
Ta kontakt med A-K maskiner for tilbud på utstyr til din kjøttfeproduksjon.
tlf. 51 79 19 00
www.reimeagri.no
tlf. 63 94 06 00
www.a-k.no
tyrmagasinet ·1 · 2015
|9
Tabell 5. Innhald av kalsium, fosfor og magnesium i ulike typar fôrmiddel, g/kg tørrstoff.
­(Fôrmiddel­tabell 2008 / Forkorta fôrtabell).
Kalsium
(Ca)
Fosfor
(P)
Magnesium
(Mg)
Bygg
0,5
4,0
1,2
Havre
0,9
3,8
1,1
Kveite
0,5
4,1
1,2
Rug
0,5
3,4
1,0
FÔRMIDDEL
KORN
FRØ
Raps- og rybsfrø
4,9
7,6
3,0
Hestebønner
1,9
6,0
1,8
Erter
1,4
4,7
1,3
ROTVEKSTER
Poteter
0,5
2,8
1,2
Kålrot
4,2
2,7
1,0
Fôrmargkål
17,7
3,1
2,8
Fôrraps
18,2
4,5
-
Grønfôrhavre, byrjande skyting
5,0
3,0
2,0
Kulturbeite, forsommar
4,7
4,0
2,0
Timotei/engsvingel, 1 – 2 veker før skyting
4,3
2,9
1,5
Timotei/engsvingel, 1 – 2 veker etter skyting
4,0
2,7
1,4
Bygg
3,9
1,0
0,6
Havre
Kveite
3,3
2,4
1,3
1,0
0,6
0,6
FERSKT MATERIALE
SURFÔR
HALM
http://www.nmbu.no/om/fakulteter/vetbio/institutter/iha/fortabellen
Mangel på mikromineral i grovfôr og beite er ikkje uvanleg
Gransking over mikromineralinnhald i beitegrøde frå ulike stader i landet (middeltal for heile landet,
sjå Tabell 5) vart følgt opp med leverprøver frå ammekyr som hadde gått på desse beita. Resultata
viser at mange område hadde lågt innhald av både kopar og selen (30 % av leverprøvene var under
risikogrense for kopar og tilsvarande 50 % for selen). Tilskot av slikkestein/ mineralnæring hadde
positiv effekt med omsyn til mikromineral-nivået i leverpøvene. Granskinga viste at det framleis er
eit betydeleg forbetringspotensiale i forsyninga av sporelement til kjøttfe (ammeku) på beite her i
landet. Det er særleg sporemna selen, kopar, kobolt og jod det blir mangel på i beitegrøda.
Ulike urter kan utgjera ein ikkje liten andel av fôropptaket hos sau og storfe på utmarksbeite.
Mineralinnhaldet i urter går mindre ned ut over beitesesongen enn gras. I urter er det også
mykje kalsium og magnesium og meir kopar og jern enn i gras. Lauv frå tre og busker er rik på
sink og kobolt, slik det går fram av Tabell 5. Storfe kan dessutan beite mykje halvgras (siv, storr)
på myr og myrlende gjennom sommaren. Samanlikna med gras (smyle) i utmark har halvgras
høgare innhald av svovel, kalsium, kopar og selen.
Tabell 6. Innhald av ulike mikromineral (mg/kg tørrvekt) i plantemateriale (blanding av gras, urter
o.a.) frå innmarksbeite og utmarksbeite til kjøttfe i 2007 og gras (smyle o.a.), lauv (vier) og urt
(gullris) frå sauebeite i 2006 (Sivertsen m.fl. – Husdyrforsøksmøtet 2009).
Plantegruppe
Cu
Mo
Cu/Mo
Fe
Mn
Zn
Se
Co
Innmarksbeite
7,4
2,3
7
198
144
39
0,04
0,14
Utmarksbeite
6,2
1,2
12
132
349
50
0,04
0,26
Gras (Smyle o.a.)
4,3
0,65
20
61
330
32
0,02
0,08
Lauv (Vier)
5,6
0,30
44
93
646
215
0,03
1,62
Urt (Gullris)
7,8
0,49
46
94
342
40
0,02
0,14
Granskinga til Sivertsen m.fl. synte at det er store variasjonar av sporstoffa kopar og molyben
i utmarksbeite kringom i landet.
10 | tyrmagasinet · 1 · 2015
Bruk av mineraltilskot
Ved fôrplanlegging bør ein først bestemma
seg for hold og produksjonsnivå på ammekua
og behov for tilvekst hjå ungdyr til rekruttering og slakt. Når rasjonen er balansert med
omsyn til energi og protein, bør ein deretter
vurdera tilgang på mineral i rasjonen. Ekstra
tilskot må vurderast ut frå innhald i fôret og
behovet hos dyra. Dersom ein har svak tilvekst, utrivelege dyr eller problem med låg
fruktbarhet sjølv om fôrtilgangen er god, bør
ein vurdera å ta a­ nalyse av mineralinnhaldet
i fôret, sjå: ­
(www.eurofins.no/landbruk) eller
(www.fkra.no/plantekultur/analyser). Dårleg appetitt på elles godt grovfôr er også eit
signal om at noko stoff kan mangla i rasjonen.
Hår­laget på dyra er eit godt kjenneteikn.
Blank og fin pels syner at dyret har fått god
forsyning med protein (PBV), mineral og
vitamin.
Tilskot av mineral kan gis i form av tilsett
mineral i kraftfôr (3 kg kraftfôr eller meir per
dag) eller som spesialblanding gitt saman med
kraftfôr, strøydd opp på surfôret eller gitt
direkte i fôrkrubba. Vanlege rasjonar er
50 – 150 gram per dag til ungdyr og ammekyr.
Følg rettleiing på mineralsekken nøye. Kraftfôr
konsentrert med mineral/vitamin kan også
vera ei god løysing når alle dyra kan eta
­samtidig.
Til bruk på beite blir det selt enkle automatar som let dyra få fri tilgang på mineralblanding frå automat såkalla «microfeeder» eller
i form av mineral/vitamin-bøtter. At mineralblandinga er smakleg nok og fôringsmåten
er slik at dyra verkeleg får i seg dei daglege
tildelte mengdene, er svært viktig. Tilgang på
salt i slike blandingar skal regulera opptaket
av mineral. I slike situasjonar er det verken
ønskeleg eller nødvendig at dyra har tilgang
på saltsteinar. Når ein ikkje gir mineraltilskot
elles, bør storfe ha tilgang til saltstein tilsett
sporstoff på beite også i utmark. Det finst
også på marknaden langtidsverkande tablettar eller bolus som ein kan få lagt inn i vomma
på eldre ungdyr og vaksne storfe. Desse
vombolusane kan innehalda enkelte mineral
eller grupper av mineral som blir frigitt litt om
litt i vomma på dyra. På dette området må ein
rådføra seg med lokal veterinær både for å
leggja inn bolus og vurdera effekten av slike
tilskot. På kviger som skal inseminerast i
beiteperioden eller etter innsett om hausten
kan ein leggja inn ein bolus med selen, kopar,
kobolt og jod ved beiteslepp. Hos vaksne kyr
over 550 kg er det aktuelt med innlegg av 2
bolusar ca. 2 – 3 månader før kalving.
Både Felleskjøpet, Norgesfôr, Fiskå Mølle
og lokale kraftfôrleverandørar har alle tilbod
om mineralblandingar eller kombinert mineral- og vitaminblandingar. Kraftfôrfirma vurderer også nå å levera mineralkapslar. Det er
også nokre spesialfirma som leverer mineralnæring. God informasjon om mineraltilskot
Figur 3. Mineralautomat til bruk på beite eller i lausdrift
til husdyr og produktforklaring ligg på heimesida til Vilomix AS, tidlegare AS Norsk Mineralnæring (­ www.vilomix.no) og Jermin AS
(www.jermin.no). Ta gjerne kontakt med
forhandlaren din og drøft både kva type
tilskot, dosering og fôringsmåte du bør bruka
under produksjonsforholda dine. Ver varsam
med å bruka meir mineral enn det som blir
tilrådd.
Fleire firma leverer dansk produsert mineral­
automat, «microfeeder», til bruk på beite eller
i lausdrift. Her er det fleire typar, sjå figur 3.
Bedre helse
med Pluss Ammeku
Allsidig mineral- og vitamintilskudd
til ammeku. Pluss Ammeku sikrer
god helse, fruktbarhet og
tilvekst. Pluss Ammeku får
du kjøpt i butikkene våre.
www.felleskjopet.no
tyrmagasinet ·1 · 2015
| 11