rettleiar

KSL-STANDARD
Versjon 12, oktober 2016 – nynorsk
RETTLEIAR
10 - Honning
Foto:Foto:
IngerAnimalia/Grethe
Eide Nordseth/Matmerk
Ringdal
KSL-standarden omfattar både sjekklister og rettleiarar, som begge skal brukast ved eigenrevisjon.
Rettleiing til sjekklista
I rettleiaren er det fleire stadar vist til Håndbok Dokumentert produksjon av honning (Handboka)
og noteringsskjema i denne. Innhaldet i boka kan skrivast ut frå nettsidene til Honningcentralen.
Birøktarar som ikkje har andre driftsformer enn honningproduksjon, skal ved eigenrevisjon svare
på sjekkliste 2 Helse, miljø og tryggleik og sjekkliste 10 Honning.
Om nokre av krava kjem i konflikt med Debio sine krav ved produksjon av økologisk honning, er
det Debio-krava som gjeld.
10.1
REGISTRERINGAR OG SPORING
10.1.1
Korrekt merking av bigardane gir omgivnadene og myndigheitene kunnskap om eigarskap.
10.1.2/
10.1.3
Ved oppretting og nedlegging av bigardplass, skal denne registrerast/avregistrerast i
Mattilsynet sitt sentrale register. Kontakt Mattilsynet eller skriv ut skjemaet frå Mattilsynet sine
nettsider. Når du registrerer bigardplass er du registrert som primærprodusent. Underforstått i
dette er også at du har eit slyngjerom, og at du som primærprodusent kan gi honning til venner og
kjende. Du kan med denne registreringa også levere honning til Honningcentralen eller tilsvarande
verksemd.
10.1.4
Dersom du sel honning skal dette registrerast. Sel du til lokalmarknaden, det vil seie Bondens
marked, torget, til lokale butikkar og elles i nærområdet, skal du registrere at du sel hos
Mattilsynet som Omsetning av animalsk råvare direkte fra produsent. Dette gjer du i Mattilsynet
sitt datasystem MATS (mattilsynet.no).
10.1.5
Dei som driv i stor skala, og fungerer som grossist for andre eller distribuerer honning i stor
skala, skal registrere Honningverksemd. Dette gjer du i Mattilsynet sitt datasystem MATS
(mattilsynet.no).
10.1.6
Alle bigardar kor det skjer flytting eller som det er omsetnad frå, skal vere sertifiserte. Det same
gjeld for oppretting av svermebigard. Mattilsynet kan utføra sertifisering. Dei som er sertifiserte
birøktarar, kan gjere dette sjølv.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om birøkt
10.2
SMITTEFØREBYGGING
10.2.1
For å oppretthalde god helsestatus i norsk birøkt skal birøktar sørgje for god hygiene i bigarden,
slik som nødvendig reingjering av bikubar, bimateriale og utskifting av vokstavler (jf. kapittel 4 i
Handboka).
10.2.2
Mattilsynet skal varslast straks ved førekomst av eller mistanke om følgjande bisjudommar:
•
•
•
•
•
•
•
10.2.3
2
lukka yngelråte
open yngelråte
steinyngel
lita kubebille (Aethina tumida)
tropilaelapsmidd
varroa
trakèmiddinfeksjon
Varsel om varroamidd gjeld ikkje for bigardar i regionane C og D, sjå vedlegg 1 i birøktforskrifta.
Varsel om trakèmidd gjeld ikkje for bigardar i sone B1, sjå vedlegg 1 i birøktforskrifta (jf. kapittel
7 i Handboka).
Ved mistanke om meldepliktig bisjukdom skal bier, bieprodukt eller brukt kubemateriell ikkje
10 - Honning
førast ut av bigarden. Birøktaren skal setje i verk tiltak for å hindre smittespreiing, motarbeide
sjukdommen og sette opp Mattilsynet sitt varselskilt. Du finn meir informasjon om dette i
kapittel 7 i Handboka.
10 - Honning
10.2.4
For å førebyggje spreiing av varroamidd er det forbode å overføre bier i alle utviklingstrinn frå og
med egg til imago, utbygde vokstavler og brukt kubemateriell frå regionane C og D til regionane
A og B (jf. vedlegg 1 i birøktforskrifta). Forbodet gjeld ikkje overføring av brukt kubemateriell og
utbygde vokstavler som ikkje har vore i kontakt med bier dei siste 10 døgna. Du finn meir
informasjon om dette i kapittel 7 i Handboka.
10.2.5
For å førebyggje spreiing av trakèmidd er det forbode å overføre fullt utvikla bier (imago) frå
sone B1 (jf. vedlegg 1 i birøktforskrifta), til andre delar av landet. Du finn meir informasjon om
dette i kapittel 7 i Handboka.
10.2.6
Mattilsynet har i samband med utbrotet av open yngelråte innført restriksjonar i heile AustAgder og på kontaktbigarder i andre delar av landet. Birøktaren må sjølv søkje Mattilsynet om
oppheving av restriksjonane.
10.2.7
Det er ikkje lov å flytte bikubar til, innafor og ut av kommunar i sona som er oppretta for å
motverke plantesjukdommen pærebrann frå 1. mai til 25. september. Birøktaren kan søkje om
dispensasjon frå flytteforbodet.
10.2.8
Av omsyn til sjukdomsspreiing og for å hindre at menneske blir plaga, skal birøktaren gjere tiltak
for å førebyggje sverming frå bigardane (jf. kapittel 4 i Handboka).
10.2.9
For å hindre spreiing av smittsame sjukdommar skal svermar som ein ikkje veit kor kjem frå,
plasserast i eigen svermebigard.
10.2.10
For å hindre spreiing av yngelråte skal innfanga svermar settast i ein tom, reingjort kube med
byggetilvising eller byggevokstavler. Etter fire dagar skal biene settast over i ein rein kube med
byggevokstavler. Den brukte voksen skal sendast til omsmelting eller brennast.
10.2.11
Voks på lager, eller som blir transportert til vokspresseri, skal ikkje kome i kontakt med levande
bier. Voksbitar skal heller ikkje ligge slengt i bigarden.
10.2.12
Det skal ikkje brukast bieprodukt (honning, bivoks, pollen, propolis, dronninggelé) frå utlandet
eller andre sin bigard i Noreg. Det er berre norsk, varmebehandla byggjevoks som skal brukast.
Det er lov å bruke utbygde vokstavler frå andre sin bigard dersom dei kjem frå ein sertifisert
bigard.
10.2.13
For produksjon av KSL-honning skal dronning og bifolk vere norske. Ved import vil dronningegg,
dronesæd og produksjon etter dette bli rekna som norsk. Importerte dronningar, dronningceller
og honningproduksjon etter dette, er ikkje godkjend som norsk.
10.2.14
Det er ikkje lov å importere brukt kubemateriell, medan det er lov å importere brukt utstyr for
behandling av honning dersom dette er reingjort og desinfisert.
10.2.15
Voksleverandør er pliktig til å levere erklæring om at behandling og pressing av voks er gjennomført med varmebehandling ved minimum 120 0C i 30 minutt.
10.2.16
Bier frå svermebigard skal kontrollerast i høve til sjukdommane på Noteringssjema del 2, før dei
blir tekne inn i eigen sertifisert bigard. Birøktarar som er sertifiserte kan gjere dette sjølv, medan
andre må få Mattilsynet til å gjennomføre denne kontrollen.
10.2.17
Det er berre lov å omsetje bier, i alle utviklingstrinn frå og med egg til imago, og utbygde vokstavler frå sertifiserte bigardar. Det anbefalast å be om skriftleg stadfesting på at bigarden er
sertifisert, til dømes ein kopi av Noteringsskjema Del 2 (Sertifisering av bigården).
10.2.18
Brukt kubemateriale (ikkje utbygde tavler) kan omsetjast frå ikkje-sertifiserte bigardar dersom
materialet er reingjort og ikkje har husa bier dei siste 10 døgna før flyttinga.
10.2.19
Ved flytting av bifolk mellom registrerte bigardplassar, skal ein notere dato og bikuben sin identifikasjon. Opplysingane skal takast vare på i minimum 5 år.
10.2.20
Det er ikkje lov å innføre bier eller utbygde tavler frå usertifiserte bigardar. Birøktar skal fort3
løpande notere all omsetnad av bier, brukt kubemateriale og utbygde vokstavler ved å angi art og
dato på omsetnaden, og namn og adresse til avsendar og mottakar. Ved mottak og levering av bier
eller utbygde tavler frå og til sertifiserte bigardar kan registreringane gjerast i Noteringsskjema
Del 3.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om fortegnelse over sjukdommer som omfattes av matloven
-- Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av levende pattedyr, fugler,
reptiler, amfibier, bier og humler
-- Forskrift om tilsyn og kontroll ved import og eksport av levende dyr, annet avlsmateriale og
animalsk avfall innen EØS, og ved import av levende dyr fra tredjestater
-- Forskrift om birøkt
-- Forskrift om tiltak mot pærebrann
-- Forskrift om opprettelse av soner for å bekjempe åpen yngelråte, Aust-Agder
10.3SJUKDOMSBEHANDLING
10.3.1
Birøktar er ansvarleg for å sette i verk nødvendige tiltak for å sikre at biene ikkje blir tilført forbodne stoff, og at honningen ikkje inneheld restmengder av forbodne stoff, forureina stoff eller
restmengder av veterinærpreparat. Dette skal sikre at honning er eit reint produkt (jf. kapitla 4
og 7 i Handboka).
10.3.2
Birøktaren er ansvarleg for å føre register over dato og type sjukdomsbehandlingar. Til dette kan
ein bruke Noteringsskjema Del 5.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om kontrolltiltak for restmengder av visse stoffer i animalske næringsmidler,
produksjonsdyr og fisk for å sikre helsemessig trygge næringsmidler (restkontrollforskrifta)
10.4AVL
10.4.1
Innan eit reinavlsområde er det berre lov å halde bier av den rase som området er godkjent for.
Det er eigne bestemmingar for m.a. vandring ut og inn av eit reinavlsområde, og slik vandring skal
meldast til birøkterlaget i fylket v/fagleg utval for biavl innan 1. oktober same år.
10.4.2
Vandring ut og inn av område rundt parestasjonar eller innføring av avlsmateriale i form av
embryo og sæd til same områder, må ikkje skje utan skriftleg løyve frå Norges Birøkterlag. Ein
føresetnad for at eit slikt løyve kan bli gitt er at det ikkje er fare for skade på pågåande
avlsarbeid, og at bestemmingar om førebygging av sjukdom er oppfylt.
Lover og forskrifter:
-- Forskrift om avlsfremmende tiltak på bier
10.5FÔRING
10.5.1
For å unngå honningforfalsking må det ikkje vere tilgang på flytande fôr etter at trekket har
starta (jf. Kap. 4 i Handboka).
10.5.2
For registrering av tidspunkt for fôring, fôrmengd og fôrtype kan ein bruke Noteringsskjema Del
4. Riktig fôring og riktig fôrkvalitet gir produkt utan fare for honningforfalsking.
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om honning
10.6
10.6.1
4
BEHANDLING, PAKKING OG LAGRING AV HONNING
All honning som blir pakka til sal og gåver skal merkast med informasjon om produsent, adresse,
nettovekt, best før-dato og åtvaringsmerking, for at forbrukarane skal få kunnskap om produkt
og opphav. Du finn meir informasjon om dette i kapittel 5 i Handboka. Det er eigne spannlappar
10 - Honning
for levering til Honningcentralen (jf. kapittel 5 i Handboka).
10.6.2
Honning til forbrukar skal berre tappast i ny og rein emballasje. Honning til Honningcentralen skal
leverast i godkjend, rein emballasje (spann eller fat frå Honningcentralen) (jf. kapittel 5 i Handboka).
10.6.3
Birøktar er ansvarleg, ved eigen eller delt transport med andre, å sikre transporten til mottaksstad (jf. kapittel 5 i Handboka).
10.6.4
Krava til kvalitet på honning går fram av forskrift om honning. Nokre viktige kriterium for å kunne
kalle eit produkt for honning er at det: •
•
•
•
ikkje skal vere gjæra
ikkje skal ha framand smak eller lukt
som hovudregel ikkje skal innehalde over 20 % vatn ved sal ikkje skal vere (varme-)behandla på ein slik måte at den endrar karakter
I KSL blir det stilt krav om at det blir gjort registreringar i slyngjerom og i varme-/tørkerom.
Desse registreringane kan gjerast i Noteringsskjema Del 9 (jf. kapittel 5 i Handboka).
Vidare skal drifta vere gjennomgått med tanke på kartlegging av farar, og birøktar skal ha kontroll med farar når produktet blir handtert både før og etter hausting. Ein skal alltid utøve god
hygiene ved behandling av honning. Les meir om farar og gode hygienereglar i kapittel 5 i
Handboka. Registreringar kan gjerast i Noteringsskjema Del 7 (jf. kapittel 5 i Handboka).
Lover og forskrifter:
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om honning
-- Forskrift om advarselsmerking av honning
-- Forskrift om merking mv av næringmidler
-- Forskrift om identifikasjonsmerking av næringsmiddelpartier
-- Forskrift om materialer og gjenstander i kontakt med næringsmidler (matkontaktforskrifta)
10.7 GENERELLE KRAV FOR DEI SOM IKKJE HAR ANDRE PRODUKSJONAR ENN
HONNING
10 - Honning
10.7.1 Aktivt bruk av eit kvalitetssystem inneber at ein sett seg mål for produksjonen og arbeidet i
bigarden. Bruk eigne registreringar for å vurdere eiga drift og utvikling i forhold til eigne mål.
10.7.2 Ein skal ha oversikt over aktuell dokumentasjon slik at det er praktisk mogleg å finne fram i
systemet. Oversikta treng ikkje vere detaljert. For dokument som er viktige for den daglege
drifta bør det finnast ei skriftleg oversikt slik at andre personar i drifta kan finne dei når det
trengst.
Offentlege tilsynsrapportar skal takast vare på slik at ein kan dokumentere eventuelle tilsynsbesøk. Har du hatt offentleg tilsyn utan at det er påvist avvik eller manglar, skal du likevel krevje
å få skriftleg rapport for å kunne dokumentere tilsynet.
Ved KSL-revisjon skal all nødvendig dokumentasjon vere lett tilgjengeleg, same kva for dokumentasjonssystem som er brukt. Alle dokumentasjonskrav er spesifikt førte opp i KSL-standarden.
For dokumentasjonskrav er hovudregelen at dokumenta skal oppbevarast så lenge dei er aktuelle
og har betyding for drifta. For nokre av krava er det definert kor lenge dokumenta skal arkiverast,
og dette er da beskrive i rettleiinga til dei sjekklistepunkta det gjeld.
10.7.3 Avvik som blir påviste, skal lukkast innan fristen som er sett. Lukking av avvik som er påviste
ved KSL-revisjon, skal meldast til Matmerk. Dersom ein ikkje får lukka avviket innan fristen som
er sett, kan ein få utsetjing. Gjeld det avvik ved eigenrevisjon, skal årsaka til at avviket ikkje er
lukka, noterast i tiltaksplanen på sjekklista, og det skal setjast ny frist. Gjeld det avvik påvist ved
KSL-revisjon, skal Matmerk kontaktast for å få utsett frist. Utsetjing må grunngivast.
10.7.4
Rekneskapssystemet kan vere basis for sporing, både ved kjøp og ved sal. Dersom ein bruker
rekneskapen til dette, må rekneskapen vere lett tilgjengeleg.
5
Det skal vere mogleg å spore kvar driftsmiddel (for eksempel gjødsel, fôr og plantevernmiddel)
er kjøpt. Dette kan gjerast ved hjelp av fakturaer i rekneskapssystemet. Så langt det er praktisk
mogleg, skal ein også kunne spore kvar på garden innkjøpte driftsmiddel er brukte.
Det skal vere mogleg å spore kven ein sel produkta til. Ved direkte sal skal næringsmiddel vere
hensiktsmessig merkt eller identifisert for å gjere dei lettare å spore.
Det generelle sporingskravet er at ein skal kunne spore eitt ledd fram og eitt tilbake.
Sporingsopplysningane skal særleg medverke til
• å sikre rask og målretta tilbaketrekking av fôr- og matvarer som ikkje er trygge
• å gi grunnlag for målretta og nøyaktig informasjon til forbrukarane om maten
• å setje tilsynsmyndigheita i stand til å vurdere og eventuelt handtere risikoar som
verksemdene ikkje kan handtere på eiga hand
10.7.5
Import av brukt utstyr til husdyr- og planteproduksjon kan utgjere ein risiko for spreiing av
dyresjukdomar eller planteskadegjerarar. Dette gjeld jordarbeidings- og hausteutstyr, alle typar
innreiing, mjølkeutstyr, fôringsutstyr, utstyr til handtering av gjødsel og anna utstyr som har vore
i kontakt med dyr eller avføring frå dyr i andre land.
For å redusere risikoen for å få inn smittestoff og planteskadegjerarar, skal alt slikt utstyr vere
reingjort og eventuelt desinfisert med aksepterte metodar og godkjende desinfeksjonsmiddel
før det blir sendt til Noreg.
For at vask og desinfeksjon skal vere effektivt, må utstyr demonterast først. Utstyret skal
vaskast og desinfiserast på nytt etter framkomst hos mottakaren, deretter skal det stå tørt i
minimum 14 dagar før det blir teke i bruk.
Dokumentasjon/sertifikat på vask og desinfeksjon skal følgje utstyret når det kjem til mottakaren i Noreg.
10.7.6
Det skal drivast systematisk førebyggjande arbeid mot skadegjerarar. Dersom ein likevel har
problem med skadedyr (for eksempel mus, rotter eller fuglar) som kan påverke mattryggleiken
eller produktkvaliteten, skal det noterast kva problemet er, kvar problemet er, og kva som blir
gjort for å løyse det.
10.7.7
Dersom det oppstår skadedyrproblematikk ut over det som dei ordinære tiltaka skal ivareta og
som kan ha negativ påverknad på mattryggleiken, skal det vere ei rutine for registrering og iverksetting av tiltak som raskt og effektivt får bukt med problemet.
10.7.8
Det skal dokumenterast kva slags åtemiddel som er brukte, og kvar dei er plasserte. Dette kan
gjerast på kart eller ved ei enkel skisse.
10.7.9
Dersom det er grunn til mistanke om helseskadelege næringsmiddel, skal produsenten straks
varsle Mattilsynet og varemottakarane sine. Vidare skal produsenten stanse omsetning eller
trekkje tilbake varer frå marknaden for å førebyggje eller redusere eventuelle skadeverknader.
10.7.10
Dette er avfall som det ikkje er føremålstenleg å behandle saman med anna forbruksavfall, fordi
det kan føre til alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Eksempel på
farleg avfall er plantevernmiddelrestar, oljerestar, spillolje, målings- og lakkrestar, elektrisk og
elektronisk avfall og bly- eller nikkelkadmiumholdige batteri.
Det er årleg leveringsplikt til godkjend mottak dersom den totale mengda farleg avfall (av
alle slag) utgjer meir enn 1 kg. Restar av biologiske preparat skal destruerast i samsvar med
etiketten. Emballasje som er reingjort i tråd med rettleiinga på etiketten, skal kunne leverast
saman med anna avfall.
Farleg avfall skal handterast forsvarleg. Alle som oppbevarer, transporterer eller handterer
farleg avfall, skal sørgje for nødvendige tiltak for å unngå fare for forureining eller skade på menneske eller dyr. Farleg avfall skal ikkje blandast med anna avfall. Ulike typar farleg avfall skal
ikkje blandast saman dersom det kan føre til fare for forureining eller skape problem for den
vidare handteringa. Enkelte stader er det ordningar med avtale om henting av farleg avfall.
6
Les meir om sortering av el-avfall på renas.no.
10 - Honning
10.7.11
Alt avfall som ikkje blir brukt på nytt eller vunne att på garden, skal leverast til eit godkjent mottak. Det er forbode å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan verke
skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.
Kommunen kan gi pålegg om at den som har etterlate, tømt eller oppbevart produksjonsavfall slik
at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet, skal fjerne det og rydde
opp innan ein viss frist, eller dekkje rimelege utgifter til fjerning eller opprydding av avfallet.
Eksempel på produksjonsavfall er landbruksplast, metall, papir, papp, bil- og traktordekk.
Det er forbode å brenne produksjonsavfall (det gjeld for eksempel bygg- og anleggsavfall) ope
eller i småomnar.
10.7.12
Leverandørar vil gå fram av vedlegg til rekneskapen. Ved førespurnad skal leverandørar kunne
dokumentere medlemskap i Grønt Punkt Norge AS. Medlemmene i Grønt Punkt betaler eit
vederlag som blir brukt til ulike innsamlings- og gjenvinningsordningar for landbruksplast og
annan emballasje. Medlemskapen sikrar gode gjenvinningsordningar og minst mogleg forureining
og forsøpling frå landbruket.
Oversikt over medlemmer i Grønt Punkt Norge AS finst på grontpunkt.no.
10 - Honning
Lover og forskrifter:
-- Forskrift om skadedyrbekjempelse
-- Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova)
-- Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova)
-- Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta)
-- Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta)
-- Forskrift om allmenne prinsipper og krav i næringsmiddelregelverket (matlovsforskrifta)
-- Lov om bokføring (bokføringslova)
-- Forskrift om forbud mot innførsel av dyr og smitteførende gjenstander
7
MATMERK
Besøksadresse: Tollbugt. 32
Postboks 487 – Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 24 14 83 00 [email protected] ksl.no