Ein møteplass - Den norske kirke

Ein møteplass
der fleire har det som du…
Det er naturleg å få sterke reaksjonar når nokon som står oss
nær, døyr. Du kan kjenne deg
-
veldig trøytt og sove dårleg
-
åleine, trist og redd
-
sint og rastlaus
-
likegyldig og få problem med daglege gjeremål
-
tom og tiltakslaus
Vi er alle ulike og reagerer ulikt. Der er ingen fasit, ikkje noko
som er rett eller galt. Men midt i dette, kan det vere godt å
møte nokon som er i omtrent same situasjon som du..
Sorg er ingen sjukdom.
Sorg er ein reaksjon på tap, - og det kan gjere frykteleg vondt.
Sorggruppa er for alle i Skodje, Ørskog og Stordal som har
mista ein kjær den siste tida. Det kan vere ektefelle, son,
dotter, søsken eller nokon av foreldra.
Leiar for gruppa er sokneprest Per Inge Vik. Han har leia
fleire sorggrupper tidlegare. På nokre av samværa blir
også sokneprest Kari Vatne med.
Sorggruppe er:
- ein stad der menneske som har mista ein
kjær, kan dele erfaringar, opplevingar og
kjensler.
- ein stad som gir kunnskap om sorg, og
hjelp til å arbeide med eigne minne.
- ein stad der menneske som har opplevd tap
av ein kjær, kan få hjelp til å meistre
kvardagen og framtida.
Gruppa er ikkje behandlingstilbod, men eit
sorgstøttetilbod. Det blir ei lita innleiing ved
gruppeleiar, og så går tida med til å dele med
kvarandre og lytte til kvarandre.
Vi praktiserer teieplikt kring det som blir
delt.
Tid:
Samlingane blir annakvar tysdag kl 1830-2000. Vi
tek sikte på å ha fem samlingar, og så avslutte
etter det.
Stad: Sorggruppa vil møtast på veslesalen i første
etasje på Kyrkjetorget på Sjøholt (og/eller
personalromet på Skodje kyrkjekontor).
Informasjon og påmelding:
Ta kontakt med sokneprest Per Inge Vik,
Postboks 121, 6263 Skodje. telefon 91810751
e-post [email protected]
Arrangør: Den norske kyrkja, Skodje, Ørskog og Stordal sokn
Sorggruppe
for dei som har mista nære pårørande
i Skodje, Ørskog og Stordal