UTLYSING - TILKALLINGSVIKAR I BARNEHAGE ELLER SKULE VIL DU VERE TILKALLINGSVIKAR I BARNEHAGE ELLER SKULE? Våren 2017 er det behov for vikarar i barnehagen og på skulen, både som fagarbeidar/assistent og som lærarvikar. Dei som søkte i sommar treng ikkje å søkje på nytt. Søkjarane vert prioritert etter erfaring og kompetanse. Brannvakt og berehjelp kino Det lysast ut etter brannvakt og berehjelp under kinoframvisning i Sandøyhagen. Du må vere over 18 år, du må kunne «ta i eit tak» då det vil vere noko bering. Du vil få opplæring i forhold til brannvaktdelen. Løn blir gitt etter gjeldande avtaleverk. Søkjarane vil bli vurdert fortløpande. Utvida søknadsfrist: 23. desember 2016 Søknad kan sendast til: [email protected] eller per post til Sandøy kommune, Steinshamnvegen 112, 6547 HARØY.
© Copyright 2024