ledige stillingar frå 01.08.2016

Strandvik Montessori Skule
Strandvik Montessoriskule skal starta opp hausten 2016. Det vil starte om lag 45 flotte elevar fordelt på 1.7.trinn.
Skulen ligg i hjarta av bygda Strandvik i Fusa kommune 1 time utanfor Bergen. Skulen har gode lokalitetar,
eit flott uteområde med skuleplass, fleirbruksbane, sandvolleyballbanar og idrettsplass.
Nærleiken til fjord og fjell, samt eit aktivt landbruk gjev ein unik læringsarena. Derfor vil Strandvik
Montessoriskule vera ein nærmiljøskule. Me skapar eit godt læringsmiljø i og rundt skulen vår.
I Strandvik finn ein engasjerte innbyggjarar, aktive foreldre og eit nærverande næringsliv som støttar opp
om skulen. Alle bidreg til trivsel i bygda. Me bryr oss om kvarandre!
Ved Strandvik Montessoriskule får du mogelegheit til å vera med å utvikla og byggja opp noko nytt,
spennande og unikt i Fusa kommune. Du vil ta del i eit godt skulemiljø med dyktige fagpersonar, og du vil
vere med å forme skulen vår.
LEDIGE STILLINGAR FRÅ 01.08.2016:
Stilling som pedagogar– fast 40-100 % - søknadsfrist 25.03.16
 er allmennlærar/førskulelærar med tilleggsutdanning
 er utdanna Montessoripedagog, eller er villig til å ta denne utdanninga
 er strukturert og har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med born og vaksne
 evne til å inspirera og veilede
 har engasjement til å skapa gode læringsprosessar og utvikla eit godt læringsmiljø
 er open og ser moglegheiter
Fagarbeidar, SFO-leiar, assistent –- fast 80-100% - søknadsfrist 25.03.2016
 er utdanna fagarbeidar som Barne- og ungdomsarbeidar
 har utdanning innan Montessori, eller er villig til å ta utdanning innan dette
 er strukturert og har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med born og vaksne
 evne til å inspirera og veilede
 har engasjement til å skapa gode læringsprosessar og utvikla eit godt læringsmiljø
 er open og ser moglegheiter
Reinhaldar - søknadsfrist 25.03.2016
Løn etter avtale/kvalifikasjonar.
Søknad og CV med referanser sendes pr mail eller post. Gyldig politiattast framlegges ved tilsetjing. Me gjere merksam på at
tilsetting vil kunne skje fortløpande før endelig frist.
Strandvik Montessoriskule
v/Sondre Romundset
Kletten
5643 Strandvik