klikk her - Visemakeriet

# 11 - Lyrisk NYNORSKE MINIATYRAR
/ lyrisk11
HAUSTEN 2016
MOTTO
SAMARITANSK
KORTASTE VEGEN
LEIRBÅLET
Bitterheita tærer
kva audmjukskapen nærer.
Han var gamal og sjuk
og bad om pleie.
Det fekk han.
Dei har nøye målt
avstanden mellom A og B.
Eg kom til ditt leirbål
for varme og ljos.
Dei har funne
at avstanden mellom A og B
er nøyaktig same som
avstanden mellom B og A.
Rundt oss
flakkande skuggar.
Ergo har måleband
ikkje fått med seg
at kortaste vegen
alltid er vegen heimatt.
Mykje ved å bere.
PS.
Personleg har eg ingenting
å gjere korkje i A eller B.
Vi bur oppå ei plass
der kor ingen skulle tru
at bilen kunne snu.
TIDSÅND
Han bad om mat og drikke.
Det fekk han.
Vi vert klokare og klokare.
Han bad om verdigheit.
Då sende dei bod på presten.
Dag for dag leggjast nytt
i skattekista vår,
hendingar og røynsler.
All verdas visdom
kan du no finne
aller høgast oppe
under bibliotekets
utilgjengelege bibliotak -
DAGSTØTT
Dei dagar som kom og gjekk
i velkjende trav og trekk
er mest som ein gamal reklame;
dei brasar med lite og smått
til rykande gildt og godt,
men suppa vert kald med det same.
DU VERT STUSS
Du vert stuss
når ein stein i vegkanten
skiner mot deg
med ukjende eventyrfargar.
Du vert stuss
når steinen talar til deg.
Då! nettopp då
skal du stoppe opp
og lytte til stilla -
ASYMMETRI
MAT
Vi treng til mat.
Mat av jord.
Mat av hav.
Om du løftar ditt blikk
skal eg gje deg
eit vennleg smil
frå venstre munnnvik.
Og kortreist
mat av ånd.
På høgre sida har
tannlegen trekt to tenner.
VENGJENE
I oss
higande illusjonar.
VESTLAND VESTLAND !
ULV ULV !
Kanskje kjem han også hit.
Då bør han kle seg
i fåreklær
og ikkje
spise opp
skreddaren sin.
Det er desse vengjene.
Anten er dei i fri flyt
eller dei er i vegen.
© FREDDIE LANGRIND
.