Førarprøven - Kvam Trafikkskule

Kvam Trafikkskule
Førarprøven
Førarprøven består i hovudsak av ein
teoretisk og ein praktisk del. Den teoretiske prøven skal være bestått før
praktisk prøve kan gjennomførast. Hugs alltid å ha med deg legimitasjon, og ver
klar over gebyret.Les meir..            Â
Teoretisk del
Teorieksamen tek du på ein
trafikkstasjon. Statens Vegvesen har ingen trafikkstasjon i Norheimsund, difor
kan du ikkje få denne tjenesten her. Dei fleste elevane våre tek teorieksamen
på Voss eller Bergen Trafikkstasjon, hugs då på å ta bilete, og å skriva under
på førarkortet, då slepp du å reisa ein gong til. Les meir..
Praktisk del
Køyreeksamen tek du i Norheimsund. Når
du tek prøven her må du huska og ha med legitimasjon, og kontantar for å betala
gebyr for førarprøven og førarkortet. I tillegg til sjølve kjøringa, vil prøven
innehalde ein sikkeriheitskontroll av køyretøyet. Les meir..
GODE RÃ…D TILÂ
PRAKTISK FØRARPRØVE
Kva går praktisk førarprøve ut på?
Den praktiske prøven vil i
gjennomsnitt vare i ca.75 minutt, og du må rekne med at sjølve køyringa tek
55-60 minuttar. Prøven vil i tilegg til køyringa og innehalda ein
sikkerheitskontroll av bilen, kor det sentrale vil vera kontroll av dekk , lysutstyr ,bremsar , styring , sikt , vognkort m.m
Sensors oppgåve er å vurdere om du har
nådd måla for førarprøveopplæringa, ved å bedømme dine prestasjonar gjennom
prøven. Sensorar har på lik linje med sensorar i det offentlige skuleverk,
ikkje anna å bedømme deg på enn det som framkjem i løpet av prøven. Sensoren
skal forhalda seg til «Kriterier til førerprøven» som beskriver i detaljer kva som skal
godkjennast, eller ikkje godkjennast til førarprøven. Det er altså ikkje sensors humør , eller andre myter om han/henne
som
avgjer om du består eller ikkje. Det
er heilt å holent du som avgjer utfallet gjennom dine handlingar.
Fyljande moment vert vurdert:
1. Observasjon
2. Teikn
3. Plassering
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26
Kvam Trafikkskule
4. Fartstilpassing
5. Trafikktilpassing
6. Bilbehandling
1. OBSERVASJON
§  Â
Ta overblikk ved å sjå langt fram og beveg blikket
§  Â
Observer trafikken bak og rundt bilen ved bruk av speglar og dødvinkler
§  Â
Bruke speglar før og eventuelt under fartsreduksjon/fartsauke
§  Â
Bruke speglar oftere når det er trafikk bak
§  Â
Bruke speglar ved feltskifte,plasskifte og før svinging i kryss
§  Â
Bruke korte blikkbevegelsar
RÃ¥d:
Ved å bevega blikket vil du få med deg
viktig informasjon som kryssande trafikk, fartsgrenser, skilt som har betydning
for din køyring. Dei fleste feilhandlingar oppstår fordi bilførar ikkje har sett
situasjonen.
2.TEIKN
Her slurves det mykje. Mangen har
fikse idear om at det er ikkje er nødvendigÂ
å gi teikn dersom det er påbudt køyring. Bruk teikn alltid ved svinging
i kryss. Teikn set du på minst 5 sekund før einkvar manøver (t.d. plassering)
Tidlegare dersom det er utanfor tettbebygde strøk.
RÃ¥d:Â
Bruk teikn:
§  Â
Når du skal svinge i kryss. Også ved påbod om å svinga.
§  Â
Alltid når du skal ut av rundkøyring
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26
Kvam Trafikkskule
§  Â
Skifte felt
§  Â
Foreta plassendringar
§  Â
Igangsetting og stans                Â
3.PLASSERING
Du skal plassere deg riktig:
§  Â
Før, i og etter sving i vegkryss, rundkøyring
§  Â
På fleirfeltsveg ( hovudregel høgre og unntak frå hovudregel)
§  Â
I forhold til skilt og oppmerking
§  Â
Avstand til forankøyrande (Når du vil forbi og når du ikkje vil forbi)
§  Â
PÃ¥ fleirfeltsveg og er usikker kor langt fram det er til krysset, finn
rett felt fyrst
§  Â
Tenk langt fram og inn i neste gate/veg
§ Â
Bruk høgre felt når det ikkje er
grunn til å bruka venstre
RÃ¥d: Finn riktig plassering i god
4.FARTSTILPASSING
Du må skilja mellom fartsgrense og
forsvarleg fart. Fartsgrensa er den høgaste lovlege fart du kan køyra i under
ideelle forhold. Forsvarleg fart er den høgaste fart du kan køyra i under dei
rådande forhold. Det er mange faktorar som virker inn på kva som er forsvarleg
fart, for eksempel stad, føre, siktforhold og trafikkforhold
RÃ¥d:
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26
Kvam Trafikkskule
Tilpass farten fram mot kryss,
gangfelt, rundkøyring, buss på haldeplass (gåande framfor bussen), før sving på
landeveg.
Hald deg til fartsgrensene når det er
forsvarleg, ellers held du høgaste forsvarleg fart. Litt over aksepterast men
du må rette på det i løpet av 5 til 10 sekunder
Unngå å køyra saktare enn forsvarleg
fart
Det forventes ikkje at du skal ha same
flyt og tempo som ein erfaren bilist. Det betyr ikkje at du kan køyra i 60 km/t
på landeveg/motorveg når forsvarleg fart er 80km/t. Slike forsøk på å
heilgardera seg vert avslørt og du viser at du har problem med å tilpassa
farten etter forholda.
NÃ¥r fartsgrensa reduserast skal farten
tilpassast før skiltet passerast                       Â
5.TRAFIKKTILPASSING
Trafikktilpassing går på samarbeid med
andre trafikantar, slik som å utnytte luker, tydeleg visa at ein vil overhalda
vikeplikta. Kort sakt tilpassa seg trafikken og ikkje unødig hindre andre
trafikantar.
RÃ¥d:
1. Overhald vikeplikta.
For gÃ¥ande    Â
For hindringar for eksempel parkerte
biler, vegarbeid m.mc.    Â
Kryssande trafikk    Â
Buss ut frÃ¥ busstopp                                                 Â
2.Utnytte luker i trafikken
3.Køyr slik at andre trafikantar ikkje
unødvendig vert hindra eller forstyrra
6.BILBEHANDLING
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26
Kvam Trafikkskule
Ei jamn behageleg bilbehandling er
alltid å føretrekke . Rykk og napp under køyringa vil alltid gi eit dårleg
inntrykk av kva du er god for som
bilførar. Men om du skulle koma til å kvela motoren under ein førarprøve vil
det åleine ikkje føra til noko stryk. Men mistar du kontrollen når du skal
starta motoren igjen kan det telja negativt.
RÃ¥d:
Reparer feil som du gjer på ein roleg
og bestemt måte, så kan det vega opp for ei eventuell enkelfeil, som å kvela
motor.
VAL AV KØYRERUTE
Kor man skal køyra er bestemt av eit
dataprogram før sensor kjem ut i bilen. Det er utarbeidt fleire køyreruter.
Desse køyrerutene er nøye planlagt for å teste deg i forskjellige
trafikksituasjonar og trafikkmiljø.
Kvar rute inneheld fyljande moment:
1.Sikkerhetskontroll
2.Landeveg
3.Tettstad
4.Bolegområde
5.Rygging / Vending og parkering                                            Â
GJENNOMFØRING AV FØRARPRØVEN
Undervegs gjev sensor beskjed i god
tid om kor du skal køyra. Nokon gonger får du fleire beskjedar. årsaka er at er at du skal få høve til å planleggja
køyringa di,for eksempel køyring i einvegskøyrte gater. Har du gløymt kva beskjed sensor har gitt, kan
du be om at sensor gjentek beskjeden. Viktig at du spør tidleg nok, slik at du får tid til å
køyra riktig, er du usikker tenk rett fram.
Sensor noterar under heile turen for
at han skal kunna gi deg ei korrekt tilbakemelding etter prøven. Notatane
inneheld både positive moment og moment som kan forbetrast.
Gjer du feil under prøven er det
viktig at du ikkje heng deg opp i dette.
Det vil ofte føra til at du mister konsentrasjonen på det som skal skje
framover. Feil du gjer under køyringa kan du gjerne kommentere. Det er positivt
at du er klar over dine handlingar. Det gjer det lettare å retta på eventuelle
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26
Kvam Trafikkskule
feil seinare.
Vær ærleg under oppsummeringen etter
køyreturen. Dett gjev eit godt inntrykk og viser at du er bevisst dine
handlingar.
FORBEREDELSE TIL FØRARPRØVE
Det er viktig at du trenar javnleg
fram mot førarprøven. For lange pausar aukar gløymselen og gjer deg lite
forberedt til prøven. Tenk på fotbalspelara. Dei kan spela fotball, men trenar
fleire gonger i veka for å halda seg i form. Spesielt foran kampar trenar dei
rett før kampen.
Sjølv om du føler deg utlært vil me
anbefala deg å ta jevnlege køyretimar ved trafikkskulen. Er ventetida lang til
førarprøven bør du, bør du køyra minst ein gong i veka for å oppretthalda
nivået ditt. Me vil og kunna gjeva deg råd. I tilegg bør du trena heime, helst
kvar dag.
Dagen før eller om mogleg same dag før
prøven bør du ha ein køyretime, den kan brukast til å finpusse og få lagt av
seg den verste nervøsiteten.
FØRARPRØVEDAGEN
Husk:
1.PÃ¥se at alt
er betalt til oss ! Lån av bil tilførarprøven - Rekningar
2.Ta med
førarkortet om du har det
3.Godkjent
legitimasjon ! Bankkort, pass etc.!
4.Kontantar
for Ã¥ betala gebyr for førarprøven og utskriving av førarkort                   Â
FOR Ã… Â UNNGÃ… Â STRYKE
1.Ha god
oversikt foran, rundt og bak deg, god sjå teknikk.
2.Tilpass
farten etter forholda
3.Plasser deg
riktig i køyrebana
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26
Kvam Trafikkskule
4.Køyr i henhold til skilt og reglar
5.Overhald vikepliktene
6.Ha tilstrekkeleg tempo, presisjon og
flyt i køyringa
7.Tenk omsyn, sikkerhet og
trafikkavvikling    Â
http://www.kvamtrafikkskule.no
Drevet av Joomla!
Produsert: 21 December, 2016, 13:26