Sjå saklista til møtet

GLOPPEN KOMMUNE
KOMMUNESTYRET
MØTEINNKALLING
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
19.12.2016
Gloppen ungdomsskule
Kl. 09:00
Merk deg møteplassen!
Først i møtet vil kommunen sin kulturpris og kommunen sin arbeidsmiljøpris for 2016
bli delte ut.
Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på
tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla.
Varamedlemer møter etter nærare innkalling.
Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på
heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene
på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i
møtesekretariatet.
Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si
heimeside: gloppen.kommune.no
Gloppen kommune
14. desember 2016
Leidulf Gloppestad
ordførar
Jan Kåre Fure
rådmann
SAKLISTE:
Sak nr.
Sakstittel
095/16
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
096/16
Referatsaker m. m.
097/16
Vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2016 - sluttbehandling
098/16
Årsbudsjettet for 2017 og økonomiplanen fram til 2020 - endeleg
behandling
099/16
Melding om flytting - ny varaliste til kommunestyret og MULTEKutvalet for Mijløpartiet Dei Grøne
100/16
Ervervsløyve for snøskuter i utmark 2017-2021 - innføring av ordning og
vilkår for løyve
101/16
Oppdatering av retningslinjene for forvaltning av viltfondet sluttbehandling
102/16
Statusrapport for 2. tertial 2016
103/16
Kommuneplan for Gloppen 2017 - 2030 - Planprogram til endeleg
godkjenning
104/16
Planprogram for kommunedelplan ny E39 Byrkjelo - Grodås
105/16
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2017 rullering av handlingsprogrammet for 2017
106/16
Ressursar til arbeid med minoritetsspråklege i barnehagane
107/16
Kommunal medfinansiering til breiband Byrkjelo sør og Hope og
utviding av utbyggingsområdet
108/16
Musea i Sogn og Fjordane - ny driftsavtale
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
SAKSGANG
Møtedato
19.12.2016
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
095/16
Arkivsaknr.:
16/1402-1
Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste
Møteboka frå kommunestyret sitt møte den 14. november i år blir lagt fram til godkjenning.
Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.
ORDFØRAREN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 14. november 2016
2. Kommunestyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 19. desember 2016.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
Styre, utval, komite m.m.
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
19.12.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Arkiv: 033
Objekt:
Saksnr.
096/16
Arkivsaknr.:
16/1401
Referatsaker m. m.
Refererte skriv og meldingar:
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
Avsendar/Mottakar Tittel
1
16/13071
I
01.12.2016
2
16/13399
I
08.12.2016
Senterpartiet v/Vidar
Sandal
Nordfjordrådet
3
16/13259
S
07.12.2016
Interpellasjon til ordførar i
kommunestyret 19.desember
Møtebok frå Nordfjordrådet 2.
desember 2016
Møteplan for 2017
Ordføraren vil svare på interpellasjonen på slutten av møtet.
Utdeling av prisar:
Først i møtet vil kommunen sin kulturpris og kommunen sin arbeidsmiljøpris for 2016 blir
delte ut.
Ordet fritt…
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
14.12.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 151
Saksnr
152/16
097/16
Arkivsaknr.:
16/971-31
Vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2016 - sluttbehandling
Vedlegg:
Dok.nr
284873
284874
284875
285001
Tittel på vedlegg
Gebyr og betalingssatsar for 2017
Gebyr for byggjesak 2017 Gloppen
Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova
Gebyrforskrift 2017 NoMil
Bakgrunn for saka:
Formannskapet vedtok på møtet den 28. november i år, i f-sak 142/16, å legge rådmannen sitt
framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2017 ut til gjennomsyn fram til 13. desember, med
denne endringa:
Prisane for kinobillettane for barn og ungdom blir ikkje auka. Prisauken blir i staden
gjort på vaksenbillettane.
Som det går fram av f-sak 142/16 kom det ikkje fram endringsforslag til rådmannen sitt
framlegg under behandlinga av saka i råda og hovudutvala. Høyringsperioden for folk flest er
ikkje over når denne saksutgreiinga er skriven.
Saksutgreiing:
I rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 er det lagt til grunn ein lønnsauke frå 2016
på om lag 2,7 % Dei fleste av betalingsområda i kommunen er lønnstunge. Det betyr at
utgiftsveksten i all hovudsak vil følgje lønnsveksten. Dette ligg også til grunn for rådmannen
sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar. VAR-områda (Vatn, Avløp og Renovasjon) skal gå i
balanse, altså skal brukarane betale det desse områda kostar.
Husleigesatsane er auka i samsvar med auken i konsumprisindeksen frå september 2015 til
september 2016. Dette gje ein auke på 3,6 %. Renovasjonsgebyret er i framlegget frå styret i
Nordfjord Miljøverk auka med 4 %.
Det er ikkje nye gebyr- og betalingsområde i 2017.
Reguleringsdato for alle endringar er 1. januar 2017.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Betalingssatsane er ein viktig del av kommunen sine inntekter, og avgjerande for å halde oppe
tenestene på fleire område. I tillegg er kommunen pålagt å krevje inn dekking av utgiftene på
avgiftsområda (kap 3.1 i regulativet).
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen håpar det vedlagde regulativet er oversiktleg og opplysande, og legg derfor ikkje
opp til å kommentere framlegget særskilt.
--Rådmannen forstår formannskapet sitt endringsframlegg på kinoprisane slik:
Barn under 15 år
Ungdom/student (over 15 år)
Vaksne
3D-film
Barn
Ungdom
Vaksne
Rådmannen sitt framlegg Formannskapet sitt framlegg
2017
2016
2017
2016
kr
80,(70)
70,(70)
"
90,(80)
80,(80)
"
100,(100)
110,(100)
"
"
95,(90)
90,(90)
"
105,(100)
100,(100)
"
115,(110)
120,(110)
Under føresetnad av at det ikkje kjem inn godt grunngjevne merknader på slutten av
høyringsperioden, blir rådmannen si tilråding slik:
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret godkjenner formannskapet sitt framlegg til gebyr- og betalingssatsar for 2017
slik dette går fram av formannskapssak 142/16.
14.12.2016 FORMANNSKAPET
Gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte til å vere med på behandling
av sak 152/16. For Miljøpartiet Dei Grøne møtte Mariel Eikeset Koren. Ingen møtte for Høgre og
SV.
Det er ikkje kome inn merknader under utlegginga av formannskapet sitt framlegg til gebyr
og kommunale prisar for 2017.
Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap):
Kommunestyret vedtek som prinsipp at auken i konsumprisindeksen frå september sist
år til september i året skal leggast i grunn for prisfastsettinga på kommunane prisar
utanom VAR-området.
Det vart ikkje røysta over framlegget.
Rådmannen bad om at følgjande blir lagt inn i kap. 3.2 Kommunale prisar under punktet
«Middag, tørrmat og opphald på dagsenter»:
(…) er teke ut av 2017-prisane. Middag kan ikkje avbestillast for ein kortare periode enn tre
dagar. Lengre periodar enn tre dagar kan avbestillast, men seinast dagen før første
avbestillingsdag. Avbestilling etter denne fristen gjev ikkje fritak for betaling.
152/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
Formannskapet ber i tillegg helse- og omsorgsutvalet vurdere spørsmålet om avbestilling av
middagar og kva reglar som då skal gjelde.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
14.12.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 151
Saksnr
153/16
098/16
Arkivsaknr.:
16/971-32
Årsbudsjettet for 2017 og økonomiplanen fram til 2020 - endeleg
behandling
Vedlegg:
Dok.nr
284872
286860
284712
285384
286615
Tittel på vedlegg
Årsbudsjettet for 2017 - Økonomiplanen for 2017-2020
Budsjettbrev til formannskapet
Påminning og forventing til årsbudsjettet for 2017
Oppgradering av Fjellbygda vegen - syner til tidlegare kontakt frå Fjellhug Vereide IL
Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne sine innspel til budsjett og øk.plan 17-20
Bakgrunn for saka:
Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 for
kommunestyret den 14. november i år. I tida som har gått etter dette har framlegget vore
behandla to gonger i hovudutvala – unnateke administrasjonsutvalet, i rådet for menneske
med nedsett funksjonsevne, i eldrerådet og to gonger i formannskapet. Der har også
gruppeleiarane for partia som ikkje er i formannskapet har vore med.
Formannskapet vedtok på møtet den 28. november – i f-sak 142/16 – å legge rådmannen sitt
framlegg til årsbudsjett og økonomiplan ut til offentleg gjennomsyn fram til 13. desember i år,
med desse merknadene/endringane:
1. Kommunestyret er kjent med at det er sendt ein invitasjon til kommunen frå
Fylkesmannen om prosjekt knytt opp mot det «grøne skiftet» Kommunestyret ber
rådmannen ved starten av 2017 legge fram ei sak som omhandlar dette
2. Kommunestyret viser til vedtaket om å utarbeide ein barnehage og skulebruksplan for
kommunen. Kommunestyret ber om at oppvekstsjefen får tilført ekstra ressursar til å
utføre dette arbeidet, enten ved intern omdisponering eller endring / auke i
stillingsheimlar som er i organisasjonen, slik at planen kan gjerast ferdig våren 2017.
3. Kommunestyret viser til vedtak i HOU sak 43/16 «Helse og omsorgsutvalet meiner
også at det på kort sikt må prioriterast tiltak for å auke talet på omsorgsplassar med
heildøgns bemanning» og ber om at dette blir innarbeidd i samband med rullering av
økonomiplanen i juni 2017.
4. Det skal også for framtida vere filial av Gloppen folkebibliotek både i Hyen og på
Breim.
5. Oppretthalding av Vest-Norges Brusselkontor finansiert over post 32500
Tilrettelegging og hjelp for næringslivet.
6. Kommunestyret ber rådmann om å legge fram ei orientering for formannskapet på
korleis kommunen kan organisere seg for å kome i møte kommunestyret sitt ynskje
om å få høgare tempo i bustadutviklinga i kommunen.
7. Kommunestyret legg til grunn at oppstart av planlegging av Fjellbygdevegen ligg inne
i prosjekt 33250 - Vegar, bruer og gatelys for 2017.
Når dette er skrive, er utleggingsperioden ikkje over. Dei innspela som er komne «utanfrå» så
langt i budsjettprosessen ligg ved saka.
Saksutgreiing:
Her er eit samandrag av sluttbehandlinga i råd og utval. Rådmannen gjer merksam på at
behandlinga også omfattar framlegget til gebyr og kommunale prisar for 2017.
21.11.2016 ELDRERÅDET
027/16 VEDTAK:
Eldrerådet meiner at Gloppen kommune har for få plassar for heildøgns pleie og
omsorg. Det har vi hatt over tid. Dette fører til press på rehabiliterings- og
avlastningsplassane. Dette fører igjen til at personar i den opne omsorga vert utrygge
og kanskje vil søkje seg inn på plassar med heildøgns pleie og omsorg på eit tidlegare
tidspunkt enn elles nødvendig.
På kort sikt meiner rådet at ei auking av rehabiliterings- og avlastningsplassane til ein
viss grad vil avhjelpe situasjonen.
Vedtaket var samrøystes.
21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE
027/16 VEDTAK:
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne meiner at Gloppen kommune har for
få plassar for heildøgns pleie og omsorg. Det har vi hatt over tid. Dette fører til press
på rehabiliterings- og avlastningsplassane. Dette fører igjen til at personar i den opne
omsorga vert utrygge og kanskje vil søkje seg inn på plassar med heildøgns pleie og
omsorg på eit tidlegare tidspunkt enn elles nødvendig.
På kort sikt meiner rådet at ei auking av rehabiliterings- og avlastningsplassane til ein
viss grad vil avhjelpe situasjonen.
Vedtaket var samrøystes.
23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET
Framlegg frå Olaf Sig. Gundersen (Sp):
Helse- og omsorgsutvalet ber om at det i budsjettet for 2017 blir lagt inn kr
841.200 i auka driftstilskot til Firda fysikalsk-medisinsk senter.
Framlegget fekk tre røyster og fall.
043/16 VEDTAK:
Helse- og omsorgsutvalet vil påpeike at Gloppen kommune har for få omsorgsplassar
med heildøgns bemanning. Utvalet meiner derfor at prosessen med planlegging av nytt
omsorgsbygg må prioriterast slik at auka kapasitet kan vere klar i løpet av 2020.
Helse- og omsorgsutvalet meiner også at det på kort sikt må prioriterast tiltak for å
auke talet på omsorgsplassar med heildøgns bemanning.
Vedtaket var samrøystes.
24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET
043/16 VEDTAK:
Oppvekstutvalet viser til vedtaket om å utarbeide ein barnehage og skulebruksplan for
kommunen. Utvalet ber om at oppvekstsjefen får tilført ekstra ressursar til å utføre
dette arbeidet, enten ved intern omdisponering eller endring / auke i stillingsheimlar
som er i organisasjonen, slik at planen kan gjerast ferdig våren 2017.
Vedtaket var samrøystes.
24.11.2016 MULTEK-UTVALET
130/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet har følgjande merknader/innspel til rådmannen sitt framlegg til
2017-budsjett og økonomiplan fram til 2012:
Til driftsbudsjettet
MULTEK-utvalet ber formannskapet om at rådmannen går gjennom budsjettet ein
gong til for å presentere ei kuttliste utifrå ei fagleg vurdering på kor det kan kuttast på
drifta for å finne rom for politisk prioritering.
Til investeringsbudsjettet
MULTEK-utvalet legg til grunn at oppstart av planlegging av Fjellbygdevegen ligg
inne i prosjekt 33250 - Vegar, bruer og gatelys for 2017.
Vedtaket var samrøystes.
28.11.2016 FORMANNSKAPET
Gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte til å vere med på
behandling av sak 142/16. For Høgre møtte Anniken Rygg, for Miljøpartiet Dei Grøne
møtte Lars Bjarte Osland og for SV møtte Hege Lothe.
Framlegg frå Edgar Kvernevik (SD):
1. Leirskuleopphald for Gloppen-elevane vert teke med i budsjettet for 2017
og for framtida i samsvar med ordninga ein hadde før dette tilbodet vart
fjerna.
2. Det vert innarbeidd ei kortsiktig løysing med å gjenopne dei tre
heildøgnsplassane på korttid/rehabilitering i påvente av nytt omsorgsbygg.
3. Det vert lagt fram ein strategisk plan for å forsere utvikling og utbygging
av nye byggefelt.
4. Dei auka kostnadene etter pkt 1 og 2 blir dekka av disposisjonsfondet.
Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf):
Endringsframlegg frå KrF til kommunebudsjettet for 2017 og økonomiplan
2017 til 2020
1. I budsjettet på side 8 er det attgjeve 5 punkt frå utfordringsdokumentet som
satsingsområde for kommunestyreperioden:
1. Variert bustadutvikling
2. Inkluderande lokalsamfunn
3. Næringsutvikling
4. Attraktive tettstadar/sentrumsutvikling
5. Samspel og alliansebygging.
Det er viktig at ein i komande budsjett har ei vurdering på måloppnåing i
høve desse satsingsområda.
2. Kommunestyret er kjent med at det er sendt ein invitasjon til kommunen
frå Fylkesmannen vedrørande prosjekt knytt opp mot det «grøne skiftet»
Kommunestyret ber rådmannen ved starten av 2017 legge fram ei sak som
omhandlar dette.
3. Det er gjort vedtak om å utarbeide barnehage og skulebruksplan for
kommunen som skal vere ferdig våren 2017. Kommunestyret ber om at
oppvekstsjefen får tilført ekstra ressursar til å utføre dette arbeidet, enten
ved intern omdisponering eller endring/ auke i stillingsheimlar som er i
organisasjonen.
4. Investeringar – endringar:
A) Bustadfelt på Gloppestad. Detaljregulering og grunnkjøp i 2017
2018 kr 6.250.000
2019 kr 6.250.000
B) Utviding av Sandane skule
2018 kr 5.000.000
2019 kr 10.000.000
Dekning: Rente og avdragsposten i budsjett/økonomiplanen vert juster
tilsvarande.
5. Gloppen kyrkjelege fellesråd: Auke i ramma på kr 3.875.000 med kr
280.000. Viser til Fellesrådet sitt framlegg som gjeld auka stilling som
kyrkjegardsarbeidar og 10 prosent auke i diakonstillinga. Kommunestyret
ber rådmannen finne dekning innanfor budsjett/økonomiplan.
Auka tilskot til Fellesrådet kr 390.000 (jfr fellesrådet sitt budsjett om
måling av Gimmestad kyrkje kr 340.000 og Vereide kyrkjegard
parkeringsplass kr 50.000). Dekning: Bruk av disposisjonsfondet.
6. Vegen Fjellbygda – Solheim. Kommunestyret legg til grunn at oppstart av
planlegging av vegen Fjellbygda – Solheim ligg inn i budsjettposten vegar,
bruer og gatelys for 2017.
7. Kommunestyret viser til vedtak i HOU sak 43/16 «Helse og omsorgsutvalet
meiner også at det på kort sikt må prioriterast tiltak for å auke talet på
omsorgsplassar med heildøgns bemanning» og ber om at dette blir vurdert i
samband med rullering av økonomiplanen.
8. Kommunestyret viser til søknad frå Firda fysikalsk-medisinsk senter om
auka driftstilskot og ber om at det vert lagt fram ei eiga sak til politisk
handsaming med det første.
Framlegg frå Magni Aa Berge (Sp):
1. Helse og omsorg, heildøgnomsorgsbustader
Som vedtak i HOU med tillegg: tiltak innarbeidast i samband med arbeidet
med økonomiplan i juni 2017.
2. Bustadpolitikk
Kommunestyret ber rådmann om å legge fram ei orientering for formannskapet
på korleis kommunen kan organisere seg for å kome i møte kommunestyret sitt
ynskje om å få høgare tempo i bustadutviklinga i kommunen.
3. Kultur og næring
Det skal også for framtida vere filial av Gloppen folkebibliotek både i Hyen og
på Breim.
Oppretthalding av Vest-Norges Brusselkontor finansiert over post 32500
Tilrettelegging og hjelp for næringslivet.
Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap):
Kommunestyret ber rådmannen gå gjennom budsjettet for 2017 ein gong til for
å presentere ei kuttliste utifrå ei fagleg vurdering på kor det kan kuttast på
drifta for å finne rom for politisk prioritering.
Kommunestyret legg til grunn at oppstart av planlegging av Fjellbygdevegen
ligg inne i prosjekt 33250 - Vegar, bruer og gatelys for 2017.
Framlegg frå Bernt Reed (Sp):
Kommunestyret viser til vedtaket om å utarbeide ein barnehage og
skulebruksplan for kommunen. Kommunestyret ber om at oppvekstsjefen får
tilført ekstra ressursar til å utføre dette arbeidet, enten ved intern
omdisponering eller endring / auke i stillingsheimlar som er i organisasjonen,
slik at planen kan gjerast ferdig våren 2017.
Prisane for kinobillettane for barn og ungdom blir ikkje auka. Prisauken blir i
staden gjort på vaksenbillettane.
Rådmannen gjorde merksam på at styret i NoMil har gjort framlegg om å auke
renovasjonsgebyret med 4 % frå 1. januar 2017.
--Det vart røysta slik:
1. Pkt 1 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk tre røyster og fall
2. Pkt 2 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som vart vedteke med åtte røyster
3. Pkt 3 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal og 1. avsnitt i framlegget frå Bernt Reed,
som vart vedteke med fem røyster
4. Pkt 4A i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk tre røyster og fall
5. Pkt 4B i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk tre røyster og fall
6. Pkt 5, 1. avsnitt i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk fire røyster og fall
7. Pkt 5, 2. avsnitt i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk fire røyster og fall
8. Pkt 7 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal og pkt 1 i framlegget frå Magni Aa
Berge, som vart samrøystes vedteke
9. Pkt 8 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal, som fekk tre røyster og fall
10. Pkt 1 og 4 i framlegget frå Edgar Kvernevik, som fekk ei røyst og fall
11. Pkt 2 og 4 i framlegget frå Edgar Kvernevik, som fekk ei røyst og fall
12. Pkt 3, 1. avsnitt i framlegget frå Magni Aa Berge, som vart samrøystes vedteke
13. Pkt 3, 2. avsnitt i framlegget frå Magni Aa Berge, som vart vedteke med fem
røyster
14. Pkt 2 i framlegget frå Magni Aa Berge, som vart samrøystes vedteke
15. Pkt 6 i framlegget frå Svein-Ottar Sandal og 2. avsnitt i framlegget frå Arnar
Kvernevik, som vart samrøystes vedteke
16. 1. avsnitt i framlegget frå Arnar Kvernevik, som fekk to røyster og fall
17. 2. avsnitt i framlegget frå Bernt Reed, som vart samrøystes vedteke.
142/16 VEDTAK:
1. Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og
økonomiplan fram til 2020 ut på høyring fram til 13. desember 2017 med desse
presiseringane/endringane:
1.1. Kommunestyret er kjent med at det er sendt ein invitasjon til kommunen frå
Fylkesmannen om prosjekt knytt opp mot det «grøne skiftet» Kommunestyret
ber rådmannen ved starten av 2017 legge fram ei sak som omhandlar dette.
1.2. Kommunestyret viser til vedtaket om å utarbeide ein barnehage og
skulebruksplan for kommunen. Kommunestyret ber om at oppvekstsjefen får
tilført ekstra ressursar til å utføre dette arbeidet, enten ved intern
omdisponering eller endring / auke i stillingsheimlar som er i organisasjonen,
slik at planen kan gjerast ferdig våren 2017.
1.3. Kommunestyret viser til vedtak i HOU sak 43/16 «Helse og omsorgsutvalet
meiner også at det på kort sikt må prioriterast tiltak for å auke talet på
omsorgsplassar med heildøgns bemanning» og ber om at dette blir innarbeidd
i samband med rullering av økonomiplanen i juni 2017.
1.4. Det skal også for framtida vere filial av Gloppen folkebibliotek både i Hyen
og på Breim.
1.5. Oppretthalding av Vest-Norges Brusselkontor finansiert over post 32500
Tilrettelegging og hjelp for næringslivet.
1.6. Kommunestyret ber rådmann om å legge fram ei orientering for
formannskapet på korleis kommunen kan organisere seg for å kome i møte
kommunestyret sitt ynskje om å få høgare tempo i bustadutviklinga i
kommunen.
1.7. Kommunestyret legg til grunn at oppstart av planlegging av Fjellbygdevegen
ligg inne i prosjekt 33250 - Vegar, bruer og gatelys for 2017.
2. Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til kommunale prisar for 2017, her
inkludert NoMil-styret sitt framlegg til renovasjonsgebyr, ut på høyring fram til
13. desember 2017, med denne endringa:
2.1. Prisane for kinobillettane for barn og ungdom blir ikkje auka. Prisauken blir i
staden gjort på vaksenbillettane.
Utleggingsvedtaket var samrøystes.
--Som sagt innleiingsvis er ikkje utleggingsfristen ute når dette er skrive. Merknader og
synspunkt som kjem inn fram til 13. desember i år vil bli lagde fram på møtet.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen har inga ny vurdering av saka. Pkt 1.6 i formannskapet sitt utleggingsvedtak er alt
«levert» av rådmannen. Rådmannen legg også fram planprogrammet for barnehage- og
skulebruksplanen på eit ekstramøte i oppvekstutvalet 19. desember. Framdriftsplanen er i
samsvar med formannskapet si forventning i pkt 1.2 i utleggingsvedtaket. Rådmannen meiner
derfor å ha «levert» også her.
I tilrådinga ber rådmannen om fullmakt til å overføre unytta investeringsmidlar for 2016budjettet til 2017 på alle prosjekt som har seinare framdrift enn rekna med i budsjettet. I
tillegg ber rådmannen om fullmakt til å rette opp eventuelle budsjett-tekniske feilføringar.
--Viss det ikkje kjem inn godt grunngjevne merknader og endringsframlegg i resten av
utleggingsperioden, er dette rådmannen si tilråding i saka:
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Gloppen kommunestyre godkjenner formannskapet sitt framlegg til økonomiplan for
2017-2020, her inkludert årsbudsjettet for 2017 slik dette framgår av f-sak 142/16.
2. For årsbudsjettet 2017 gjeld:
 Kommunestyret gjev rådmannen fullmakt til
o å fordele eigendel på sjukepengar
o å fordele eventuell tilleggsrekning frå kommunen sitt pensjonsselskap
o å rette opp eventuelle budsjett-tekniske feilføringar i høve til
rekneskapsforskriftene
o å opprette dei stillingane som er omtala på side 3 i samandraget av rådmannen
sitt budsjettframlegg
 Kommunestyret vedtek maksimalsatsane på inntekts- og formueskatt
 Kommunestyret fastset satsen for eigedomsskatt til 7 ‰ og vedtek i medhald av
eigedomsskattelova § 8 A-4 ei kontorjustering på 10 % på takstgrunnlaget for bustader
og fritidseigedomar for 2017
 Kommunestyret vedtek å ta opp til saman kr 45.330.000,- i nye lån til å gjennomføre
investeringstiltaka i 2017-budsjettet og opptak av startlån til vidare utlån. Rådmannen
får fullmakt til å ta opp låna og rekne ut avdragstid etter reglane om vekta avdragstid
for kommunale lån
 Kommunestyret gir formannskapet og utvala fullmakt til å gjere endringar i
årsbudsjettet innanfor sine rammer med desse avgrensingane
o endringane skal ikkje føre til behov for auka ramme i budsjettåret, og heller
ikkje binde kommunen økonomisk for seinare år
o endringane skal ikkje påverke rammene eller oppgåvene til dei andre utvala
o fullmakta gjeld ikkje disponering av nye inntekter som det ikkje knyter seg
vilkår til
3. Rådmannen får fullmakt til å overføre ubrukte budsjettmidlar inkl finansiering i pågåande
investeringsprosjekt til neste år, slik at dette vil inngå i samla investeringsbudsjett for
2017.
14.12.2016 FORMANNSKAPET
Gruppeleiarane i Høgre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte til å vere med på
behandling av sak 153/16. For Miljøpartiet Dei Grøne møtte Mariel Eikeset Koren. Ingen
møtte for Høgre og SV.
Desse innspela kom inn i utleggingsperioden:
 Frå Foreldreutvalet ved Gloppen ungdomsskule datert 7. desember om midlar til leirskule
 Frå Midtvegen 615 AS datert 8. desember 2016 om midlar til planlegging.
Innspela var sende ut til medlemmene i formannskapet på førehand.
Merknad/framlegg frå Magni Aa Berge på vegner av Senterpartiet, Arbeiderpartiet,
Venstre og SV:
Partia har følgjande utgangspunkt for resten av budsjettarbeidet:
 Utgangspunktet for det vidare budsjettarbeidet er formannskapet sitt vedtak i sak
142/16.
 Budsjettbalansen skal ikkje svekkast og ein skal heller ikkje ta meir frå
disposisjonsfondet enn det som ligg inne i rådmannen sitt budsjettframlegg.
Partia har følgjande innspel til arbeidet med budsjett 2018/økonomiplan 2018-2021:
 Det politiske arbeidet med budsjettprosessen for 2018 må starte tidlegare.
Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei sak til møte i finansutvalet i
januar/februar 2017 der ein både evaluerer arbeidet med budsjettet 2017 og ein
legg opp ein plan for arbeidet med budsjett 2018. Dette må sjåast i samanheng med
økonomiplanarbeidet og tertialrapportering.
 Kommunestyret ber om at rådmannen sitt budsjettframlegg for framtida inneheld
reelle kutt- og prioriteringslister som gjev politikarane eit moglegheitsrom.
 Utgangpunktet for seinare årsbudsjett er at ein skal ha eit driftsoverskot på 2 % pr.
budsjettår.
 Kommunestyret ber om å få framlagt ei eigarskapsmelding for Gloppen kommune
til kommunestyremøtet i april 2017. Eigarskapsmeldinga skal mellom anna
innehalde oversikt over:
o selskap Gloppen kommune har eigarskap i (AS, IKS, KF m.m.) og ein omtale
av desse. Det skal framgå kven som eventuelt sit i styrande organ etter
innspel/val frå kommunen.
o eigedomar (bustad og anlegg m.m.)
o stiftingar der Gloppen kommunar har vore medstiftar, eller har
innstillingsrett til styre.
Eigarskapsmeldinga skal rullerast årleg på kommunestyremøtet i mars/april.
 Kommunestyret opnar for å vurdere å selje aksjane i Firda Billag. Det vert lagt til
grunn at eit eventuelt sal vert samordna med andre eigarkommunar. Eit eventuelt
sal må sjåast i samanheng med kommunen si eigarskapsmelding. Formannskapet
får fullmakt til å følgje prosessen vidare. Eit endeleg salsvedtak skal gjerast av
kommunestyret.
 Kommunestyret set av 2,0 mill. kroner i 2018 til utarbeiding av kommunedelplan
for fylkesveg 615 – parsellen Hyen-Høgemuren. Planarbeidet skal samordnast med
Statens vegvesen. Tiltaket skal innarbeidast i økonomiplanen for 2018-2021.
Framlegg frå Magni Aa Berge (Sp):
1. Kommunestyret aukar råma til fellesrådet med kr 200.000 til totalt kr 4.075.000.
Kommunestyret ber rådmannen innarbeide dette i samband med rapportering av 1.
tertial.
2. Kommunestyret ber om å få framlagt ei sak med reglement for finansutvalet til
kommunestyremøtet i februar 2017.
3. Kommunestyret vil særleg peike på behovet for tilgjengeleg næringsareal i kommunen
og legg til grunn at dette vert ein vesentleg del av arbeidet med kommuneplanen.
Midlar til grunnkjøp m.m. må innarbeidast i økonomiplanen for 2018-2021.
4. Kommunestyret ber helse- og omsorgsutvalet sjå på moglegheiter for å innarbeide
tilskot til Firda fysikalsk-medisinsk senter i samband med 1. tertial 2017, evt. i
samband med økonomiplanen for 2018-2021.
Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap):
Kommunestyret ber rådmannen om at det i samband med revisjon av budsjettet for
2017 vert lagt fram ei sak for MULTEK-utvalet om mellombels innsparing i
bibliotekdrifta i Hyen i samband med bygging av ny skule, med verknad for 2017 og
fram til ny skule står klar.
Framlegg frå Arnar Kvernevik på vegner av Arbeiderpartiet og Venstre:
Kommunestyret ber rådmannen i løpet av 2017 om å legge fram forslag til eit eige
klimabudsjett for Gloppen kommune.
 Klimabudsjettet skal vere ein integrert del av det kommunale budsjett- og
økonomiplanarbeidet og gjelde frå 2018.
 I budsjett og handlingsplan frå og med 2018 må det kome fram konkrete tiltak og
kor store reduksjonar som kommunen skal nå og kva tiltak som må settast i verk
for å nå måla om reduserte klimautslepp på dei ulike sektorane i Gloppen
kommune.
 Kommunestyret ber rådmannen om å involvere skular, landbruk og næringsliv i
arbeidet med å konkretisere mål og virkemiddel i klimabudsjettet.
Kommunestyret ber rådmannen om legge fram ei sak om bygging og finansiering av
nye ladestasjoner for el-bilar på Byrkjelo og i Hyen og legge saka fram for
kommunestyret i samband med 1. revisjon av budsjettet for 2017.
Framlegg frå Gunnvor Sunde (SD):
1. Leirskuleopphald for Gloppen-elevane vert teke med i budsjettet for 2017 og for
framtida i samsvar med ordninga ein hadde før dette tilbodet vart fjerna.
2. Det vert innarbeidd ei kortsiktig løysing med å gjenopne dei tre heildøgnsplassane på
korttid/rehabilitering i påvente av nytt omsorgsbygg.
3. Det vert lagt fram ein strategisk plan for å forsere utvikling og utbygging av nye
byggefelt.
4. Dei auka kostnadene etter pkt 1 og 2 blir dekka av disposisjonsfondet.
Det vart ikkje røysta over nokon av framlegga/innspela. Ordføraren oppmoda
partia/forslagsstillarane til å samordne seg før kommunestyremøtet.
153/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 033
Saksnr
099/16
Arkivsaknr.:
16/1199-2
Melding om flytting - ny varaliste til kommunestyret og MULTEK-utvalet
for Mijløpartiet Dei Grøne
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Judit Karin Bakketun, som er første vara på Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) si
kommunestyreliste og første vara for Mariel Eikeset Koren i MULTEK-utvalet, har meldt frå
at ho har flytta frå kommunen.
Reglane om opprykk og nyval følgjer av § 16 i kommunelova, der nr 2 og 3 lyder slik:
2. Hvis medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget trer endelig ut eller får varig
forfall, trer varamedlemmer fra vedkommende gruppe inn i deres sted i den
nummerorden de er valgt hvis organet er valgt ved forholdsvalg. Er et kommunestyre
valgt ved flertallsvalg, trer varamedlemmer inn i den nummerorden de er valgt.
3. Dersom et medlem av et annet folkevalgt organ enn kommunestyre og fylkesting,
kommunestyrekomité og fylkestingskomité trer endelig ut, velges nytt medlem, selv
om det er valgt varamedlem. Organet skal suppleres fra den samme gruppe som den
uttredende tilhørte. Viser det seg at denne fremgangsmåten fører til at et kjønn vil bli
representert med mindre enn 40 prosent av medlemmene i organet, skal det så langt
det er mulig velges nytt medlem fra det underrepresenterte kjønn.
Flyttinga fører til at varalista til kommunestyret blir endra slik at dei andre representantane på
lista rykkjer opp ein plass, og ny siste vara blir Øystein Eide. Varalista til MDG i
kommunestyret blir då slik:
 1. vara: Arild Reppen
 2. vara: Lars-Bjarte Osland
 3. vara: Martin Eikeset Koren
 4. vara: Øystein Eide.
MDG har då ikkje fleire kandidatar på si liste som kan setjast på varalista til kommunestyret.
Når det gjeld vara varalista til MULTEK-utvalet er det ikkje noko automatikk verken i
opprykk etter supplering av lista. Rådmannen har derfor bede om tilråding frå valnemnda til
ny varaliste for MDG sin representant i utvalet, Mariel Eikeset Koren.
Varalista til MULTEK-utvalet ser i dag slik ut etter Judit Karin Bakketun som er første vara:
 2. vara: Arild Reppen
 3. vara: Lars-Bjarte Osland
Begge representerer MDG.
Valnemda si tilråding til ny varaliste er ikkje klar når dette er skrive.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret tar til orienteringa at Judit Karin Bakketun har flytta frå kommunen og at
varalista til Miljøpartiet Dei Grøne i kommunestyre dermed blir sjåande slik ut:
 1. vara: Arild Reppen
 2. vara: Lars-Bjarte Osland
 3. vara: Martin Eikeset Koren
 4. vara: Øystein Eide.
2. Kommunestyret vel denne varalista for Miljøpartiet De Grøne sitt medlem i MULTEKutvalet:
 1. vara: ……………………
 2. vara: ……………………
 3. vara: ……………………
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Peter Andresen
Møtedato
17.11.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv:
K01
Saksnr
123/16
100/16
Arkivsaknr.:
16/404-49
Ervervsløyve for snøskuter i utmark 2017-2021 - innføring av ordning og
vilkår for løyve
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
MULTEK-utvalet drøfta våren 2016 ei sak om ervervsløyve for snøscooter (sak 49/16). Slik
rådmannen oppfatta signala frå utvalet, var det ønskje om ei ordning med ervervsløyve.
Rådmannen tek difor saka opp igjen for å få fastsett rammene for ei ordning.
Saksutgreiing:
Lov om motorferdsle i utmark og vassdrag opnar for leigekøyringsløyve, jmf. forskrift for
bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 5a.
Hytteeigarar mfl. kan ha transportbehov i utmark vinterstid, og dei færraste eig snøskuter
sjølve. Fastbuande som allereie har snøskuter i næring, kan som leigekøyrer ta på seg slike
oppdrag og samordne desse. Samordning vil kunne redusere omfang av køyring i utmark. I
tillegg vert sakshandsaming og kontroll forenkla.
Ut over det som er tillate etter § 3 i nasjonal forskrift om kva motorkøyretøy på vinterføre kan
nyttast til, kan leigekøyring nyttast til:
 Transport mellom bilveg og hytte (ikkje krav om avstand eller type transport)
 Tilsyn med privat hytte etter oppdrag frå eigar
 Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
 Transport av funksjonshemma
 Transport av ved
 Transport etter dispensasjon i medhald av nasjonal forskrift § 6 om unntakstilfelle
(føremålsavhengig).
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Ut frå ei vurdering av behovet for transport, bør tal løyvehavarar avgrensast. Gloppen
kommune har ein god del hytter som ikkje ligg i tilknyting til vinterbrøyta bilveg, slik at det
her kan vere eit visst transportbehov. Rådmannen vurderer likevel at mesteparten av
transporten til hytter vil kunne gå føre om sommaren på bilveg. Det største transportbehovet
vil truleg vere til støylsområda som ikkje har bilveg fram til støylen. Erfaring syner at det
største behovet er knytt til transport av ved, utstyr og byggemateriale.
Det kan også vere behov knytt til nokre av dei andre føremåla som leigekøyring kan nyttast
til, slik som transport av personar med nedsett funksjonsevne. Leigekøyring kan også nyttast
for køyring som har heimel i § 3 i forskrifta. Dette inkluderer t.d. transport til bygging i
samsvar med byggeløyve og oppkøyring av skiløyper.
Samla sett vurderer rådmannen at det vil vere eit visst behov for leigekøyring i Gloppen, men
truleg ikkje i noko stort omfang. Køyring vil bli konsentrert i einskilde dalar/fjellområde der
behovet er størst. På denne bakgrunn vert det vurdert at 6 løyve vil vere eit passeleg tal for
Gloppen.
I forhold til tildeling av løyve, definera «Rundskriv T-6/0 - Om endringar i Nasjonal forskrift
for bruk av motorkøyrety i utmark og islagde vassdrag» kva kriteria vi bør prioritere etter.
Kommunen bør prioritere søkjarar som er fastbuande, og som allereie har snøskuter brukt i
næring. Det vert òg lagt vekt på den næringsmessige betydinga for søkjaren. Personar som har
hatt slikt løyve tidlegare, og nytta denne lovleg, bør normalt prioriterast framfor nye søkjarar.
Dei som får løyve vil kunne køyre i heile Gloppen kommune, med unntak av Jostedalsbreen
nasjonalpark, Naustdal Gjengedal landskapsvernområde, Ålfotbreen landskapsvernområde,
Kloppemyrane naturreservat og Kolebakkane naturreservat.
Vilkår og avgrensingar som vert lagt til grunn ved vurdering av søkjarar:
 Fastbuande i Gloppen kommune
 Har snøskuter i samband med næring
 Har hatt ervervsløyve tidlegare og nytta dette lovleg
 Har næringsmessig betyding.
For å unngå at løyvehavarar skal flytte snøscooter over lange distansar og gje betre tilgang for
snøscootertransport for dei som treng det, vil det vere naturleg at løyve vert fordelt slik det er
ei viss geografisk spreiing.
Det er ønskjeleg med ein viss kontinuitet i det næringsgrunnlaget leigekøyring kan gje.
Perioden for løyve til leigekøyring vert av den grunn 5 år: 2017 – 2021.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Gloppen kommunestyre opnar opp for leigekøyring med snøskuter i utmark i medhald av § 5a
i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag. Søknadsperioden vert
for 5 år: 2017-2021.
Rådmannen tildeler inntil seks løyve i samsvar med vilkår og avgrensing som omtala i
saksutgreiinga
Løyve gjeld for 2017 – 2021 og skal gjevast på følgjande vilkår:
 Løyvet er personleg
 Løyvet skal vere med under køyring
 Løyvet gjeld for perioden 1. januar til 30. mai
 Ved køyring på annan manns grunn, skal det innhentast løyve frå aktuell grunneigar
 Snøscooter skal vere innregistrert og i lovleg stand
 Løyvet er knytt opp til oppgjeve registreringsnummer på snøskuter. Ved bytte av
snøskuter, må kommunen har endringsmelding før løyvet er gyldig.
 Det skal ikkje køyrast på søndagar og heilagdagar
 Løyvet gjeld ikkje for køyring i Jostedalsbreen nasjonalpark, Naustdal Gjengedal
landskapsvernområde, Ålfotbreen landskapsvernområde, Kolebakkane naturreservat og
Kloppemyra naturreservat
 For all køyring i Førdefjella og Svartebotnen villreinområde skal kommunen kontaktast
før køyring. Det skal ikkje køyrast nærmare villrein enn 500 m
 Løyvet er berre gyldig for føremål etter §§ 3, 5 og ev. 6 i forskrifta og kan ikkje nyttast til
rekreasjonskøyring
 Det skal visast omsyn til vegetasjon, samt vilt og menneske som ferdast i område
 Køyringa skal så langt som råd følgje eksisterande skogsbilveg/traktorveg, og same spor
dersom det vert køyrt fleire turar
 Køyringa skal så langt som råd samordnast dersom det er fleire som har behov innafor
same område i same tidsrom
 Det skal førast logg for kvar tur med føremål, tidspunkt, og namn på oppdragsgjevar.
Logg leverast til kommunen innan 15. juni kvart år.
17.11.2016 MULTEK-UTVALET
123/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt med desse endringane:
1. Løyveperioden skal i første omgang vere i 2 år med påfølgande evaluering
2. Nytt første strekpunkt: Søkjar må vere busett i kommunen
3. Til første strekpunkt i rådmannen si tilråding: Også lag og organisasjonar kan søkje med
ansvarleg person
4. Nytt strekpunkt: Snøscooteren skal vere merka med «Ervervsløyve».
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Peter Andresen
Møtedato
24.11.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 242 K4
Saksnr
128/16
101/16
Arkivsaknr.:
16/181-15
Oppdatering av retningslinjene for forvaltning av viltfondet sluttbehandling
Vedlegg:
Dok.nr
280329
Tittel på vedlegg
Retningslinjer for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
I 2008 vart det vedteke lokale retningslinjer for viltfondet i Gloppen kommune.
Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort avgjer kva som er
og kan vere inntekter til fondet, og kva føremål fondet kan nyttast til. Forskrifta er
ikkje detaljert og dei lokale retningslinjene spesifiserer kva type inntekter som skal
førast til fondet, og kva type føremål som fondet kan nyttast til.
Sidan 2008 har det skjedd fleire endringar i både lovverket om viltforvaltning og
utviklinga i fondsbehaldninga. Rådmannen meiner difor at retningslinjene bør
reviderast.
Saksutgreiing:
Framlegg til retningslinjene er vedlagt. Framlegget tek utgangspunkt i dei noverande
retningslinjene, men med endringar og tilføyingar i nokon paragrafar. Det som er
skrive med raud i det vedlagte saksdokument er forslag til ny ordlyd, medan det som
er streka over er teksten i dagens retningslinjer.
Under følgjer ein gjennomgang av paragrafar med forslag til endringar:
§ 1-2 Fondstyre
Namn på utvalet er endra.
§ 2-1 Viltfondet sine inntekter
Punkt 1 er endra så det vert vist til rett paragraf i forskrift om kommunale viltfond.
Namn på Direktorat endra til Miljødirektoratet. Satsar for fellingsavgift endra frå
maksimal fellingsavgift for alle kategoriar, til halv fellingsavgift for kalv og ungdyr.
Punk 4 er oppdatert med rett paragraf og lov. Kilopris for fallvilt og ulovleg felt vilt er
justert opp frå 40 kr/kg til 80 kr/kg. Den noverande kilopris er 47 kr med prisjustering
etter konsumprisindeksen.
§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet
Vald med bestandsplan der minimum 80 % av jaktfelta deltek i sett hjort kan få
tilbakeført inntil 5 % av fellingsavgifta. Dette er endra frå 10 % i det noverande
retningslinjer. Til gjengjeld er det ført inn forslag om at dersom alle jaktfelt leverer
elektronisk i staden for papirskjema, kan vald få tilbakeført 10 % av fellingsavgifta.
Valda med bestandsplan får no 30 kr pr. kjeve som vert innsamla til
overvakingsprogrammet. Dette er føreslege oppjustert til 40 kr pr. kjeve.
I punkt 3 er det ført inn at viltfond kan brukast til andre tiltak enn skogrydding i
område med vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort.
I punkt 4 er det ført inn, at det etter søknad kan gjevast inntil 50 % tilskot til tiltak for
å førebyggje skadar på landbruksnæring gjort av hjortevilt. Dette er ei oppjustering frå
30 % i dei noverande retningslinjene. I same punktet er det og lagt til at søknaden må
leverast same året som tiltaket er sett i verk eller er tenkt sett i verk.
§ 4-1 Delegasjon
Ein mindre korreksjon, der viltnemnda sin fullmakt til gjere mindre endringar i
reglementet er endra til MULTEK-utvalet.
§ 4-2 Iverksetjing
Reglementet gjeld frå 1. januar 2017.
Hjorteutvalet i Gloppen kommune har diskutert endringane i retningslinene på møte 9.
mars 2016. Synspunkt frå dette møtet er vurdert og lagt inn i dei føreslegne
endringane.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen for kommunen.
Dei eksakte økonomiske konsekvensar for viltfondet av dei føreslegne oppdateringar
er vanskelege å berekne, då det kjem an på m.a. den framtidige fellinga,
aldersfordelinga på dei felte dyr, søknadsmengde til det kommunale viltfond og
storleiken på ev. søknadssumar.
Generelt sett vil dei føreslegne endringar føre til at det på inntektsida vert sett av færre
midlar. Med ei halvering av fellingsavgifta for kalv og ungdyr, vil den årlege
innbetaling bli om lag 50 000 kr mindre.
Oppjustering av kiloprisen på fallvilt og ulovleg felt vilt kan potensielt føre til auka
inntekter. Pr. dags dato førekjem det sjeldan sal av slikt kjøtt, då ein stor part av
fallviltet ikkje kan seljast.
På utgiftssida kan endringane i tilbakebetaling til vald med bestandsplaner maksimalt
føre til auka utgifter på ca. 14 000 om ein legg dagens tal til grunn. Rådmannen har
lite tru på at utgiftene vil auke så mykje og anslår eit meir realistisk auke i utgifter til å
vere 6-8000 kr.
Auken i tilskotssatsen til tiltak for å førebygge skade på landbruksnæring kan også
føre til ein auke i utgiftene. Dei siste 10 åra har det ikkje vore nokon søknader som fell
inn under denne kategorien. I tilfelle det kjem, vil det med det noverande inneståande
på viltfondet vere tilstrekkelege midlar tilgjengeleg til å kunne gje tilskot til slike
søknader.
Samla sett vurderer rådmannen at dei føreslegne endringar retningslinene vil redusere
den årlege avsetting på viltfond med ca. kr 60 000.
I dei seinare år har det årleg blitt sett av mellom 80 000 kr og 125 000 kr på viltfondet.
Inneståande på viltfondet var pr. 31.12.15 på kr 581 000.
Rådmannen si vurdering:
Bakgrunnen for denne saka er at dei noverande retningslinjene for viltfondet treng ein
revisjon. Nokre av endringane som er føreslegne er reine formalitetar utan praktisk
betyding.
Retningslinjene vart i si tid sett opp innafor dei rammer som forskrifta set for inntekter
til fondet og disponering av fondet. Oppdatering av retningslinjene endrar ikkje på
dette.
Under følgjer ei vurdering av endringane av dei einskilde paragrafar:
§ 1-2 Fondstyre
Endring i § 1-2 er eit namnebytte på utvalet og er ein rein formalitet. Viltnemnd er
teke bort, då funksjonen som viltnemnd i dag ligg til MULEK-utvalet.
§ 2-1 Viltfondet sine inntekter
Punkt 1 vert endra så det vert vist til rett paragraf i forskrift om kommunale viltfond.
Namn på Direktorat endra til Miljødirektoratet. Den primære inntekt til viltfondet er
fellingsavgift. Dei maksimale satsar som kan krevjast i avgift vert årleg fastsett av
Miljødirektoratet. I dei noverande retningslinjene står at Gloppen kommune skal nytte
dei maksimale satsane. Til tross for at Gloppen kommune i dei siste åra har brukt
viltfondsmidlar på diverse vilt-relaterte prosjekt, blir det likevel årleg avsett 80 000 125 000 kr på det kommunale viltfond.
Rådmannen meiner ikkje at det skal vere eit mål å ha mest muleg ståande på
viltfondet, men at det må vere ein buffer til å kunne bruke på uventa utgifter og store
prosjekt. Med det som no står på konto er det meir enn ein rikeleg buffer og
rådmannen ser difor ikkje grunn til å halde fram med maksimale fellingsavgifter, då
det berre vil føre til ytterlegare akkumulering av midlar på viltfondet. Difor blei det på
hjorteutvalsmøtet føreslege å justere ned fellingsavgifta på kalv og ungdyr. Det er eit
ønskje frå kommunen å auke avskytinga av kalv og ungdyr og å sette ned
fellingsavgifta på desse kategoriane vil støtte opp under dette målet og vere eit viktig
signal å sende jegerane.
Kiloprisen på fallvilt og ulovleg felt vilt er oppjustert til ein pris som er meir rimeleg
enn den noverande. Hjorteutvalet diskuterte seg på møtet i mars fram til ein kilopris på
80 kr/kg. Denne prisen vil sikre at inntekter frå sal av vilt som blir lagt til viltfondet, er
i tråd med den faktiske verdien av kjøtet.
§ 3-1 Utgifter som kan dekkast av viltfondet
Rådmannen ønskjer med denne oppdatering at valda med bestandsplan framleis skal
ha høve til å få tilbakeført viltfondsmidlar, dersom dei deltar aktivt i innsamlinga av
data og statistikk. Det er eit mål i den kommunale forvaltningsplan for hjorteviltet at
flest muleg tek i bruk elektronisk innrapportering av sett hjort. Rådmannen ønskjer å
tilpasse retningslinjene for viltfond så det stimulerer til dette. Samla sett kan valda få
tilbakeført det same som med dei noverande retningslinjene, men det krev at dei tek i
bruk elektronisk «Sett hjort».
Etter ønskje frå valda er tilbakebetalinga pr. innlevert kjeve oppjustert til 40 kr. Det er
mykje arbeid med kjevane og valda ynskjer meir lønn for det. I tillegg har denne
satsen ikkje vore regulert sidan 2008.
I punkt 3 er det ført inn at viltfond kan brukast til andre tiltak enn skogrydding i
område med vesentleg risiko for kollisjonar mellom bil og hjort. Rådmannen ser at det
kanskje kan bli behov for andre tiltak enn skogrydding og ønskjer at
viltfondsreglementet gjev høve til det.
Satsen for å førebygge skadar på landbruksnæring gjort av hjortevilt er oppjustert frå
30 % til 50 %. Dette er gjort etter ønskje frå storvalda, då kostnadene ved slike tiltak
kan vere vesentlege. I tilfelle det kan fåast støtte frå andre kjelder, vert tilskotet frå
viltfondet tilsvarande avkorta. Difor er det sett inntil 50 % tilskot.
Rådmannen ynskjer ikkje å behandle gamle saker om støtte til å førebygge skadar. Det
er difor lagt til at søknad må leverast same året tiltaket er sett i verk eller tenkt sett i
verk.
§ 4-1 Delegasjon
Namnet på utvalet er endra til MULTEK-utvalet. Dette er ein rein formalitet.
§ 4-2 Iverksetjing
For å unngå at det vert vedteken nye satsar for fellingsavgift midt under jakta, ønskjer
rådmannen at dei nye retningslinjene for viltfondet skal vere gjeldande frå 1. januar
2017.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge dei reviderte
retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune ut på høyring med
20. juni 2016 som høyringsfrist.
19.05.2016 MULTEK-UTVALET
071/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet viser til rådmannen sine vurderingar og vedtek å legge dei reviderte
retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen kommune ut på høyring med
20. juni 2016 som høyringsfrist.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling av saka:
Framlegg til nye retningsliner for viltfondet for Gloppen kommune har vore ute på
høyring med 1. juli 2016 som høyringsfrist. Det har kome inn eitt innspel frå Grenda
Storvald.
Saksutgreiing:
Grenda Storvald har i deira uttale kome med forslag om å endre § 3-1 i framlegget til
retningslinene for viltfondet. Denne paragrafen handlar om tilbakeføring av
viltfondsmidlar til vald med bestandsplanar. I framlegget står at berre vald med
bestandsplaner kan få tilbakeført viltfondsmidlar. Grenda Storvald ynskjer at dette vert
endra slik at også vald utan bestandsplan kan få tilbakebetalt eit beløp frå viltfondet
for kvar kjeve som vert levert inn.
Grunngjevinga deira er at valdet har same jobb med å klargjere og innsende kjevar
uansett om valdet har bestandsplan eller ikkje.
Rådmannen si vurdering:
§ 3-1 som Grenda Storvald ynskjer å frå endra, blei vidareført frå dei gamle
retningslinjene. Her er det sagt at berre vald med bestandsplan kan få tilbaketalt
viltfondsmidlar.
Gloppen kommune ynskjer at valda skal vere organiserte i storvald med
bestandsplanar. Dette bør også kome til uttrykk i retningslinjene for viltfondet og i
ordninga med tilbakebetaling av viltfondsmidlar. Vald med bestandsplan har høve til å
få tilbakebetalt eitt driftstilskot og eitt tilskot dersom deltakinga i vårteljinga og sett
hjort er høg nok. I tillegg får dei tilbakebetalt pr. kjeve som vert levert.
Tilbakebetalinga for kjevane utgjer ein relativ liten del av den samla tilbakebetaling til
storvalda, så sjølv om vi opnar for at alle vald kan få betalt for kjevane, vil valda med
bestandsplan framleis bli belønna økonomisk.
Rådmannen ser poenget frå Grenda Storvald om at arbeidet med kjevane er det same,
uansett om ein har bestandsplan eller ikkje. Dei mindre valda utan bestandsplan utgjer
kring 10 % av den samla felling i kommunen. Økonomisk sett vil ei ev. endring
medføre at tilbakebetalinga frå viltfondet vil auke med ca. 2000 kr årleg.
Kjeveinnsamlinga er viktig for viltforvaltninga, både lokalt og nasjonalt. Rådmannen
meiner at det er eit bra signal å sende at alle vald vil bli honorert for å levere kjevar.
Valda med bestandsplan vil framleis ha økonomiske fordelar sidan dei kan få
tilbakeført driftstilskot og tilskot for deltaking i vårteljing og sett hjort.
Rådmannen kjem på bakgrunn av desse vurderingane med framlegg om å endre § 3-1
slik at alle valda kan få tilbakeført viltfondsmidlar med 40 kr pr. levert kjeve.
I høve til framlegget som har vore ute på høyring er siste strekpunkt i § 3-1, nr 1 endra
frå:
 tilskot til og honorering av vald med bestandsplan som medverkar til
innsamling av data til bruk i hjorteforvaltninga etter desse reglane:
o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet: inntil 5 % av
fellingsavgifta
o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet der alle jaktfelt
leverer på «settogskutt.no»: inntil 10 % av fellingsavgifta
o vårteljing i 80 % av alle jaktfelt i valdet: 5 % av fellingsavgifta
o kr 40,- per innsamla kjeve.
til:
 honorering av vald som medverkar til innsamling av hjortekjevar med 40 kr pr.
kjeve
 tilskot til og honorering av vald med bestandsplan som medverkar til
innsamling av data til bruk i hjorteforvaltninga etter desse reglane:
o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet: inntil 5 % av
fellingsavgifta
o sett hjort for minst 80 % av alle jaktfelt i valdet der alle jaktfelt leverer
på «settogskutt.no»: inntil 10 % av fellingsavgifta
o vårteljing i 80 % av alle jaktfelt i valdet: 5 % av fellingsavgifta.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret godkjenner dei nye retningslinjene for forvaltning av viltfondet i
Gloppen kommune slik desse ligg føre som vedlegg i denne saka.
13.10.2016 MULTEK-UTVALET
114/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
14.11.2016 KOMMUNESTYRET
Framlegg frå Per Rune Vereide (Sp):
Saka blir sendt tilbake til MULTEK-utvalet for vurdering av om det skal seiast
noko i retningslinjene om kvalitetsvurdering av kjøtet i fallviltsaker.
Framlegget vart vedteke mot tre røyster.
093/16 VEDTAK:
Saka blir sendt tilbake til MULTEK-utvalet for vurdering av om det skal seiast noko i
retningslinjene om kvalitetsvurdering av kjøtet i fallviltsaker.
Vedtaket vart gjort mot tre røyster.
Nye opplysningar i saka:
På kommunestyret sitt møte vart det stilt spørsmål om kontroll av kjøtet ved fallviltskade, t.d.
av veterinær, var ein del av retningslinjene for viltfondet eller om det burde vere det – viss
rådmannen forstod problemstillinga rett.
Rådmannen si vurdering:
Denne saka dreier seg om korleis viltfondet sine midlar skal forvaltast. Spørsmålet må derfor
vere om eventuelle kostnader med å kontrollere kjøtet på t.d. påkøyrd hjort skal eller kan
dekkast av viltfondet. Spørsmålet om veterinær skal kontakast, har ikkje noko med viltfondet
å gjere, men må i så fall inngå som ein del av avtalane med ettersøksringane.
Slik retningslinjene er utforma, er det ikkje noko i vegen for at utgifter til kontroll av kjøt på
fallvilt kan dekkast av fondet viss fondsstyret ønskjer det. Rådmannen ser det ikkje som
føremålstenleg at retningslinjene skal seie noko spesielt om kjøtet på fallvilt. I så fall vil det
vere ei såpass stor endring i retningslinjene at desse bør ut på ny høyring. Spørsmålet som her
er reist har ikkje vore tema verken i MULTEK-utvalet (som også er «viltnemnd») sine to
behandlinga av saka eller i høyringa.
--Rådmannen legg fram saka med same tilråding som til kommunestyret den 14. november i år.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret godkjenner dei nye retningslinjene for forvaltning av viltfondet i Gloppen
kommune slik desse ligg føre som vedlegg i denne saka.
24.11.2016 MULTEK-UTVALET
128/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Helse- og omsorgsutvalet
Oppvekstutvalet
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan Kåre Fure
Møtedato
23.11.2016
24.11.2016
24.11.2016
28.11.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 212
Saksnr
044/16
044/16
131/16
141/16
102/16
Arkivsaknr.:
16/534-9
Statusrapport for 2. tertial 2016
Vedlegg:
Dok.nr
285332
Tittel på vedlegg
Rapport for 2. tertial 2016
Bakgrunn for saka:
Vedlagt er ein kort statusrapport for 2. tertial (januar til august) 2016. Rådmannen seier seg lei
for at eg er seint ute med rapporten, som var klar frå økonomiavdelinga si side allereie i
september i år.
--Til liks med rapporten for 1. tertial har rådmannen laga ein samla rapport for alle sektorane,
med mellom anna oversikter over skatteinngang, bruk av disposisjonsfond og sjukefråværet.
Når det gjeld sjukefråværet, kan det leggast fram detaljerte tal for kvart ansvar i budsjettet.
Mange av ansvara har så få tilsette at slike detaljerte rapportar ikkje kan leggast fram i opne
saker og drøftast for opne dører.
Sjukefråværet i Gloppen kommune er lavt.
--Rådmannen sin hovudkonklusjon for drifta etter 2. tertial er at det meste framleis går som
planlagt. Det er enno litt usikkert korleis vi kjem ut til slutt når det gjeld skatteinngangen. Per
oktober i år er vi om lag likt med «skjema».
Rådmannen legg saka fram til orientering.
.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret tar rapporten for 2. tertial 2016 til orientering.
23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET
044/16 VEDTAK:
Helse- og omsorgsutvalet har ingen merknader i saka.
Vedtaket var samrøystes.
24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET
044/16 VEDTAK:
Oppvekstutvalet tar tertialrapporten til orientering.
Utvalet ønskjer i samarbeid med rådmannen å sjå på korleis sjukefråværet i oppvekstsektoren
kan reduserast.
Vedtaket var samrøystes.
24.11.2016 MULTEK-UTVALET
131/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet tar tertialrapporten til orientering.
Utvalet ber om at avvika som ikkje er knytt til periodisering blir betre kommenterte. Utvalet
ønskjer også litt meir utfyllande kommentarar til sjukefråværet.
Vedtaket var samrøystes.
28.11.2016 FORMANNSKAPET
141/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Møtedato
14.12.2016
19.12.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Beate O. Kornberg
Objekt:
Arkiv: 140
Saksnr
156/16
103/16
Arkivsaknr.:
16/1159-16
Kommuneplan for Gloppen 2017 - 2030 - Planprogram til endeleg
godkjenning
Vedlegg:
Dok.nr
286893
Tittel på vedlegg
Planprogram kommuneplan for Gloppen 2017-2030 - Samfunnsdelen - Til endeleg
godkjenning
Frå tidlegare behandling av saka:
Bakgrunn for saka:
I «Kommunal Planstrategi 2016 – 2020 for Gloppen kommune» har kommunestyret
vedteke full revisjon av den gjeldane kommuneplanen sin samfunnsdel, med oppstart
hausten 2016 og ferdigstilling i løpet av 1. halvdel av 2017. Den legg vidare opp til ei
delvis revidering av gjeldande arealplan hausten 2017.
For å sikre ei brei forankring av planprogrammet pliktar kommunen å innhente
synspunkt frå offentlege instansar og berørte interesser. Utkast til planprogram skal
sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker før
kommunestyret si slutthandsaming, jfr. plan- og bygningslova (Plb.) § 11-13.
I kommunestyremøtet 26.09.16, då planstrategien vart vedteken, fekk rådmannen i
oppdrag å vurdere om planprosessane for samfunnsdelen og arealdelen kan
samordnast i tid, med endeleg vedtak av begge hausten 2017.
Saksutgreiing:
Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt verktøy for heilskapleg
planlegging. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen synleggjere sine
viktigaste utfordringar knytt til samfunnsutvikling, sette seg konkrete og overordna
mål og gjere strategiske val.
Før oppstart skal det utarbeidast eit planprogram, jamfør Plb. §4-1. Planprogrammet
skal gjere greie for formålet med planarbeidet, beskrive planprosessen og kva
medverknadsprosessar det vert lagt opp til. Den skal vidare beskrive organisering av
arbeidet, og innehalde ein framdriftsplan.
I rådmannen sitt forslag til planprogram for samfunnsdelen er det lagt særskild vekt på
å legge til rette for ei brei medverknad. Brei deltaking i samfunnsutviklinga er eit
viktig verkemiddel for å sikre lokale og nasjonale fellesverdiar, og skape eit lokalt
engasjement blant kommunen sine innbyggarar.
Planprogrammet legg altså opp til ei kommunikativ form for planlegging, og ulik grad
av medverknad gjennom ulike delar av prosessen. Den første fasen av planarbeidet vil
dreie seg om val av visjon/posisjon. Kva vil vi at Gloppen skal vere kjent for? Kvar
skal vi vere om 10 år eller 20 år? Dette arbeidet vert førebudd allereie på eit «kickoff» for planarbeidet 31.10.16.
I den første fasen er det ønskjeleg med innspel frå så mange som råd, og
verkstader/arenaer for medverknad skal leggje til rette for det. Etter ein brei inngang
til temaet skal vidare arbeid gå føre seg i ei eller fleire arbeidsgruppe. Desse bør vere
sett saman på tvers av roller og interesser, til dømes av politikarar, tilsette, næringsliv
og utviklingslag. Gruppene skal ta val, spisse bodskapen og leggje fram forslag til
formannskapet som er styringsgruppe for planarbeidet. Når utkast til samfunnsdelen er
ferdig utarbeidd, skal dette ut på høyring, som er siste høve til medverknad. I denne
fasen legg planprogrammet opp til at kommunen skal vere til stades på ulike arenaer
og arrangement for å kome i dialog med innbyggarar.
Engasjement blant både innbyggarar, tilsette, politikarar, næringsliv og andre grupper
av interessentar er ikkje berre viktig for utarbeidinga av kommuneplanen, men òg for å
samlast om ein visjon og dra utviklinga i lag når strategiane skal settast ut i live.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Rådmannen har ikkje noko konkret beløp på kva det vil koste å utarbeide ein ny
kommuneplan, men kostnaden blir sjølvsagt vesentleg med alt arbeidet som må
leggast ned for å få ein god prosess og ein tenleg plan. Rådmannen legg opp til at
arbeidet skal gjerast i kommunal regi og med dei tilsette vi har i dag.
Rådmannen si vurdering:
Forslaget til planprogram inneheld bakgrunn og målsetting for planarbeidet og
informasjon om organisering, medverknad og framdrift. Rådmannen vil i sitt arbeid
med planen ta utgangspunkt i dei utfordringane som er trekt fram i kommunen sitt
«Utfordringsdokument» og dei fem hovudsatsingsområda som er vektlagt i vedteken
«Planstrategi 2016-2020». Planprosessen vil avgjere om det i tillegg skal leggast vekt
på andre tema.
Etter rådmannen sitt syn oppfyller planprogrammet forventningane i plan- og
bygningslova, og er eit realistisk planprogram som vil la seg gjennomføre i løpet av
føreslege tidsramma og med dei planressursane kommunen har i dag.
Administrativt vil rådmannen bruke si leiargruppe til å styre arbeidet med
kommuneplanen sin samfunnsdel. Det kommunale planforumet vil få oppgåva med å
organisere og gjennomføre prosessen rundt dei ulike temaområda, og fungere som
sekretariat. Formannskapet vil bli løpande orientert om prosess og framdrift.
--(…)
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for
Gloppen kommune 2017-2030 – Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege
framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar.
17.10.2016 FORMANNSKAPET
121/16 VEDTAK:
Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for
Gloppen kommune 2017-2030 – Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege
framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar.
Vedtaket var samrøystes.
Vidare behandling av saka:
Planprogrammet for ny samfunnsdel vart lagt ut på høyring og offentleg ettersyn 17.
oktober, med frist for å kome med innspel innan 28. november. Det er eit klart mål i
arbeidet med ny samfunnsdel å legge til rette for at flest mogleg innbyggarar,
politikarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar og leiarar og tilsette tek
eigarskap i prosessen.
I samband med høyringa ber rådmannen råda og utvala særleg om innspel til
gjennomføring av medverknad i planprosessen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
……. viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for
Gloppen kommune og har desse merknadene:
21.11.2016 ELDRERÅDET
026/16 VEDTAK:
Eldrerådet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen
for Gloppen kommune og ber om at administrasjonen inviterer seg inn på
pensjonistlaga sine møte.
Vedtaket var samrøystes.
21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE
026/16 VEDTAK:
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne viser til framlegget til planprogram for
samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og har ikkje andre
merknader enn at Mona Vekst kan vere eit forum for medverknad. Elles blir rådet si
oppgåve å sørgje for medverknad frå dei gruppene rådet representerer.
Vedtaket var samrøystes.
23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET
042/16 VEDTAK:
Helse- og omsorgsutvalet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til
kommuneplanen for Gloppen kommune og meiner det er lagt opp til ein god
planprosess med vekt på brei medverknad.
Vedtaket var samrøystes.
24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET
042/16 VEDTAK:
Oppvekstutvalet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til
kommuneplanen for Gloppen kommune og meiner det er lagt opp til ein god
planprosess med vekt på brei medverknad.
Vedtaket var samrøystes.
24.11.2016 MULTEK-UTVALET
129/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til
kommuneplanen for Gloppen kommune og meiner det er lagt opp til ein god
planprosess med vekt på brei medverknad.
Vedtaket var samrøystes.
Nye opplysningar i saka:
Planprogrammet for ny samfunnsdel har lagt ute på høyring i seks veker, frå 17. oktober – 28.
november. I denne perioden har planprogrammet vore oppe til handsaming i alle råda og dei
tre hovudutvala, der dei særskilt vart bedne om å kome med innspel og merknader til
gjennomføring av i planprosessen. Vi har ved høyringsfristen motteke to tilbakemeldingar.
Dette gjeld Norges vassdrags- og energidirektorat og Fylkesmannen. Førstnemnde hadde
ingen kommentarar.
Saksutgreiing:
Fråsegna frå Fylkesmannen peikar særskilt på kor viktig det er at vi i arbeidet med
samfunnsdelen, legg vekt på nasjonale forventningar om «ei gradvis omstilling til eit
lågutsleppssamfunn, god tilpassing til klimaendringar og omstilling til grøne næringar. Det
er forventa at kommunane planlegg for effektiv arealbruk, miljøvenleg transportsystem,
tilstrekkeleg bustadbygging, sunne og trygge omgjevnadar og gode levekår for alle».
Vidare peikar dei på at hovudoppgåva til planprogrammet er å tydeleggjere og avklare kva
som skal behandlast i kommuneplanen, kva tema ein vil legge vekt på. Dette meiner vi at vi
har gjort greie for i vedteken planstrategi og i saka om planprogrammet, men det er no lagt
inn i planprogrammet meir spesifikt.
Fylkesmannen saknar den heilskaplege ROS-analysen som ein viktig del av
kunnskapsgrunnlaget til samfunnsdelen. Dette er lagt inn i siste utgåve av planprogrammet.
I fråsegna vert vi særskilt oppfordra til å fastsette ein langsiktig arealstrategi i samfunnsdelen,
vurdere og definere våre klima- og miljøverdiar, og utfordringar knytt til desse tema. Her
viser dei til «Naturmangfaldslova» og den nyleg vedteke «Norsk handlingsplan for
naturmangfald». Det er og peika på at landbruket i Gloppen forvaltar store arealressursar og
verdifullt kulturlandskap, og at evt. utfordringar knytt til jordvern og langsiktig forvaltning av
jordbruksareala bør nemnast i samfunnsdelen. Desse momenta er ikkje lagde inn i
planprogrammet som no ligg til endeleg godkjenning, men vil bli teke omsyn til i arbeidet
med samfunnsdelen.
Utover dette gir dei gode tilbakemeldingar på at «Utfordringsdokumentet» er grundig og
måten det vert nytta i vidare planarbeid. Dei ser og positivt på at kommunen legg opp til ei
brei medverknad gjennom heile prosessen, og at prosessen gjer det lett for innbyggarane å
medverke.
Rådmannen si vurdering:
I planprogrammet som ligg ved har rådmannen teke høgde for dei viktigaste punkta i
fylkesmannen si fråsegn, og desse endringane er lagt inn i planprogrammet med raud skrift.
Viktige datoar i framdriftsplanen vil bli justert når møteplan for 2017 er endeleg godkjent.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret godkjenner framlegg til Planprogram for «Kommuneplan for Gloppen 2017 –
2030 – Samfunnsdel» slik dette er lagt fram i denne saka.
14.12.2016 FORMANNSKAPET
156/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandlar: Kjell Petter Solhaug
Møtedato
28.11.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 143 Q12
Saksnr
147/16
104/16
Arkivsaknr.:
15/829-46
Planprogram for kommunedelplan ny E39 Byrkjelo - Grodås
Vedlegg:
Dok.nr
284866
284863
Tittel på vedlegg
Planprogram E39 Byrkjelo - Grodås - revidert etter høyring
E39 Byrkjelo-Grodås. Oppsummering av merknader til planoppstart og planprogram
Bakgrunn for saka:
Statens Vegvesen (SVV) skal utarbeide kommunedelplan for E39 mellom Byrkjelo og
Grodås. SVV hadde planprogrammet for kommunedelplan ute til høyring med høyringsfrist 1.
juni 2016. Gloppen kommune kom med innspel til dette planprogrammet i kommunestyre sak
072/16, vedteke 17. juni 2016.
Saksutgreiing:
SVV skal utarbeide ein kommunedelplan i kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal for dei
områda som kjem i kontakt med ny E39 mellom Byrkjelo-Grodås. For Gloppen kommune
betyr dette ein kommunedelplan for eit større område på Byrkjelo. Kommunedelplanen vil bli
utarbeidd av SVV i samarbeid med kommunane i samsvar med § 3-7 i plan- og bygningslova,
med SVV som tiltakshavar og kommunen som ansvarleg planstyresmakt. Denne saka
omfattar planprogrammet for denne kommunedelplanen, som skal klargjere formålet med
planarbeidet og avklare rammer og premisser for den vidare prosessen.
Etter at høyringsfristen var ute den 1. juni 2016 kom det inn totalt 53 innspel fordelt på dei tre
kommunane, og det kom inn merknadar frå både privatpersonar, lag/organisasjonar og
offentlege styresmakter.
SVV har gått gjennom kvar enkelt av dei innspela som er kome inn, og kommentert desse i eit
eige dokument som ligg vedlagt denne saka. Under kvart innspel, har dei kommentert om
merknaden vil få innverknad på planprogrammet eller ikkje.
Basert på alle dei innspela som er kome inn, har SVV revidert planprogrammet. Det reviderte
planprogrammet ligg også ved denne saka.
Planprogrammet legg opp til å utgreie følgjande tre alternativ for Byrkjelo-området:
 Veg i dagen langs dyrka mark aust for busetnaden frå Hjelle bru til tunnelinnslag sør for
Tine Meieriet. Tilkopling til eksisterande E39 sør for Byrkjelo sentrum.
 Ny bru over Storelva ved Hjelle bru og veg i dagen på vestsida av elva fram til ny bru ved
Teita og veg over dalen til tunnelinnslag sør for Tine Meieriet. Tilkopling til eksisterande
E39 sør for Byrkjelo sentrum.
 Veg i dagen på sørsida av Storelva frå Hjelle bru til tunnellinnslag på Fløtre. Tilkopling til
eksisterande E39 nordvest for Byrkjelo sentrum.
Det skal utgreiast kryssalternativ på Byrkjelo knytt til kvar av dei tre vegalternativa som
nemnd over.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Ingen.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen opplever at SVV har gjennomført ein open og grundig prosess med utarbeiding
av dette planprogrammet. Gjennom høyringsperioden kom de inn mange innspel, kor innspela
har fått ei behandling i samsvar med SVV sine normer for vegplanlegging. Dersom SVV har
funne ut at innspelet gje grunn for endring av planprogrammet, er dette blitt gjort.
Planprogrammet vil omhandle følgjande utgreiingstema og problemstillingar:
 Vegalternativ som skal utgreiast
 Tema som skal skildrast i planomtalen
 Samfunnsøkonomisk analyse
 Prissette konsekvensar
 Ikkje-prissette konsekvensar
 Risiko og sårbarheitsanalyse
 Lokale og regional utvikling
 Ytre miljø-plan
 Anleggsperiode
 Samanstilling av samfunnsøkonomisk analyse og tilråding.
Rådmannen går ikkje gjennom kvart enkelt av dei merknadene som er kome inn, då
kommunen ikkje innehar nødvendig vegfagleg tyngde til å kunne vurdere dei.
Når planforslaget er ferdig utarbeidd i 2018/2019, vil dette bli lagt ut på høyring.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret godkjenner for sin del planprogrammet for kommunedelplan for E39
Byrkjelo-Grodås slik det ligg føre.
28.11.2016 FORMANNSKAPET
147/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard
Møtedato
08.12.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv: 143 C2
Saksnr
134/16
105/16
Arkivsaknr.:
13/72-37
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2017 rullering av handlingsprogrammet for 2017
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2017 vart vedtatt av
kommunestyret den 16.12.2013, sak 081/13. Handlingsprogrammet, som er ein del av planen
skal rullerast årleg, og den skal gje søknadsrett til spelemidlar for 2017. Med bakgrunn i at det
er kommunestyret som har vedtatt planen, og at det er kome til nye anlegg, skal saka
vedtakast av kommunestyret.
Saksutgreiing:
Alle kommunar som skal søkje om tilskot frå spelemiddelordninga er pålagde å ha ein
vedteken plan for idrettsanlegg m.m., og alle anlegg som skal søkje om spelemidlar må vere
prioritert i handlingsprogrammet. Programmet skal kunne rullerast kvart år, slik at ein får med
aktuelle endringar som t.d. kan gå på rekkefølgja i prioriteringa. Det kan også vere slik at
anlegg som står i langsiktig del (uprioritert liste) er klar til å bli realisert, eller det kan vere
nye anlegg som er i samsvar med den nye vegleiaren om spelemidlar frå Kulturdepartementet.
Det kom ein ny og revidert vegleiar i 2014 for «Kommunal planlegging for idrett og fysisk
aktivitet». Der vart det gjort avgrensingar på kva anlegg som kunne innarbeidast i planen ved
rullering, men dette vart endra i 2015. No er det høve til å ta inn alle typar anlegg, uavhengig
av type anlegg og kostnad.
Kommunedelplanen og regional plan (tidlegare fylkesdelplan) for idrettsanlegg er styrande
for kva anlegg som kan søkje om spelemidlar og for kor tid ein kan forvente at tilskot vert
innvilga.
Kulturdepartementet har sett krav om at anlegg med stor kostnad, anlegg som krev store areal
og kan vere ei stor miljøbelastning, skal styrast av regionalplanen, og fleire av dei anlegga
som det vert søkt om frå Gloppen er styrt av denne planen;
 Trivselshagen, fornying av søknader, og ny søknader om rehabilitering
 Idrettsplassen i Hyen, kunstgrasbana
 Reed Stadion, kunstgrasbane
 Kleivane skisenter, rulleskiløype
 Rehabilitering av symjeanlegget i Hyen
I regional plan er det lagt opp til slik utbetaling av spelemidlar for anlegg som ligg i Gloppen:
2017:
Idrettsplassen i Hyen, kunstgrasbane
Reed Stadion, kunstgrasbane
Trivselshagen, rehab av tak i Firdahallen
2018:
Trivselshagen, trippelhall
2019:
Trivselshagen, trippelhall
kr
kr
kr
1.235.000
1.705.000
606.000
kr
5.000.000
kr
4.000.000
I neste planperiode, dvs. frå 2020 vil restbeløpet for Trivselshallen truleg utgjere 7,6 mill kr. i
spelemidlar, til saman 16,6 mill kr. for denne hallen.
Dette er dei anlegga som vi pr i dag veit om som er aktuelle søknader for 2017, eller seinare:
Anlegg styrt av kommunedelplanen:
1. Idrettsplassen i Hyen, kunstdekke på løpebana, fornying
2. Reed Stadion, idrettshus/møterom, fornying
3. Reed Stadion, lagerbygg, fornying
4. Idrettsplassen i Hyen, reidskapshus til kastanlegget, fornying
5. Sandane Golfklubb, klubbhus, fornying
6. Sandane Golfklubb, lager, fornying
7. Myklebustflata, tennisbane, fornying
8. Åsen Vel, skifting av PCB-armaturar, ny
9. Kleivane skisenter, skifting av PCB-armaturar, ny
10. Brodd IL, skifting av PCB-armaturar på Loggane, ny
11. Brodd IL, kastanlegg, Loggane, ny
12. Brodd IL, kastanlegg 2, Loggane, ny
13. Trivselsskogen,tursti, ny
14. Trivselsskogen, turveg og stinettverk, ny
15. Utvikfjellet, Futevegen,turveg, ny
16. Utsettingsrampe for rullestol ved Veslevatnet, ny
17. Vereide – stisykling, ny.
Anlegg styrt av regional plan:
18. Idrettsplassen i Hyen, kunstgrasbane, fornying
19. Idrettsplassen på Reed, kunstgrasbane, fornying
20. Trivselshagen, trippelhall, aktivitetsflate 40x60m, fornying
21. Trivselshagen, rehabilitering av tak i Firdahallen, fornying
22. Kleivane skisenter, rulleskiløype, ny
23. Hyen, rehabilitering av symjeanlegget, ny.
Nærmiljøanlegg:
1. Breim skule, klatrepark, fornying
2. Myklebustflata, nærmiljøanlegg, ballbinge, fornying
3. Brodd IL, rehabilitering av ballbinge ved Runnevang, ny
4. Gloppen Ungdomsskule, nærmiljøanlegg/aktivitetsanlegg, ny
5. Sprintstripe Byrkjelo stadion, ny
6. Trimløype rundt Byrkjelo stadion, ny
7. Lysanlegg i trimløype ved Byrkjelo stadion, ny
8. Trivselsskogen, dagsturhytte, ny
9. Trivselsskogen, klatrevegg/buldrevegg, ny.
Økonomiske konsekvensar:
Ikkje noko anna enn det som er teke høgde for i økonomiplanen, og som gjeld for dei anlegga
som vedkjem kommunen.
Rådmannen si vurdering:
Denne saka dreier seg i praksis om å prioritere søknadane for 2017 og gje anlegg søknadsrett,
uavhengig av kor tid ein har tenkt å starte bygginga, eller ein kan forvente utbetaling. I
vurderinga har rådmannen lag vekt på om det er fornying av tidlegare søknader, byggestart,
behov, gjeldande prioritering, type anlegg og nye søknader.
Rådmannen legg opp til at søknadane vert fordelt og prioritert ut i frå 3 kategoriar:
 Anlegg styrt av kommunedelplanen
 Anlegg styrt av regional plan
 Nærmiljøanlegg
Fylkeskommunen bestemmer fordelinga av dei årlege spelemidlane til ordinære idrettsanlegg.
Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv legg vanlegvis opp til ei fordeling med
85 % av midlane til ordinære anlegg, fordelt på 55 % til anlegg styrt av regional plan og 30 %
styrt av kommunale planar. Til nærmiljøanlegg er satsen 15%. I 2016 fekk fylket eit tilskot på
45,8 mill kr til fordeling. Det bør kunne nemnast at Gloppen kommune er ein dei
kommunane i fylket som har fått mest spelemidlar dei siste åra, der dei mange delanlegga i
Trivselshagen er mykje av årsaka til dette. Elles kan leggast til at det er om lag 4 års ventetid
på spelemidlar til ordinære idrettsanlegg.
Rådmannen gjer merksam på at prioriteringa i denne saka ikkje skal vere til hinder for ei anna
prioritering ved neste søknadsrunde.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret godkjenner at følgjande anlegg, i prioritert rekkefølge, er kvalifisert til å
søkje om spelemidlar for 2017 eller seinare, og under føresetnad av at søknadane oppfyller dei
formelle krava:
Anlegg styrt av kommunedelplanen:
1. Idrettsplassen i Hyen, kunstdekke på løpebana, fornying
2. Reed Stadion, idrettshus/møterom, fornying
3. Reed Stadion, lagerbygg, fornying
4. Idrettsplassen i Hyen, reidskapshus til kastanlegget, fornying
5. Sandane Golfklubb, klubbhus, fornying
6. Sandane Golfklubb, lager, fornying
7. Myklebustflata, tennisbane, fornying
8. Åsen Vel, skifting av PCB-armaturar, ny
9. Kleivane skisenter, skifting av PCB-armaturar, ny
10. Brodd IL, skifting av PCB-armaturar på Loggane, ny
11. Brodd IL, kastanlegg, Loggane, ny
12. Brodd IL, kastanlegg 2, Loggane, ny
13. Trivselsskogen, tursti, ny
14. Trivselsskogen, turveg og stinettverk, ny
15. Utvikfjellet, Futevegen,turveg, ny
16. Utsettingsrampe for rullestol ved Veslevatnet, ny
17. Vereide – stisykling, ny.
Anlegg styrt av regional plan:
18. Idrettsplassen i Hyen, kunstgrasbane, fornying
19. Idrettsplassen på Reed, kunstgrasbane, fornying
20. Trivselshagen, trippelhall, aktivitetsflate 40x60m, fornying
21. Trivselshagen, rehabilitering av tak i Firdahallen, fornying
22. Kleivane skisenter, rulleskiløype, ny
23. Hyen, rehabilitering av symjeanlegget, ny.
Nærmiljøanlegg:
1. Breim skule, klatrepark, fornying
2. Myklebustflata, nærmiljøanlegg, ballbinge, fornying
3. Brodd IL, rehabilitering av ballbinge ved Runnevang, ny
4. Gloppen Ungdomsskule, nærmiljøanlegg/aktivitetsanlegg, ny
5. Sprintstripe Byrkjelo stadion, ny
6. Trimløype rundt Byrkjelo stadion, ny
7. Lysanlegg i trimløype ved Byrkjelo stadion, ny
8. Trivselsskogen, dagsturhytte, ny
9. Trivselsskogen, klatrevegg/buldrevegg, ny.
08.12.2016 MULTEK-UTVALET
Rådmannen endra si tilråding ved å legge til eit nytt anlegg under «anlegg styrt av
kommunedelplanen», med ny prioritet nr 13:
13. Breimsbygda Skisenter, garasje
Endringa fører til at dei andre anlegga blir flytta ein plass nedover på prioriteringslista.
134/16 VEDTAK:
Rådmannen si endra tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Oppvekstutvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Per Arne Strand
Møtedato
24.11.2016
28.11.2016
19.12.2016
Saksnr
045/16
145/16
106/16
Objekt:
Arkiv:
A11 &71
Arkivsaknr.:
16/1115-2
Ressursar til arbeid med minoritetsspråklege i barnehagane
Vedlegg:
Dok.nr
282154
Tittel på vedlegg
Auka ressursar til minoritetsspråkleg arbeid
Bakgrunn for saka:
Vi har dei siste åra hatt ein vesentleg auke i busette flyktningar i Gloppen. Som ein følgje av
det har vi sett utfordringar i å ta i mot dei og kunne hjelpe dei til rette i barnehagen, det gjeld
både barna sjølve og foreldra. Dei aller fleste minoritetsspråklege barn har hatt
barnehageplass i Mona barnehage. Styrar i Mona barnehage har laga eit notat som ligg ved
saka. Klubben av Utdanningsforbundet i Mona barnehage har og sendt eit brev til
oppvekstutvalet om situasjonen.
Saksutgreiing:
Busetjinga av flyktningar har dei siste åra vore ein sterk medverkande årsak til folketalsauken
i Gloppen. Kommunen har hatt ein politikk om å busetje flyktningane i sentrumsområdet av
Sandane. Då har Mona barnehage vore den naturlege barnehagen for barna. Det har med
avstandar og transport å gjere. Dei færraste disponerer bil og er avhengige av å kunne gå til
barnehagen. Dei andre barnehagane ligg lenger vekk, med unntak av Nygård som er innanfor
gåavstand for enkelte familiar. Mona barnehage har i dag 26 av 72 barn med
minoritetsspråkleg bakgrunn, dvs nærare 40 % av barna i barnehagen.
Dei vaksne i barnehagen er viktige i mottak av barn frå andre land. Ein skal vere tett på i fht
bl.a tryggheit, språklæring og foreldrekontakt. Språkutfordringar gjer at oppstart i barnehagen
tek lenger tid enn med norskspråklege. Dialog med føresette er viktig for alle barnehagebarn,
men med føresette med anna morsmål, er dette ei meir ressurskrevjande oppgåve for
barnehagen. Føresette treng ofte rettleiing og forklaring i fht til rutinar i barnehagekvardagen
og i barnehagen sine skriftlege planar. Det vert ofte nytta telefontolk i samtalar.
Minoritetsspråklege barn treng vaksne som er tett på, slik at dei kan få hjelp til å setje ord på
ting og opplevingar. Det vert i teorien (Sandvik og Spurkeland, 2009) lagt vekt på at det er
viktig å formidle litteratur og få til gode samtalar i små grupper – for 2-4 barn. Med tanke på
at det i ei barnegruppe på 3-5 år er 1 vaksen pr 6 barn, seier det seg sjølv at vi med dagens
grunnbemanning ikkje kan klare å følgje opp det som vert anbefalt. Jo tidlegare vi kan hjelpe
desse barna, både språkleg og sosialt, jo betre rusta er dei til å læring og sosialisering på skule
og fritid.
I samband med auke tal minoritetsspråklege, kan vi og sjå ei auke i styrkingstiltak. Dette krev
nesten utan unntak eit tverrfagleg samarbeid, der fleire instansar er involvert. Dette gjev oss
større møteverksemd og pedagogar må frigjerast til deltaking på ulike samarbeidsmøte. Dette
krev auka bruk av vikar. Alternativet er at vaksentettleiken i gruppa vert mindre den tida
pedagogen er på samarbeidsmøte.
Det er ulik praksis på korleis andre kommunar løyser dette for sine barnehagar. Det vanlege er
å gje ein ressurs pr. barn som er i barnehagen.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Dette er noko som vil koste kommunen pengar. Avhengig av kva modell vi landar på så vil
det krevje ressursar og det krev ressursar i dag. I dag rapporterer barnehagane inn sine tal i i
eit system som heiter BASIL som er utdanningsdirektoratet og myndigheteten sitt system for
å få data om barnehagen og som er grunnlag for dei midlane som kjem til kommunen
gjennom statsbudsjettet. Her er det knytt pengar til dei som vert rapportert som
minoritetsspråklege. Årssatsen pr. barn varierer år for år, men i 2016 var den på kroner
3.218,-. Totalt fekk Gloppen utbetalt kr 106.203,- i 2016. Dette er midlar som vil vere med å
finansiere ei slik ordning.
Ein time per veke med pedagog kostar oss kr 360,- Eit barnehage år vert rekna til 48 veker. Vi
har i dag i overkant av 30 minoritetsspråklege barn i barnehagane i Gloppen.
Ser vi på kostnaden vil ein modell med:
 1 time per veke koste (1t x360,- x 48v) = 17.280,- pr. barn
 2 timar per veke koste (2t x 360,- x 48v) = 34.560,- pr. barn
 3 timar per veke koste (3t x 360,- x 48v) = 51.840,- pr. barn
Kostnaden for ein modell med 2 timar per veke er i stor grad innarbeidd i årsbudsjett for 2017
og vi skal klare det innafor framlagde ramme for årsbudsjett for 2017.
Rådmannen si vurdering:
Rådmannen meiner at vi i Gloppen må lage oss eit system for å motta og inkludere busette
flyktningar i barnehagane. Det går på at vi har rutiner og retningslinjer for korleis vi møter og
hjelper både barn og foreldre inn i barnehagen. Det handlar om at vi har kompetanse bland dei
tilsette til å møte dei minoritetsspråklege. Det handlar først og fremst er behovet er å ha litt
ekstra tid tilgjengeleg slik at det ikkje går utover pedagogtettleiken til dei andre barna i
barnehagen. Tida vil gå både til å hjelpe ungen på plass i barnehagekvardagen, språklæring,
kontakt med foreldre ofte med hjelp av tolk og ekstra møteaktivitet knytt til barna.
Det bør vere eit system der dei tilsette i barnehagen får tid til å rette ekstra merksemd mot dei
minoritetsspråklege uavhengig av andre vedtak som er knytt til barnet. Det vi kan håpe på er
at ein modell med fast ressurs knytt til kvart minoritetsspråkleg barn vil redusere behovet for
anna hjelp i barnehagen. Hjelp i barnehagen skjer etter to vedtak, det er spesialpedagogisk
hjelp og det andre er styrkingstiltak etter barnehagelova. Målet må vere at behovet for
sakkunnig utgreiing og vedtak med påfølgjande ressursar vil gå noko ned. Får vi inkludert
barna på ein god måte i barnehagen og har ei god utvikling der vil overgangen til læring og
sosialisering på skule og fritid gå lettare og truleg krevje mindre ressursar seinare. Ein felles
modell for dette vil og gjere tilbodet mellom barnehagane likare med omsyn til ressursar.
Rådmannen legg opp til ein modell der kvart barn med minoritetsspråkleg bakgrunn får 2
timar per veke ekstra hjelp dei to første åra barnet er i barnehage. Etter to år i barnehage vil
mykje av det som tek tid i starten ha gått seg til.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Gloppen kommunestyre innfører ein modell der kvart barn med minoritetsspråkleg bakgrunn får 2
timar per veke ekstra ressurs, dei to første åra barnet er i barnehage. Dette vil gjelde alle barnehagane i
Gloppen. Dette gjer vi i ein prøveperiode på to år, barnehageåret 2017/2018 og 2018/2019.
Ordninga vert evaluert våren 2019 med tanke på om ein skal gjere det til ein permanent modell.
24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET
045/16 VEDTAK:
Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga.
Vedtaket var samrøystes.
28.11.2016 FORMANNSKAPET
145/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand
Møtedato
14.12.2016
19.12.2016
Objekt:
Arkiv:
N64
Saksnr
157/16
107/16
Arkivsaknr.:
16/113-34
Kommunal medfinansiering til breiband Byrkjelo sør og Hope og utviding
av utbyggingsområdet
Ingen vedlegg.
Bakgrunn for saka:
I sak 26/16 vedtok formannskapet at det skulle søkjast om statlege midlar til utbygging av
breiband i Byrkjelo sør og Hope. Denne saka gjeld kommunal medfinansiering av utbygginga
i desse områda. Utbyggjar har i tillegg tilbydd seg å utvide utbygginga i Hyen mot auka
kommunalt tilskot og brukarbetaling.
Saksutgreiing:
Gloppen kommune søkte i 2016 om statleg tilskot til utbygging av breiband i Byrkjelo sør og
Hope. Etter offentleg anbodsrunde er den endelege utbyggingsprisen 1.963.724 kr.
Kommunen har fått tilskot på 1.379.000 kr frå NKOM (staten) og 84.724 kr frå Sogn og
Fjordane fylkeskommune, til saman 1.463.724 kr. For å fullfinansiere prosjektet må Gloppen
kommune løyve 500.000 kr i tilskot og innbyggjarane må betale 215.000 kr i brukarbetaling
(5.000 kr per husstand). Det kommunale tilskotet er 200.000 kr høgare enn det som var antyda
i formannskapssak 26/16. Utbyggjar krev kommunal garanti for brukarbetalinga.
Utbyggjar har tilbydd seg å utvide utbyggingsområdet til å omfatte Hyen sentrum, Å og
Holme mot eit kommunalt tilskot på 494.900 kr og brukarbetaling på 282.000 kr (6.000 kr per
husstand). Utbyggjar krev kommunal garanti for brukarbetalinga.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Prosjektet i Byrkjelo sør og Hope krev eit kommunalt tilskot på 500.000 kr. Med eit nytt
kommunalt tilskot på 494.900 kr for det utvida område vert det totale kommunale tilskotet på
994.900 kr.
I samband med bygging av breibandnett i Breim utvida kommunen utbyggingsområdet og
kommunen løyvde 600.000 kr i tilskot for å realisere utvidinga (kommunestyresak 60/16).
Kommunen har i etterkant søkt fylkeskommunen og fått auka tilskot fordi vi utvida området i
Breim. I tilsagnsbrev datert 30.11.2016 har kommunen fått nye 100.000 kr i tilskot til dette.
Vi har dermed 100.000 kr i unytta tilskot på Breim. Desse midlane foreslår rådmannen vert
nytta som delfinansiering for å utvide utbyggingsområdet i Hyen.
Rådmannen si vurdering:
Gloppen kommune har ved fleire høve løyvd midlar for å sikre fiber til innbyggjarar og
næringsliv. Rådmannen vil halde fram denne praksisen og rår til at kommunen løyver 500.000
kr til medfinansiering av fiberutbygginga i Byrkjelo sør og Hope.
Rådmannen ønskjer vidare å nytte denne sjansen til å sikre utbygging av breiband i større
delar av Hyen gjennom å utvide utbyggingsområdet. Rådmannen tilrår dermed å løyve inntil
394.900 kr i tilskot for å realisere ei utviding og samstundes bruke dei 100.000 kr som er «til
overs» frå Breim slik at det samla tilskotet for å utvide området vert 494.900 kr. Rådmannen
har diskutert ein eventuell kommunal garanti med Hyen utviklingslag og dei ser på
fibertilgang som viktig og vil arbeide aktivt for å få flest mogeleg av innbyggjarane til å kople
seg på fibernettet.
I tråd med etablert praksis tilrår rådmannen at kommunen garanterer for brukarbetalinga på til
saman 497.000 kr for det totale utbyggingsområdet i Byrkjelo sør og i Hyen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Kommunestyret løyver inntil 500.000 kr i tilskot til breibandutbygging i Byrkjelo sør og
Hope og inntil 394.900 kr i tilskot for å utvide utbyggingsområdet til å omfatte Hyen
sentrum, Å og Holme.
2. Kommunestyret omdisponerer 100.000 kr frå prosjektet i Breim for å delfinansiere ei
utviding av utbyggingsområdet i Hyen.
3. Kommunestyret legg til grunn at innbyggarane i Byrkjelo sør og Hope betalar kr 5.000,- i
eigendel per husstand og at innbyggarane i resten av utbyggingsområdet betalar kr 6.000,per husstand.
4. Kommunestyret stiller ein kommunal garanti på inntil 497.000 kr for brukarfinansiering i
det samla utbyggingsområdet.
5. Det samla kommunale tilskotet på 994.900 kr og eventuell innløysing av kommunal
garanti vert finansiert gjennom bruk av disposisjonsfondet. Det kommunale tilskotet blir
fordelt over 2017- og 2018-budsjettet.
6. Kommunestyret ber rådmannen følgje prosjektet tett og rapportere status undervegs til
formannskapet.
14.12.2016 FORMANNSKAPET
157/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.
GLOPPEN KOMMUNE
SAKSPAPIR
SAKSGANG
Styre, utval, komite m.m.
MULTEK-utvalet
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandlar: Jan-Kjetil Øygard
Møtedato
08.12.2016
14.12.2016
19.12.2016
Saksnr
136/16
159/16
108/16
Objekt:
Arkiv:
C56
Arkivsaknr.:
15/973-11
Musea i Sogn og Fjordane - ny driftsavtale
Vedlegg:
Dok.nr
277922
277923
Tittel på vedlegg
Avtale om driftstilskot til signering
Finansieringsmodell
Bakgrunn for saka:
Sogn og Fjordane fylkeskommune sa opp alle driftsavtalane med kommunane i 2014, og
Musea i Sogn og Fjordane ber med bakgrunn i dette om at Gloppen kommune sluttar seg til
ein ny avtale som det er gjort framlegg om, og som er vedlagt denne saka. Dei to siste åra har
ein vidareført dei gamle avtalane i påvente av at ny avtale skulle bli utarbeidd.
Saksutgreiing:
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vart stifta i 2009, og har i dag driftsansvaret for DHSSogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Sogn og
Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum og Norsk Kvernsteinsenter.
Stiftinga sitt føremål er å drive museum med innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking
og formidling av kultur, natur- og kunsthistorie i Sogn og Fjordane. Stiftinga har i overkant
av 50 årsverk og i 2015 var omsetninga på 66,3 mill kr. Drifta er hovudsak finansiert med
offentlege driftsmidlar frå kommunane, fylkeskommunen og staten.
I etterkant av at fylkeskommunen sa opp avtalane gjorde dei vedtak om å redusere sitt
driftstilskot til musea med kr. 2,6 mill kr. over ein 3 årsperiode. Stiftinga og fylkeskommunen
orienterte regionsråda i fylket om endringane i 2014 og la fram førebelse skisser for
endringane i driftstilskota. KS Sogn og Fjordane sette ned ei arbeidsgruppe som fekk i
oppdrag i å utarbeide utkast til ny driftsavtale med finansieringsmodell som samla skulle auke
dei kommunale driftstilskota med 1,5 mill kr. for å oppretthalde gjeldande driftsnivå i museet.
Arbeidsgruppa la fram følgjande forslag til ny avtale/finansieringsmodell:
Auken i kommunale driftstilskot frå og med 2017 er fordelt på alle kommunane i
fylket etter følgjande prinsipp:
Kvar kommune betalar nominelt det dei skal betale i 2016 i det vidare, men dei
kommunane som ikkje betalar må no betale (t.d. Høyanger – vi føreslår kr 150.000 på
Høyanger).
Dei som betalar mindre enn dei skulle ha gjort fordi dei sjølv har justert ned summen,
må betale det dei skulle ha betalt (Stryn og Hyllestad).
Auken i kostnader som kommunane får som følgje av at fylkeskommunen justerer ned
sitt tilskott blir fordelt mellom kommunane etter ein objektiv fordelingsnøkkel: 60 %
etter folketal, 20 % likt på alle kommunane og 20 % på vertskommunane.
Om det kjem inn nye kommunar som vertskommunar – t.d. Vågsøy og
Måløyraidsenteret, så må det først bestemmast kor mykje dei skal gå inn med i drifta
evt. i lag med nabokommunar. Denne summen blir ført vidare som i punkt 1 og blir
altså ikkje fordelt mellom dei andre kommunane.
Økonomiske konsekvensar for kommunen:
Driftstilskotet til Musea i Sogn og Fjordane ligg inne i driftsbudsjettet til kultursektoren.
Rådmannen si vurdering:
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har som mål å oppretthalde eit godt museumstilbod i
fylket, og sikre ei god forvaltning av samlinga, som i dag omfattar om lag 185.000
gjenstandar, fotografi, båtar og bygningar samla inn frå dei fleste kommunane i fylket. Eit
auka driftstilskot frå alle kommunane er avgjerande for å sikre eit tilfredstillande
driftsgrunnlag fordelt med 40 % regionalt driftstilskot, som utløyser 60 % statleg driftstilskot.
Den nye avtalen vil føre til ein auke i det årlege driftstilskotet for alle kommunale i fylket, og
for Gloppen sin del vert auken på om lag kr. 90.000. Vertskommunane har fått ein noko større
vekst enn dei andre. Gloppen kommune har avtale om å betale festeavgift i Jølet og
rådmannen føreset at den avgifta inngår, som tidlegare, i den totale summen som kommunen
yter årleg.
Rådmannen forutset også at Nordfjord Folkemuseum framleis må vere positiv til å stille
lokale til disposisjon for ulike utstillingar og arrangement etter avtale, og utan vidare vederlag
frå vertskommunen, anten dette er i regi av ulike lag og org., private eller kommunen. På
same måten reknar rådmannen med at festplassen i Jølet framleis må kunne brukast til ulike
føremål for lokalsamfunnet, og stillast til evt. disposisjon for kommunen som ein del av denne
avtalen om det skulle bli nødvendig.
Musea i Sogn og Fjordane v/Nordfjord Folkemuseum er ein viktig institusjon for Gloppen
kommune, som vi i mange år har hatt eit svært positivt samarbeid med. Rådmannen meiner at
det viktig at vi har eit godt museumstilbod i fylket og vil rå til at kommunestyret godkjenner
framlagt avtale.
--Når alt dette positive er sagt om musea samla og om Nordfjord Folkemuseum spesielt, vil
rådmannen berre ha nemnt at det er både fortvilande og urovekkande at fylkeskommunen på
område etter område trekkjer seg ut og velter sine kostnader over på kommunane. Vi opplever
det på nær sagt alle område der fylkeskommunen har ansvar og aktivitet lokalt. Dette er ei
utvikling som må stoppast.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
1. Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del framlegget til ny driftsavtale mellom
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane frå og med driftsåret 2017 (jfr. vedlegg).
2. Med bakgrunn i ovannemnte avtalevilkår, betalar Gloppen kommune årleg driftstilskot til
Musea i Sogn og Fjordane frå og med 2017 kr 433.369 (beløp i 2016-tal) ut i frå
finansieringsmodell (jfr. vedlegg).
3. Kommunetilskota skal årleg justerast i høve kommunal deflator, fyrste gong i 2017.
4. Kommunestyret føreset som ein del av avtalen, at Musea i Sogn og Fjordane ved
Nordfjord Folkemuseum sjølv dekker festeavgifter m.m. for det arealet som museet nyttar
og som tidlegare er betalt av Gloppen kommune, og etter avtale stiller lokale i eldfast
bygg m.m. og festplassen i Jølet til disposisjon til ulike utstillingar og kulturarrangement
for lokalsamfunnet utan vidare vederlag frå Gloppen kommune.
5. Kommunestyret legg til grunn at alle dei andre kommunane i fylket sluttar seg til
avtaleframlegget.
08.12.2016 MULTEK-UTVALET
136/16 VEDTAK:
MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga.
Vedtaket var samrøystes.
14.12.2016 FORMANNSKAPET
159/16 VEDTAK:
Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt.