Møte fylkesberedskapsrådet i Sogn og Fjordane

Møte fylkesberedskapsrådet i Sogn og Fjordane 26.12.2016 kl. 14.00
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/Anne Karin Hamre, Haavard Stensvand, Gunnar Hæreid, Jorunn
Felde, Christian Rekkedal, Per Steinar Stensland, Solveig Holmøyvik og Anne Eide
Telenor v/Randi Ivarsøy
Alarmsentralen v/Terje Brandsøy og Roy Humlestøl
Politiet v/Odd Arve Solvåg, Bjørn Larsen og Espen Gulliksen
Røde Kors v/Pål Dahl og Dag Hovland
Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/Jenny Følling, Paal Fosdal og Ole Ingar Hæreid
Kystverket v/Terje Alling
Statens vegvesen v/Svenn Finden
NRK Sogn og Fjordane v/Terje Gilleshammer
Mattilsynet v/Hallgeir Herikstad
Brann v/Magne Igland
Kartverket v/Anne Lien
Finans v/Egon Moen
Kyrkja v/Kjetil Netland
KS v/Harald Offerdal
Sivilforsvaret v/Stein Morten Rønningen og Ingrid Elde
NVE v/Brigt Samdal
HV09 v/Ingvald Seland
HV11 v/Per Olav Vaagland, Rune Vereide og Kai Sandvik (daghavande offiser)
Redningsselskapet v/Bjørn Vidar Evje
Helse Førde v/Terje Olav Øen
KDS v/Asgeir Aase
Fylkesmann Anne Karin Hamre ønska velkommen.
Utveksling av informasjon før uvèret URD treff oss
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand informerte frå nasjonalt møte i regi av DSB kl. 13 i dag, der
òg meteorolog deltok. Det er venta at lågtrykket sler land mellom Ålesund og Kristiansund, og at den
sterkaste vinden er venta sør for dette området. Auka vind frå Stadt og sørover med 35-45 m/s i
kasta. Middelvind vil vere full storm og til dels sterk storm i utsette område. Vinden har vore sørvest
til no, dreier på vest, og det er venta at den dreier nordvest i tidsrommet 18 – 20. Under
ekstremvèret Dagmar var det då det fekk størst konsekvens på land. Vinden skal minke ut mot natta.
Det er veldig sterk vind i fjellet, noko som vil gi sterke vindverknader langt innover land.
Erfaringsmessig skal det mindre sterk vind til for å gjere skade lenger innover i fylket.
Det er varsla høge bølgjer og høg vasstand. Kombinasjon vind, vindretning, bølgjeretning og tidevatn
vil kunne gi merkbar bølgjepåverknad òg innover i fjordane.
Uvèret minner om Dagmar, men det treng ikkje nødvendigvis blir like ille.
Informasjon frå infrastruktureigarar

KDS/kraftbransjen – Asgeir Aase
o ei handfull abonnentar utan straum, elles stabil kraftforsyning
o får rapportar fire gangar i døgeret, alle kraftselskapa har auka beredskap
o mange innbyggjarar har fått SMS varsel frå energiselskap. Har vore nokre utfordringar i
Stryn

Telenor – Randi Ivarsøy
o Høg beredskap på operasjonssenter
o Utfall nokre stader, ikkje alvorlege feil så langt, ofte relatert til bortfall av straum. Noko
ustabilitet i samband radiolinjesystem. Pr no er situasjonen grei.
o Entreprenørane er varsla og er klar på kort varsel

Statens vegvesen - Svenn Finden
o Byggherrevakt er forsterka - ein person i Sogn og ein i Fjordane.
o Vurderer fortløpande utover kvelden, har ikkje sett kriseberedskap enno.
o Ein del stenge fjellovergangar
o Askvoll – Førde er stengt preventivt, ser elles greitt ut på vegane, men det kan verte ein
del stengingar om naudsynt
o Har gått ut med oppmoding om at folk held seg heime om mogleg
o Ferjesambandet Krakhella-Rutledal-Rysjedalsvika er stengt, fleire kan bli stengt.
Informasjon frå naudetatane og andre

Politiet – Odd Arve Solvåg
o Har varsla:
 mannskap (torsdag), bedt om å sjekke naudsynt utstyr
 kollektiv redningsleiing, bedt dei gjere naudsynte førebuingar
 stab for å sjekke tilgjenge
 auka tal mannskap på vakt i regionane
 auka bemanning på operasjonssentral
 vore i kontakt med stabssjef Hordaland, dei gjer mykje det same som i Sogn og
Fjordane.
o Følgjer tett meldingar frå HRS og andre
o Ber Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (FMSF) sende ut melding på nytt til kommunane
om å melde frå om oppmøtestad der folk kan ta kontakt om behov. FMSF sender ut
melding på nytt etter møtet.

Alarmsentralen - Terje Brandsøy
o nokre mindre hendingar, rotvelt og takstein
o har førehandsvarsla mannskap (800 personar)

Helse Førde – Terje Olav Øen
o har flytta reserveambulansar ut (normal beredskap), auka tal i Vågsøy og Lærdal
o ekstra bemanning i Florø og Fjaler
o har hatt møte med alle ambulansestasjonane i dag, testa alle satellittelefonar. Viktig å
sjekke sambandet
o nytt møte i beredskapsleiing i Helse Førde kl. 15

NVE – Brigt Samdal
o auka beredskap knytt til energi, følgjer situasjonen tett
o reknar med at det kjem til å bli ein del utfall
o faregrad 4 stor snøskredfare, Indre Fjordane og Hardanger

Sivilforsvaret – Stein Morten Rønningen
o FIG-leiarane testa samband (satellitttelefon og naudnett) i går
o anna aktuelt materiell er sjekka og klart
o
o


har distribuert informasjon om å vere førebudd til mannskap
er i løpande kontakt med leiarane for å få oppdatert status.
HV09 – Ingvar Seland
o Klare om det blir behov for støtte
HV11 – Per Olav Vaagland
o Klare om det blir behov
o Har sendt varsel til alle områdesjefar, spesielt Sogn og Fjordane og Søre Sunnmøre

Røde Kors – Dag Hovland
o Sendte ut påminning før jul - for å sikre at det er tilgjengelige folk i juleferien (nestleiarar
til leiarar spesielt). Skal oppdatere mannskap etter dette møtet.
o Lokallaga håper kommunane vil bruke dei ved behov

Redningsselskapet – Bjørn Vidar Hauge
o Har hatt ringerunde til båtane i området (Florø og Måløy), har fleire fartøy som er klare
på kort varsel dersom behov for bistand. Naudnett og telefon.

Sogn og Fjordane fylkeskommune – Paal Fosdal og Ole Ingar Hæreid
o sikra bygningar for lause gjenstandar
o SVV handterer det som er relatert til vegnettet, Fosdal og Hæreid tilgjengeleg på telefon
o hurtigbåtruter innstilt, båtane ligg i Bergen – har altså ikkje tilgang på Norled sine båtar
pr no

NRK – Terje Gilleshammer
o skal ha direktesending frå kl. 15 på radio, har bemanna opp
o ta kontakt dersom det er info som treng å sendast ut
o kjem inn med sendingar rundt Dagsnytt, sender lengre periodar om det blir aktuelt, så
lenge som det er behov
o politiet – ber om at NRK oppmodar folk om å vere forsiktige, vurdere om det er naudsynt
å vere ute, halde seg unna sjø- og kaiområde, i mørkret er det vanskeleg å sjå flygande
gjenstandar.

Kystverket – Terje Alling
o Nytt bølgjevarsel på kystverket sine heimesider (nytt varsel i dag)
Fylkesmannen har sett krisestab, Anne Karin Hamre oppmoda om at medlemene i
Fylkesberedskapsrådet tek kontakt dersom det er noko. Fylkesmannen held kontakt med dei mest
sentrale aktørane undervegs. Om det blir behov for å samlast på nytt, blir det sendt ut innkalling på
kort varsel. Dersom ikkje alle har oversikta over satellittelefonnummer lett tilgjengeleg, ta kontakt.
FMSF skal rapportere til styresmaktene i morgon tidleg, og vil be kommunane rapportere til oss.
Fint om medlemene i fylkesberedskapsrådet vil dele hovudinntrykk med oss på e-post – meld inn
innan kl. 0900, 27. desember.
Anne Karin Hamre takka for møtet og ønskte alle lukke til utover ettermiddag og kveld.
Referentar
Jorunn Felde og Anne Eide