Budsjettforslag Hordaland fylkeskommune, Raudt, 13. desember

Budsjettforslag Hordaland fylkeskommune, Raudt, 13. desember 2016.
HORDALAND FYLKESTING 13.12.16
SAK 91.2016 BUDSJETT 2017/ ØKONOMIPLAN 2017-2020
ENDRINGS- OG TILLEGGSFRAMLEGG TIL FYLKESUTVALET SI INNSTILLING FRÅ
RAUDT:
TALDEL BUDSJETT:
1. Ingen takstauke innan kollektivtrafikken (frys-forslag 2017) kombinert
med storoffensiv for meir kollektivbruk.
Finansiering:
- Auka billettinntekter som fylgje av enno fleire reisande.
- Overføring 2,5 mill frå folkefest sykkel-VM
- Mva-refusjon frå staten øyremerka til kollektivsatsing (jfr.
verbalforslag 2).
2. Ny og forenkla sonestruktur, bruk av app og forenkla billetteringssystem i
heile fylket i 2017 (herunder bruk av bank-kort på buss ): 5 mill.
Finansiering: Auka konsesjonskraftinntekter: 5 mill.
3. Styrking av utdanningskapitlet til fleire lærarar og tiltak mot fråfall i
skulen: 10 mill.
Finansiering:
- Auka statlege overføringar pr. elev ved mindre fråfall.
- Effektivisering administrasjon / drift : 5 mill.
- Bruk av disposisjonsfondet (ubundne avsetjingar). 5mill.
VERBALFORSLAG:
1. STYRK SKULETILBODET – MINDRE FRÅFALL.
Fråfall er den største utfordringa i den vidaregåande skulen i Hordaland. For å
motverke dette må fylkeskommunen m.a. redusere klassestørrelsen og auke
Budsjettforslag Hordaland fylkeskommune, Raudt, 13. desember 2016.
lærartettleiken. Dei siste åra har klassestorleiken auka på mange skular
gjennom sparetiltak og stykkprisfinansiering. Stykkprisfinansiering har
medverka til samanslåingar av fellesfag på yrkesfag og altfor store klassar på
ålmenfag / studiespesialiserande fag. Stykkprisfinansiering må bli avvikla.
Fleire lærarar i klasseromma gjer at den einskilde elev blir meir synleg og
hindrar einsemd, som er ein hovedgrunn til fråfall.
2. STYRK KOLLEKTIVTRAFIKKEN – FULL MVA-REFUSJON FRÅ STATEN.
Hordaland fylkesting vil ta initiativ ovafor regjering og storting for å få innført
mva-refusjon innan kollektivtrafikken i Hordaland og andre fylke. Dette må
gjennomførast i samband med revidert nasjonalbudsjett i Stortinget våren
2017.Styrking av kollektivtrafikken krev ekstra ressursar. Meirinntektene til
staten i form av mva må tilbakeførast til kommunane øyremerka til styrka
kolletivsatsing, og dermed auka kollektivbruk og inntekter.
Forslagsstillar: Terje Kollbotn (Raudt)