Fylkesmannen i Hordaland Interne rutinar for arbeid med planar og dispensasjonar etter plan- og bygningslova Foto: Gudrun E. Stefansdottir Kommunal og samfunnsplanavdelinga 19.12.2016 1.INNLEIING Leiarmøtet hos Fylkesmannen i Hordaland vedtok 13.05.2013 Interne rutinar for arbeid med plan og dispensasjon etter planog bygningslova. Rutinane vart reviderte 27.10.2014. Det er utarbeidd overordna strategiar for arbeidet med planar etter plan- og bygningslova og sjekklister for ulike tema som er aktuelle i handsaming av plan- og dispensasjonssaker. Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane Fylkesmannen har ei viktig oppgåve i å formidle nasjonal politikk og lovpålagte krav i planprosessar etter plan og bygningslova. Viktige fagområde som arealpolitikk, miljøvern, landbruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt. Fylkesmannen skal sjå til at nasjonale og viktige regionale omsyn vert ivaretatte i den fylkeskommunale og kommunale planlegginga etter plan- og bygningslova. Fylkesmannen er like fullt opptatt av at kommunane sjølv tar ansvaret dei har som planstyresmakt. Dei må syte for at omsyna i nasjonal politikk vert ivaretekne i kommunale planar og vedtak. Kommunane må òg ta omsyn til viktige regionale verdiar når saker skal vurderast lokalt. Kommunane kan gjennom god areal- og samfunnsplanlegging sjølv styre utviklinga i kommunen. Evaluering Strategiar, sjekklister og samarbeidsrutinar er oppdaterte. Sjekklister må oppdaterast fortløpande når det kjem nye statlege planføresetnader. Forslag til endringar/oppdateringar kan rettast til Laila Pedersen Kaland, KSA, som har leia arbeidet med revisjonen i 2016. Innhald Overordna strategiar Rutinar for vurdering av planar og dispensasjonar Samordna bustad areal og transportplanlegging Folkehelse Likestilling/Universell utforming/barn og unge Naturmangfald Klima/klimatilpassing Landbruk Strandsone/planlegging i sjø Samfunnstryggleik og beredskap (ROS) Forureina grunn Luftkvalitet Støy 2 4 6 8 9 12 15 17 19 21 23 25 27 1 2.Overordna strategiar Gode og oppdaterte kommuneplanar Fylkesmannen i Hordaland har som langsiktig mål at kommunane skal ha oppdaterte og tenlege overordna arealplanar som er styrande for arealbruken. Fylkesmannen prioriterer arbeidet med overordna planar. Fylkesmannen kjem med tydelege og tidlege signal til planar, ved oppstart og eventuelt i regionalt planforum, for om mogleg å unngå motsegn. For å sikra at kommunane får gode planar etter plan- og bygningslova, fokuserer Fylkesmannen på ansvaret kommunane har for planlegging. Kommunar som har gamle kommuneplanar vert oppmoda om å oppdatere desse, slik at dei får eit tenleg verktøy i arbeidet med utviklinga av kommunen. Fylkesmannen legg vekt på at samfunnsdelen til kommuneplanen tar stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for samfunnet og for kommunen som organisasjon. Det skal vere samanheng mellom arealdelen, samfunnsdelen og handlingsdelen. I den kommunale planstrategien skal kommunen klargjere kva for planoppgåver kommunen vil starte opp eller vidareføre i kommunestyreperioden. Arealplanar i tråd med vesentlege regionale og nasjonale omsyn Ved offentleg ettersyn kjem Fylkesmannen med eventuelle merknader til planforslaget. Kommuneplanen skal vere styrande for all arealbruk i kommunen. Dersom kommuneplanen tek omsyn til nasjonale og vesentlege regionale interesser, og reguleringsplanane følgjer opp det, vil talet på motsegner gå ned. Det vil igjen føre til at Fylkesmannen brukar mindre tid på handsaming av reguleringsplanar, fordi nasjonale og regionale omsyn er avklara i kommuneplanprosessen. Resultatet for kommunar og utbyggjarar er kortare planprosessar der ein i større grad unngår at tid går med til motsegner, meklingar og handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Motsegner Dersom eit planforslag er i strid med plan- og bygningslova, forskrift, statlege planretningslinjer, statleg eller regional planføresegn, eller overordna plan kan det gi grunnlag for motsegn, jf plan- og bygningslova (pbl) § 5-4 fjerde ledd. Rundskriv H-2/14 har nærare retningslinjer for bruk av motsegn: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/rundskriv-h-214--supplering-av-rundskri/id751306/ For motsegner på miljøområdet har Klima- og miljødepartementet utarbeidd rundskriv T2/16 for å klargjera kva som er spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional verdi eller som av andre grunnar er av vesentleg betyding på klima- og miljøområdet: http://fmhoarkivweb/ePhorteWeb/locator/?SHOW=SA&SA_ID=1408085&database=EPHORTE Regjeringa har som mål å få til betre og raskare planprosessar. Fylkesmannen i Hordaland er eitt av tolv fylkesmannsembete som er med i eit forsøk med samordning av statlege motsegner i arealplansaker. 2 Motsegner frå statlege styresmakter vil i forsøksperioden bli sendt Fylkesmannen. Fylkesmannen samanfattar uttalane slik at kommunen får eitt brev med alle motsegner samla. Fylkesmannen kan på visse vilkår òg avskjere statlege motsegner. Før Fylkesmannen konkluderer i spørsmålet om ein skal fremja motsegn, inviterer vi til eit dialogmøte der kommunen og statlege styresmakter møter. I møtet vert alle aktuelle motsegnspunkt diskuterte med kommunen. Dersom ein oppnår semje i dialogmøtet, får ein raskare planavklaring. Vert det ikkje semje, vil kommunen normalt få motsegn til planen. Deretter vert det mekling før saka vert sendt kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd, om ein då ikkje vert einige i meklingsmøtet. Dispensasjonar Fylkesmannen skal sjå til at kommunane ikkje set til sides nasjonale eller regionale omsyn innafor fagområde våre. Fylkesmannen skal derfor ha til høyring alle dispensasjonssaker der vi er statleg fagstyresmakt og «blir direkte berørt», jf. pbl § 19-1. Sakene skal òg sendast Fylkesmannen til klagevurdering dersom kommunane gir dispensasjon. Dispensasjonsvedtak som bryt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser skal klagast på. Med oppdaterte kommuneplanar og reguleringsplanar som er i samsvar med kommuneplan, forventar Fylkesmannen færre dispensasjonar. Kommunane bør vere tydelege på at utbygging må skje i tråd med vedtekne planar. Fylkesmannen opphevar klart ugyldige vedtak. Det vil t.d. kunne gjelde saker som ikkje er godt nok opplyste og der vedtaket er fatta utan tilstrekkeleg grunngjeving. Målet er at kommunane skal ta ansvar for kvaliteten på saksutgreiinga, inkludert at det er gjort grundige og gode nok vurderingar etter lovverk og når det gjeld planstatus. Differensieringsprinsippet Fylkesmannen legg opp til ein differensiert arealpolitikk overfor kommunane. Vi kan difor ha ulik vektlegging av omsyn i pressområde og utkantområde. Stimulere til interkommunalt samarbeid Fylkesmannen oppmodar kommunane til å samarbeide innanfor ulike tema som samfunnstryggleik og beredskap, samhandlingsreforma, planar etter plan- og bygningslova og GIS-løysingar. Ved målretta bruk av skjønsmidlar kan det lukkast å få fram gode prosjekt i kommunane. 3 3. Rutinar for vurdering av planar og dispensasjonar Fordeling av oppgåver på Kommunal- og samfunnsplanavdelinga (KSA) KSA har hovudansvaret for alle plan- og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova. Kommunane i Hordaland er fordelte mellom sakshandsamarane på KSA. Lista over kven som er ansvarleg for den enkelte kommunen finn ein på I/fmho/ksa/plansamarbeid/kommune og temafordeling. Sakshandsamarane har eit særskilt ansvar for å vere oppdaterte innafor dei temaområda dei har fått ansvar for etter liste. Ansvaret for å gi uttale til planar og fremje forslag til motsegn ligg på sakshandsamar. Sakshandsamar har vidare ansvar for å gi uttaler og fremje forslag til klage på dispensasjonsvedtak. Avdelingsdirektør eller seksjonsleiar tek avgjerd i spørsmål om ein skal fremja notat med forslag om motsegn, om ein skal klage, samt at desse skriv under på uttaler som går utover standarduttaler, sjå delegeringsreglementet for KSA som ein finn på i/ksa/delegeringsreglement. Samhandling i plansaker hos Fylkesmannen i Hordaland Det er planmøte ein gong i veka, p.t. er det tysdag kl 10 00. Saker/tema til dagsorden skal meldast til seksjonsleiar eller den han utpeiker innan kl. 12 fredag før møtet. Alle fagavdelingane har minst ein plankontakt. Plankontaktane er inviterte til møta og vel sjølv om dei vil delta på møta. I møte der kommuneplanar og områdereguleringsplanar er tema, legg ein til grunn at plankontaktane møter. I tillegg møter plangruppa på KSA. Desse møta er i hovudsak produksjonsmøte der løpande saker vert tatt opp. Sakshandsamar gjer på førehand greie for kva ein vil ha innspel til. Dei andre møtedeltakarane møter førebudde og kjem med relevante innspel til sakene på dagsorden. Sakshandsamar gjer greie for saka på møtet. Leiargruppa vert orientert med kopi av møteinnkallinga og får også tilsendt referat frå møtet. Referata finn ein også på I/fmho/ksa/plansamarbeid/møtereferat. Kvar tredje til fjerde månad (avhengig av behov) er det møte mellom avdelingsdirektørane og seksjonsleiar på plan og beredskap der planspørsmål av prinsipiell/overordna karakter vert diskutert. Det er laga eit standardsøk i ePhorte der alle interesserte kan søka opp innkomne plansaker siste 14 dagar. Det vert forventa at den enkelte sakshandsamar på dei andre fagavdelingar uoppfordra kjem med innspel til sakshandsamaren for saka på KSA. KSA tek også direkte kontakt med tilsette på dei andre fagavdelingane når det er trong for det. Miljø- og klimaavdelinga har utarbeidd ei eiga lise over ansvarlege for ulike tema innafor fagområda deira. Lista finn ein på I/fmho/ksa/plansamarbeid/temaansvarleg miljø. I tillegg vert det halde eigne møte med merksemd på kompetanseheving og opplæring om lag ein gong i månaden (torsdagar). Desse møta er opne for alle som er interessert. Det er Fylkesmannen sine tilsette som bidreg med innlegg. 4 Malar For å letta arbeidet med å gi uttaler/klageskriving er det utarbeidd fire malar i 2016: uttale til samfunnsdel uttale til planstrategi uttale til oppstart av planarbeid klage Malane finn ein i ePhorte. Sjekklister til hjelp i sakshandsaminga Det er utarbeidd sjekklister til bruk i sakshandsaminga for saksområda som Fylkesmannen skal ivareta. I sjekklistene er det referert til styrande dokument som kan nyttast i argumentasjonen ved uttaler og forslag til motsegn. 5 Samordna bustad, areal- og transportplanlegging Plan- og bygningslova Pbl. § 3-1 bokstav e) legge til rette for god forming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår. Bokstav g) tar klimahensyn gjennom løsningar for energiforsyning og transport Statlege planretningslinjer for samordna bustad, areal- og transportplanlegging av 26.09.2014: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/Statlige-planretningslinjer-forsamordnet-bolig--areal--og-transportplanlegging/id2001539/ I punkt 4.3 er det lagt vekt på fortetting ved kollektivknutepunkt i by- og tettstadområde. Samstundes som omsynet til gode uteområde skal ha vekt. Jordvernet skal stå fast, men skal balanserast mot behovet til storsamfunnet. I område med mindre utbyggingspress kan det planleggast for eit meir differensiert busettingsmønster. I brev frå miljøvernministeren 31.08.2012 til fylkesmennene går det m.a. fram at Fylkesmannen bør «…se til at kommunene i sin kommuneplanlegging lager arealregnskap som avklarer arealreserver og arealbehov til bl.a. boliger og setter opp mål for volum og mønster for utbygginga.» Det vil framleis vere eit godt verkemiddel i kommuneplanlegginga. Nasjonale forventningar av 12.06.15 til regional og kommunal planlegging: Samordning av transportsystem og bustad,- næring og arbeidsplassar. Tette og kompakte byar og tettstader for å unngå byspreiing, transportbehov og klimagassutslepp. Transportvekst i byområda skal tas med kollektivtransport, sykkel og gange og skal følgje opp byvekstavtalar (bymiljøavtalar og byutviklingsavtalar ). Sikra gode og samanhengande sykkelsamband. Legge til rette for tilstrekkelege og variert bustadbygging, samt høg arealutnytting rundt kollektivknutepunkt. Bu- og oppvekstmiljø skal vere trygge og helsefremjande. Fylkeskommunen og kommunane fastset regionalt utbyggingsmønster, senterstruktur og hovudtrekka i transportsystemet. I planlegginga trekk ein langsiktige grenser mellom by- og tettstadområda og store samanhengande LNF-område. Regionale forventningar: Regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel: http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionaleplanar/regional-plan-for-attraktive-senter-i-hordaland_web.pdf 6 Sjekkliste for BATP i arealplanlegging Ved bruk av sjekklista bør ein ta utgangspunkt i ei geografisk differensiering av fylket, t.d. bør det stillast strengare krav i Bergensregionen enn i fråflyttingstrua kommunar i utkantstrok. Kommuneplan/ kommunedelplan – tema for innspel tidleg i planprosessen. Ja Nei 1 Er BATP-temaet utgreidd i KU i samband med utlegging av nye byggeområde? Ok 2 Har kommunane gjennom planlegging sikra tilstrekkeleg bustadbygging ? Er det i samfunnsdelen laga arealrekneskap som avklarar arealreserver og arealbehov til bustadar? Er det lagt vekt på auka konsentrasjon (fortetting) av utbygging i byggjesonene i by og tettstadsområde? Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Er det sett klare grenser mellom byggeområde og landbruk-, natur- og friluftsområde? (langsiktig LNF-grense, jordverngrense) Er det laga føresegner om parkeringsdekning med maks normer? (Gjeld byar og større tettstadar.) Ok 6 Er kommuneplanen i samsvar med regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel? Ok 7 Er rett føremål plassert på rett stad (ABC-planlegging)? Ok 3 4 5 Ok Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn Reguleringsplanar 1 2 3 4 5 6 7 8 Ved planar om auka vegkapasitet, er alternativ som tiltak for avgrensing i biltrafikken, betre kollektivtransporttilbod, restriksjonar på parkering og liknande vurdert på lik linje? Er parkeringsdekning tatt inn i planføresegnene og er føresegnene i samsvar med KPA? Er det lagt inn høg utnyttingsgrad ved kollektivknutepunkt/ langs hovudårer for kollektivtransport? Rettleiande: Høg = 100% og oppover, Bergen 2-300% BRA-> Opnar planen for bilbasert feltutbygging? Legg planen til grunn statlege normer og retningslinjer for miljøkvalitet? Er planen i samsvar med regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel? Legg planen til rette for auka bruk av sykkel og gange? Bidrar planen til å styrke eller sikre eksisterande stiar/tråkk til daglege servicetilbod (skular, butikkar m.m.)? Ok Vurder motsegn Ok Vurder motsegn Ok Vurder motsegn Ok Ok Vurder motsegn Vurder motsegn Ok Vurder motsegn Ok Ok Vurder motsegn Vurder motsegn 7 Folkehelse Plan- og bygningslova Pbl. § 3-1 e: legge til rette for god forming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår i alle delar av landet. Pbl. § 3-1 f: Fremme befolkninga si helse og motverke sosiale helseforskjellar samt bidra til å førebygge kriminalitet. Pbl. § 28-7: kKrav til storleik, utforming og kvalitet på uteareal. Folkehelselova § 1 Folkehelsearbeidet skal fremme befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Lova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsestyresmakter set i verk tiltak og samordnar verksemda si i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging Kommunane skal sikre trygge og helsefremmande bu- og oppvekstmiljø, frie for skadeleg støy og luftforureining. Kommunane skal ta vare på naturverdiane og legge til rette for fysisk aktivitet og trivsel for alle. Tilgjenge og universell utforming skal leggjast til grunn i planlegging av bygg og omgjevnader. Regionale forventningar Regional plan for folkehelse: http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionaleplanar/folkehelseplan-2014-2025_endelig07.04mbokm.pdf Aktuelle lenker o Meld. St. 34 (2012-2013) Folkehelsemeldingen – God helse – felles ansvar: http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/regpubl/stmeld/2012-2013/meld-st34-20122013.html?id=723818 o Meld. St. 18 (205-16) friluftsliv – natur som kjelde til helse og livskvalitet: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-1820152016/id2479100/?ch=1&q= o Folkehelse og kommuneplanlegging, moment og tipsliste: http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/folkehelse-ogkommuneplanlegging-moment-og-tipsliste/Sider/default.aspx o Folkehelsa i Hordaland – ei kunnskapsoversikt frå HFK 2016: http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionalplanstrategi/folkehelsa-i-hordaland-ei-kunnskapsoversikt.pdf Det er ikkje utarbeidd eiga sjekkliste for folkehelse. Omsynet til folkehelse er ein føresetnad i alle planar og tema. Typiske tema for folkehelse kan vere støy, luftkvalitet, friluftsliv, grønstruktur og nærturterreng, universell utforming og interessene til barn og unge. Det er eigne sjekklister der desse tema er omtala. 8 Likestilling/universell utforming/omsynet til barn og unge Diskriminerings- og tilgjengelova § 9: «Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig». Plan- og bygningslova Pbl. §1-1 siste ledd: universell utforming og omsynet til barn og unge skal ivaretakast i planlegginga. Pbl. § 3-1 pkt. e: legge til rette for god forming av bygde omgjevnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår. Pbl. § 3-1 pkt. f: fremme helse i befolkninga og motverke sosiale helseforskjellar samt bidra til å førebygge kriminalitet. Pbl. § 3-3 tredje ledd: barnerepresentant Pbl. § 5-1 andre ledd: sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, herunder barn og unge Pbl. § 11-9 nr 5: kan stille krav i KPA om universell utforming og leke-, ute- og opphaldsplassar. Pbl. § 12-7 nr 4: kan stille krav i reguleringsplan til universell utforming og leike- og opphaldsareal. Pbl. § 28-7: krav til storleik, utforming og kvalitet på uteareal Byggteknisk forskrift (TEK 10) § 5-6: minste uteoppholdsareal (MUA) § 8-2: UU-krav til uteareal for visse bygg § 8-4: krav til kvalitet på uteareal § 12-1: krav om universell utforming for publikums- og arbeidsbygningar. Kap. 12 har elles mange krav til tekniske løysingar for å sikra tilgjenge og universell utforming. Diskriminerings- og tilgjengelova Fremme likestilling uavhengig av funksjonsevne. Likestillingslova Fremme likestilling uavhengig av kjønn. Diskrimineringslova om etnisitet Fremme likestilling uavhengig av, etnisitet, religion og livssyn. Diskrimineringslova om seksuell orientering Fremme likestilling uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsorientering. Opplæringslova med forskrifter og barnehagelova med forskrifter Barn og unge har lovfesta rett til barnehage og grunnskule i eigen kommune. Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging Kommunane skal sikre trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø. Prinsippa om tilgjenge og universell utforming skal leggjast til grunn i planlegging for å sikre tilgjenge og hindre diskriminering. 9 Kommunane skal ta vare på naturverdiar og legga til rette for fysisk aktivitet og trivsel. Regionale forventningar Regional plan for folkehelse, særleg Tema 1: Heilskapleg folkehelsearbeid og universell utforming: http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionaleplanar/folkehelseplan-2014-2025_endelig07.04mbokm.pdf Aktuelle lenker o Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging: http://www.lovdata.no/for/sf/md/md-19950920-4146.html o Rundskriv barn og unge i planlegging T-2/08: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/md/vedlegg/rundskriv/t-208.pdf o T-1513 Barn og unge og planlegging etter pbl: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/barn-unge-planlegging/id668545/ o Rundskriv UU frå Barne,- likestillings- og inkluderingsdepartementet: https://www.regjeringen.no/link/5a771749af2b4a1284b4d017f0defa86.aspx?id=6 11202&epslanguage=no o Samleside UU frå regjeringa: https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-ogeiendom/plan--og-bygningsloven/plan/fagtema-i-planlegging1/universellutforming-i-planlegging/id621728/ o DIBK og Husbanken: http://www.tenkuniverselt.no/ o Regjeringa sin handlingsplan for UU: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/regjeringens-handlingsplan-foruniversell-utforming-2/id2473299/?ch=1&q= o BLDs forventningar til FMs likestillingsarbeid: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/bld/201001217.pdf 10 Sjekkliste likestilling/universell utforming/barn og unges interesser Ikkje aktuelt 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Har leikeareal tilstrekkeleg storleik og kvalitet? Rekkefølgjekrav etablering av leikeareal med sikker tilkomst? (Sjå RPR for barn og planlegging) Konflikt med eksisterande grønstruktur? Døme: 100-m skog, stiar, barnetråkk, grøne lunger, skuleveg, naturleikeområde som ikkje er opparbeidd Er kravet om minste uteopphaldsareal MUA innfridd? Planlagt gang- og sykkelveg i samband med skuleveg? Rekkefølgjekrav? (RPR barn og planlegging) Tatt omsyn til krav om UU, jf. TEK 10 og regional plan for folkehelse? Er det lagt til rette for variert bustadstruktur? Er det tilstrekkeleg skule- og barnehagetilbod i nærleiken? Er erstatningsareal vurdert der areal som vert nytta til leik vert nedbygd? Luftkvalitet –sjå eiga sjekkliste Støy –sjå eiga sjekkliste Ja Nei Ok I uttale: Minne om krav. Ved off.ettersyn: vurdere motsegn. I uttale: Kommentere. I klagevurdering og off. ettersyn: Tilleggsmoment i ei totalvurdering. Ok Ok Ok Vurder krav. Ok Vurder krav. Ok Vurder krav. Ok Gje innspel til planarbeidet. Ok Uttale/vurder klage/motsegn Vurder krav. 11 Naturmangfald Naturmangfaldlova, særleg §§ 7-12 Lova skal sikre biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald og har som målsetting å sikre berekraftig forvalting. Prinsippa i §§ 8-12 skal leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg myndigheit. Nasjonale mål (Aichi-måla i biomangfaldkonvensjonen): Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Ingen artar og naturtypar skal utryddast. Utviklinga til truga og nær truga arar og naturtypar skal betrast. Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar. Vassressurslova § 11 Langs breidda av vassdrag med årssikker vassføring skal ein oppretthalde eit avgrensa naturleg vegetasjonsbelte som motverkar avrenning og gir levestad for plantar og dyr. Vassforskrifta § 12 Stiller vilkår til ny aktivitet eller inngrep i ein vassførekomst: a) alle praktisk tiltak skal gjerast for å avgrensa negativ utvikling i tilstand til vassførekomst b) samfunnsnytte større enn tap av miljøkvalitet c) tiltak kan ikkje gjennomførast på anna måte grunna store mishøvelege kostnader eller at tiltaket ikkje teknisk kan gjennomførast Lakse- og innlandsfiskelova § 7 Omsynet til fiskeinteressene og ivaretaking av fiskens og andre ferskvassorganismar sine økologiske funksjonsområde skal innpassast i planar etter plan- og bygningslova. Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging Fylkeskommunen/kommunane skal identifisere viktige verdiar av naturmangfald og landskap og ivareta desse i sine planar. Kommunane skal ta vare på naturverdiar, sikre samanhengande grønstruktur og opne vassvegar. Stortingsmeldingar - Regjeringa sin miljøpolitikk og rikets miljøtilstand https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Stmeld-nr-26-2006-2007-/id465279 - St.meld. 14 (2015-16) Handlingsplan for naturmangfald: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-14-20152016/id2468099/ Rettleiing KLD: Retteleiar «Naturmangfoldloven kapitel II» - mars 2016 Brev frå MD 11.07.2011 om naturmangfald og pbl: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/naturmangfoldloven-og-plan--ogbygningsl/id660338/ T-1554 rettleiar Naturmangfaldlova kap. II: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/naturmangfoldloven-kapittelii/id2481368/ 12 Aktuelle lenker - Viktigaste KART: Naturbase og Artskart. - Artsdatabanken med raudliste, raudlisteartar, framande artar og risikovurderingar - Nasjonale miljømål fordelt på resultatområde. - Internasjonale miljømål for biologisk mangfald 2011-2020 - Oversyn over internasjonale avtalar med lenkjer til dei enkelte - Faktaark NVE verneplanar vassdrag i Hordaland - Rikspolitiske retningsliner (RPR) for verna vassdrag - Råd om landskap og naturmangfald i planlegging i Hordaland - Informasjon om vatn: http://vann-nett.no/portal/ 13 Sjekkliste naturmangfald Kjelder 1. Har kommunen vurdert tiltaket etter naturmangfaldlova §§ 8-12? 2. Er tiltaket i verna område Om naturmangfaldlova på Rettsdata.no Naturbase eller verna objekt? Er tiltaket i randsona, slik at det er risiko for påverknad? 3. Vil tiltaket påverke viktige naturtypar, viktige artar eller raudlisteartar? 4. Vil tiltaket påverke sårbare rovfuglar unntatt offentlegheit? 5. Vil tiltaket verke negativt inn på landskap? 6. Vil tiltaket føre til inngrep (partiklar) i eller nærleiken til verna vassdrag? Nedbørsfelt til elvemusling? Konsekvensar for anadrome vassdrag? (laks/sjøaure) Ja Rettleiar: Naturmangfaldfoldloven kapitel II (2016) Naturbase Artskart til Artsdatabanken Berre interne kart. NB! Opplysningane er ikkje offentlege Nei Minne om at det skal gjerast. Vurder klage/oppheving Alle tiltak i verneområde er forbode. Må ha dispensasjon etter verneforskrifta. Vurdere om tiltaket kan ha effekt på verneverdiar Randsona: Må leggast vekt på verneområdet jf nml § 49 ved avgjerd gjennom PBL Vurder negativ uttale/klage/motsegn Vurder negativ uttale/klage/motsegn Råd om landskap i kommunal planlegging i Hordaland, 2011 Vurder negativ uttale/klage/motsegn Naturbase Vurder negativ uttale/klage/motsegn Husk: Rikspolitiske retningsliner! Elvemusling i Naturbase Laks: Lakseregisteret Sjøaure: Bekkar som renn ut i sjø Vurder påverknad og negativ uttale/klage/motsegn Vurderast etter Lakse- og innlandsfikselova Vil tiltaket råka kantvegetasjon til vassdrag? Flyfoto i Naturbase 7. Er tiltaket i eller i nærområde til villreinområde? 8. Kan tiltaket føre til auka indirekte press på villrein? Er det fare for spreiing av framande artar (jf. svartelista) i samband med flytting av massar Kart: Naturbase Fjerning av kantvegetasjon må dispenserast frå Vassressurslova jf § 11. Fylkesmannen er myndigheit Vurder negativ uttale/klage/motsegn Regional plan for Hardangervidda Regional plan for Nordfjella Artskart til Artsdatabanken Vurder negativ uttale/klage/motsegn Risiko: Faktaark framande artar 14 Klima og klimatilpassing Plan- og bygningslova - § 1-1 lova skal fremma berekraftig utvikling til det beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. - § 11-9 nr 3 og § 12-7 nr 8 føresegner til plan om tilrettelegging for vassboren varme. - § 27-5 føresegner om fjernvarmetilknyting. Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012)) og energi- og miljøkomitéens innstilling om denne (Innst. 390 S 2011-2012) gir viktige føringar for norsk klimapolitikk. Dei viktigaste nasjonale måla er: - Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. - Noreg skal fram til 2020 kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 prosent av Noregs utslepp i 1990. - Noreg skal vere karbonnøytralt i 2050. - Som ein del av ein global og ambisiøs klimaavtale (saman med andre industriland), har Noreg tatt på seg som mål å bli karbonnøytral seinast i 2030. Paris-avtalen vedtatt 12.12.2015: Alle land skal ha utsleppsmål og rapportere om desse. Avtalen vil bidra til auka innsats for utsleppsreduksjon og forsterking av arbeidet med klimatilpassing. Overordna mål er å avgrensa den globale oppvarminga til godt under to grader. Alle land er forplikta til å arbeida for å avgrensa temperaturstigning til 1,5 grader samanlikna med førindustriell tid. Avtalen har eit mål om netto-null utslepp i andre halvdel av århundret (dvs. balanse mellom menneskeskapte utslepp og opptak av klimagassar). Trer i kraft tidlegast 2020. SPR klima og energiplanlegging i kommunane av 04.09.2009 med vidare lenker https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/planretningslinje-klima-energi/id575764/ Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging av 12.06.2015: Vektlegge reduksjon av klimagassutslepp, energiomlegging og energieffektivisering gjennom planlegging og lokalisering av næring, bustader, tenester og infrastruktur. Ta omsyn til klimaendringar og risiko og sårbarheit i samfunns- og arealplanlegging, ROS-analyser skal utarbeidast. Aktuelle lenker DSB sin klimahjelper (klimatilpasning i planlegging etter plan- og bygningslova): http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2015/Tema/Klimahjelperen.pdf DSB si samleside for informasjon/rettleiing om klimatilpassing: http://www.klimatilpasning.no/ Meld.St.33 (2012-2013) Klimatilpassing i Norge: http://www.regjeringen.no/nb/dep/kld/dok/regpubl/stmeld/2012-2013/meld-st-3320122013.html?id=725930 Klima i Norge 2100 – kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning NCCCS rapport http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M406/M406.pdf 15 NOU 2010:10 tilpassing til eit klima i endring: http://www.regjeringen.no/nn/dep/kld/dokument/NOU-ar/2010/nou-201010.html?id=624355 NOU 2015:16 overvann i byer og tettsteder: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-16/id2465332/ Regionale forventningar Regional klimaplan 2014-2030: http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-ogplanarbeid/regionale-planar/a4_klimaplan14-30_web-bokmerke-og-navigasjon.pdf Sjekkliste for klimavurderingar Ja 1 2 3 4 5 Nei Er det sett rekkefølgjekrav? Når det vert lagt ut nye byggeområde skal det stillast rekkefølgjekrav for å ivareta klimaomsyn. Døme på slike krav kan vere at gang- og sykkelveg og at anna klimavenleg infrastruktur skal vere på plass. Er det lagt opp til fortetting? Ved nye utbygging skal ein unngå spreidd busetnad/spreidde byggeområde. Det gjeld både bustader, skule, barnehagar, off. bygg og næringsbygg. Har bustadområde god tilknyting til infrastruktur, avlaup, gang- og sykkelveg og kollektivdekning? Er det tatt klimaomsyn? Døme: lavenergi, passivhus, grøne tak, materialval/trebygg Er det planlagt for klimatilpassing? a) Er det tatt omsyn til ROS-analyse (rasfare, flaum og havstiging) ved plassering av infrastruktur og/eller bygg? b) Er det planlagt tiltak (grøne areal, vegetasjon eller opne flomveg) som buffer mot auka nedbør? Andre aktuelle klimatiltak: - Ladepunkt for hybrid- og el-bil - God tilgang til kollektivtransport - Gang- og sykkelvegar - Sykkelparkering 16 Landbruk Plan- og bygningslova § 3-1 bokstav b sikre jordressursane og ta vare på landskapskvalitetar og kulturmiljø Nasjonal jordvernstrategi Prop. 127 S (2014-2015) og Innst. 56 S (2015-2016) – vedlegg 4) Vern av jordressursane er ein føresetnad for å nå målsetjingar om mattryggleik og auka matproduksjon. Det er eit nasjonalt mål at det årleg skal omdisponerast mindre enn 4000 dekar dyrka jord i Norge innan 2020. Kommunane har eit klart ansvar for at det nasjonale jordvernmålet vert nådd Fylkesmannen skal ivareta den nasjonale jordvernpolitikken, og bruke motsegn når nasjonale eller vesentlege regionale interesser er trua. Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging sikra viktige jordbruksområde og legga til rette for nye grøne næringar i tilknyting til jordbruk og skogbruk planlegging for verdiskaping, berekraftig næringsutvikling og innovasjon trekka langsiktige grenser mellom by- og tettstadsområde og store samanhengande LNF-område Miljøvernministeren sitt brev av 31.08.2012 til fylkesmennene Fylkesmannen si rolle i arbeidet med å sikre tilstrekkeleg bustadbygging. Nyttige rettleiarar Temarettleiar Statens landbruksforvaltning: Landbruk og planlegging etter plan og bygningslova: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/landbruk-pbl/id671207/ Rettleiar T-1443 Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/t-1443-plan-og-bygningsloven-oglandbruk/id88203/ Massehandtering rettleiar frå Nordhordlandskommunane (2016) er tilgjengeleg på I/fmho/ksa/plansamarbeid. Fylkesmannen i Hordaland sitt oppdrag for å følgja opp at kommunane tek vare på landbruksomsyn i planarbeid etter plan- og bygningslova Arealressursar/jordvern, brev frå Landbruksdir. jan 2016 ephortesak 15/16333 pkt 11: Fylkesmannen må følgje opp innhaldet i Jordvernstrategien. Fylkesmannen må medverke til at kommunane og fylkeskommunane etablerer kompakt utbyggingsmønster som styrer vekst og utbygging vekk frå dei viktigaste jordbruksareala. Fylkesmannen skal medverke til at kommunen etablerer langsiktige grenser mot dei viktigaste landbruksareala, og stille krav om effektiv utnytting av eksisterande og planlagde utbyggingsområde. Fylkesmannen skal krevje at kommunen greier ut alternativ til bruk av dyrka mark i planprosessane, m.a. potensialet for fortetting og transformasjon. 17 Sjekkliste landbruksomsyn Svarer ein nei på spørsmål 1 til 8, bør ein vurdere å ha negativ uttale til oppstart av planarbeid, eller motsegn til planen som er til offentleg ettersyn. Dersom saka gjeld dispensasjon, må ein vurdere å gje negativ uttale til saka, eller vurdere å klage på dispensasjonsvedtaket. Dersom konklusjonen er ja for tema 9 skal negativ uttale/motsegn vurderast. Om ein skal ha negativ uttale/motsegn vert avgjort etter ei heilskapleg vurdering av alle punkta i sjekklista. Ja 1 Dyrka eller dyrkbar mark er planlagt nedbygd utan at vesentlege samfunnsinteresser tilseier det. 2 Ny utbygging er planlagt å krysse viktige grenser mellom utbyggings- og landbruksområde. 3 Utbygging vil føre til store driftsulemper for landbruket. 4 Det er planlagt utbygging med låg utnyttingsgrad på jordbruksland. 5 Verdifulle kulturlandskap er planlagt utbygd. 6 Kommunen har vurdert alternative areal ved planlagt utbygging på dyrka mark. 7 Samanhengande gode skogsområde er planlagt utbygd. 8 Saka er godt utgreidd med omsyn til landbruksinteressene. 9 Det er lagt fram arealoppgåve over kor mykje dyrka (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite) eller dyrkbar mark som blir omdisponert som følgje av planen/tiltaket. Vedtak av reguleringsplanar eller kommunedelplanar legg så sterke føringar for arealbruken og framtidig landbruksdrift at saka burde vore drøfta i samband med rullering av kommuneplanen. 10 11 Nei Er eventuell kjerneområdekartlegging for landbruk lagt inn som omsynssone i planen? 18 Strandsona og sjøområda Plan- og bygningslova § 1-8 Forbod mot tiltak i 100-metersbeltet langs sjøen. I 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag skal det tas særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen (T-1497):https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/differensiert-forvaltningstrandsonen/id636763/ Nasjonale forventningar 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging: identifisere viktige verdiar av naturmangfald, landskap, friluftsliv og ivareta desse i plan. Sskra tilstrekkeleg areal til fiskeri- og havbruksnæringa og avvege dette mot andre samfunnsbehov, sjå arealbehovet i eit regionalt perspektiv. ta vare på naturverdiane og legge til rette for fysisk aktivitet og trivsel ved å sikre samanhengande grøne strukturarar og nær tilgang til område for leik, idrett, rekreasjon og friluftsliv. Forslag til regionale forventningar Forslag kystsoneplan Sunnhordland og Ytre Hardanger med akvakulturanalyse http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale-planarunder-arbeid/kystsoneplan-for-sunnhordland-og-ytre-hardanger_24.04.2015.pdf http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale-planarunder-arbeid/akvakulturanalyse.pdf Aktuelle lenker Analyse av utfordringar for planlegging i sjø Norconsult på vegne av KMD frå 2015 https://www.regjeringen.no/contentassets/d6687c31ecca4b998b81b3b07c4a0aac/51462 93_analyse_planlegging-i-sjo.pdf Fylkesmannen i Hordaland sine forventningar til kommunane Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland (strandsonerettleiaren) http://old.hfk.no/Global/Plan/pdf-dok/Strandsonerettleiar-endelig_tuRUGu88588ig.pdf 19 Sjekkliste strandsone Ja 1. Er området sett av til byggjeformål i kommuneplanen eller reguleringsplan? 2. Er det andre tiltak i umiddelbar nærleik? 3. Er området eigna til friluftsliv og rekreasjon, eller er det brukt til friluftsføremål? 4 Vil tiltaket medføre privatisering av strandsona? 5. Medføre tiltaket vesentlege landskapsinngrep? 6. Er alternative lokaliseringar vurdert? 7. Vil tiltaket ha ei samfunnsmessig overvekt av fordelar? Nei Sjekk byggegrense til sjø, ellers OK Vurder motsegn/klage Fortetting kan vere greitt. Vurder motsegn/klage Vurder motsegn/klage Vurder motsegn/klage Vurder motsegn/klage Vurder argumentasjonen til kommunen. Vurder motsegn/klage Vurder motsegn/klage 20 Samfunnstryggleik og beredskap (ROS-analysar) Plan- og bygningslova § 3-1 punkt h og § 4-3 Kommunane skal fremja samfunnstryggleik i planlegginga si. Pbl § 4-3 set difor krav om utarbeiding av ROS-analyse i alle plansaker, samt krav til handtering av risiko i plan. ROSanalysen skal visa risiko og sårbarheit som har verknad for spørsmålet om arealet er eigna til utbygging, og eventuelle endringar i slike forhold som følgje av planlagt utbygging. Byggteknisk forskrift, TEK 10 TEK10 definerer kva som er akseptabel risiko for flaum og skred i §§7-2 og 7-3. Akseptkriteria for anna type risiko må definerast av kommunen. Fylkesmannen legg til grunn at akseptkriteria må vera minst like strenge som for flaum og skred. Alle risikohøve skal merkast på plankartet med omsynssone. Krav til risikoreduserande tiltak skal gå fram av planføresegnene. Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til kommunal og regional planlegging Sskre trygge og hesefremjande bu- og oppvekstmiljø. ta omsyn til klimaendringar og risiko og sårbarheit i samfunns- og arealplanlegging og byggesakshandsaming. Sikre at det vert utarbeidd ROS-analyser for utbyggingsplanar som gir eit godt kunnskapsgrunnlag for å førebygge og redusere risiko- og sårbarheitsforhold. Det skal tas særleg omsyn til naturfarar og eksisterande og framtidige klimaendringar. NS 5814:2008 Krav til risikovurderingar Av denne standarden går det fram at akseptkriteria skal definerast før sjølve ROS-analysearbeidet tek til. Akseptkriteria bør, sidan dei kan medføre økonomiske konsekvensar, vere forankra i kommunestyret, jf kommunelova §§ 44 og 45. Av praktiske omsyn kan det også vere naturleg å tenke lik prosess for ROS-analyser etter plan- og bygningslova som for ROS-analysar etter «sivilbeskyttelseslova», utdjupa i forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2. Rettleiing DSB samfunnssikkerhet i arealplanlegging – kartlegging av risiko og sårbarhet: http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2008/Tema/temasamfunnssikkerhetareal.pdf DSB samfunnssikkerhet i pbl: http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2012/Tema/Samfunnssikkerhet_i%20plan_og% 20_bygningsloven.pdf DSB havnivåstigning stormflo – samfunnstryggleik i kommunal planlegging 2016: https://www.dsb.no/link/6951ff9089a44a8d8ab6de3f2ff17d23.aspx NVE flaum- og skredfare i arealplanar: http://webby.nve.no/publikasjoner/retningslinjer/2011/retningslinjer2011_02.pdf DIBK utbygging i fareområde HO-1/2008 revidert: http://dibk.no/no/BYGGEREGLER/Temaveiledninger/utbygging-i-fareomrader/ 21 FLYTSKJEMA FOR VURDERING AV ROS-ANALYSAR I AREALPLANSAKER Flytskjema for vurdering av arealplansaker 22 Forureina grunn Mål: Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Sjå status for å nå nasjonale mål: http://www.miljostatus.no/ Plan- og bygningslova Om miljøforhold og byggegrunn (§ 28.1): Grunn kan bare bebygges, eller eiendom opprettes eller endres, dersom det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold…. Om omsynssoner (§ 11-8 a): …Det kan fastsettes følgende hensynssoner: a) Sikrings-, støy- og faresoner med angivelse av fareårsak eller miljørisiko…. Det kan elles gis føresegner til planen for å i vareta miljøet. Om forureining i grunnen (Tek10: § 9-3). Ved planlegging av byggverk skal det undersøkes om det finnes grunnforurensning. Eventuell grunnforurensning skal behandles i samsvar med forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), kapittel 2. Forureiningslova Rolla til tiltakshavar i bygge- og gravesaker: http://www.miljodirektoratet.no/old/klif/publikasjoner/2943/ta2943.pdf Etter forureiningsforskrifta kap 2 pliktar tiltakshavar å vurdere og eventuelt undersøke om det er forureina grunn i området. I så fall skal tiltakshavaren utarbeide tiltaksplan. Rolla til kommunen i bygge- og gravesaker: http://www.miljodirektoratet.no/old/klif/publikasjoner/2942/ta2942.pdf Kommunen skal godkjenne tiltaksplanen før tiltaket kan gjennomførast og føre tilsyn med den alminnelege forureiningssituasjonen og med enkelte kjelder, jf. forureiningslova § 48. Fylkesmannen i Hordaland sine forventningar til kommunane Kommunen bør i arealplanlegginga legge til rette for at miljøgifter i grunnen ikkje vert spreidde, og at arealbruken ikkje fører til helse- eller miljøskade på grunn av forureining i grunnen. Forureina grunn bør visast som omsynssone i planen. Det må gå fram kva vurdering som er gjort av forureining i grunnen. Er det område der det er påvist eller er grunn til å tru at det er forureina grunn? I område med historisk aktivitet og i byprega område bør det gjennomførast kartlegging og ein bør laga aktsemdskart med utgangspunkt i NGU sin rettleiar. I aktsemdsområdet må ein ta omsyn til at grunnen kan vere forureina, både ved planlegging av arealbruk og ved graving. Aktsemdskartet bør brukast som grunnlag for å lage omsynssone etter plan- og bygningsloven § 11-8 a) Kommunen bør ikkje godkjenne graving eller bygging i aktsemdsområdet utan at det er gjennomført grunnundersøkingar. 23 Sjekkliste forureina grunn Ja Nei 1. Er det vurdert om det er forureina grunn i planområdet? Er det undersøkt om det finst registrerte lokalitetar med forureina grunn i planområdet, jf. Miljøstatuskartet og grunnforurensningsbasen: http://grunn.miljodirektoratet.no/ ? Sjekk miljøstatuskartet og grunnforurensningsbasen. Er det sjekka om det er registrert radonfare i planområdet? http://www.nrpa.no/artikler/1/90384/radonkommunerapporter Sjekk om kommunen har kartlagt radon Er det vurdert om historisk aktivitet kan ha ført til forureina grunn (industri, verkstader, bensinstasjon, tankanlegg, fyllplassar? Kommunen bør vurdere nærmare konsekvensar. 2. Er området med (grunn til å tru at det er) forureina grunn vist som omsynssone? (aktsemdskart) Be kommunen ta inn omsynssone/motsegn 3. Dersom det er forureina grunn, er det tatt omsyn til dette i planarbeidet? Tema i ROS? Miljøteknisk undersøking gjennomført? Be kommunen gjere vurderingar/motsegn 24 Luftkvalitet Forureiningsforskrifta Kap. 7 omhandlar lokal luftkvalitet. Kap. 8, 9 og 27 og avfallsforskrifta kap. 10 omhandlar utslepp som følgje av forbrenning. Retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegginga av 25.04.12 (T-1520) Retningslinja har som mål å førebygga og redusere lokal luftforureining gjennom god arealplanlegging. Ho har tilrådde grenser for luftforureining som skal leggast til grunn ved planlegging av nye verksemder eller ny utbygging eller utviding av eksisterande verksemd eller utbyggingsområde. http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/lover_regler/retningslinjer/2012/t-1520luftkvalitet-arealplanlegging.html?id=679346 Statlege planretningslinjer av 26.09.2014 for samordna bustad, areal og transportplanlegging Planlegging av arealbruk og transportsystem skal fremje samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Planlegginga skal bidra til å utvikle berekraftige byar og tettstader, legge til rette for verdiskaping og næringsutvikling, og fremje helse, miljø og livskvalitet. Utbyggingsmønster og transportsystem må samordnast for å oppnå effektive løysingar, og slik at transportbehovet kan avgrensast og ein kan leggje til rette for klima- og miljøvenlege løysingar. Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging Sikre trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø fri for skadeleg støy og luftforureining Geografisk differensiering i Hordaland: I Hordaland er det særleg sentrale delar av Bergen som har store utfordringar knytt til dårleg luftkvalitet og då særleg frå forureiningskomponenten NO2. 25 Sjekkliste for behandling av luftkvalitet i arealplanar Kommuneplan/kommunedelplan Er det gjort ei vurdering av luftkvalitet i samband med revisjon av KPA? Ved sannsyn for dårleg luftkvalitet, er det utarbeidd gule og raude soner t.d. som temakart til KPA? Er det utarbeidd omsynssoner med føresegner eller retningsliner knytt til luftkvalitet i område for bustadutbygging eller anna følsame føremål i gul sone? Er det utarbeidd føresegner eller retningslinjer knytt til luftkvalitet i område for bustadutbygging eller andre følsame føremål i gul sone? Der det er dokumentert område med raud sone er det definert avviksområde (kollektivknutepunkt/sentrumsområde)? Ja Nei Områderegulering/detaljregulering Ja Er planen i samsvar med KPA? Er det gjennomført (meir) detaljerte luftkvalitetsberekningar? Der det er dokumentert at området ligg i gul sone, opnar planen for bustadbygging eller anna følsamt føremål? Er det gjort plangrep som sikrar tilfredsstillande luftkvalitet kring bustadane? Der området ligg i raud sone bør det ikkje etablerast bustadar, helseinstitusjonar, barnehagar, skular, leikeplassar, utandørs idrettsanlegg samt parkar ol. Ligg planområde i avviksområde (sentrumsområde eller kollektivknutepunkt) kor det kan opnast for føremåla nemnt over? Er det ved regulering i avviksområda lagt vekt på at uteområda har så god luftkvalitet som mogleg i utforming av plankart og/eller føresegner? Nei 26 Støy Plan- og bygningslova § 11-9 og § 12-7 føresegner om støy i plan, samt § 11-8 omsynssoner. § 28- og § 28-7 krav til uteareal og byggegrunn. TEK10 § 13-6 krav til lyd og vibrasjonar § 13-9 krav til tilfredsstillande lydforhold i bygg og på uteareal Miljødirektoratet Støy er definert som forureining i forureiningslova, og er eit miljøproblem som rammar mange. Det er eit nasjonalt mål å redusere støyplaga med 10 % innan 2020, samanlikna med 1999. Det er òg eit mål å redusere talet på personer som blir utsett for eit innandørs støynivå på over 38 dB med 30 % innan 2020, samanlikna med 2005. Støyplager kan føre til mistrivnad, dårleg søvn og dårleg helse. Uforstyrra søvn er ein føresetnad for god fysiologisk og mental helse. Fråvær av støy er òg ein føresetnad for at kulturmiljø, friluftsog rekreasjonsområde skal ha full verdi. http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Stoy/ Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442/2012) Retningslinja skal leggast til grunn av kommunane i deira planlegging. I retningslinja går det fram at alle nye reguleringsplanar bør vise tilgjengelege støysonekart innanfor planområdet på eigna måte. Dersom det er fastsett omsynssoner i kommuneplanen skal desse leggast til grunn for utarbeiding av reguleringsplanar. Der er vidare krav til at ein så tidleg som mogleg i planprosessen skal gjera støyfaglege utgreiingar, der støynivå vert talfesta i tabell og/eller i berekningspunkt i kart for representative høgder (t.d. ved fasadar og uteopphaldsareal). Lenke: Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging Rettleiar til retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging 2014: http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M128/M128.pdf Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging Sikre trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø fri for skadeleg støy og luftforureining. Rettleiing frå FMHO Brev til Bergen kommune av 14.03.2016, sjå sak 2012/5557: http://fmhoarkivweb/ePhorteWeb/shared/aspx/default/details.aspx?f=ViewJP&JP_ID=23 49819 27 Sjekkliste for støy i arealplanlegging Alle tema er presentert slik at dersom svaret blir nei, bør ein vurdere å ha negativ uttale til oppstart av planarbeid, eller motsegn til planar som er til offentleg ettersyn. Konklusjonen vert tatt etter ei heilskapleg vurdering av alle punkta i sjekklista. 1 2 3 4 5 6 1 2 3 4 5 6 7 8 Kommuneplan/ kommunedelplan Er det gjort konsekvensutgreiing for støy? Er det utarbeidd støysonekart med gul og raud sone? Er det etablert omsynssoner? Er støy tema i føresegnene til kommuneplanen? Er stille område synleggjort? Er planen utarbeidd med tanke på å unngå arealkonflikt, t.d. industri og bustad/barnehage/skule? Ja Nei Reguleringsplanar Er reguleringsplanen i samsvar med arealbruken i kommuneplanen? Er det utarbeidd støyfagleg utgreiing? Er støyande aktivitetar om natta vurdert? Er arealbruken i samsvar med tabell 3 i støyretningslinja? Ja Nei Er det utarbeidd støysonekart som viser støynivå for utvendig fasade? Er det nye bustader i gul sone, og i tilfelle har bygget ei stille side? Er det gjort støykartlegging av støyande innretningar i ny industri eller næringsverksemd t.d. viftestøy, lasting/lossing Har reguleringsplanen føresegner om støy, t.d. type aktivitet som ein kan ha på industriområdet? Ligg retningslinjer for avgrensing av støy frå bygg- og anleggsverksemd inne i reguleringsføresegnene? Varsling av naboar jf. punkt 4.4 i retningslinja? Ligg planområde i avviksområde (sentrumsområde eller kollektivknutepunkt) kor det kan opnast for føremåla nemnt over? 10 Er det ved regulering i avviksområda lagt vekt på at uteområda har så god støykvalitet som mogleg innanfor sona i utforming av plankart og/eller føresegner? 11 Sikrar planen tilstrekkeleg uteareal med tilfredsstillende støynivå samtidig som området tilfredsstiller andre kvalitetskrav i overordna plan (solinnfall m.m.)? 9 28
© Copyright 2024