Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Møtedato Møtestad Møtetid Forvaltningskomiteen 21.12.2016 Kommunestyresalen , Rådhuset 17:00 – 18:00 Følgjande medlemmer møtte: Namn Øyvind Utne Kjetil Mehl Jan B Ingvaldsen Ingrid Koløy Eide Otto Benjaminson Aksel Kloster jr Funksjon Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Repr H SP H H KRF AP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Kari Fausk Blokhus Irene Nielsen Sjo Lillian Åkre Funksjon MEDL MEDL MEDL Repr FRP AP SP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Wivian Iren Markhus Kai Morten Torget Vara for Irene Nielsen Sjo Kari Fausk Blokhus Repr AP FRP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Tormod Fossheim Verksemdsleiar Bente Høyland Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Ingen. Permisjonar: Ingen. Inhabile: Ingen. Kvinnherad kommune side 1 Evt. endring på saksrekkefølgje: 1. Sak 2016/152 – Behandling klage – Haktor Gjuvsland Tilleggssaker: 2016/155 2016/156 2016/157 2016/158 Kvinnherad kommune side 2 SAKLISTE Saksnr PS 2016/142 PS 2016/143 PS 2016/144 PS 2016/145 PS 2016/146 PS 2016/147 PS 2016/148 PS 2016/149 PS 2016/150 PS 2016/151 PS 2016/152 PS 2016/153 PS 2016/154 PS 2016/155 PS 2016/156 PS 2016/157 PS 2016/158 RV 2016/4 RV 2016/5 Innhald PS - Mindre endring av reguleringsplan for 206/1 - Utnyttingsgrad i føresegner i Kjekavika I. - Halsnøy - Kjekavika velforening Mindre endring av reguleringsplan - 206/1 - Utnyttingsgrad i føresegner Kjekavika II - Halsnøy - Kjekavika velforening v/Per Olav Lillebø Oppstart av planarbeid for detaljreguleringsplan for 154/257, 338 med fleire Sunde industriområde - Sunde - Pøylo Eiendom AS Utlegging til offentleg ettersyn for detaljreguleringsplan for 144/55 m.fl. bustader i Korggardsvika/ Bogsnes - Husnes - Husnes Brygge AS Godkjenning av detaljreguleringsplan for 153/346 m.fl - bustader på Slettestølen - Sunde - Bjørn Erik Eliasen Behandling - Søknad om konsesjon - 166/1, 166/3, 166/4, 164/12 - Varaldsøy Eirik Kismul Aakre Behandlling - Søknad om konsesjon - 171/11, 171/44, 171/81 - Varaldsøy - Nils Roger Naterstad Behandling dispensasjon - 191/147,258 - fylling i sjø på næringsareal - Halsnøy Kloster - Kjell og Per Kristensen Behandling dispensasjon - 123/120 - garasje / verkstad - Uskedalen - Johannes Hjønnevåg Behandling klage dispensasjson - 61/2 - molo - Mauranger - Oddbjørn Kroka Behandling klage - dispensasjon - 170/12 - veg til naust - Varaldsøy - Haktor Gjuvsland Dispensasjon frå kommunedelplan - tiltak i sambande Valedalen Kraftverk og Dam Valedalsvatn - Kvinnherad Enegi A/S Delegerte vedtak - møte 21.12.2016 Behandling - Søknad om deling - 216/6 - Fjelberg - Johan Bernad Vik BS - Dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan på 143/114 - utviding av næringsføremålet til etablering av adkomstveg/lagerhall - Husnes - Haugli Eiendom AS Behandling oppstart detaljreguleringsplan for del av 142/7,10 og 143/163, 122 Gang- og sykkelbru Hellandskrysset - Husnes - Kvinnherad kommune Mindre endring detaljreguleringsplan (endeleg vedtak) - Hellandskrysset endring rundkøyring - Husnes - Kvinnherad kommune Refererte vedtak (delegert sak) Settefylkesmannen - vedtak i klagesak - avslag dispensasjon - bølgebrytar 248/28 - Utåker - Elias Hasan Fylkesmannen - stadfesting av vedtak - 115/20 - dispensasjon naust/brygge Jarle Snilstveit Kvinnherad kommune side 3 PS 2016/142 PS - Mindre endring av reguleringsplan for 206/1 - Utnyttingsgrad i føresegner i Kjekavika I. - Halsnøy - Kjekavika velforening Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen trekte saka frå saklista. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 PS 2016/143 Mindre endring av reguleringsplan - 206/1 - Utnyttingsgrad i føresegner Kjekavika II - Halsnøy - Kjekavika velforening v/Per Olav Lillebø Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomitee godkjenner ein mindre endring av reguleringsplan for 206/1 Utnyttingsgrad i føresegner i Kjekavika II. - Halsnøy (planid.: 20030013). I føresegner blir pkt. § 3.2.1 revidert til: Hytter skal vera frittliggjande bygningar, tilpassa terrenget. Maks. grunnflate BYA = 30 %, maks. grunnflate til hytteeiningar skal vere maks. 120 m². Det kan byggjast maks. 2 høgder. Maks. gesimshøgde skal vere på 3,5 m, takoppbygg skal har ein maks. gesimshøgde på 5,5 m. maks. mønehøgde er 7,0 m målt frå gjennomsnittleg terreng. I føresegner blir pkt. § 3.2.2 revidert til: Det skal nyttast saltak, med takvinkel mellom 27 og 45 grader. Takoppbygg skal ha takvinkel mellom 15 og 45 grader. Vedtaket er heimla i pbl §12-14 og forvaltningskomiteen meiner i samsvar med utgreiinga nedanfor at endringa er mindre og i samsvar med lova. PS 2016/144 Oppstart av planarbeid for detaljreguleringsplan for 154/257, 338 med fleire - Sunde industriområde - Sunde - Pøylo Eiendom AS Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomitee rår til oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for 154/257, 338 med fleire - Sunde industriområde - Sunde i samsvar med førespurnaden. Jf pbl §12-3. Melding om oppstart av planen må kunngjerast i lokalpressa, berørte grunneigarar, naboar og faginstansar må orienterast jf pbl §12-8. Forvaltningskomiteen visar til saksutgreing nedanfor og legg ved referat til oppstartsmøte frå den 23.09.16 til grunn for det vidare planarbeid. Kvinnherad kommune side 4 PS 2016/145 Utlegging til offentleg ettersyn for detaljreguleringsplan for 144/55 m.fl. - bustader i Korggardsvika/ Bogsnes - Husnes - Husnes Brygge AS Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomiteen vedtek med heimel i PBL Kap. 12 at privat forslag til detaljreguleringsplan for 144/55 m.fl. - bustader i Korggardsvika/ Bogsnes - Husnes, sist revidert den 26.10.16, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Utlegginga av planforslaget vert kunngjort i lokalpressa og kommunen sine elektroniske mediar, berørte partar og instansar skal kunngjerast. PS 2016/146 Godkjenning av detaljreguleringsplan for 153/346 m.fl - bustader på Slettestølen - Sunde - Bjørn Erik Eliasen Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad kommunestyre vedtek med heimel i plan- og bygningslova §12-12 at forslag til detaljreguleringsplan for 153/346 m.fl - bustader på Slettestølen - Sunde, sist revidert den 12.12.16 blir godkjent slik han ligg føre. Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades. PS 2016/147 Behandling - Søknad om konsesjon - 166/1, 166/3, 166/4, 164/12 Varaldsøy - Eirik Kismul Aakre Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Eirik Kismul Aakre får konsesjon på overtaking av halvparten av gnr/bnr 166/1 og 3 og 166/4 , og 25% av gnr/bnr 164/12. Det vert sett som vilkår at Eigedomen tek del i fellestiltak i utmark Søkjar busett seg på bruket innan 5 år og bur der i minst 5 år. PS 2016/148 Behandlling - Søknad om konsesjon - 171/11, 171/44, 171/81 Varaldsøy - Nils Roger Naterstad Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Kvinnherad kommune side 5 Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Nils Roger Naterstad får konsesjon på overtaking av gnr/bnr 171/11, 171/44, 171/81 Det vert sett som vilkår for konsesjon at: Eigedomen tek del i fellestiltak i utmark At søkjar busett seg på eigeomen innan 5 år og bur der i minst 5 -fem -år PS 2016/149 Behandling dispensasjon - 191/147,258 - fylling i sjø på næringsareal - Halsnøy Kloster - Kjell og Per Kristensen Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Habilitet: Otto Benjaminson sette fram spørsmål om sin habilitet i saka. Han fører rekneskapet for ein av søkjarane. Han vart samrøystes erklært habil til å vera med i behandling/røysting av saka. Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå arealføremålet FFNF – vassareal for allmenn fleirbruk i kommunedelplan Halsnøy, godkjent sept. 2008 og dispensasjon frå plan- og bygningsloven (pbl) §1-8 for bygging i 100-meters sona frå sjø. Planlagt fylling i sjø og utviding/endring av kai kan difor omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Løyvet er heimla i pbl § 19-2 då omsyna til føremålet i lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Næringseigedomane 191/147, 258 må utfyllast for å kunna tryggja kai/sjøgrunn mot utrasing, og slik at maritim næringsaktivitet kan fortsetja på ein sikker og forsvarleg måte. PS 2016/150 Behandling dispensasjon - 123/120 - garasje / verkstad - Uskedalen - Johannes Hjønnevåg Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ KAI MORTEN TORGET (FRP): Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealformålet bustadområde i gjeldande kommunedelplan slik at det kan førast opp eit garasjebygg som kan nyttast til verkstad/sal av dekk som omsøkt. Tilsegna er heimla i pbl §19-2. Forvaltningskomiteen meiner at dette er ei stor tomt i utkanten av bustadområde med eit næringsareal som nabo og med kort avstand til fylkesvegen. Erfaringsmessig er ei slik verksemd sesongbetont og medfører ikkje mykje støy. Forvaltningskomiteen meiner difor at verksemda vil koma lite i konflikt med bustadformålet, og naboane har heller ikkje merknad. Tiltaket kjem etter dette ikkje i vesentleg konflikt med planformålet og forvaltningskomiteen kan heller ikkje sjå andre ulemper. Før det kan gjerast endeleg vedtak i saka, må det liggja føre uttale frå regionale og statlege styresmakter. RØYSTING: Nytt framsett forslag vart vedteke med 6 mot 2 røyster. Otto Benjaminson(Krf) og Kjetil Mehl(Sp) røysta mot. Kvinnherad kommune side 6 Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealformålet bustadområde i gjeldande kommunedelplan slik at det kan førast opp eit garasjebygg som kan nyttast til verkstad/sal av dekk som omsøkt. Tilsegna er heimla i pbl §19-2. Forvaltningskomiteen meiner at dette er ei stor tomt i utkanten av bustadområde med eit næringsareal som nabo og med kort avstand til fylkesvegen. Erfaringsmessig er ei slik verksemd sesongbetont og medfører ikkje mykje støy. Forvaltningskomiteen meiner difor at verksemda vil koma lite i konflikt med bustadformålet, og naboane har heller ikkje merknad. Tiltaket kjem etter dette ikkje i vesentleg konflikt med planformålet og forvaltningskomiteen kan heller ikkje sjå andre ulemper. Før det kan gjerast endeleg vedtak i saka, må det liggja føre uttale frå regionale og statlege styresmakter. PS 2016/151 Behandling klage dispensasjson - 61/2 - molo - Mauranger Oddbjørn Kroka Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ ØYVIND UTNE(H): Kvinnherad forvaltningskomite tek klagen til følgje og gjer om sitt vedtak av 05.10.2016 til følgjande: Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealformål LNF og FFNF (vassareal for allmenn fleirbruk) i arealdelen til kommuneplanen, og pbl § 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag slik at planlagt molo kan omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande føresegner. Tilsegna er heimla i pbl § 19-2. Kvinnherad forvaltningskomite viser til at søkjar har fått tilbod om å ta imot overskotsmasse frå eit planlagt veganlegg i nærleiken. Dette vil verta ein vinn/vinn situasjon med stor samfunnsnytte av kort transport for overskotsmassar, samt at verdiar som naust og båtar kan sikrast med ein god molo som vern. Tiltaket har elles ingen konsekvensar for natur- og kulturverdiar. Området grensar opp til eit naustområde på land der formålsgrensa er «tilfeldig» plasser. Forvaltningskomiteen meiner difor at korkje omsynet til kommuneplanen eller strandsonevernet vert sette vesentleg til side, og vil vektleggja dei samfunnsmessige fordelane med kort transport av overskotsmassar og vern av verdiar mot vind og bølgjer. Tiltaket ligg innanfor NGI sitt aktsemdskart for rasfare. I samband med søknad om tiltak må tryggleiksklasse vurderast av eit fagkunnig føretak. Før det kan gjerast endeleg vedtak i saka, må det liggja føre uttale frå regionale og statlege styresmakter. RØYSTING: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite tek klagen til følgje og gjer om sitt vedtak av 05.10.2016 til følgjande: Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsegn om dispensasjon frå arealformål LNF og FFNF (vassareal for allmenn fleirbruk) i arealdelen til kommuneplanen, og pbl § 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag slik at planlagt molo kan omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande føresegner. Tilsegna er heimla i pbl § 19-2. Kvinnherad Kvinnherad kommune side 7 forvaltningskomite viser til at søkjar har fått tilbod om å ta imot overskotsmasse frå eit planlagt veganlegg i nærleiken. Dette vil verta ein vinn/vinn situasjon med stor samfunnsnytte av kort transport for overskotsmassar, samt at verdiar som naust og båtar kan sikrast med ein god molo som vern. Tiltaket har elles ingen konsekvensar for natur- og kulturverdiar. Området grensar opp til eit naustområde på land der formålsgrensa er «tilfeldig» plasser. Forvaltningskomiteen meiner difor at korkje omsynet til kommuneplanen eller strandsonevernet vert sette vesentleg til side, og vil vektleggja dei samfunnsmessige fordelane med kort transport av overskotsmassar og vern av verdiar mot vind og bølgjer. Tiltaket ligg innanfor NGI sitt aktsemdskart for rasfare. I samband med søknad om tiltak må tryggleiksklasse vurderast av eit fagkunnig føretak. Før det kan gjerast endeleg vedtak i saka, må det liggja føre uttale frå regionale og statlege styresmakter. PS 2016/152 Behandling klage - dispensasjon - 170/12 - veg til naust - Varaldsøy - Haktor Gjuvsland Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite tek ikkje klagen til følgje og opprettheld sitt vedtak av 24.08.2016 som følgjer: Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå arealføremålet LNF i arealdelen til kommuneplanen, og pbl §1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag for bygging av tilkomstveg til naust. Planlagt tiltak kan difor omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Løyvet er heimla i pbl § 19-2 då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje vert vesentleg sette til side. I tillegg er fordelane ved å gi dispensasjon klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Området framstår som eit bebygd naustområde, med ein stor og dominerande molo. Den omsøkte vegen slik den er innteikna på situasjonsplan dat. 24.05.2016 vil ikkje koma vesentleg meir i strid med intensjonane i planen enn eksisterande tiltak i området. Traseen vil liggja utanfor sikringssona til det automatisk freda kulturminnet på staden. Vilkår: 1. Vegen må prosjekterast og omsøkjast med nødvendig dokumentasjon av eit godkjent føretak/firma – jf. pbl § 20-3. PS 2016/153 Dispensasjon frå kommunedelplan - tiltak i sambande Valedalen Kraftverk og Dam Valedalsvatn - Kvinnherad Enegi A/S Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen opplyste i møtet at tilhøva til regionale og statlege styresmakter var avklara. Rådmannen trekte på bakgrunn av dette tilsegna og la fram ny innstilling til endeleg vedtak: Kvinnherad forvaltningskomite gjev løyve til dispensasjon frå arealføremål LNF i gjeldande arealdel til kommunedelplanen. Bygging av veg frå Elvedammen samt rehabilitering av Valedalsdammen kan difor omsøkjast som planlagt og behandlast i samsvar med plan- og bygningslova kap 20 og Kvinnherad kommune side 8 tilhøyrande bestemmelsar. Det vert også gjeve løyve til fornying av dispensasjonen for Valedammen Kraftverk slik at dette anlegget kan byggjast ut i samsvar med vilkåra i konsesjon dagsett 20.01.2015 og Olje og energidepartementet si presisering dagsett 16.06.2016 Løyva er heimla i pbl § 19-2 då krava til å gje dispensasjon er innfridde i samsvar med lova, jf saksutgreiinga nedanfor. Før det kan gjevast løyve til tiltak, må tilhøva med omsyn på naturfare vera avklara. Røysting: Ny framsett innstilling frå rådmannen vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite gjev løyve til dispensasjon frå arealføremål LNF i gjeldande arealdel til kommunedelplanen. Bygging av veg frå Elvedammen samt rehabilitering av Valedalsdammen kan difor omsøkjast som planlagt og behandlast i samsvar med plan- og bygningslova kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Det vert også gjeve løyve til fornying av dispensasjonen for Valedammen Kraftverk slik at dette anlegget kan byggjast ut i samsvar med vilkåra i konsesjon dagsett 20.01.2015 og Olje og energidepartementet si presisering dagsett 16.06.2016 Løyva er heimla i pbl § 19-2 då krava til å gje dispensasjon er innfridde i samsvar med lova, jf saksutgreiinga nedanfor. Før det kan gjevast løyve til tiltak, må tilhøva med omsyn på naturfare vera avklara. PS 2016/154 Delegerte vedtak - møte 21.12.2016 Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Forvaltningskomiteen tar lista over delegerte vedtak til orientering. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Forvaltningskomiteen tar lista over delegerte vedtak til orientering. PS 2016/155 Behandling - Søknad om deling - 216/6 - Fjelberg - Johan Bernad Vik Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Deling etter jordlova § 12: Kvinnherad Forvaltningskomite syner til saksframstillinga og gir løyve til å dele i frå nausttomta på 60 m2 frå gnr/bnr 216/6. Vedtaket er gjort med heimel i jordlova. Løyve til deling etter pbl §20-4: Kvinnherad Forvaltningskomite syner til saksframstillinga og gir søkjar løyve med heimel i pbl Kvinnherad kommune side 9 §20-2 til å dele i frå nausttomta på 60 m2 frå gnr/bnr 216/6. Det vert sett som vilkår at det vert gitt parkeringsløyve på gnr/bnr 216/3. Vedtaket er gjort med heimel i plan og bygningslova Dispensasjon etter pbl |§ 1- 8: Kvinnherad Forvaltningskomite syner til saksutgreiinga og gjev dispensasjon frå pbl § 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til frådeling av eksisterande naust. Vedtaket er gjort med heimel i plan og bygningslova PS 2016/156 BS - Dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan på 143/114 utviding av næringsføremålet til etablering av adkomstveg/lagerhall - Husnes Haugli Eiendom AS Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 NYTT FRAMSETT FORSLAG OM TILLEGGSPUNKT FRÅ JAN B INGVALDSEN(H) OG INGRID K EIDE(H): Føreset at nyoppført lagerhall ivaretek estetikken i området. Røysting: Rådmannen si innstilling, i tillegg til nytt tilleggspunkt, vart samrøystes vedteke. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomité gjev dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan Fv 44 Husnes sentrum til Helleland bru (20020019) godkjent den 22.05.2003 og tilgrensande reguleringsplan for Husnes Park (20030001) godkjent den 26.08.2004, slik at eit tiltak om arealforandring frå friområdet (park) til næringsføremål blir gjennomført og bygging/utviding av ny adkomstveg og tilbygg til eksisterande næringsbygg (næring + bensinstasjon) kan omsøkjast og handsamast. Løyve er heimla i §19-2 då omsyna bak planen vert på ingen måte tilsidesett, og fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene. Det kan gjevast dispensasjon under følgjande vilkår: 1. Utbygging av detaljplanområdet skjer elles i.h.t. gjeldande detaljplan. 2. Den delen av gangvegen langs Onarheimsvatnet, som faller vekk gjennom utviding av næringsområdet, blir erstatta før tiltaket vert gjennomført av tiltakshavar. Gangvegen må kunne brukast av ålmenta gjennomgåande. 3. Føreset at nyoppført lagerhall ivaretek estetikken i området. Før tiltaket kan igangsettjast må det vera omsøkt og gjeve løyve etter Plan- og bygningslova. PS 2016/157 Behandling oppstart detaljreguleringsplan for del av 142/7,10 og 143/163, 122 - Gang- og sykkelbru Hellandskrysset - Husnes - Kvinnherad kommune Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite vedtek i samsvar med utgreiinga nedanfor oppstart av detaljreguleringsplan for del av 142/7,10 og 143/122,163 for utarbeiding av Gang og sykkelbru/veg og samkøyrings/utfartsparkering i tilknyting til Hellandskrysset. Kvinnherad kommune side 10 Oppstart skal kunngjerast og varslast i tråd med pbl §12-8. PS 2016/158 Mindre endring detaljreguleringsplan (endeleg vedtak) Hellandskrysset - endring rundkøyring - Husnes - Kvinnherad kommune Behandling i Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 21.12.2016 Kvinnherad forvaltningskomite godkjenner med heimel i pbl § 12-14 mindre endring av eksisterande reguleringsplan for deler av Fv 48 slik at det kan byggjast ny rundkøyring i Hellandskrysset i samsvar med plankart, planomtale og føresegner dagsette 31.10.2016. Rådmannen får fullmakt til å gjera mindre justeringar av plandokumenta i samsvar med godkjenningsvilkår frå Statens vegvesen. Kvinnherad kommune side 11 Refererte vedtak (delegert sak) RV 2016/4 Settefylkesmannen - vedtak i klagesak - avslag dispensasjon bølgebrytar 248/28 - Utåker - Elias Hasan Vedtak i Klagesak RV 2016/5 Fylkesmannen - stadfesting av vedtak - 115/20 - dispensasjon naust/brygge - Jarle Snilstveit Stadfesting - 115/20 - oppføring av naust og brygge Kvinnherad kommune side 12
© Copyright 2024