Rosendalsvegen 10 Kvinnherad kommune 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 Fellestenester Politisk sekretariat [email protected] www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» Saksbehandlar Kjartan Thoresen Tlf. direkte innval 53483168 Vår ref. 2008/1384-23 Dykkar ref. «REFDATO» Dato 11.02.2015 BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven Kvinnherad forvaltningskomité hadde saka føre i møte 4.2.2015 med vedtak nr 2015/18. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Då saka gjeld dispensasjon etter plan- og bygningslova kap 19, vert kopi av vedtaket også send til berørte regionale og statlege styresmakter for eventuell klagevurdering. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/eInnsyn/Journalpost/Details/311547 Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka. Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova §1-9. Vi viser også til pbl §21-9 om at eit dispensasjonsløyve fell bort etter 3 år dersom eit tiltak ikkje er igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling). Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 2 Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Kjartan Thoresen Mottakarar: Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 Bergen Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen Liv Helvik Skjærven Halsnøy Trelast A/S 5454 Sæbøvik Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 3 Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe 2008/138422 Saksbehandlar Kjartan Thoresen Saksgang Saksnr Utval 2015/18 Forvaltningskomiteen Møtedato 04.02.2015 Behandling forlenging av dispensasjon - 196/51 - brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad kommune gjev dispensasjon frå plankrav på område F-15, samt vannareal for allmenn flerbruk i gjeldande kommunedelplan. Det kan difor gjevast løyve til oppføring av brygge og slipp på 196/51 som omsøkt. Dispensasjonen er heimla i pbl §19-2 og omsyna bak planen vert ikkje vesentleg tilsidesett, og ulempene ved dispensasjon er mindre enn føremonene. Behandling i Forvaltningskomiteen den 04.02.2015 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 04.02.2015 Kvinnherad kommune gjev dispensasjon frå plankrav på område F-15, samt vannareal for allmenn flerbruk i gjeldande kommunedelplan. Det kan difor gjevast løyve til oppføring av brygge og slipp på 196/51 som omsøkt. Dispensasjonen er heimla i pbl §19-2 og omsyna bak planen vert ikkje vesentleg tilsidesett, og ulempene ved dispensasjon er mindre enn føremonene. Saksutgtreiing: Historikk: Januar 2011: det blir søkt om dispensasjon frå plankravet (arealet er sett av til fritidsbustad m/plankrav) for å setje opp naust og bryggje. Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 4 September 2011: forvaltningskomiteen behandlar dispensasjonssaka og går samrøystes for rådmannen si positive innstilling. Statens vegvesen vil ikkje godkjenna avkøyrsla til naustet, slik at tiltakshavar ikkje fekk koma igong med tiltaket innan fristen på 3 år. August 2014: det vert søkt om Figur 1: Overisktskart, Toftevågen. forlenging av dispensasjonen frå oktober 2011 (denne går ut etter 3 år). Tiltakshavar veljer å endra dispensasjonssøknaden til å berre gjelda bryggja, og utsetja naustplanane til avkøyrsla er avklara med statens vegvesen. Rådmannen tek no opp saka for å forlenga dispensasjonen frå 2011, som no berre gjeld bryggja. Søkjar: Liv Karin Helvik Skjærven Søknad dagsett: 08.01.15 Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om same bryggja som det vart gjeve dispensasjon til i 2011, med støypekant ut til sjølina med ei 2m lang trebryggje framføre. Trebryggja vert 2 X ,4,20m brei. I tillegg er det søkt om slipp i betong, som vist på teikning. Figur 2: Situasjonsplan og teikning. Arealstatus og strandsone Det omsøkte arealet ligg i eit område som er sett av til fritidsbustad, med krav om utarbeiding av reguleringsplan etter gjeldande kommunedelplan som var vedteken 25.09.2008. Sjøarealet er sett av til allmenn flerbruk. Heile parsellen ligg innafor 100m-beltet frå sjøen, men i dette område er det ein detaljplan som skal avgjere byggjegrense til sjø. I kommuneplanen er det omsøkte arealet sett av til byggjeområde, slik at byggjeforbodet i 100-metersbeltet er oppheva. Det er ikkje gjort vurdering av funksjonell strandsone i området. Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 5 Figur 3: Ortofoto og kommuneplansituasjon. Nabovarsel Aktuelle naboar er varsla, det er ikkje komen merknad. Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka har ikkje vore sendt på uttale til regionale eller statlege styresmakter då deira interesseområde ikkje vert råka. Fylkesmannen får eit ev. positivt vedtak sendt på klagevurdering. Naturmangfaldlova Det er ikkje registrert særskild viktige naturtypar eller biologisk mangfald i området (www.naturbase 29.01.15). Kulturminne Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne, sefrak-bygningar eller anna i området (www.kulturminnesok.no 29.01.15). Støy Ikkje relevant. Klimatilpassing Bryggja må tilpassast og dimensjonerast for ekstremvær. Aktuelle lovheimlar Det planlagte tiltaket krev dispensasjon etter pbl § 19-2 frå føremålet vannareal til allmenn friluftsliv, samt plankravet i kommunedelplanen for Halsnøyområdet. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 6 Vurdering og grunngjeving Eigedomen ligg i eit område med plankrav. I praksis vil det seie at ein reguleringsplan, evt. kommunedelplan, bør utarbeidast før nybygging kan skje. Dette er det gitt ei retningsline om på s. 23 i planforklaring, føresegner og retningsliner for kommunedelplan for Halsnøy-området 2008 – 2017. Det har ikkje vore kommunen sin intensjon å hindra utbygging på allereie frådelte tomter i dette området. Eit tidlegare utkast til retningsliner for området tok omsyn til dette ved å presisera at det på slike tomter skulle kunne søkjast direkte om byggeløyve. Denne formuleringa vart ikkje godkjent av fylkesmannen, og vart difor teken ut av planen før endeleg vedtak. Kvinnherad kommune gav i tillegg løyve til frådeling av tomta så seint som i 1989 (sjå vedlegg). Administrasjonen meinar på bakgrunn av dette at omsyna bak planen ikkje vert vesentleg tilsidesett, og ulempene ved dispensasjon er mindre enn føremonene. Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
© Copyright 2024