Truckførersertifisering enkeltplass AMO

Enkeltplass arbeidsmarknadsopplæring (AMO)
TRUCKFØRARSERTIFISERING
NAV Tiltak Akershus har inngått ein rammeavtale på enkeltplass AMO
truckførarsertifisering for truck med løftekapasitet til og med 10 000 kg.
Målgruppe:
 Du må vere tilmeldt NAV
 Du må ha eit ønskje om å arbeide innan truck/lager og evt. ha eit jobbtilbod
 Du må vere over 19 år
 Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B
 Du må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer at du har føresetnader for
å kommunisere og å ta til deg kunnskap i tiltaket
Fagleg innhald og organisering:
 Det skal bli gitt opplæring i truck for klassane T1 – T4
 Fagopplæringa skal gjennomførast i samsvar med Opplæringsplan for sertifisert
sikkerheitsopplæring og etter forskrift om utføring av arbeid
 Modulane som skal bli gjennomgåtte er modul 1.1, 2.2, 3.2 og 4.2
 Tal på opplæringstimar er 42 timar à 45 minutt
 Kurset skal som utgangspunkt bli gjennomført i løpet av ei arbeidsveke.
Dersom teoretiske og praktiske testar ikkje blir bestått første gongen er det mogleg å gjere eit
nytt forsøk. Det vil også vere mogleg å gjennomføre den teoretiske prøven munnleg ved behov.
Sertifisering:
Dersom du består kurset vil det bli skriven ut eit sertifiseringsbevis for truck med løftekapasitet
til og med 10 000 kg.
Gjennomføringsstad:
 Ulvenveien 84, Oslo: Teori (med leveringsteneste til/frå praksisdel i Bråteveien 182 og
200)
 Bråteveien 182 og 200, Skjetten: Teori og praksis
Korleis melde seg på kurset:
Påmelding skjer via din NAV saksbehandlar.
www.nav.no