Askrovabladet 2016 som julehefte!

Askrovabladet 2016 som julehefte!
-Igjen har redaktørane lagt hovuda i blaut for å finne ein del unyttige «fun facts» om jul og julefeiring, og
noko av det de les her vil nok sjokkere mange! Gåvegivinga er ikkje basert på tre vise menn. Det står
ingenting i bibelen om tre vise menn, berre om tre gåver, (ikkje skyt redaktørane, det er google.no som seier
dette). Basisen for gåvegivinga er nok den romerske religiøse festen, «Saturnalia», der venner gav
kvarandre gåver. Datoen var for øvrig 17.desember, og festen varte i sju dagar der ein på den siste dagen
bytte gåver...
- Skal ein brukte Bibelen som sanningsbevis for kva tid jula eigentleg er, så er den mest sannsynleg i mars. I
tillegg trur ein at fødselen til Jesus skjedde i år 6.
- Dei tradisjonelle tre julefargane er grøn, raud og gul. Fargen grøn er eit symbol for liv og gjenføding, raud
er symbolet for Kristus blod og gul representerer lys, men òg velferd og kongelighet.
- Julehefta og juleteikneseriane har lange tradisjonar i Noreg og sjåast definitivt på som eit særnorsk
fenomen. Julehefter har eksistert heilt sidan første halvdel av 1800-tallet, men det er først for omlag 100 år
sidan at teikneseriehefter blei utgiven i forkant av julehøgtida. Vi har tidligare skrive om tradisjonar, og vi
kan no kalle Askrovabladet for ein tradisjon, som blir gitt ut som julehefte.
• I tradisjon tru har landhandlaren igjen sendt førespurnad til dei lokale ekspertane når det kjem til juleøl.
Smaksprøva blei gjennomført som ein juletradisjon, i Svardahl`s beach house, med ein klar vinnar av
boblebrus til jul. Igjen vil tradisjonar komme til syne. Sidan vi er underlagt alkohollova, kan vi ikkje
reklamere, og dermed heller ikkje avsløre kva resultatet blei, men stikker du nasa innom Nærbutikken i
adventstida eller i romjula, vil du få god guide til kva som anbefalas til pinnekjøtet i jula.
• Det blei berre nokon få, små og rolege dugnadsoppdrag på vårparten, som oppmerking av turløype,
vedlikehald av grendehus og leikeplass. Grendehuset har fått ny bar, gang og garderobe er malt, samt er
det installert vaskemaskin på lageret.
• Sjølvsagt arrangerte Askrova Bygdelag barnas dag på leikeplassen i
påska. Vi grilla, et kaker og drakk brus, i tillegg til at ein sprettande
hare kom innom med påskeegg til små og store born. Bygdelaget
synes dette er ein fin gest til born og vaksne for dugnad som blir
gjennomført på Askrova og Tansøy.
• Vestlandets store happening for mange, er jo sjølvsagt Øyacupen.
Denne blei i tradisjon tru sparka i gong første helga i juli, med
strålande sol, topp stemning og mykje god sambafotball. Igjen hevda
heimelaget Askrova seg godt, men måtte til slutt sjå seg slått i finalen
av Æsøyna, som vann fortent 2-0. Dagen blei avslutta med
sommardans i Grendehuset og her hevda både Askrova og Æsøyna seg
godt i eit hyggeleg lag, saman med fleire av dei 12 påmeldte laga.
• For første gang på mange 10-år blei det arrangert bygdebryllaup på Askrova. Eit ekte trollbryllaup blei
arrangert over ei helg, både på Krisen Kro og i grendehuset. Det var eit nydelig brudepar som forlet altaret i
bedehuset til song og stormande jubel. Vi gratulerer brudgom og brud, og eit dikt på dykkas veg er vel
fortent;
To må man være
til kyss og til klem.
To til å danse
og sammen gå hjem.
To til å munnhugges
når man er vred,
Og to til å enes
når man ønsker fred.
• Sidan 2009 har Askrova Bygdelag vore grasrotmottakar, og i år har vi fått inn ca. 28.000,- frå 106
forskjellige støttespelerar. Pengane går til opprusting av idrettsanlegg og tilrettelegging for
fritidsaktivitetar. Vi takkar alle som støttar oss. Vil du støtte oss? – Magne eller Berit fikser det på butikken
(det er kostnadsfritt for deg som spelar)!
• Fiskekonkurransen gjekk av staben i juli. Vêret sto ikkje til forventningane, då det var
mykje vind og regn. Deltagar-lista blei deretter, med berre 8 påmeldte båtar. Vi vel
derfor å ikkje gjennomføre fiskekonkurranse i 2017, då det tek for mykje av
kapasiteten til dugnadsgjengen.
Skaldyrfest, eller haustgilde om vi vil, gjekk av staben i oktober. Dei lekraste av havets
delikatesser blei trylla fram frå både fisk og skaldyr, som kom lokalt frå området rundt Askrova og Tansøy.
Gjestane fekk nye høgder i den gastronomiske verden, der både mat og drikke sto i fokus. God gammaldags
bygdedans blei det òg, med flott musikk frå Roger & Tone. Ein kan kalle festen for eit gilde
der glede står i fokus, og med glede vil ein leve lengre, då ein får betre helse og ein betre
kvardag. Så kvifor ikkje ta turen til haustens happening i 2017? Sett av 30. september!
Askrova bygdelag garanterer for betre helse og eit langt liv etter dette gildet ☺
•
• Turløypa er òg i år flittig besøkt, det ryktes om ny rekord, med over 1500
besøkande i år. Det er 300 besøkande opp frå i fjor. Det blir, som tradisjonen tro,
trekning av tre vinnarar på Kroa, tysdag 23. desember. Sidan Askrovabladet
allereie var gått i trykken, annonseras vinnerane på Askrova.no. Som alltid stiller
Askrova bygdelag med 3 gåver til dei 3 heldige vinnerane, slik som bibelen sier.
4
• Lise-Janne Hovden og Silje Sæther har komponert årets Askrova-kalender (2017), som er å få kjøpt på
butikken i desse dagar. Kalenderen består av bilete som er sendt inn av turistar og fastbuande på
Askrova/Tansøy, og som tidlegare er dette eit flott stykke arbeid. Alle som har sendt inn bileter som kom
med i kalenderen, har fått kvar sin kalender som takk for bidraget.
• Det blei i år òg arrangert juletrefest i Bedehuset. Presten haldt
gudsteneste, vi gjekk rundt juletreet og et god julegraut. Ein flott
arrangement-avslutning av året. Stor takk til Bente, Berit, Kjellfrid og
Venke.
•
Som tradisjon tru, bræææækte det laus med skjeltefest på Krisen Kro 26.
november. Det var ca. 30 gjestar til mat og hygge den kvelden.
• Sommarens styremøte enda med vedtak om bygging av klatrevegg i grendehuset, med forbehold om at
minimum 50 % av utgiftene blei dekka av sponsormidlar, eller innhenta frå søknader. Klatreveggen
påbegynnes på nyåret, og skal være ferdig til påske 2017. Vi søkte gjensidigestiftelsen om pengar og fekk
innvilga 24.000,- samt at anleggsgartnar Wikholm kjøper inn det ein treng av material til bygginga.
• Til sommaren startar endeleg utbygging av fiber. Vi sendte rundt ei liste i haust/vinter, der folket kunne
melde si interesse. Vi hadde eit hårete mål om å få 60 husstandar på lista, men klarte å nå heile 67!
• Askrova Bygdelag har inngått avtale med HS Production om produksjon av ein reklamefilm om Askrova.
Denne har vi brukt ca. 1 år på å lage, og «release party» blir 21.januar i grendehuset. Hugs å sette av denne
datoen, då spanderer bygdelaget lett servering og ein liten dans etterpå. Vi held mat og noko godt å drikke
til maten, de kjem med det de ynskjer av tilbehør til resten av kvelden. Denne festen blir som ein
dugnadsgåve til alle som har stått på for bygdelaget i 2016 (innbydingar kjem i posten på nyåret). I
forbindelse med filmproduksjon har vi fått inn sponsorar for dette: Skaar Norway, Progresso AS, Flora
Skyssbåt, Aqua Supply, Ivest Consult og Firdaposten.
-
Mål for 2017
Ferdigstille klatrevegg, bygge kjølerom, montere ny steikeovn og oppgradere lys i grendehuset.
- Bygge gapahuk på leikeplassen og male rekkverk rundt leikeplassen☺
Tusen takk for all innsats, dugnad, positiv respons og oppslutning rundt våre aktiviteter!
Jula er tida for ettertanke, glede og kjærleik.
Jule- og nyttårshelsing frå
– redaktørane –