Vaksine mot meningokokksykdom (smittsam hjernehinnebetennelse) Skulehelsetenesta ved skulen vil i 2017 tilby alle elevar i første skuleår (Vg1) vaksinasjon mot meningokokksjukdom. Elevar på Vg2 og Vg3 vil få tilbod om vaksinen dersom dei ikkje har fått dette tilbodet før. Andre som ynskjer vaksinen kan kontakte fastlegen sin for dette. Vaksinen som kostar kr. 410,00, må betalast via kortautomat på staden der vaksinen vert gjeven. Vaksinasjonen startar i veke 10 og ein har som mål at denne skal vere gjennomført seinast i veke 12. De vil få informasjon om aktuell vaksinedato/datoar frå skulehelsetenesta. Bestillingsskjema ligg utanfor kontoret til skulehelsetenesta. Dei elevane som ynskjer vaksine, må returnere utfylt skjema til kontoret på skulen innan fredag 13.01.2017. Meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon finn de på sidene til Folkehelseinstituttet: Ungdom bør vurdere å vaksinere seg mot smittsom hjernehinnebetennelse
© Copyright 2024