Kurskatalog 2017 Bygningsvern i Valdres Kurs 1 Smiing for ungdom Instruktør: Knut Olav Dokken Stad: Valdres Folkemuseum Tid: 1., 8, 15. og 25. mars (3 kveldar + 1 dag) Varigheit: 16 timar Pris: kr 2.000,- inkl. mat og materiell (rabattpris: kr 1.800) Kurs 2 Smiing for vaksne Instruktør: Knut Olav Dokken Stad: Valdres Folkemuseum Tid: 2., 9., 16. og 26. mars (3 kveldar + 1 dag) Varigheit: 20 timar Pris: kr 2.800 inkl. mat og materiell (rabattpris: kr 2.500) Kurs 3 Istandsetjing av gamle ovnar Instruktør: Anders Sundvoll Stad: Breie gard i Etnedal Oppstart: 18. og 19. mars Varigheit: 14 timar Pris: kr 2.500 (rabattpris: kr 2.200) Foredrag Ola H. Fjellheim (Generalsekretær i Fortidsminneforeningen) Inger Toril Breien (Breie-eigar og eldsjel) Kurs 4 Tørrmuring Instruktør: Knut Andreasen Stad: Valdres Folkemuseum Tid: 27.-29. april Varigheit: 24 timar Pris: kr 2.800 (rabattpris: kr. 2.500) Kurs 5 Lafting Instruktør: Henning Olstad Stad: Skiferplassen på Fagernes Tid: 8.-13 mai Varigheit: 45 timar (pluss to kveldssamlingar) Pris: kr 5.500,- (rabattpris: kr 4.500) Kurs 6 Kolmilebrenning og jarnproduksjon Instruktør: Jostein Espelund og Thomas Aslaksby Stad: Nørrestogo i Dalsbygda i Øystre Slidre Tid: 12.-14. mai Varigheit: 24 timar Pris: kr 2.800,- (rabattpris: kr 2.500) Kurs 7 Neverflekking og tekking Instruktør: Steinar Moldal Stad: Del 1 Piltingsrud i Begnadalen Del 2 Valdres Folkemuseum Tid: Del 1 Flekking 10. juni (væravhengig) Del 2 Tekking 6.-8. juli Pris: kr 1.500 (rabattpris: kr 1.300) Varigheit: Del 1: 8 timar Del 2: 24 timar Foredrag: v/Terje Tvenge om demontering og dokumentasjon av nevertak Kurs 8 Tekking med skifer Instruktør: Odd Arne Rudi Stad: Noraker gard i Aurdal Tid: 15.-17. september Pris: kr 3.500,(rabattpris: kr 3.200) Varigheit: 30 timar Kveldstur til Valdres skiferbrudd Kurs 9 Søknadsskriving, rettleiingskurs Instruktørar: Katharina Sparstad (Valdres Natur- og Kulturpark) Anne Marie Mørstad (SMIL - Vestre Slidre kommune) Representant frå Norsk Kulturminnefond Stad: Kommunestyresalen i Vestre Slidre Tidspunkt: 3. oktober Varigheit: 7 timar Pris: kr 200,Tema: Kvar og korleis søke støtte til restaurering og tilrettelegging av kulturminne Kurs 10 Sjablongskjering og måling Instruktør: Knut Øystein Bakken Stad: Svinlibrøta i Øystre Slidre Tidspunkt: 24.–26. november og 8.–10. desember Varigheit: 30 timar Pris: kr 3.500,- (rabattpris: kr 3.200) Kurs 11 Temakveld verktøy Stad: Vang folkebibliotek Tid: 15. november Pris: kr 100 (inkl. servering) Tema: Ta med verktøy du ikkje kjenner bruksområda til eller som du har lyst til å visa fram! BYGNINGSVERNARBEIDET I VALDRES Formål: Bygningsvernarbeidet har vore satsingsområde ved Valdresmusea sidan 2009. Formålet er å bidra til auka bevisstgjering og bevaring av bygningsarven i Valdres. Kursrekka: Kvart år tilbyr vi 10-15 ulike bygningsvernkurs, etter etterspurnad frå huseigarar og andre. Døme på emne er lafting, taktekking, restaurering av vindauge, gamle målingsteknikkar, smiing og muring. Målgruppa er særleg huseigarar, handverkarar og andre med interesse for eldre handverksteknikkar. Nokre av kursa er retta mot ungdom. Kursa er svært populære og blir oftast fullteikna. Vi tek atterhald om endringar. Tilbyr gratis dagsverk: Bygningsvernrådgjevaren dreg også på synfaring, skriv tilstandsrapportar og gjev råd om istandsetting av hus og anlegg. Eigarar av verneverdige hus i Valdres kan få inntil 1 gratis dagsverk. Arbeid ut over dette vert fakturert frå Valdresmusea. Rapportane blir gjerne nytta som vedlegg til søknadar til Kulturminnefondet og SMIL-ordninga og anna. Offentleg forvaltning: Vi gjev fagleg bistand til kommunane, og har mellom anna vore ein aktiv deltakar i oppstarten av fredingsprosessen på Bagnsbergatn i Sør-Aurdal. Anna formidlingsarbeid skjer gjennom artiklar og kronikkar, foredrag, konferansar og sosiale medium. Følg gjerne «Bygningsvern i Valdres» på Facebook. Samarbeid: Oppland fylkeskommune Kulturminnefondet Verne-Vøla (kontaktperson: Arild Stensrud; [email protected]) Valdres Natur- og Kulturpark (kontaktperson: Katharina Sparstad; tlf. 99 00 95 84, [email protected]) Kurspåmelding og bygningsvernrådgjeving og anna bistand: Bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi E-post: [email protected] Telefon: 97 68 90 65 / 61 35 99 07 Betaling for kurs: Betaling til kontonummer 2070 05 01524, merk med kursnummer. Prisen inkluderer mat og eventuelle materialar. Rabatt for medlemmar i Verne-Vøla, Fortidsminneforeningen og innehaverar av årskort for Valdresmusea. www.valdresmusea.no Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
© Copyright 2024