Phd-avhandling Negotiating Religion and Development: Diaconal Praxis in the Bolivian Andes Avhandlinga studerer internasjonal diakonal praksis i Andes-regionen i Bolivia. Det er ei case-studie av to bolivianske aktørar, ein trusbasert (kristen) utviklingsorganisasjon (Misión Alianza de Noruega en Bolivia, MAN-B) og ei nasjonal luthersk kyrkje (Iglesia Evangélica Luterana de Bolivia, IELB). Eg spør korleis desse to institusjonane konstruerer relasjonar mellom religion og utvikling i deira diakonale praksis. Funna peiker mot at dei to institusjonane og enkeltpersonane som jobbar der konstruerer relasjonar mellom religion og utvikling gjennom forhandlingar. Dei forhandlar mellom tenking frå både teologi og utviklingsteori og i relasjonar til ulike aktørar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Enkeltpersonane forhandlar dagleg mellom eigen profesjonalitet, personleg tru og kulturell identitet. Ulike religiøse tradisjonar lokalt, i Bolivia og internasjonalt krev også forhandling av teologisk forståing. Desse forhandlingane inneber spenningar som både kan vera positive og negative for trusbaserte organisasjonar. Måla for arbeidet er både religiøst og utviklingsteoretisk grunna, noko som gir dei høve til å nytte ressursar frå begge felt. Samstundes vert internasjonale retningslinjer om å skilja religiøs forkynning frå utviklingsarbeid problematisk. Funna preiker også på at nokre utviklingspolitiske mål ikkje samsvarar med alle teologiske tolkingar, og at dette i lita grad vert snakka om. Det er også spenningar knytt til makt og påverknad. Vestlege donorar har stor påverknad, men det same har lokalsamfunna institusjonane jobbar i. Både forståinga av utvikling og teologiske tolkingar vert påverka desse. I skriftlege dokument og på leiarskapsnivå er det donor sitt «språk» som har størst gjenklang, medan dei som jobbar i lokalsamfunna i større grad identifiserer seg med lokal forståing. Funna viser at den diakonale praksisen fører til myndiggjering, forvandling og forsoning på viktige felt for lokalsamfunn generelt og kyrkjer og kvinner spesielt. Samstundes viser dei også at praksisen enn så lenge i liten grad evnar å utfordra etablerte maktstrukturar og bidra til grunnleggande rettferd i samfunnet.
© Copyright 2024