16 Torsdag 19. februar 2015 Ungdata-undersøkelsen Mattips av Vinay Tangen 10 pers. Klippfiskboller 500 g bløtlagt klippfisk 500 g poteter 2 dl olivenolje 5 hvitløksklyfter 1 dl hvetemel 2 eggehviter 2 dl paneringsbrød Olje til fritering Kok klippfisk og poteter sammen med hvitløk, vann og olivenolje til de er møre. Mos klippfisk og poteter til en glatt masse, spe med olivenolje. Smak til med even. salt og pepper. Rull massen til små boller. Slå sammen eggehviter i en bolle, legg hvetemel på en tallerken, likeledes paneringsmel. Vend bollene i hvetemel, deretter i eggehvite, løft de over i paneringsmelet. For å få en tykkere panering kan dette gjøres to ganger. Stek de gyldne i varm olje, deretter over på papir så fettet trekkes ut. Krabbeboller Krabbekjøtt benyttes istedenfor klippfisk. Mos møre poteter som er kokt i vann, olivenolje og hvitløk sammen med krabbekjøtt. Ellers samme fremgangsmåte. På kommunestyremøte sist torsdag orienterte Rita Valkvæ og Paul Gordon frå Kompetansesenteret Rus - Midt-Norge om Ungdata-undersøkelsen av dei som gjekk på ungdomstrinnet skuleåret 2013-14. Øyavis - ODD FREMSTEDAL -Vi må satse på det positive og ta dei unge med på råd. Her er mykje bra i Midsund, men vi må vere merksam på overgangen mellom 9. og 10. klasse. På mange viktige punkt ligg midsundelevane godt over gjennomsnittet for landet, sa Valkvæ. Ungdata-undersøkelsen vart gjennomført på Midsund skule i veke 14 i 2014, 76 av dei 84 elevane leverte svar på undersøkelsen som var delt i 6 hovudtema. Foreldre og vennar. 88% svarte her at dei hadde Felles handlingsplan for Aukra og Misund «Mot vold i nære relasjonar» På bildet ser vi frå venstre; Leif Arne Lagesen, Ingrid Horsgård, Grethe Sand Indrebø, Sissel Telnes Orvik, Anniken Stormyr, Elin Hamnes, Jorunn Hurlen og Marit Thorsen. I tillegg er Ann-Elise Løken, Anita Bugge, Kari Lene Valestrand og Sissel Henriksen med i arbeidsgruppa. Den 23. januar 2015 vart det arrangert «Kick off» for ei felles handlingsplan for Midsund og Aukra. Ei lokal handlingsplan mot vold i nære relasjonar skal lagast og implementerast i kommunane. Dette arbeidet spring ut frå eit interkommunalt samarbeid mellom eigarkommunane til krisesenteret i Molde. «Kick off» vart arrangert i Misund. Både politikarar og tilsette i begge kommunane vart invitert til å vere med. Mange kom for å høyre om dette arbeidet. Ingrid Horsgård, Leiar ved krisesenteret, og Anniken Stormyr, Familievoldskoordinatori politiet fortalde om arbeidet og om diverse tiltak som vert gjort kring dette temaet. Vold i nære relasjonar omfattar heile aldersspekteret frå gravide, barn/ ungdom, vaksne og eldre. Plana vil famne kring heile livsløpet og innehalde tiltak og prioritringar som skal hjelpe menneske som opplever å være i ein vanskeleg situasjon. Vold i nære relasjonar er eit stort folkehelseproblem. Vold er krenkande, skambelagt, kan være traumatiserande, gje psykiske og fysiske lidingar og i ytterste konsekvens død. Det er gjennom Meld. St. 15 (2012-2013) gjort synleg ei politisk einigheit om at vold i nære relasjonar er eit kriminalitets-, helse- og sosialområde som krev innsats og ressursar. Tlf. 71 27 91 50 - 918 21 460 Lastebiltransport ● Containertransport/-utleige ● Rita Valkvæ og Paul Gordon frå Kompetansesenteret Rus - MidtNorge orienterte om Ungdata-undersøkelsen på kommunestyremøte sist torsdag. minst ein venn dei kunne stole fullstendig på og 86% var fornøgd med vennane sine, 77% var «svært fornøgd» eller «litt fornøgd» med foreldra sine. Når det gjaldt vennar og foreldre låg midsundelevane litt under landsgjennomsnittet. 74% var svært eller litt fornøgd med lokalmiljøet mens landsgjennomsnittet er 71%. Skole og framtid. 93% av elevane svarte at dei er heilt eller litt einig i utsegna: Eg trivst på skulen. 67% svarar og at dei brukar ein halv til ein time på lekser og anna skulearbeid. Når det gjeld skulking er det 24% som svarte at dei hadde skulka minst ein gong siste året, landssnittet her var 21%. Berre 7% trur dei blir arbeidsledig nokon gong og her er landssnittet 14%. Fritid. 64% av elevane på ungdomstrinnet svarte at dei er aktiv i ein fritidsorganisasjon, litt over landssnittet. Berre 31% svarte at dei siste veka var ute minst to kveldar saman med vennar og det var berre 11% som svarte at dei hadde «shoppa og rusla rundt i butikkar» siste veka, mens landssnittet ligg på 38%. Men dette har vel sine naturlege årsaker. Fleire enn landssnittet har og hatt lønna ekstrajobb og det er berre 23% som svarte at dei brukte over to timar på datamaskina utanom skolen. Landsgjennomsnittet var her 45%. Helse og trivsel. 74%, litt over landssnittet, er fornøgd med helsa si og 62%, landssnittet på 53%, er fornøgd med korleis dei ser ut, heile 84% trenar kvar veke og det er berre 9% som er plaga av einsemd. Og det er berre 3% som svarte at dei er plaga av mobbing. På dei to siste spørsmåla ligg midsundelevane på halvparten av landssnittet. Tobakk og rus. Når det gjeld dette emnet var det fine tal for midsundelevane. Ingen røykte kvar veke, ingen brukte snus kvar veke. 8% svarte at dei hadde drukke seg rusa minst ein gong siste året. På spørsmål om dei ville klare å skaffe seg hasj eller marihuana i løpet av to-tre dagar, svarte 14% «ja» på dette spørsmålet, heldigvis var det berre ein prosent som svarte at dei hadde brukt hasj eller marihuana siste året. På alle spørsmål om tobakk og rus låg midsundelevane langt under gjennomsnittet for landet. Risikoåtferd og vald. 4% svarte at dei hadde tatt med seg vare frå butikk utan å betale, 1% svarte at dei hadde brote seg inn for å stele noko, 4% hadde spraya eller tagga ulovleg, 19% hadde vore i slåsskamp minst ein gong siste året, noko som er det same som landssnittet. 9% har vore utsett for truslar om vald og 3% hadde fått sår eller skade på grunn av vald, her var landssnittet 10% og 7%. -Midsundelevane skorar bra på viktige spørsmål. Dei er aktive på fritida, trivst på skulen, dei har nære vennar, her er lite mobbing og rus samanlikna med landsgjennomsnittet, så her er mykje bra å byggje på, sa Paul Gordon og inviterte til eit arbeidsseminar. Graving - Veier - Tomter Masseforflytning/transport VA anlegg - Landbrukspleie Naturstein/belegningsstein Furu kvalitetsbark, 90 l sekk Mob. 4000 4048 [email protected]
© Copyright 2024