Månadsbrev Januar 2017 Først av alt vil vi seie

Månadsbrev Januar 2017
Først av alt vil vi seie Godt Nytt År.
Vi håpar de har hatt ei roleg og koseleg julefeiring i lag med barna og familien ellers. Det er godt å få
ein pause frå kvardagens travle gjeremål og slappe av utan å gå etter klokka.
I desember laga vi julegaver og julepynt. Vi har hatt fine samlingar der vi har tent lys og lese ei bok
kvar dag. Vi hadde samling på fellesrommet der vi høyrde om Josef og Maria som la Jesusbarnet i
krybba og gjetarane på marka som såg ein engel som sang: «Et barn er født i Betlehem».
I Januar håpar vi at det kjem snø, slik at vi kan bruke den på mange måtar. Vi vil ake, lage snømann,
kanskje lage snølykt, og dersom det blir kaldt nok vil vi fryse is ute. Vi vil og eksperimentera med ulike
materialer.
Vi vil arbeide vidare med sosial kompetanse, korleis skal vi vera med kvarandre, korleis vi kan snakke
med kvarandre i staden for å løysa konflikter kroppslegt. Korleis vi kan leika med kvarandre slik at alle
blir inkludert og har det greit.
Vi vil syngje ulike sangar om snø og is
Det snør, det snør
Snøkrystaller
Jeg er en snømann
Kom vesle hvite snøfnugg
I tillegg til dei som vi syng frå før.
Vi vil fortelje litt om kva tre og blomstrar gjer om vinteren, og kva fuglar og dyr gjer om vinteren.
Vi vil ta bilete av barna sitt ansikt, og klippe det opp i strimlar, der augene er ei strimle, og nasen ei.
Deretter laminerer vi strimlene og heng dei opp på veggen. Barna kan då setje i saman ulike ansikt,
og finne sitt ansikt. Barna blir litt meir bevisste på korleis dei ser ut, og korleis vi kan kjenne att eit
ansikt berre ut frå munnen.
Uansett snø eller ei, vi skal ha ein fin månad på Tommeliten. Vi skal leika og kosa oss slik vi har gjort
heile hausten.
Helsing frå Margot, Tonje, Karen og Vigdis