Bustøtte for desember 2016 – søknaden din er avslått

Side 1 av 3
Retur:
Sarpsborg kommune
Postboks 237
1701 Sarpsborg
Vår dato
10.01.2017
Saksnummer
012345
Per Persen Soap
Pers vei 11
Leilighet 2
1444 Drøbak
Bustøtte for desember 2016 – søknaden din er avslått
Husbanken har behandla søknaden din om statleg bustøtte og avslått den med heimel i lov og
forskrift om bustøtte.
Grunngiving for avslaget
Det er tilhøvet mellom inntektgrunnlaget og bukostnadene som avgjer om du har rett til bustøtte.
Utrekninga syner at inntektgrunnlaget i husstanden er for høgt i høve til bukostnadene.
Øvre inntektgrense for din husstand er 207 464 kroner, mens inntektgrunnlaget i husstanden er
350 241 kroner. Du har derfor ikkje rett til bustøtte. Sjå vedlagte utrekning og oversikt over
inntektgrunnlaget og bukostnadene som er brukt i utrekninga.
Du har rett til å klage
Dersom du meiner noko er feil i dette vedtaket, kan du klage. Klaga skal vere skriftleg, og du må
sende ho til kommunen innan tre – 3 – veker frå du får dette brevet. Ønskjer du å klage på
inntektsgrunnlaget som er brukt i utrekninga, må du fylle ut eit eige klageskjema som du finn på
husbanken.no. Du kan også få det hos kommunen.
På husbanken.no finn du rettleiing til korleis du klagar. Du kan også be kommunen om hjelp til å
klage.
Send klaga til Sarpsborg kommune, Postboks 237, 1701 Sarpsborg. Hugs å opplyse om namn,
fødselsnummer og kva du er usamd i. Dersom du kjem med nye opplysningar i klaga, må du
dokumentere dei.
Søk på nytt dersom du meiner du har rett til bustøtte
Dersom du meiner du har rett til bustøtte, må du søkje på nytt. Det må du gjere sjølv om du klagar
på dette vedtaket. Du kan ikkje vente til du får svar på klaga.
Du kan søkje bustøtte elektronisk på husbanken.no. Elektronisk søknad gjer det enklare for deg å
søkje.
Nytt regelverk frå januar 2017
Frå januar 2017 går vi over til å rekne bustøtte ut frå inntekta du/de faktisk har kvar månad. Vi
hentar då inntektsopplysningane som arbeidsgivarar, NAV og andre meldar inn til Skatteetaten
kvar månad. Vi vil og bruke opplysningane om formue og inntekter som du sjølv meldar inn til
Skatteetaten kvart år. Barn si inntekt og formue er ikkje lenger med i inntektsgrunnlaget.
Endringane i regelverket gjer at du kan ha rett til bustøtte i månader med låge inntekter. Derfor bør
du vurdere å søkje på nytt dersom du ikkje allereie har gjort det.
Ny søknadsfrist er den 25. kvar månad. Søknadsfrist for januar er 25. januar. Bustøtte for januar
blir betalt ut 20. februar. Det er 10 dagar seinare enn i dag.
Opprett digital postkasse
Digital postkasse gjer det enkelt å få post digitalt. Ein digital postkasse er ditt eige trygge arkiv, der
Side 2 av 3
Vår dato
10.01.2017
Saksnummer
012345
du lett finn igjen post frå det offentlege når du har bruk for det. Du blir varsla på SMS eller epost
når vi sender ut viktige brev. Opprett digital postkasse gratis på Norge.no.
Du kan også logge deg på husbanken.no og lese vedtaket ditt. Der blir vedtaka dine lagra i ein
meldingsboks.
Meir informasjon
Vedtaket har heimel i bustøttelova § 6 og bustøtteforskrifta §§ 1 til 8. Du finn meir informasjon om
regelverket for bustøtte på husbanken.no.
Dersom du ønskjer å snakke med nokon om bustøtte, må du kontakte bustøttekontoret i
kommunen. Har du fødselsnummeret ditt klart, er det lettare å gi deg rask og god hjelp.
Besøksadressa til bustøttekontoret er Team bolig, Kirkegata 69, Sarpsborg.
Med helsing
HUSBANKEN
i samarbeid med Sarpsborg kommune
Side 3 av 3
Vår dato
10.01.2017
Saksnummer
012345
Utrekning av bustøtte for desember 2016
Godkjende bukostnader per månad (øvre grense)
- Trekk eigenandel (utrekna av inntekt på 350 241 kroner)
Sum vedtatt bustøtte
Beløp per månad i kr
6 066
21 898
0
Inntektsgrunnlaget for husstanden
Vi har brukt inntekt og formue frå skatteoppgjeret for 2015.
Namn
PERSEN PER
Type inntekt
Alminneleg inntekt
Minstefrådrag
Beløp i kr
151 456
81 300
+ 65% av netto formue minus fribeløp
(430 746 kr – 250 000 kr) × 65%
Samla inntektsgrunnlag for husstanden
117 485
350 241
Fribeløp for formue – det blir gjort frådrag i netto formue på inntil 250 000 kroner.
Bukostnader (Leid bolig):
Type bukostnader
Husleige/felleskostnader
Totale bukostnader
Beløp per månad i kr
8 232
8 232