informasjonsskriv

Informasjon om oppretting og stadfesting av
framtidsfullmaktar
1. GRUNNLEGGJANDE INFORMASJON OM ORDNINGA
1.1.
Kva er ei framtidsfullmakt?
Ei framtidsfullmakt er ei fysisk fullmakt som gir ein eller fleire personar moglegheit til å ta vare på
fullmaktsgivar sine interesser på bestemte område, dersom fullmaktsgivar, på grunn av sinnsliding,
demens, eller alvorleg svekka helse, ikkje lenger er i stand til å ta vare på sine eigne interesser i
tilhøve som er omfatta framtidsfullmakta, jf. verjemålslova § 78.
1.2.
Kva inneber det at ein opprettar framtidsfullmakt?
Oppretting av framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til ordinært verjemål, og kan delvis eller
fullt ut erstatte verjeordninga og offentleg innblanding. Ei framtidsfullmakt gir den enkelte større
grad av sjølvråderett òg etter at ein ikkje lenger er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner.
1.3.
Når er det aktuelt å nytte ei framtidsfullmakt?
Så lenge ein er samtykkekompetent, og dermed i stand til å forstå kva disposisjonen inneber (sjå
punkt 2.2), vil vedkomande normalt kunne ta vare på seg sjølv – anten utan andre si hjelp eller ved å
gi nokon ein har tillit til, ei alminneleg fullmakt. Ved alvorleg svekka helse vil det likevel kunne vere
vanskeleg. Dersom vedkomande, på eit seinare tidspunkt, vert vurdert å vere ikkjesamtykkjekompetent i eitt eller fleire tilhøve, vil han/ho ikkje lenger vere i stand til å ta avgjersler på
området. Alminnelege fullmakter vil òg falle bort dersom fullmaktsgivar sin helsetilstand gjer han/ho
ute av stand til å kalle fullmakta tilbake. Når personen ikkje kan treffe ei eller fleire avgjersler sjølv, og
heller ikkje kan overlate det til andre gjennom ei alminneleg fullmakt, vil det oppstå behov for
verjemål med mindre personen har oppretta ei framtidsfullmakt. Framtidsfullmakta må då fullt ut
dekkje fullmaktsgivar sine hjelpebehov.
2. OPPRETTING AV FRAMTIDSFULLMAKT
2.1.
Kven kan opprette ei framtidsfullmakt?
Fullmaktsgivar må «[ha] fylt 18 år». Vedkomande må i tillegg «[ha] evnen til å forstå fullmaktens
betydning», jf. verjemålslova §79, jf. § 84. I sistenemnte vilkår ligg det at personen må vere
samtykkjekompetent på opprettingstidspunktet (sjå punkt 2.2). Så lenge fullmaktsgivar er
samtykkjekompetent står personen fritt til å trekkje oppretta fullmakter tilbake eller opprette ny
framtidsfullmakt, jf. verjemålslova § 89.
2.2.
Kva er samtykkjekompetanse og kva inneber det?
Utgangspunktet er sjølvråderett – den enkelte står fritt til å bestemme og treffe avgjersler for eige
liv. Redusert helsetilstand, då gjerne sjukdom som medfører svekking av kognitive evner (til dømes
demenssjukdom), vil kunne påverke ein person si evne til å treffe slike avgjersler. Om ein person er
samtykkjekompetent eller ikkje, må vurderast konkret. Ein person kan vere samtykkjekompetent i
eitt spørsmål og samtidig vurderast å vere ikkje-samtykkjekompetent i eitt anna spørsmål som krev ei
meir samansett vurdering. Fylkesmannen legg normalt til grunn personen sin tilsynslege/fastlege si
vurdering av kva personen er i stand til å ta stilling til. Ved vurdering av samtykkjekompetanse vil
følgjande vere avgjerande:




evne til å uttrykkje val
evne til å forstå informasjon som er relevant for ei avgjersle
evne til å forstå konsekvensar av eit val
evne til å resonnere og avvege alternativ
2.3.
Kven kan vere fullmektig?
For at ein person skal kunne vere fullmektig etter ei framtidsfullmakt må vedkomande «ha fylt 18 år»
på tidspunktet framtidsfullmakta skal nyttast og personen kan ikkje «være satt under vergemål»,jf.
verjemålslova § 79. Dersom fullmektigen sjølv har verje vil vedkomande gjerne ikkje ha nødvendig
kapasitet til å ta vare på fullmaktsgivar. Det kan difor vere føremålstenleg å peike ut ein fullmektig
som kan tre inn dersom den føretrekte fullmektigen vert forhindra frå å ta vare på fullmaktsgivar.
Fullmektigen må vere ein eller fleire bestemte (fysiske) personar. Det inneber at ein til dømes ikkje
kan peike ut eit advokatfirma.
2.4.
Kva krav må vere oppfylt for at ei fullmakt skal kunne nyttast som
framtidsfullmakt?
2.4.1. Ei framtidsfullmakt må vere skriftleg.
2.4.2. Framtidsfullmakta skal underteiknast av «to vitner som fullmaktsgiveren har
godtatt», jf. verjemålslova § 81 første ledd. Det vert i tillegg stilt følgjande krav til
vitna:
 Vitna må ha fylt 18 år.
 Vitna må forstå følgjene av å underteikne
 Fullmektigen, ektefellen til fullmektigen, sambuar, foreldre, born og bornebarn
kan ikkje underteikne som vitne, jf. verjemålslova § 81 andre ledd. På bakgrunn
av alminnelege habilitetsvurderingar bør det heller ikkje veljast vitne som kan ha
ei eigeninteresse i at det vert oppretta ei framtidsfullmakt med det aktuelle
innhaldet. Det vil eksempelvis vere tilfelle dersom eitt eller begge vitna vil kunne
få gåver/arveforskot etter framtidsfullmakta.
 Det er ikkje nok at vitna har underteikna dokumentet. Det vert og stilt krav om at
fullmaktsgivar skal underteikne fullmakta. Alternativt kan han/ho vedkjenne seg
underskrifta si, medan vitna er tilstade. Vitna sine underskrifter skal påførast
medan fullmaktsgivar er tilstade, og dette skal gjerast etter fullmaktsgivar sitt
ønskje (sjå òg punkt 3.1.2).
Fylkesmannen gjer merksam på at vitne ikkje skal underteikne på bakgrunn av at fullmaktsgivar på eit
tidlegare tidspunkt har gitt uttrykk for at han/ho ønskja å opprette ei framtidsfullmakt.
Lista over er ikkje nødvendigvis uttømmande. Vi anbefaler fullmaktsgivar, fullmektig (-ar) og vitne å
setje seg nøye inn i formkrava til framtidsfullmakt.
3. FRAMTIDSFULLMAKTA SITT INNHALD OG UTFORMING
3.1.
Kva bør framtidsfullmakta innehalde ( i tillegg til dei absolutte krava
under punkt 2.4)
3.1.1. Framtidsfullmakta bør vere datert, jf. verjemålslova § 82 første ledd. Dato kan vere
avgjerande, til dømes dersom det seinare oppstår tvil knytt til om fullmaktsgivar var i
stand til å opprette framtidsfullmakta på opprettingstidspunktet.
3.1.2. Vitna si adresse og fødselsdato bør gå fram av framtidsfullmakta. Det bør og gå fram
at vitna ved å signere dokumentet stadfestar at fullmaktsgivar har oppretta
framtidsfullmakta av eiga fri vilje, og at fullmaktsgivar hadde evna til å forstå
framtidsfullmakta sitt fulle omfang, jf. verjemålslova § 82 andre ledd.
3.2.
Kva kan framtidsfullmakta omfatte?
Fullmaktsgivar har stor grad av fridom når det gjeld kva framtidsfullmakta skal omfatte. Den kan
omfatte både økonomiske og personlege interesser, eller den kan avgrensast til nærare bestemte
tilhøve, til dømes sal av bustad og betaling av rekningar, jf. verjemålslova § 80. Ei
framtidsfullmakt kan òg omfatte rettar som nærståande har etter helselovgjevnad, jf. pasient- og
brukarrettslova § 1-3. Det er likevel ikkje høve til å gi fullmektigen rettar vedkomande ikkje ville
hatt som nærståande på dette området. Dersom fullmaktsgivar ønskjer hjelp og vegleiing for at
framtidsfullmakta i størst mogleg grad skal dekkje fullmaktsgivar sitt behov i framtida, anbefaler
vi at ein tek kontakt med ein advokat.
3.3.
Kva må ein vere særleg merksam på når ein opprettar ei
framtidsfullmakt?
3.3.1. Sal av fast eigedom/burettslagsandel: Dersom framtidsfullmakta omfattar sal av
eigedom krev Statens Kartverk at eigedommen er tilstrekkeleg identifisert.
Fullmaktsgivar bør difor føre opp kva eigedomar fullmektigen kan selje. Fast eigedom
vert identifisert med gardsnummer, bruksnummer (eventuelt òg seksjonsnummer)
og kva kommune eigedomen fell inn under. Burettslagsleilegheiter vert identifiserte
ved at andelsnummer, namnet på burettslaget og burettslaget sitt
organisasjonsnummer går fram av framtidsfullmakta.
3.3.2. Inhabilitet: Ein fullmektig kan i utgangspunktet ikkje ta vare på fullmaktsgivar sine
interesser i spørsmål der fullmektigen er inhabil. Fullmektigen er inhabil dersom
han/ho har, eller kan ha, ei eiga interesse i saka. Det vert då oppnemnt ein verje til å
handtere dei problemstillingane der fullmektigen har ei slik interesse, jf.
verjemålslova §§ 86 og 91. Det kan til dømes verte aktuelt dersom fullmektigen eller
hans/hennar familie ønskjer å kjøpe fullmaktsgivar sin eigedom. Eit anna eksempel
vil vere utdeling av forskot på arv eller større gåver til fullmektigen eller fullmektigen
si familie.
Fullmaktsgivar kan likevel bestemme at fullmektigen òg skal kunne representere
fullmaktsgivar i slike spørsmål, jf. verjemålslova §§ 86 første ledd og 87. Det må då gå
klart fram av framtidsfullmakta kva fullmektigen kan gjere på vegner av
fullmaktsgivar, og kva avgrensingar som gjeld. Alternativt kan det følgje av
framtidsfullmakta at ein annan fullmektig skal kunne tre inn og treffe avgjersler i slike
spørsmål.
Fullmektigen kan, trass i interessekonflikt, dekkje eigne nødvendige utgifter knytt til
oppdraget som fullmektig. Det same gjeld utbetaling av eit passande vederlag for
arbeidet som fullmektig, og utdeling av vanlege gåver til bursdagar og liknande, jf.
verjemålslova §§ 87 og 88.
3.4.
Kva kan framtidsfullmakta ikkje innehalde?
Ein fullmektig kan ikkje gjevast kompetanse til «å stemme ved valg, inngå ekteskap, erkjenne farskap,
samtykke til donasjon av organer, opprette eller tilbakekalle testament eller samtykke til tvang og
kompetansen i andre særlig personlige forhold […] uten særskilt hjemmel i lov», jf. verjemålslova § 80
tredje ledd. Framtidsfullmakta kan ikkje omfatte fleire rettar enn det ein nærståande er gitt etter
helseklovgjevinga.
4. KVA GJER EG ETTER AT FRAMTIDSFULLMAKTA ER OPPRETTA?
4.1.
Skal framtidsfullmakta sendast til Fylkesmannen eller registrerast på
annan måte?
Nei, det eksisterer inga registreringsordning for framtidsfullmakter. Framtidsfullmakta vert først send
til Fylkesmannen når den har tredd i kraft, (sjå punkt 5.2 og 5.3).
4.2.
Oppbevaring av framtidsfullmakt
4.2.1. Det fins per no ikkje noko oppbevaringsløysing for framtidsfullmakter slik ein har for
testamente.
4.2.2. Fylkesmannen anbefaler at fullmaktsgivar oppbevarer framtidsfullmakta forsvarleg,
til dømes i ein bankboks, safe eller liknande, og at dette vert gjort i samråd med
fullmektigen. For fullmaktsgivarar som har få nære pårørande, kan det og vere
føremålstenleg å informere fastlege.
5. STADFESTING AV AT FRAMTIDSFULLMAKTA HAR TREDD I KRAFT
5.1.
Kva inneber stadfesting av at framtidsfullmakta har tredd i kraft?
Så framt at framtidsfullmakta oppfyller formkrava (sjå punkt 2), og fullmaktsgivar kunne opprette
framtidsfullmakt på opprettingstidspunktet (punkt 2.1 og 2.2), vil den vere gyldig uavhengig av
Fylkesmannen si stadfesting av at den har tredd i kraft. Stadfesting vil likevel vere av bevistenleg
verdi, ved at det kan gjere det lettare for fullmektigen å representere fullmaktsgivar overfor
tredjepersonar. Dersom Fylkesmannen stadfestar at framtidsfullmakta har tredd i kraft, vil
fullmektigen få ein attest som kan visast fram når vedkomande tek vare på fullmaktsgivar. Attesten
vil og verte tinglyst/registrert i aktuelle register før dokumentet vert sendt til fullmektigen.
5.2.
Når trer framtidsfullmakta i kraft?
Ei framtidsfullmakt trer i kraft når fullmaktsgivar «på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller
alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta sine interesser» i tilhøve som er omfatta av
framtidsfullmakta, jf. verjemålslova § 78.
Så lenge fullmaktsgivar er samtykkjekompetent (sjå punkt 2.2) vil vedkomande normalt kunne ta vare
på interessene sine gjennom ei alminneleg fullmakt, og fullmakta vil først tre i kraft på eit seinare
tidspunkt. Dersom fullmektigen er usikker på om framtidsfullmakta har tredd i kraft eller ikkje, kan
ein kontakte Fylkesmannen for vegleiing, og vedkomande sin fastlege/behandlande lege/tilsynslege
vert kontakta for vurdering av fullmaktsgivar si samtykkjekompetanse.
5.3.
Når kan framtidsfullmakta stadfestast?
Fylkesmannen kan først stadfeste ei framtidsfullmakt når den har tredd i kraft (sjå punkt 5.2).
Tilsvarande gjeld for vedvarande fullmakter. Fullmakta vil kunne nyttast som alminneleg fullmakt
fram til fullmaktgivar oppfyller tilstandskravet (punkt 5.2), og framtidsfullmakta kan stadfestast som
framtidsfullmakt.
5.4.
Må det stadfestast at framtidsfullmakta har tredd i kraft?
Det er i utgangspunktet valfritt om ein ønskjer stadfesting av at framtidsfullmakta har tredd i kraft
eller ikkje, jf. verjemålslova § 84 første ledd, kvar det går fram at «[f]ullmektigen kan be
[F]ylkesmannen om å stadfeste ikrafttredelsen». Fylkesmannen ønskjer likevel å gjere merksam på at
Statens Kartverk per dags dato krev at Fylkesmannen har stadfesta at framtidsfullmakta har tredd i
kraft, ved overdraging av fullmaktsgivar sin eigedom. Det bør i så tilfelle søkast om dette i god tid for
å unngå at salsprosessen stoppar opp medan ein ventar på Fylkesmannen si saksbehandling.
5.5.
Korleis går fullmektigen fram for at Fylkesmannen skal stadfeste at
framtidsfullmakta har tredd i kraft?
For at Fylkesmannen skal kunne ta stilling til om framtidsfullmakta kan stadfestast eller ikkje, må
følgjande verte sendt inn:




Framtidsfullmakta i original
Utfylt søknadsskjema (søknadsskjema er tilgjengeleg på Fylkesmannen i Hordaland sine
nettsider og på www.verjemal.no)
Dokumentasjon på at fullmaktsgivar sine næraste pårørande er varsla om framtidsfullmakta
sitt innhald og at den har tredd i kraft. Denne dokumentasjonen kan til dømes vere ei
erklæring som dei pårørande har skrive under på.
Legeerklæring der det vert teke stilling til:
1. Fullmaktgivar si diagnose (-ar) (aktuelle diagnosar går fram i punkt 5.2).
2. Fullmaktgivar si evne til å ta vare på eigne interesser i økonomiske- og personlege
tilhøve.
3. Om ei eventuell manglande evne til å ta vare på eigne interesser har samanheng med
vedkomande si diagnose.
4. Vurdering av fullmaktsgivar si samtykkjekompetanse når det gjeld personlege (mellom
anna representasjon overfor offentleg myndigheit) og økonomiske interesser (punkt 2.2)
Ei framtidsfullmakt gir Fylkesmannen mindre kontroll med at vervet vert utført i tråd med
fullmaktsgivar sine føresetnadar og interesser. Det er difor viktig å sikre at vedkomande hadde
nødvendig mental kapasitet då framtidsfullmakta vart oppretta, slik at fullmakta gir uttrykk for
fullmaktsgivar si gjennomtenkte vilje.
Dersom Fylkesmannen ikkje får helseopplysningar om fullmaktsgivar si samtykkjekompetanse på
opprettingstidspunktet må det reknast med lenger sakshandsamingstid.