MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 4 / Desember 2016 KURS vår 2017 Kurs Kursleiar Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 56373278 Pilfletting Skinnfell Timar 48 26. jan Lise Dyrhovden Helg 46896147 14 Kjersti Børilden 993 61 071 Grunnleggande kurs i strikkemaskin. Deltakarene må ha eige maskin Vidaregåande kurs i maskinstrikk, bygger på kurs 1 H-2016 Arnlaug Hofland Herrebunad Airin Espelid 34 19.—20. feb 10.- 15. mars Stad Pris Dale Kr 2.600 Grendahus Hillesvåg Hillesvåg Kr 900 Kr 1.900 Helg 14 41443579 Randi Falla 21. og 22. Hillesvåg jan 14 90926019 Helg 18.—19. mar Dag/kveld Nordhordlandsbunad 456 65 990 Spinnekurs Start 48 Vigdis Valde 11 977 40 380 11. jan 7., 9. og 16. mars Kr 900 Hillesvåg Kr 900 Falkanger Kr 2.600 Hillesvåg Kr 750 Jorun Sætre Uttrekkssøm til forkle 24 98833861 30. jan Alverssund Kr 1400 Material utgiftar kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. Påmelding på http://www.husflid.no/nordhordland eller på epost: [email protected] eller på telefon til Gina Blomberg, tlf. 982 22 833. Andre spørsmål/ynskjer/forslag ta kontakt med studieleiar Kjersti Haugland, tlf. 977 61 061 2 Innkalling til Årsmøte Årsmøtet i Husflidstova SA og Nordhordland Husflidslag vert halde måndag 13. feb. 2017 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen. Saker til årsmøtene må være dei respektive styra i hende før 16.januar-2017 Saksliste til årsmøtet for Husflidstova SA: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding. 5. Godkjenning av årsrekneskap (dersom ferdig). 6. Innkomne saker 7. Val Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 7. Innkomne saker 8. Val Enkel servering Vel møtt. Med helsing Arild Hagenes dstreff i Første Handarbei 9 januar 2016 vert mandag :00 i kl 18 Hillesvågen Tema: Dobbeltstrikk ved Gina og kontstrikk 3 Nye åpningstider for Husflidsstova SA. Maandag—onsdag 9:00 - 16:00 Torsdag 10:00 - 18:00 Fredag 9:00 - 16:00 Lørdag etter avtale. Adressa til Husflidstova er nå: Blombakken 1, 5911 Alversund 4 Medarbeidarsamling i Hordland husflidslag 19. november 2016 Den 19. november var styrerepresentantar frå husflidslag i Hordaland samla på Thon Hotell Rosenkrantz til ein fin dag med organisasjonslære og øving i praktiske handarbeidsteknikkar. Før lunsj snakka direktør Marit Jacobsen til ei lydhøyr gruppe om viktigheita av godt organisasjonsarbeid og dei utfordringar som møter oss i dag. Etter lunsj vart deltakarane delt i tre grupper. Kvar gruppe fekk instruksjon og deretter prøvd seg i karding av ull og spinning på handtein. Husflidskonsulent Hege Therese Nilsen hadde ei eige økt om ulike ullkvalitetar og synte døme på ull produkt og deira eigenskapar. Ein fin dag som gav inspirasjon til vidare arbeid. Julemøte Bilete frå julemøte 29 november: Også i år fekk me vitjing av blomsterdekoratør Ingvill M Svenheim. Under kyndig veiledning fekk dei, som ville prøva, laga sin eigen juledekorasjon. 5 Strikkemaskinkurs: 21. - 22. januar 2017 vert det nytt kurs for deg med eigen strikkemaskin og for deg som treng å få friska oppatt kunnskapen om strikkemaskinen din. Kursleiar vert Arnlaug Hofland. Ho var assistent på kurset tidlegare i haust saman med Randi Falla. Her er nokre bilete frå kurset med Randi Falla. 6 Emneved Av Helge Stangnes Tel rivtind-emna vil hegga høve. Ho e så hardvedt som kvalrosstann. Men treng du keipemna, skal du prøve med einekroka og vidjeband. En båt må bygges av beste vørke. Då e det forra som byr seg te. Av krok- og rotved får spantan størke mens skroget legges av greikløyvd ved. Og vil du leita deg tresko-emne, e tørka older et heldig val. Det e en vedsort som sjelden remne, og lett å skære som gammel talg. Og får du hand om en solvridd stokk, et forraemne der veden tvinnes; då skal du høvle deg kistelokk, førr tettar ved trur eg neppe finnes. Tel bandstak-emne og sperre-ris e via den som du då skal nøtte. Ho kan du tvinne på snærlingsvis og slå som band kringom stamp og bøtte. At bjørka e et velsigna tre, det har vel fleire enn eg fått sanne. Ja, meire allsidig gagnevéd det finn du knapt kor du bor i landet. Den beste borken e den av skav. Som krettursfôr va han god å ty te når han om våran blei skaven av og kokt med bromfôr i tynnegyrte. Først løypes nevra tel tekkingsbruk, så skaves borken tel barkekaret, og kvestan nøttes, når dem e mjuk, tel soplimris og tel rypesnare. Og hadde skjævvelen endekrok - som skava får når ho veks i lie då vær du sikker på at man tok og tørka han førr å lage skie. Av strangan gjør du deg økseskaft og hjul og ause og mei tel sléen. Og vinterstida, då trur eg knapt man sto han av utan bjørkeveen. Når det gjeld lunna tel støa di, då hadde gamlingan denne læra at asp som felles rundt St. Hans-tid, ho e den beste tel bruk i fjæra Det va vesst alle; - no skal vi se: - Du meine kanskje eg glømte grana? Frå gammalt av e ho ikkje med; ho vil 'kje frøe seg nord om Rana. Med selja e det vel mijnner skikk. men like fullt e ho vær å nemne, førr ingen tre eig vel sånn musikk som det som bær på et fløyte-emne. No har eg lært deg om emnevéd, og gammel lærdom skal ingen håne. Men husk å leit han når tida e: - på fløan sjy og i veksan måne. Keip: Den forsterka delen av ei båtripe der åra ligg under roing Bandstak: Emne til tønneband av tre Sperre-ris: Tynn og seig riskvist til å sperre fisk med Bromfór: Lauv, ris og anna dyrefór som var sanka i utmarka Snærling: Dobbeltvinna snøre Skav: lokalt namn på rogn Skjævel: Stokk som borken er skavd av 7 Styret i Nordhordland Husflidslag takkar for året som er gått og ynskjer alle ei riktig God Jul og eit godt nytt handarbeidsår. Husflidstova SA Postboks 49 Blombakken 1 www.husflid.no/nordhordland 5911 ALVERSUND POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: [email protected] [email protected] eller [email protected] eller [email protected] Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Arild Hagenes, postboks 42, 5931 Manger 8 Telefon: 56 36 07 44 [email protected] www.husflidstova.no
© Copyright 2024