MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 1 / januar 2014 Broderinemnda i Nordhordland Husflidslag Broderinemnda vart etablert som eiga nemnd 2009. Då hadde deltakarar i nemnda arbeidd vel eit år før nemnda fekk eigne vedteker og budsjett. I den gamle prestegarden på Manger har Radøy kommune gjeve løyve til å ha faste møter, samt stilt kontorlokale og lagerrom vederlagsfritt til disposisjon for nemnda sitt arbeid. Eit hovudmål for nemnda sitt arbeid er å ta vare på gamle mønster og broderi av alt som ikkje er teljesaum. På få år har dei fått ei imponerande samling av gamle mønster og ferdige broderi, alt frå pyntehandkle, puter, løparar og dukar. For vel eit år sidan hadde nemnda utstilling av gamle puter, sofaputer og bilputer. I etterkant fekk leiar av broderinemnda telefon frå Trondheim av ei dame som ynskte broderi av ein bilpute. Ho hadde søkt etter bilputer på nettet og fått treff hjå broderinemnda i Nordhordland husflidslag. Nemnda er flinke til å delta på messer og utstillingar både i Nordhordland og utanfor regionen. Dei har delteke på broderiutstilling på Gjerstad museum, Osterøy, der dei viste fram ei av gåvene, ein fin gamal duk med plattsaum og franske knutar. På laget si julemesse i 2. november var tema for utstillinga barnesmekkar. Styremedlemmar i nemnda hadde sydde opp nye smekkar etter gamle mønster før messa. Leiar Vigdis Olsen fortel at dei fekk god respons på utstillinga, mange stansar opp og fortel om gamle broderi dei har heime. På spørsmål om nemnda kan få låne dei for registrering er det stort sett positiv respons og fleire gjev broderi som gåve til nemnda slik at dei kan ta vare på dei vidare. Vigdis Olsen fortel at dei har registrert seg hjå Norsk Museumsforeining med kjenneteikn NHB, og på løpenummer vert så alle gåver og ting dei får låne registrert for ettertida. Medlemmer av nemnda har delteke på kurs i registrering, kurs om reinhald av gamle tekstilar og kurs i intervjuteknikk. 2 Barnesmekke etter gamalt mønster Kursverksemd Ei anna oppgåve for nemnda er å arrangere kurs slik at kjende teknikkar kan haldast i arv. Det kan nemnast kurs i engelsk broderi hausten 2010, kurs i tungesaum og plattsaum 2011, samt ein studiering i Hedebosaum, ein spesiell teknikk, sjå bilde Broderikveldar i gamle prestegarden på Manger er opne møte for interesserte. Ein gong kvar månad kan interesserte ta med broderi og treffast. Det er og mogleg å få hjelp dersom det er aktuelt. Treffa er frå kl. 18.00 til 21.00, og det er annonsert i lokalavisene. Vanlegvis er det mellom ni og tretten deltakarar på treffa. Treffa er gratis, ein betalar for kaffi, og det kjem deltakarar frå fleire kommunar i Nordhordland og også frå Bergen. Mendan praten går broderer flittige hender mellom anna stilkesting, holbeinsting, plattsaum, løkkesting og tungkant. Frå høgre: Vigdis, Sissel, Karin ,Kirsten og Jorunn Annlaug og Åse viser fram ferdig påskeløpar. 3 Opning av Hillesvåg Ullvarefabrikk Economusee Fred.1.nov.13 inviterte Hillesvåg Ullvarefabrikk til offesiell opning av Economusee. Dei er no det 8. Economusee i Hordaland. Nordhordland Husflidslag var representert med underteikna. Ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes ynskte velkomen. Øyvind Myhr orienterte om Ullvarefabrikken. Helge-Andre Njaastad helsa og gratulerte fabrikken velkomen som Economusee.Det var også helsing frå Hordaland Fylkeskommune ved næringssjef Mette Nora Sætre. Anne Hvitsten stod for det musikalse underhalningsbidraget. Jubelen stod i taket då ho framførte den nyskrevne visa si om ull som var gull. Flott omvisning i fabrikken fekk me og. Den står no fram i ny utgåve ,så det er ei stor oppleving og vandra rundt der. Mange flotte plakatar med gamal historie er komen opp på veggane. I husflidens Hus fekk me servert nydeleg suppe som Bunadsnemda hadde laga. Dei stod for all servering,og fekk mange lovord for det. Mange av dei andre Economusee hadde med gåver og helsingar til det" nye familiemedlemet" Hillesvåg Ullvarefabrikk takka sine samarbeidspartnar,og då vart Husflidslaget framheva.Me kan berre retta takken attende og stilla oss saman med dei andre gratulantane. Aud Marit Halland HILLESVÅG ULLVAREFABRIKK - EITT AV ÅTTE ÉCONOMUSÉE I HORDALAND Det var 1. november i fjor at Hillesvåg Ullvarefabrikk offisielt vart opna som économusée. Eit économusée er ei verksemd der gamle handverkstradisjonar er tekne vare på og vidareutvikla slik at dei kan formidlast til publikum samstundes som det skjer verdiskaping i verksemda. Sjølve ideen kjem frå Canada der det starta opp for 25 år sidan. I Noreg starta arbeidet i 2007. Hordaland fylkeskommune greip ideen og gjekk ut til kommunar og bad om framlegg til handverksemder som kunne vurderast. Øyvind Myhr, direktør i dag i Hillesvågen Ullvarefabrikk fortel prosessen frå 4 framlegg til godkjenning gjekk fort. Hordaland fylke merkar seg ut ved å ha i alt åtte économmusée. Desse er Aurland Skofabrikk, Aurland, Fjordtønna, Tysse, Stine Hoff Kunstglass, Bergen, Syse gard, Ulvik, Oselvarverkstaden, Os, Treskjerartunet, Vossestrand, Tønnegarden, Fusa og Hillesvågen Ullvarefabrikk. Éconmuséa skal halde i live tradisjonelle handverksfag og la publikum ved besøk få ei oppleving der dei kan: · Møte inspirerte handverkarar i deira eige miljø · Lære nytt om gamalt på ein spanande arbeidsplass · Oppdage vakkert og autentisk arbeid laga og selt på staden Øyvind Myhr fortel vidare at dei åtte verksemdene i Hordaland har danna eit nettverk der dei samarbeider om presentasjon og marknadsføring. Dei lærar av kvarandre og om kvarandre. Dei skal kunne nok om kvar verksemd i nettverket til å gje generell informasjon. I samband med godkjenning som éconmusée vart det haudsynt å utvide sals lokala og denne utvidinga gjer det mogleg å ta imot fleire kundar og andre besøkande. Tide har sett opp turar med omvising . I tillegg legg Fjord Norge opp dagsturar til Nordhordland med besøk på Lyngheisenteret og Hillesvågen Ullvarefabrikk. Dei er definert som eit reiselivprodukt, noko som forpliktar. Verksemda merker allereie no klar auke i personer som vil ha omvising, både einskildpersonar og grupper. Dei har og registrert auka sal av både ull/garn og ferdige produkt. Det har vore kontinuerlig drift i Hillesvågen Ullvarefabrikk sidan starten i 1898, og som éconmusée har verksemda fått eit visings senter der publikum kan følgje heile prosessen i den 115 år gamle fabrikken. Det er i dag 18-20 tilsette og dei store produkta er garn til strikking og ull til toving. 5 Tauarbeid på handarbeidstreff 11. november hadde me siste handarbeidstreffet i 2013. Ei lita gruppe hadde funne vegen til Husflidens Hus denne kvelden. Svein Harald Bjørke synte oss korleis me lagar "mulebandstrikk," "stopperknop," "kroneplatting" og fallrepsknop. Dette knytta me saman til ein spesiell nøkkelhaldar, kjempefin til å ha nøklane sine fast i. Takk Svein Harald for at du deler kunnskapen din med oss. Marie Rossland Spinnekurs 10. og 11. januar ble det arrangert spinnekurs med rokk. Kurset ble holdt på Frekhaug Ungdomsskule og kursleder var Vigdis Valde. Det var 7 oppstemte og spente kursdeltakere som møtte opp. Her kom i tillegg til de lokale, langveisfarende fra både Askøy og Åsane. Enkelte stilte med gamle vakre klenodier og andre med nyere utgaver av rokk. Undertegnede stilte med en ubrukelig, men heldigvis kunne kursleder Vigdis skaffe ny rokk, og dermed var vi i gang. Det ble mye latter og moro, og det ble spunnet en del av det vi kalte ' effektgarn' dvs. mye klumper her og der .... Det var ikke lett å få en jevn tråd, men det ble bedre og bedre for hver gang vi prøvde og til slutt så ble det ikke så verst. Etter å ha spunnet en tråd, spant vi en til slik at vi lærte å tvinne også. Det ble både intenst, spennende og lærerikt, og med Vigdis Valde som kurslærer kunne det ikke bli annet en vellykket. Edel Ellingsen 6 Innkalling til årsmøte Årsmøtet i PL Husflidstova og Nordhordland Husflidslag vert halde måndag 17. feb. 2014 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen. Saksliste til årsmøtet for PL Husflidstova: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding. 5. Godkjenning av årsrekneskap. 6. Val Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag: 1. Val av møteleiar. 2. Godkjenning av møteinnkalling. 3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps. 4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda. 7. Val Enkel servering Vel møtt. Med helsing Ingrid Sødal Eidsnes leiar 7 VENTE PÅ EN VÅR Jeg går en grå og frostkald dag langs vei og øde stier, det høres rasling i et kjerr og sus fra tettvokst vier. Det sukker i en islagt bekk, ei grein sin nakke tøyer, gulnet gress langs veiens kant sitt bleke hode bøyer. Går her tankefull og stryker på vinterens såre strenger, skal det som søv i iskald jord engang få løfte venger ? Vil alt av liv få våkne opp og friskt mot lyset strekke, mon vårens kraft og elvebrus kan vintersøvnen vekke ? Jeg går i frost og smaker på vinterdagens hårde brød, og vet at alt må falle bort en dag, må visne hen og dø. Men under lag av is og snø i vinterlandets barske kår, ligg tusener av frø i venting på en ny og solvarm vår. Oddbjørg Husøy Husflidstova SA Postboks 49 Blombakken 1 5911 ALVERSUND POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss: Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: kjehau1@ hfk.no Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected] Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim 8 Telefon: 56 36 07 44 [email protected] www.husflidstova.no
© Copyright 2024