vedlegg a leveringsomfang - Nasjonalpark

Dato: 17.01.2017
Side 1 av 2
Vedlegg A – Leveringsomfang
VEDLEGG A
LEVERINGSOMFANG
1.
GENERELT
Stølsheimen verneområdestyre er forvaltningsstyresmakt for Stølsheimen landskapsvernområde.
Stølsheimen landskapsvernområde og Nærøyfjorden verneområde har felles forvaltningsknutepunkt
med kontor i Fjordsenteret i Aurland. Det er tilsett ein verneområdeforvaltar som er sekretær og
sakshandsamar for verneområdestyra. Forvaltar har ansvar for å fylgje opp vedtak fatta av styret, og
fylgje opp tiltak i regi av verneområdestyret.
Meir informasjon om Stølsheimen verneområdestyre er lagt ut på heimesida
www.nasjonalparkstyre.no
Stølsheimen verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om kjøp av
tenester i samband med skjøtsel av kulturlandskap og stiar i Stølsheimen landskapsvernområde.
2.
ARBEIDSOMFANG
Arbeidet omfattar skjøtsel av kulturlandskap i Stølsheimen landskapsvernområde, og skjøtsel av
stiar og buførevegar. Område for skjøtsel vert fastsett av styret i årleg tiltaksplan, og ut frå
prioritering av stølar.
3.
GENERELLE KRAV TIL UTFØRING
Mange av områda er utan tilgjenge frå veg. Skjøtselsarbeidet er slått av stølsvoll, rydding av skog
og kratt i stølsområde. Mykje av arbeidet må gjerast manuelt og med bruk av ryddesag, motorsag
og slåmaskin.
Tilbydar må ta omsyn til at det skal arbeidast i eit verna område, og fylgje dei reglar, føringar og
pålegg som det fører med seg.
Det vert gjort avtale om område for skjøtsel og konkrete arbeidsoppgåver for kvart år i samsvar
med prioritering og årlege løyvingar av tiltaksmidlar. I 2017 er det skjøtsel av stølane Negardstølen,
Rotteskardet, Smørklepp, Rosete og Fossesete som er prioritert, i tillegg til stølsveg i Arnafjorden.
Leverandør held sjølv utstyr og reiskap, og har ansvar for eigen kost og losji. I tilbodet må koma
fram kva tilgjengeleg utstyr leverandør disponerer.
4.
PERSONELL
4.1Generelle krav til personell
Personell må ha naudsynt sertifikat for bruk av motorsag.
Vedlegg A - leveringsomfang
Vedlegg A – Leveringsomfang
5.
Dato: 17.01.2017
Side 2 av 2
MATERIELL
Leverandør må ha tilgang til naudsynt utstyr som ryddesag, motorsag, boremaskin, slåmaskin og
anna manuelt slåtteutstyr. Leverandør må ha tilgang til båt for transport til skjøtselsområde
Rotteskardet.
Vedlegg A - leveringsomfang