Her kjem ein presentasjon av våre barnehagar

Dei kommunale barnehagane.
Tessand barnehage (0-6 år)
9 km vest for Vågå, i retning Lom, finn du ei grend ved namn Tessand. Den kommunale
barnehagen ligg ved riksveg 15 ved Vågåvatnet.
Barnehagen er ein del av det gamle oppvekstsenteret, så den nedlagte barneskulen utgjer enda meir
boltreplass både ute og inne
Uteområdet er stort og oversiktleg. Her finn du både fotballbane, klatretårn, sandkasse, akebakke,
huskestativ og fleire leikarhus.
Barnehagen ligg i gåavstand til fine turalternativ og vakre Vågåvatnet, og dei nyttar seg av desse
område så ofte dei kan. I skogen har barnehagen to gapahuker.
●
●
●
●
Avdelingar: 1
Adresse: Tessand 10 minutt vest frå Vågå sentrum.
Kontakt: [email protected] tlf.95281106
Bra med barnehagen:
○ Trygt og oversiktleg uteområde
○ God boltreplass både ute og inne
○ Har Vågåvatnet og turmoglegheiter rett utanfor døra.
Søre Grindstugu barnehage (0-6 år) _
Søre Grindstugu er sentrumsbarnehagen i Vågåmo. Næraste naboar er Vågåmo skule, Vågå
ungdomsskule og Vågå kulturhus.
Nærleiken til skulen gjer at vi lett kan samarbeide, og det å få lesevenar på besøk er stor stas.
I nærområdet vårt har vi mange fine turstigar, og områda ved vakre Vågåvatnet og friarealet i Dompe
er mykje brukt av barnehagen. I Dompe har vi stutt veg om vi vil banke på hjå Jutul`n som gøymer
seg bak Jutulporten.
Vi har vår eigen vesle eventyrskog og ein gapahuk ved det Vågåvatnet som er mykje brukt. Om
vinteren blir det køyrt opp skiløyper på jordet ved barnehagen noko som er populært for både store
og små. Vi nyttar også Vågåhallen ved behov.
Uteområdet vårt er oppgradert dei siste to åra, og har mange nye leikeapparat.
Barnehagen har gangavstand til sentrum, og kan lett besøke både brannstasjon, kommunehus,
tannlege, helsestasjon, bibliotek, butikkar, ymse bedrifter mfl. Vi samarbeider med Vågåheimen der
vi jamleg har songsamlingar til glede for både små og store.
●
●
●
●
Avdelinger: 4 (blant anna ei småbarns avdeling og ei 5 års avdeling)
Adresse: Vågåmo sentrum
Kontakt: [email protected] tlf 61 29 38 50 / 976 05 695
Bra med barnehagen
o Sentral plassering = enkel logistikk
o Nærleik til skular, Vågåhallen, Villaparken og friområde
o Mange leikekameratar – og mjuk overgang til skulen i nabobygget
Lalm barnehage (0-6 åra)
12 km aust for Vågåmo ligg Lalm barnehage i tettstaden Lalm med skule, samfunnshus, butikkar og
idrettsanlegg.
Barnehagen ligg under same tak som barneskulen og samarbeider godt med dei.
Døme på samarbeid: elevar som les for barnehageungar, leik ute/inne, måltid saman, ulike
framsyningar for kvarandre, fadderopplegg.
Uteområdet vårt er vi stolte av. Vi bur midt i skogen, men samstundes midt i sentrum av Lalm. Vi
har ljosløype tvers gjennom uteområdet, stor og flott ballbinge, handballbane, fotballbane,
klatrestativ, husker, fin akebakke og mykje meir.
Ein del av uteområde vårt er inngjerda til de minste i barnehagen. Det er kort avstand til idrettsplass,
lavo, gapahuk og skogsområde som tidlegare vore brukt til kvernsteinsbedrift. Vi disponerer også det
lokale samfunnshuset så mykje vi vil gjennom heile barnehageåret.
●
●
●
●
Avdelingar: 2 storebarn- og småbarns avdeling
Adresse: Lalm 12 minutt aust for Vågåmo sentrum
Kontakt: [email protected] tlf.95281106
Bra med barnehage:
● Samlokalisering med barneskule
● Flott uteområde
● Lett tilgang til idrettstilbod av mange slag
●
Dei kommunale barnehagane har i alle år jobba med barnehagebasert kompetanseutvikling. Blant
anna innan matematikk (2år med oppfølging/kursing av matematikksenteret ved NTNU Trondheim,
og 1 år med fokus på matematikk i uterommet). Dette året har vi fokus på relasjonsarbeid, barnvaksen, med vektlegging på den vaksne si rolle for at barn skal trivast og utvikle seg i barnehagen. Vi
arbeidar etter ein modell som heiter «beste praksis» og har eit fokusområde for kvart år.
Elles har vi personalet som er med på kursrekka «barn si språkutvikling og språkarbeid i
barnehagen», samt at vi akkurat er i startgropen med eit større utviklingsarbeid som går på det
psykososiale miljøet i barnehage og skule. Målet er; at alle barn skal oppleve gode og trygge
barnehage-/skulemiljø, der alle barn skal trivast og oppleve at dei høyrer til, og at barn skal oppleve
sine miljø utan mobbing og andre krenkelsar. Eit spanande prosjekt som skal gå over 2 år.
Vi har kompetente tilsette, og har 2 barnehagelærarar per avdeling.
Vi er framtidsretta og i utvikling, og har eit hovudmål for alt oss gjer; Barn sitt beste!
«Barna skal hauste gode erfaringar i barnehagane våre der leik og læring går hand i hand».