GRUNNAR FOR Å ELSKA SALHUS

GRUNNAR FOR
Å ELSKA SALHUS
Av Knut Langeland
Ikkje alle hugsar alt dei har vore med på i Salhushallen.
Somme, vil eg tru, hugsar lite av det dei har vore med på i
Salhushallen. Eg må vedgå at det finst sjølvpåførte svarte
hol i hugsen min også, men mykje står også klart. Som
var det i går.
Revyane til dømes. Monrad Fotland sitt komiske talent.
Erling Slettebakken i fri dressur som revysjef.
Eg kan enno levande hugsa den sitrande spenninga når
vi kika ut glipa i sceneteppet og såg hallen bli fylt. Ikkje
minst kan eg hugsa gleda etter ei vellukka forestilling. Vi
kunne sitja i timar i garderoben og nyta suksessen. Dei
var alltid suksessar.
Bertel og Belbert som muppetar på veggen. Heile salen
i krampelatter. Ebben på gardintrappa. Loddseljarane.
Sminkedamene. Olav Kåre Karlsen, konferansieren. På
ei helg kunne vi tena nok til å drifta idrettslaget i eit heilt
år. For ei kjensle, for ei praktisk-pedagogisk oppvisning i
kollektivets kraft! Eg gløymer det aldri.
Salhushallen stod ferdig til Salhus Trikotagefabriks
100-årsjubileum i 1959. Det var ein stilfull fest. Sidan har
han romma alt. Frå oppkast til glitter. Frå idrett til fyll.
Frå bryllaup til gravferd. Frå finkultur til rølp. Frå jubel til
gravøl.
Vi hadde bygdadansane, ei viktig inntektkjelde for
Norna i ein ganske lang periode. Det hende eit magert
overskot vart til underskot fordi ein tosk frå Helleveien
eller Prestestien fann ut at han ville knusa toalettskåla
på vegen ut. Det var dei som kom utelukkande for å laga
kvalm. Lønborggjengen var vidgjeten. Då var det godt å
ha stødige karar i vaktkorpset. Knut Magnus Fauskanger
til dømes, eller Arne Hopsdal.
Vi hadde kafeen til Vabøen, med jukeboks og flipperspel
og kroneautomat og softis. Vi hadde biblioteket. Og
kino kvar søndag og onsdag. Action selde best, eller
fransk mjukporno. Då ein amerikanskpatriotisk film
om Vietnam-krigen (Green berets) vart vist, kom det til
hissige demonstrasjoner utanfor.
Juleoppvisningane. Stappfull hall, knapt plass til å
slå hjul. Vi turna nærmast på fanget til publikum.
Høgdepunktet nissetroppen, og så vart eg gammal nok
til sjølv å vera nisse. Håpa nokon skulle forstå kven som
gøymde seg bak maska etter ein himmelhøg salto. Du og
du for ei tid!
Framleis har vi Salhushallen. Friske krefter har nye
tankar og nye arrangement. Dei gjer ein framifrå jobb.
Smalhusfestival, Afterski og Lutafiskmiddag. Og revy, no
med nye krefter - og nokre gamle.
Bank, post og butikk. Mange av dei gamle møteplassane
i Salhus er blitt borte. Di viktigare er Salhushallen,
storstova vår. Bruken er kanskje annleis, men
Salhushallen har den same kapasiteten som før. Til å
skapa minne.