Kristtorn - Fylkesmannen.no

Kristtorn
Kristtorn kjenner vi godt frå juledekorasjonar. Mykje av det ein kan kjøpe på torget oppunder jul er
hausta frå frittveksande tre i Sunnhordland.
Kristtorn produserer store og raude bær. Dei eignar seg ikkje som mat for menneske ettersom dei er
svakt giftige. Men trast, stare, sidensvans og andre fuglar tek godt for seg av kristtornavlinga om
vinteren. Foto B. Lunde
Kristtorn trivst godt på øyane i Sunnhordland og Nord-Rogaland.
Ein typisk vestlending
Mykje kristtorn i Sunnhordland
Kristtorn er eit dekorativt treslag, som har vid utbreiing Vest- og Sør-Europa. Det har vid utbreiing
også i vårt land, men tyngdepunktet her finn du i kyststroka i Sunnhordland og Nord-Rogaland.
Særleg på øyane i denne regionen er kristtorn godt representert. Folk flest har eit positivt forhold til
arten, så opp gjennom åra har kristtorn ofte vore favorisert i høve til andre tre i vestlandsskogen.
Kristtorn tåler godt hausting
Kristtorn toler godt å bli skjøtta og hausta, og nye greiner veks raskt ut der eldre greiner er blitt
fjerna. At dette einaste eviggrøne lauvtreet i norsk natur er populært som pyntegrønt, er såleis ikkje
noko trugsmål mot bestanden. Difor er det kurant å hauste kristtorn også i naturreservat, under
føresetnad av at det vert gjort på rett måte.
Kristtorn i vekst på vestlandet
Bestanden på Vestlandet er ikkje rekna som trua, den ser heller ut til å vere i vekst. I alle fall har
arten teke seg opp i hagar og skogkantar på Bergenshalvøya dei seinare åra, og dette synest også å
vere tilfellet i Sunnhordland.
Fuglane liker dei store, raude bæra
Kristtorn produserer store og raude bær. Dei eignar seg ikkje som mat for menneske ettersom dei er
svakt giftige. Men trast, stare, sidensvans og andre fuglar tek godt for seg av kristtornavlinga om
vinteren. Mange år er ikkje dette så tydeleg hjå oss, men i Storbritannia er dette treslaget utruleg
populært blant fuglane. Somme år vert likevel mest «all» kristtorn ribba for raude bær også i
Hordaland. Dette skjer helst etter frostperiodar.
Kristtorn er ikkje truga på vestlandet
Fleire viktige treslag i vestlandsnaturen — som ask og alm — er for tida sterkt prega av
sjukdomsangrep. Vi har ikkje haldepunkt for å sei at kristtorn hjå oss er råka av slike faktorar.
Faktisk er det knapt alvorlege trugsmål mot kristtorn i vestlandsskogen i dag. Arten veks gjerne i
open furuskog eller blandingsskog. Ofte beitar det mindre sau slike stader i dag enn tidlegare, noko
som gjer at fleire tre får vekse opp. Frø vert også i sterk grad spreidde med fuglar under hausttrekket,
noko som gjev arten høve til å etablere seg i område der det tidlegare var lite av den.
Hjorten kan beita på kristtorn
Kristtorn vert ofte skåna for beiting av hjort, men ikkje alltid. Vinteren 2009/10 vart såleis svært
mykje kristtorn i Gjuvslandslia landskapsvernområde på Varaldsøy ringbarka av hjorten, ettersom
hjorten denne vinteren fekk sterkt redusert aksjonsradius som følgje av store snømengder og
langvarig snødekke. I motsetnad til barlinda i same området toler ikkje kristtorn slik påverknad i
særleg grad.
11 verneområde med kristtorn
Der det finst gode bestandar med barlind i Hordaland, veks det ofte også kristtorn i nærområdet.
Såleis er desse to treslaga omfatta av same verneplan. I alt er 11 område med førekomst av desse
artane verna i medhald av naturmangfaldlova i Hordaland.
Dei viktigaste områda for kristtorn av desse er Gjuvslandslia, Sæbøskora og Ølveshovda i Kvinnherad,
samt Brandvik på Huglo i Stord. Den mest kjende kristtornlokaliteten i Noreg er Romsa i Vindafjord —
her er arten skogdannande i eit større område. Stord kommune har jamvel kristtorn i
kommunevåpenet.
På austre del av Store Romsa finn ein Noregs største naturreservat for kristtorn – Kristtornskogen.
Foto: B. Lunde